– Vi rekrutterer ei einsarta gruppe internasjonale forskarar

Jakta på internasjonale toppforskarar gjer ikkje nødvendigvis akademia meir mangfaldig. Det blir ikkje mangfald med ein masse vitskapleg tilsette frå kjende universitet i USA, meiner Mariel Aguilar-Støen.

Kva skal til for at vi kan seie at vi har ein mangfaldig forskingssektor? Er det nok dersom institusjonane rekrutterer mange utanlandske forskarar?(Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Nyleg vart den statistiske oversikta over innvandrarar og etterkomarar etter innvandrarar i akademiske stillingar, oppdatert. Statistikken syner at nesten ein tredel av dei vitskapleg tilsette ved norske universitet, høgskular, institutt og helseføretak har innvandringsbakgrunn.

«Innvandringsbakgrunn» tyder som oftast at dei er internasjonalt mobile forskarar rekrutterte frå utlandet. Tala viser altså at institusjonane lukkast med å oppfylle offisielle målsettingar om internasjonalisering.

– Vi har ikkje lukkast med å rekruttere internasjonale forskarar som verkeleg representerer eit mangfald, seier Mariel Aguilar-Støen, professor ved Senter for utvikling og miljø. (Foto: UiO)

Les saka: Innvandrarar utgjer ein tredjedel av forskarpersonalet i Noreg

Er internasjonalisering mangfald?

Men eitt poeng som vart tydeleg ved presentasjonen av den oppdaterte statistikken, er at sjølv om ein greier å importere verda til norske institusjonar – og då særleg til dei store universiteta – i form av internasjonalt mobile forskarar, så har ein ikkje lukkast med å rekruttere innvandrarar eller etterkomarar av innvandrarar som har utdanninga si frå det norske utdanningssystemet.

Det gjer at det kan stillast spørsmål ved om internasjonaliseringa eigentleg fører til eit større mangfald ved institusjonane, sjølv om mangfald er ein del av intensjonen.

– Eg meiner at internasjonalisering inngår i mangfaldsomgrepet, men at mangfald er meir enn internasjonalisering, seier Mariel Aguilar-Støen, professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

– Eg tykkjer universitetsleiarar har teke litt lett på det, for no kan ein skryte av at ein har mange internasjonale forskarar og at mangfaldet har auka, som er verdifullt – men når det gjeld norske etterkomarar av innvandrarar, slit vi, og eg ser ingen konkrete satsingar i den retninga.

– Internasjonalisering har vore ei målsetting og ein har eigne strategiar for det, men ein har ingen strategiar eller målretta tiltak for å auke talet på etterkomarar.

Debatten om internasjonaliseringa har gått i bølgjer i mange år. I 2017/18 gjekk dei høgt etter at statsvitar Øyvind Østerud kritiserte norske universitet for å drive «tankelaus internasjonalisering», slik at dei sto i fare for miste eigenarten og kapasiteten til å forske på nasjonale problemstillingar. Det førte til ein intens debatt om kvar grensa går for kva tid eit fagmiljø har så mange utanlandske tilsette at det ikkje lenger kan ivareta samfunnsoppdraget i norsk kontekst.

Somme meinte at internasjonaliseringa hadde gått for langt, andre at det ikkje hadde gått langt nok eller var blitt godt nok utnytta, medan atter andre mante til ein meir nyansert debatt.

Les saka: Vil hauste fruktene av internasjonaliseringa

Seinare vi hatt debattar om kva funksjonar dei internasjonale forskarane fyller i det norske forskingssystemet. Det store fleirtalet av internasjonalt rekrutterte forskarar finst i stipendiat- og postdoktorstillingar, som også er med på å forklare kvifor den sterkaste veksten har skjedd ved dei store breiddeuniversiteta, som har flest slike stillingar.

Forskingskvalitet tel mest

Då Hebe Gunnes presenterte den oppdaterte mangfaldsstatistikken, peika ho på at når dei fleste forskarstillingar i dag blir lyste ut internasjonalt, så er det ikkje mangfald som er målsettinga, men forskingskvalitet – ofte uttrykt ved buzzordet «eksellens».

– Mange internasjonale forskarar dankar ut dei norske, rett og slett, sa ho i saka.

Jakta på internasjonalt «eksellente» kandidatar gjer ikkje nødvendigvis akademia meir mangfaldig, hevdar Mariel Aguilar-Støen.

– Eg tykkjer «eksellens»-omgrepet er problematisk fordi det slår ut på bestemte måtar som ikkje nødvendigvis stemmer overeins med mangfald. Ein rekrutterer ein bestemt type forskarar som har lukkast på dei parametrane ein har definert som «eksellens». Og sjølvsagt er mange veldig flinke, seier ho.

– Men eg ser ein tendens til fetisjisme for forskarar frå dei store universiteta i USA og Europa, til kostnad for forskarar frå andre stader i verda.

Aguilar-Støen meiner det viktig å hugse at idealet om «eksellens» ikkje er nøytralt eller objektivt.

