Dei usynlege konsekvensane av internasjonalisering i akademia

Internasjonale forskarar har dårlegare løns- og arbeidsvilkår. Samstundes må dei administrativt tilsette støtte fleire forskarar med søknader og prosjekt og setje seg inn i andre lands byråkrati. Det kjem fram i ei ny avhandling om kvardagen på det internasjonale universitetet.

En kvinne og en mann sitter og snakker på en benk inne i et kontorlokale

Ei ny doktorgradsavhandling tek for seg effekten av internasjonalisering på universitetet, både hjå dei vitskapelege og administrasjonen. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Antalet internasjonale forskarar i Noreg aukar. Fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at 35 prosent av forskarane hadde innvandrarbakgrunn i 2023.

Julie Flikke har i si doktoravhandling utforska korleis universitetspolitikken snakkar om internasjonalisering og korleis norske tilsette ved universiteta opplever det.

– Alle eg intervjua understreka ein lojalitet med internasjonaliseringsprosjektet, seier Flikke, universitetslektor ved NTNU.

– Men dei fortalde om fleire utfordrande konsekvensar. Det viktigaste var eit sprik mellom eit aukande volum av internasjonale aktivitetar og ei langsam organisatorisk tilpassing for å handtere desse oppgåvene.

Svakare arbeidsrettar for internasjonale

Ein artikkel frå avhandlinga utforskar måtane dei administrativt tilsette, som jobbar tett på internasjonalisering, presenterer nøkkelutfordringar ved internasjonalt mangfald.

– Korleis påverka internasjonaliseringa arbeidskvardagen til dei administrativt tilsette?

– Informantane mine meinte at leiinga ikkje alltid forstod eller tok innover seg alt ekstraarbeidet dei hadde på grunn av internasjonaliseringa, seier Flikke.

– Kva type ekstraarbeid er det snakk om?

– Fyrst og fremst peikte dei på at i tillegg til det norske byråkratiet, måtte dei også setje seg inn fleire andre lands byråkrati. Når det er fleire nasjonalitetar seier det seg sjølv at det er krevjande.

Det er også fleire forskarar som treng administrativ støtte til forskarmobilitet, søknadar og internasjonale samarbeidsprosjekt, fortel Flikke.

Kva vart du mest overraska over?

– Mest forundra er eg kanskje over korleis dei i administrasjonen snakka kring arbeidsforholda til dei internasjonale tilsette og stipendiatane.

Til dømes var Flikke sine informantar uroa for internasjonale tilsette sine arbeidsrettar, som dei meinte var annleis og svakare enn dei norske sine. Dei meinte også at fleire av dei utanlandske forskarane og stipendiatane sakka akterut i løn.

– Eit vanleg mønster var at dei tok imot den løna dei vart tilbode utan å vere klare over kostnads- og lønsnivået i Noreg, og at dei søkte om lønssamtale og lønsauke sjeldnare enn sine norske kollegaer.

– Det er viktig å vere klar over at medan akademisk prestisje og makt er knytt til bruk av engelsk, fungerer norskkunnskap som portvakt til maktposisjonar innan universitetet, seier Julie Flikke, universitetslektor ved NTNU. (Foto: NTNU)

– Ikkje så begeistra

Ei anna utfordring fleire av dei administrativt tilsette tok fram var at dei synest det var vanskeleg å konfrontere og korrigere internasjonale arbeidstakarar. For eksempel dersom dei reiste til utlandet utan å seie frå, eller gå dei vanlege søkjerundane, eller dersom dei kom med sleivete utsegn, fortel Flikke.

– Leiarar kan vere redde for å seie ifrå i frykt for å tråkke på nokon sin kultur, eller av frykt for bli oppfatta som lite inkluderande.

– Kva er konsekvensane av eit slikt mønster?

– Det kan vere ein organisasjonskultur der ein er redd for å snakke opent om forventningar, og at dei administrativt tilsette dermed kan bli upopulære eller få eit dårleg rykte fordi dei har brote sosiale normer dei ikkje visste eksisterte.

– Var det nokon som sa klart at dei ikkje likte eller omfamna internasjonaliseringa?

– Sjølv om eg ikkje har konkrete funn, meiner eg at analysane mine meir enn hinta til at fleire ikkje er så begeistra for konsekvensane av internasjonaliseringa.

Norsk og engelsk i hakkete harmoni

Ein annan artikkel i Flikke si avhandling utforskar spenningar som oppstår når ein nyttar både norsk og engelsk.

– Er det engelske språket på eit vis i konkurranse med det norske?

– Ja, og på eit overordna plan handlar det om dilemmaet utdanningsinstitusjonar har med å bidra inn i ein norsk arbeidsmarknad, medan dei på same tid forfølger eit mål om ei større internasjonalisering der norsk blir bytta ut med engelsk.

Både forskarar med internasjonal og med norsk bakgrunn, i tillegg til administrativt personale og avdelingsleiarar, deltek i intervjustudien. Ho har analysert korleis språkpraksis blir forhandla, men også korleis språk fungerer for å inkludera eller ekskludera.

