Teknologiprofessor vann to likestillingsprisar
– Eg tenkte at no må eg gje noko tilbake, seier Letizia Jaccheri. Ho vart nyleg tildelt årets likestillingspris frå nettverket ODA og frå NTNU.
Jaccheri er professor ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU. Rett etter at ODA-prisen var eit faktum, fekk ho også NTNUs pris for likestilling og mangfald.
Den viktigaste grunnen for begge prisane er engasjementet hennar for å rekruttere kvinner til teknologiutdanning og forsking gjennom to prosjekt ved NTNU: Jenteprosjektet Ada, og IDUN, eit rekrutteringsprosjekt under Forskingsrådets BALANSE-program.
– IDUN var min ide, fortel Jaccheri.
– Eg har alltid tenkt at Ada-prosjektet var topp, men for ti års tid sidan byrja eg å uroe meg for at vi ikkje gjer noko for å rekruttere kvinner frå ph.d. og oppover.
Ingen innsats etter master
Jenteprosjektet Ada har ei lang historie ved NTNU. Prosjektet har til føremål i sikre at fleire kvinner fullfører mannsdominerte teknologistudium ved NTNU og får seg jobb i teknologibransjen. Det skjer ved å skape eit godt studiemiljø for jentene gjennom ulike aktivitetar, og å samarbeide tett med næringslivet for å gje jentene eit godt nettverk i teknologibransjen før dei er ferdige med å studere.
– Ada handlar om å sikre at jentene trivst på studiet og får jobb i næringslivet, og det er supert. Men eg såg at ved fakultetet vårt, Fakultet for informasjonsteknologi og elektronikk, hadde vi få kvinner i rekrutteringsstillingar og ingen i leiarposisjonar.
– Ingen norske jenter tok doktorgrad. Det måtte vi gjere noko med, seier Jaccheri.
– I 2013 vart eg instituttleiar. Då tenkte eg, no er vi i mål: Vi har fått den første kvinnelege leiaren på instituttet. Men så oppdaga eg at eg var einaste dame i leiargruppa, og eg tenkte: Kva gjer eg no?
– Så eg byrja å søke pengar frå universitetet og frå Forskingsrådet.
Ni kvinner med eitt slag
Resultatet vart BALANSE-prosjektet «IDUN – from PhD to professor».
Namnet har det fått etter Idun Reiten, ein av Noregs fremste matematikarar og den første kvinnelege professoren ved fakultetet. Førebuingane tok fleire år, men i 2019 kunne IDUN-prosjektet endeleg sette i verk ein stor operasjon.
– Vi tilsette ni kvinner i professor II-stillingar, det vil seie at dei har ei 20 prosent stilling ved NTNU. Dermed får dei unge stipendiatane og forskarane fleire rollemodellar enn dei få kvinnelege professorane som er her frå før, seier Jaccheri.
Før prosjektet var det berre 14 prosent kvinner ved fakultetet. Frå hausten 2020 vart dei ni kvinnelege professor II tilsette for to år, og dei fungerer som mentorar og rollemodellar ved fakultetet.
– Dei er mentorar for 35 personar, både kvinner og menn, som er organiserte rundt dei ni professorane i tematiske forskingsgrupper. På grunn av pandemien har berre to av dei ni kunna kome fysisk til NTNU. Men alle har medverka, det har vore mange møte, og dei hjelper dei unge forskarane.
Samstundes gjer pandemien at framtida for prosjektet ikkje er heilt avklart. Det var meininga at dei ni kvinnene etter det første året sjølve skulle ta ansvar for å bygge relasjonar til sine institutt med mål om å fornye tilsettingskontraktane og bli fullverdige NTNU-professorar.
– Men på grunn av pandemien har dei kanskje ikkje heilt kunna ruste seg for det. Så no brukar vi litt tid til å tenkje på kva vi vil med IDUN, og kva dei ni ønskjer seg for framtida, seier Jaccheri.
Felleseuropeisk utfordring
Sjølv vonar ho å kunne overlate meir av det administrative ved IDUN til andre, slik at ho kan konsentrere seg meir om sitt eige fagområde, som er datateknologi og informatikk.
Dessutan har ho teke på seg leiarvervet for EU-prosjektet EUGAIN (European Network for Gender Balance in Informatics), som kom i gang hausten 2020. Det er nemleg ikkje berre i Noreg at kvinner er underrepresenterte innanfor IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi). Det same er tilfelle i heile Europa, og framgangen er langsam.
– Gjennom EUGAIN vil vi ta for oss fem hovudutfordringar, seier Jaccheri.
– Den første er overgangen mellom skule og høgare utdanning: Korleis få jenter til å velje å studere IKT-fag. Den andre er overgangen frå masterstudent til doktorgradsstipendiat. Den tredje gjeld overgangen frå doktorgrad til professor, som er det same nivået IDUN arbeider med. Den fjerde gjeld samarbeid med industri og samfunn, og den femte gjeld formidling frå prosjektet, både til samfunnet og andre forskarar.
Arbeidet på europeisk nivå hjelper henne å sjå innsatsen i Noreg i perspektiv, fortel Jaccheri. Det er ikkje slik at Noreg ligg langt bakpå, tvert imot. Heile Europa deler dei same utfordringane.
Doktorgrad er ein flaskehals
– Overgangen frå vidaregåande skule til universitet er det nivået som er mest populært å jobbe med, og som folk har mest meiningar om. Slik er det også i Noreg, der vi har hatt Ada-prosjektet gåande i tjue år, seier Jaccheri.