– Dei internasjonale forskarane vi rekrutterer, utgjer til ein viss grad ei homogen gruppe. Vi har ikkje lukkast med å rekruttere internasjonale forskarar som verkeleg representerer eit mangfald. Det blir ikkje mangfald med ein masse vitskapleg tilsette frå kjende universitet i USA, meiner ho.

Aguilar-Støen skreiv i fjor eit innlegg der ho uttrykte uro for at superkvalifiserte utanlandske forskarrekruttar med ei rad postdoktorstillingar bak seg, fortrengjer heimeavla kandidatar som tapar i konkurransen – mellom anna fordi ein blir diskvalifisert for ei postdoktorstilling i Noreg dersom ein allereie har hatt ei slik stilling ved same institusjon.

– Dersom kandidatar med norsk utdanning stadig blir utkonkurrerte, vil det også gå ut over mangfaldet, seier ho.

Mangfald ein blind flekk

Nyleg har fleire peika på at akademikarar med innvandrarbakgrunn og med utdanning frå Noreg, ser ut til å falle mellom alle stolar når institusjonane satsar på internasjonalisering.

– Det er rart at etterkomarar av innvandrarar er så fråverande, seier Julia Orupabo, forskar II ved Institutt for samfunnsforsking. (Foto: Eirin Konstad Nilsen, ISF)

– På overflata ser jo mangfaldsstatistikken ut som ei suksesshistorie. Men ved nærare ettersyn ser vi altså at mangfaldet kjem frå internasjonale forskarar med utdanning frå utlandet, seier Julia Orupabo, forskar II ved Institutt for samfunnsforsking.

– Det er rart at innvandrarar med norsk utdanning, og særleg etterkomarane deira, er så fråverande, for dei er overrepresenterte i høgare utdanning.

– Ofte blir det forklart med at folk i denne gruppa framleis er unge, og at dei vel profesjonsutdanningar framfor akademiske karrierar. Det er plausible og viktige forklaringar, men vi veit også at mange med innvandrarbakgrunn ønskjer seg doktorgrad og forskarkarriere. Så då må ein antakeleg også leite etter andre forklaringar for å forstå dette fråværet.

Les innlegget frå Orupabo og Ida Drange: Er norsk akademia egentlig så mangfoldig?

Orupabo peikar på at medan institusjonane er blitt mykje meir merksame på kjønnslikestilling i rekrutteringsprosessar, så er mangfald framleis ein blindflekk.

– Etterkomarar etter innvandrarar møter ikkje dei same hindringane som internasjonalt rekrutterte forskarar. For dei internasjonale er hovudproblemet oftast å få ei fast stilling etter mellombelse engasjement. For nordmenn med innvandringsbakgrunn kjem utfordringane tidlegare i løpet: skal dei orientere seg mot ei akademisk karriere i det heile?

– Frå arbeidet med kjønnslikestilling veit vi at det er viktig at nokon ser deg, heiar på deg, skriv deg inn i søknader og liknande. Eg vil tru dette er mekanismar som også kan vere viktige for studentar med innvandringsbakgrunn, seier ho.

Orupabo meiner det er på tide med ein samtale om kva institusjonane kan gjere, både for å kartleggje utfordringane og lage tiltak.

– I alle fall må ein hugse at ekte mangfald i akademia består av mange ulike kategoriar og minoritetar, ikkje berre slå seg til ro med at dei internasjonalt rekrutterte forskarane representerer mangfald, seier ho.

Utvikle eit nytt akademia

Det er Mariel Aguilar-Støen samd i.

– Korleis ein forstår mangfald frå eit leiingsperspektiv, er kjempeviktig. Kjønn og etnisitet er dei openberre kategoriane, men ein må ikkje gløyme såkalla kognitivt mangfald: Ein må rekruttere folk som tenkjer annleis, for det berikar miljøa.

Ho meiner norsk akademia har lett for å adoptere teoretiske rammeverk og forskingsmetodar som er utvikla i amerikansk kontekst. Då er det ein fare for at vi misser dei særeigne forskingsbidraga som berre kan skapast i Noreg, fryktar Aguilar-Støen. 

– Det er ein av fleire grunnar til at eg trur det er viktig å lære norsk og publisere på norsk. For det er kjempeviktig at vi kan utvikle teoretiske rammeverk basert på ein tydeleg ståstad.

– Norsk akademia har eit stort fortrinn i at vi har ein fungerande velferdsstat og ein menneskeleg arbeidsliv, som tillèt at arbeidstakarar tek omsyn også til dei andre rollene dei har som menneske. Men det verkar som det er eit fortrinn leiarane våre anten ikkje er klar over eller ikkje vågar å flagge skikkeleg.

Ho ønskjer at diskusjonen går frå å handle om internasjonalisering til å handle om mangfald, og korleis mangfald heng i hop med det, førebels dårleg definerte omgrepet «eksellens».

– Vi må spørje korleis vi kan tiltrekke oss folk både med utdanning frå Noreg og frå andre stader, for å utvikle eit norsk akademia som vågar å både blande seg i samtalen med den store verda, men også skape eigne idear, teoriar og metodar som er annleis.

– Det greier vi ikkje dersom det overordna målet alltid er å publisere i dei store internasjonale tidsskrifta, seier Aguilar-Støen.