– Paradokset er at språk ikkje alltid vert kommunisert som ei utfordring. Iallfall ikkje i første omgang.

Etter kvart kom det fleire innvendingar, ifølgje Flikke.

– For eksempel fortalde fleire av dei internasjonale forskarane at dei ikkje åt lunsj i fellesrommet fordi dei opplevde at det pressa dei norske til å snakke engelsk. Noko som igjen skapa dårleg stemning. Andre peika på at det var irriterande at dei norske slår om til engelsk når dei utanlandske kom inn i samtalen, trass i at dei kunne litt norsk.

– Enkelte poengterte også at dei innimellom trekte de seg ut av situasjonar for å unngå å bryte flyten i ein norskspråkleg samtale.

– Kva med dei norske i det akademiske systemet?

– Det likna på det dei internasjonale poengterte. At dei følte dei måtte slå over til engelsk, at dei innimellom var forvirra om dei skulle slå om eller ikkje – fordi den utanlandske også kunne litt norsk.

Det var tydeleg at engelsk var akseptert og oftast vart nytta i forsking og formidling, mens norsk er vanleg å bruke i sosiale samanhengar som lunsjrommet og samtalar i korridorane, fortel Flikke.

– Språk er også institusjonell makt, fordi det meste skjer norskspråkleg, inkludert fleire komitear, leiarforum og heile universitetsdemokratiet.

– Det står ikkje på vilja til leiarane

Flikke si avhandling viser at den positive diskursen der internasjonalisering i akademia blant anna koplast til toppforsking og lener seg på policydokument med innebygde høge ambisjonar, vert for einsidig. Med sine data og analyser syner ho nokre av konsekvensane av internasjonalisering som ein i mindre grad snakkar om.

– Har internasjonaliseringa gått for fort fordi ein er redd for å verte akademiske sinker?

– For nokre har det nok gått fort og dei kulturelle formene heng etter, men ikkje for alle. Nokre vil til og med meine at dei alltid har jobba internasjonalt orientert.

– Utfordringa er nok heller språket og den dominerande diskursen om at internasjonalisering er ei marknadskraft med einsidig positive ringverknadar.

– Kven bør ein adressere dei utfordrande sidene ved internasjonalisering i akademia til?

– Etter min meining handlar det til sjuande og sist om eit leiaransvar. Men eg trur ikkje det står på vilja til leiarar; dei bør også få verktøy til å arbeide med dette.

Flikke nemnar fleire tiltak, for eksempel betre mangfaldleiing, betre kvalitet i prosessen når ein ny utanlandsk forskar startar («onboarding»), tydelegare forventingsavklaringar, tore å ta dei vanskelege samtalane, større forståing i det som skjer i kulturmøta og fleire klare retningslinjer på organisasjonsnivå.

– Dette må også NTNU og andre store universitet ta tak i som arbeidsplass; individuelle leiarar kan ikkje stå i det aleine.

– Kva med språkutfordringar grunna internasjonaliseringa?

– Analysen vår viser korleis tospråklege arbeidsmiljø krev arbeid og innsats av alle involverte, men også at arbeidet og konsekvensane i stor grad er individualiserte. Det er viktig å vere klar over at medan akademisk prestisje og makt er knytt til bruk av engelsk, fungerer norskkunnskap som portvakt til maktposisjonar innan universitetet.

Berekraftig internasjonalisering kan vere svaret

Flikke introduserer omgrepet «berekraftig internasjonalisering» som ein måte å møte utfordringane på.

– Kort forklart tyder berekraftig internasjonalisering at strategiane for internasjonalisering må forankrast lokalt. Det handlar om å ta innover seg at internasjonalisering tilfører mykje positivt, men at det også kostar og inneber utfordringar.

Ho fortel korleis strukturelle konsekvensar av internasjonalisering for eksempel kan gjere at kvinner sakkar akterut.

– Kvifor er det viktig å tilpasse strategiane lokalt, eller til kvar institusjon?

– Jo, fordi det er skilnadar mellom forskingsmiljø og einingar. Det kan for eksempel vere lokale utfordringar, ulikskap og maktdynamikkar, og det er derfor vanskeleg å kome med retningslinjer som vil passe for alle, seier Flikke.

Doktoravhandling om internasjonalisering

Julie Flikke disputerte med avhandlinga si: «The internationalisation of Norwegian academia: From a market-based logic towards sustainability?» hausten 2024.

Avhandlinga består av fire artiklar. I denne saka har Kifinfo snakka med forskaren om innhaldet i to av dei. Den eine artikkelen utforskar måtane dei administrativt tilsette som jobbar tett på internasjonalisering presenterer nøkkelutfordringar ved internasjonalt mangfald. Den andre artikkelen utforskar spenningar som oppstår når ein nyttar både norsk og engelsk, både for norske og internasjonale forskarar, administrativt tilsette og avdelingsleiarar.

Alle artiklane i avhandlinga er med NTNU som utgangspunkt.