– Jenter som søker teknologifag, får ofte positiv merksemd og støtte
Etterpå kan kvinner gå ut i yrke som har høgare status og løn enn typiske kvinneyrke. For gutar og helsefag er det nærmast omvendt. Det meiner Elin Glad, prosjektleiar for «Gutter og helsefag».
Det er ingen løyndom at høgare utdanning i Noreg framleis er kjønnsdelt, og det same gjeld arbeidsmarknaden. Kvinner og menn vel ulike utdanningar og arbeider i ulike sektorar.
Difor prøver institusjonane stadig ut tiltak som kan bøte på dette, og erfaring viser at systematisk og langsiktig satsing kan gje resultat. NTNU har til dømes arbeidd i mange år med å auke talet på kvinner som studerer teknologifag, og kunne i år melde om ny rekord: 20 prosent fleire kvinner søkte seg til bachelorutdanningane for ingeniørfag ved NTNU, og også dei femårige teknologistudia hadde fleire kvinnelege søkarar enn nokon gong.
Men kva med dei studia der det er meir enn nok kvinner, og utfordringa går ut på å tiltrekke seg fleire menn?
– Vi har lenge hatt ein visjon om å utvikle tiltak som liknar på dei som er laga for å rekruttere jenter til teknologifag, men retta mot gutar og helsefag i staden, seier Elin Glad ved UiT Noregs arktiske universitet.
Glad er kommunikasjonsrådgjevar ved Det helsevitskaplege fakultetet, der ho mellom anna arbeider med studentrekruttering. Ho leiar pilotprosjektet «Gutter og helsefag» som no er i startgropa.
Noko av utfordringa er at rammevilkåra er annleis når det gjeld å rekruttere menn til helsefag, enn når ein skal rekrutterer kvinner til teknologi, fortel ho.
– Jenter som søker teknologifag, får ofte positiv merksemd og støtte frå dei rundt seg. Etterpå går dei gjerne ut i yrke som har høgare status og løn enn typiske kvinneyrke. For gutar og helsefag er det annleis, seier ho.
«Omsorgsyrke er kvinneyrke»
Ei utgreiing som kom i 2020, presenterer nokre viktige grunnar til at gutar ikkje søker seg til helsefag:
- Yrke i helsesektoren blir assosierte med låg løn og status, upraktisk arbeidstid og slitsame arbeidsoppgåver.
- Det finst framleis ei utbreidd oppfatning om at omsorgsyrke passar betre for kvinner.
- Mange gutar manglar god og realistisk informasjon om yrka i helsesektoren, og den manglande kunnskapen kan igjen forsterke fordommane.
Funna er basert på tidlegare studiar, og på spørsmål til mannlege sjukepleiestudentar om kva dei trur hindrar andre menn i å velje yrket (sjå faktaboks).
UiT har difor i fleire år prøvd seg fram med ulike informasjonstiltak, og laga mellom anna nyleg ein nasjonal kampanje som gjorde stor suksess på sosiale medium. Kampanjen skulle vise kor allsidige helsefaga faktisk er. «Gutter og helsefag»-prosjektet byggjer vidare på dette arbeidet. I første omgang har Glads seksjon ved helsefakultetet fått midlar frå Bufdir til ein eittårig pilot.
– Piloten inneber utvikling av eit nasjonalt rammeverk som vi ønskjer at høgare utdanningsinstitusjonar over heile landet skal kunne nytte seg av. Saman med nokre av breiddeuniversiteta har vi allereie etablert starten på ei nettverksgruppe. Ideen er at når ein trekk i lag, kan ting skje, seier ho.
Representasjon viktig
Prosjektet er først og fremst eit rollemodelltiltak. Glad trekk fram to aspekt ho ser som viktige:
– For det første skal vi arbeide med å synleggjere rollemodellar. Det er lettare å førestille seg eit yrke i helsesektoren når ein ser nokon der som liknar ein sjølv, men menn gjer sjeldan det. Det vil vi endre på.
For det andre er det viktig å starte kontakten tidleg, meiner ho.
– Difor siktar vi oss ikkje berre inn på elevar i vidaregåande skule, men også i ungdomsskulen. Vi vil snakke med gutane på skulane, men også med lærarar og rådgjevarar ved skulane, som kan vere med på å påverke utdanningsval.
I arbeidet hentar dei mellom anna inspirasjon frå arbeidet med å rekruttere jenter til teknologifag, og frå eit nasjonalt prosjekt for å auke rekrutteringa til lærarutdanninga (meir om det straks).