– Men kva som skjer i overgangen til doktorgrad er det få som har tenkt på. Gjennom Ada-prosjektet rekrutterer vi jenter frå heile Noreg og gjev dei opplæring i nettverks- og karrierebygging. Men så, når ei stipendiatstilling blir ledig, rekrutterer vi først og fremst kandidatar frå andre land. Difor er det viktig å implementere same type tiltak på doktorgradsnivå slik at dei utanlandske stipendiatane som kjem inn, får tilsvarande opplæring i nettverks- og karrierebygging som dei norske får på masternivå.
Utfordring nummer fire, om samarbeidet mellom utdannings- og forskingssystemet og næringslivet, har mykje til felles med arbeidet som går føre seg i Noreg gjennom ODA, meiner ho. ODA er eit nettverk for kvinner i teknologibransjen, som arbeider for større mangfald i bransjen og for å fremje teknologi som ein attraktiv karriereveg for kvinner.
Jaccheri vedgår at ho inntil nyleg visste lite om kva dette nettverket gjer.
– I Trondheim har vi vore vande med å ha sterkare relasjonar til verda enn til Oslo, kanskje spesielt vi som er utlendingar. Eg har vore både mentor og mentee i ODA, men vi var berre to stykk i Trondheim som mentorerte kvarandre og drakk kaffi på fredagar, så vi levde litt i våre eiga verd.
– Noreg inspirerer
No er ho oppteken av å bli meir kopla på det som skjer elles i Noreg når det gjeld likestilling på teknologifeltet.
– For det kan ofte vere meir inspirasjon å hente i Noreg enn internasjonalt, noko som har vore ei stor openberring. Forskarane som er tilknytt BALANSE-programmet, til dømes, kan veldig mykje om kjønn og teknologi, men dei er kanskje ikkje så synlege internasjonalt. Så å kople arbeidet som blir gjort i Noreg på det europeiske nivået og vidare utover, det vil eg finne ut meir om.
Jaccheri har vore tilsett ved NTNU i meir enn tjue år. Ho er opphavleg frå Italia og kom til Noreg første gong som utvekslingsstudent i 1989. Engasjementet sitt for likestillingsspørsmål sporar ho tilbake til dette opphaldet. Likestilling var ikkje noko ho hadde reflektert særleg over i studietida i Italia, kanskje fordi det faktisk var ganske mange kvinner som studerte informatikk saman med henne, og som no er blitt professorar rundt i Europa.
– Interessa mi for likestilling kom hovudsakeleg via rettleiaren min ved NTNU, professor Reidar Conradi. Då eg seinare var ung førsteamanuensis, vart det opna for ei professorstilling øyremerkt til kvinner. Han ordna slik at stillinga hamna innanfor datateknologi, så eg kunne søke.
– Då eg fekk den stillinga, tenkte eg at ok, no må eg gje noko tilbake og vise at dette var ei god investering.
Vil endre faget
Det som først og fremst motiverer Jaccheri til å arbeide med likestillings- og mangfaldsspørsmål i IKT, er nettopp det at IKT finst overalt og i alt vi gjer.
– Datasystem blir brukte av kvinner og menn, friske og sjuke, etnisk norske og alle andre. Då kan ikkje norske menn over femti vere dei som bestemmer korleis systema skal vere. Du hugsar kanskje då airbagen i bilen vart introdusert, og det viste seg at dei var testa på menn på 80 kilo, medan kvinner og barn kvart drepne av dei.
– Vi har mange slike døme. Det er utruleg viktig med eit mangfald hjå dei som utviklar teknologi, meiner Jaccheri.
Difor kan ein ikkje berre ha som mål å auke talet på kvinner på dei ulike nivåa i forskings- og utdanningssystemet, ein må også sjå på kva som kan gjerast med sjølve faget, minner ho om.
I si eiga forsking ved NTNU ser ho mellom anna på kva som skjer med likestilling når ein introduserer kunstig intelligens.
Likestilling viktig for berekraft
– Vi tek utgangspunkt i FNs berekraftsmål nummer 5, som er målet om likestilling mellom kjønna, og prøver å kople komponentar ved dette målet med komponentar ved kunstig intelligens for å sjå på kva som hindrar og kva som fremjar likestilling.
Eit godt døme er dei kjende historiene om korleis bruk av kunstig intelligens i jobbrekruttering kan få negative konsekvensar for likestilling, fordi systema blir trena på eit mannsdominert datagrunnlag, og dermed endar dei med å automatisk eliminere kvinner frå søkarmassen, fortel Jaccheri. Slike ting prøver ho å få meir kunnskap om.
Difor blir ho stadig meir overtydd om at kjønns- og mangfaldsaspekt må bakast inn i forsking og undervising, ikkje berre handsamast på administrativt nivå.
– Og i utviklingssamanheng, så meiner eg at likestilling både er eit viktig berekraftsmål i seg sjølv, og noko som har effekt på mange andre berekraftsmål. Vi er flinke til å arbeide for berekraft i Noreg, og no må vi sjå likestilling i samanheng med dei andre berekraftsmåla, seier Jaccheri.
Letizia Jaccheri er professor ved Institutt for datateknologi og informatikk, Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk ved NTNU.
Hennar kompetanseområde er blant anna datateknologi, interaksjonsdesign og dataspel.
Jaccheri vart nyleg tildelt både årets likestillingspris frå nettverket ODA og NTNUs eigen pris for likestilling og mangfald. Ho er engasjert i Jenteprosjektet Ada og IDUN, eit rekrutteringsprosjekt under Forskingsrådets BALANSE-program.
Meir om IDUN - from PhD to professor
Meir om Jenteprosjektet ADA
Meir om nettverket ODA og les om prisen for 2021 på ODAs eigne sider
Kontaktinformasjon: Letizia Jaccheri
Les om ODA-prisen og om NTNU sin likestillingspris