– Representasjon er viktig. Kjem du inn i ein forelesingssal der det sit hundre kvinner og fire menn, så gjer du deg nokre tankar. Det same gjeld om ein har lærebøker der pasientar og sjukepleiarar er kvinner, medan legane er menn, seier Glad.
Mange kanalar
Glad meiner også det er viktig å tone ned konkurransen om å rekruttere til eigen utdanningsinstitusjon. I staden bør institusjonane samarbeide om å utvide gutane sine førestillingar om kva yrke dei kan eigne seg til – eit førestillingsrom som i dag kan verke meir snevert enn det er for jenter.
– Og vi har ikkje råd til å la vere å utnytte alle dei menneskelege ressursane vi har, for helsesektoren treng folk.
Gjennom prosjektet vil dei difor prøve å bruke eit stort spekter av arenaer og kanalar for å nå flest mogleg.
– Vi som arbeider med kommunikasjon, veit jo at den rikaste forma for kommunikasjon skjer andlet til andlet. Det er slik assosiasjonar og forteljingar blir skapt. Men vi vil også vere til stades digitalt, og tenkje igjennom biletbruk på nettsider og slike ting.
Sjølv om eitt år ikkje er lang nok tid til at ein vil kunne sjå tydelege resultat, vonar ho at arbeidet vil kome godt i gang i løpet av pilotprosjektperioden.
– Vi vonar piloten kan vere starten på noko større. Ikkje alt kan løysast med kommunikasjon. Men langsiktig og målretta kommunikasjonsarbeid kan gje kunnskap om det allsidige ved helsefaga, og medverke til å endre haldningar og stereotypiar, seier Glad.
Personlege forteljingar
Eitt av tiltaka «Gutter og helsefag» hentar inspirasjon frå, er eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt til lærarutdanninga, leia frå Høgskulen på Vestlandet (HVL).
– Færre og færre menn søkar seg til grunnskulelærarutdanninga. Difor løyvde Kunnskapsdepartementet midlar til eit rollemodell-tiltak ved HVL i 2019, fortel prosjektleiar Bente Cathrine Bakke.
Det finst mange program der studentar vitjar vidaregåande skular og fungerer som ambassadørar for faget sitt. Men lærarrekrutteringsprosjektet er litt annleis:
– Her har dramapedagogar utvikla eit kursopplegg der studentar får opplæring i å lage si eiga personlege forteljing. Dermed blir presentasjonane nokså forskjellige, sjølv om mange sjølvsagt deler visse element. Men dette med korleis dei oppdaga at læraryrket er noko dei kan passe til, er personleg, og det er dyktig fortalt, seier Bakke.
Ved hjelp av rollemodellane vonar dei å nå elevar som kanskje har vore inne på tanken om å velje lærarutdanning, men har mangla støtte i nærmiljøet eller av andre grunnar vore usikre.
Korona-tilpassing
På grunn av koronapandemien har ikkje gjennomføringa blitt akkurat slik meininga var. Kursopplegget for rollemodellane var ferdig utvikla, og det var gjort besøksavtalar med vidaregåande skular, då landet stengde ned i 2020. Dermed måtte ein legge om til digital kursing.
– Dramapedagogane har vore fantastiske, for korleis tek du eit kursopplegg der du treng ein stor sal så folk kan bruke kroppen og stemma og gjere mange rare øvingar, og flyttar det over i eit digitalt rom? Det var ei stor utfordring. Skulebesøka måtte også gjennomførast digitalt, seier ho.
Samtidig har kanskje digitaliseringa gjort det lettare å sleppe til på skulane. Mange vil gjerne kome på besøke på vidaregåande skular, og det er ikkje lett å få innpass.
– Men om påverknadskrafta blir den same av digitale besøk som av fysiske, veit vi ikkje, seier Bakke.
No når samfunnet er opna opp att, planlegg dei å vidareføre prosjektet i ein hybrid versjon: Fysiske besøk der skulane ønskjer det, og digitale presentasjonar dersom lang og kronglete reise gjer det vanskeleg å reise ut fysisk.
Nedstenginga har også gjort det utfordrande å gje rollemodellane ei fullgod oppleving.
– Vi kunne jo ikkje ha fysiske samlingar som er viktig for å skape ei kjensle av fellesskap. Men vi har ein god og stabil gjeng med rollemodellar, og dei tykkjer arbeidet er veldig kjekt. Vi ser at dei veks med oppgåva og blir tryggare på å snakke framfor store forsamlingar, og det vil også hjelpe dei i yrket seinare.
Rekruttering pluss mangfald
Målet med prosjektet er todelt: Å auke rekrutteringa til grunnskulelærarutdanninga generelt, men også å auke mangfaldet hos dei som søker, først og fremst ved å rekruttere fleire menn og personar med innvandrarbakgrunn.
– Det eksisterer ei oppfatning om at grunnskulelærar er eit kvinneyrke, som er urovekkande. Forsking viser at gutar som har hatt positive opplevingar av skulegang og gode rollemodellar, oftare søker seg til lærarutdanninga.
– Skortar det på mannlege rollemodellar, då får vi ein vond spiral. Det same skjer når jenter i hijab fortel at dei aldri ser nokon som liknar dei sjølve i lærarstaben, seier Bakke.
Førebels er det vanskeleg å seie om tiltaket har hatt den effekten ein ønskjer seg. HVL tinga ein rapport frå Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger, om lærarrekruttering. Rapporten vart lagt fram under Arendalsveka, og hovudkonklusjonen var at det er vanskeleg å konkludere.
Det er framleis mykje ein ikkje veit om kva som motiverer studentar til å velje læraryrket, og forskarane har identifisert nokre område der ein treng meir kunnskap. Talet på lærarstudentar har ikkje auka, men ein veit ikkje korleis det ville ha gått utan rekrutteringstiltaka.
– Rapporten blir eit viktig bidrag for å utvikle politikk og tiltak for å rekruttere og halde på lærarar i barnehage og skule i Noreg. Ulike tiltak kan ha store kostnader, og det er viktig å vite om dei gjev ønska resultat, seier Bakke.
HVL arbeider no med ein studie der nokre kull med lærarstudentar skal følgjast opp med spørjeskjema og fokusgruppeintervju, for å finne ut meir om motivasjonane deira.
Ei utgreiing tinga av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som kom i 2020, presenterer nokre viktige grunnar til at gutar ikkje søker seg til helsefag:
- Yrke i helsesektoren blir assosierte med låg løn og status, upraktisk arbeidstid og slitsame arbeidsoppgåver.
- Det finst framleis ei utbreidd oppfatning om at omsorgsyrke passar betre for kvinner.
- Mange gutar manglar god og realistisk informasjon om yrka i helsesektoren, og den manglande kunnskapen kan igjen forsterke fordommane.
Funna er basert på tidlegare studiar, og på spørsmål til mannlege sjukepleiestudentar om kva dei trur hindrar andre menn i å velje yrket.
Her kan du lese rapporten, laga av Proba samfunnsanalyse i 2020: Utredning om rekruttering av menn til helse- og omsorgssektoren
Prosjektet «Gutter og helsefag»
Prosjekteigar er Det helsevitskaplege fakultetet ved UiT Noregs arktiske universitet.
Prosjektansvarleg er seksjonsleiar ved Seksjon for forskning, utdanning og formidling ved Helsefak, UiT.
Oppdragsgjevar er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Nokre av måla:
- Synlege rollemodellar for gutar.
- Gje god og nyansert informasjon om sektoren til gutar i ungdomsskulen og videregåande skule.
- Økt kunnskap om problemstillinga til ansatte i skulen slik at dei opplever tiltaket som et verktøy.
Kommunikasjonsrådgjevar ved UiT Elin Glad er prosjektleiar.
Prosjektet arrangerer nettverkssamling saman med NTNU 19. september 2022.
UiT har også laga ein nasjonal kampanje for å vise kor allsidige helsefaga er: Les meir om kampanjen
Nasjonalt rekrutteringsprosjekt til lærarutdanninga
Prosjektet er leia frå Høgskulen på Vestlandet (HVL): Nasjonal rekruttering til lærerutdanning
HVL tinga ein rapport frå Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger: Å rekruttere og beholde lærere i barnehage og skole – et kunnskapsgrunnlag
Rapporten vart lagt fram under Arendalsveka. Les meir hos kunnskapssenteret
Ein tidlegare rapport frå Senter for profesjonsstudiar ved OsloMet har sett på rekruttering av menn til grunnskulelæraryrket, og foreslått tiltak som til dømes rollemodellarbeid. Rapporten frå Kunnskapssenter for utdanning utvidar biletet ved at den også har kartlagt rekruttering av menn til barnehagelærarutdanning, og av lærarar med innvandrarbakgrunn.
Se fleire tiltak for kjønnsbalanse i utdanning på våre sider: Tiltak for studenter og Mangfoldstiltak for studenter