Lønner seg å vere kvit på campus
Rasismen har blitt tydelegare i Storbritannia etter Brexit, og viser seg også i akademia, ifølge mangfaldsforskaren Kalwant Bhopal. I november kjem ho til Noreg i høve mangfaldskonferansen.
Kor inkluderande er akademia i Noreg, og har vi kome lenger enn Storbritannia? I 2016 viste ein forskingsrapport, bestilt av Kif-komiteen, at det ikkje lønner seg å vere utlending i norsk akademia. Personar med minoritetsbakgrunn har lågare sjanse for å oppnå doktorgrad og for å få ei akademisk stilling, sjølv om dei oftare enn majoritetsbefolkninga oppgir at dei ønsker det.
Om ein månad kjem den britiske professoren og mangfaldseksperten Kalwant Bhopal til Oslo i samband med konferansen «Mangfold i akademia – frå omgrep til tiltak». Ho er professor ved utdanning og sosial rettferd ved Universitetet i Birmingham og gjesteforelesar ved Harvard University. Som akademikar har Bhopal sentrert forskinga si rundt rasisme og etniske minoritetar i utdanning og akademia, men også undersøkt diskrimineringa mot romfolk og reisande etniske minoritetar.
Møter mange barrierar
– Eg trur vi treng eit målbevisst system for å få nok professorar med ikkje-kvit bakgrunn, seier Kalwant Bhopal.
Ho har lang erfaring som forskar på etniske minoritetar i utdanningssektoren, der ho både har fungert som medlem i likestilling- og mangfaldskomiteen ved Universitetet i Birmingham og forfattar av fleire bøker om rasisme, identitet og inkludering. Seinast i september publiserte professoren ein artikkel om tiltak universiteta og høgskulane kan gjere for å auke mangfaldet.
Konferansen, som er arrangert av Kif-komiteen, Akademiet for yngre forskere og Institutt for samfunnsforskning, skal utfordre forskarane og akademiske leiarar på kva dei meiner med mangfald, og då særleg etnisk mangfald. Ut frå dette skal dei diskutere konkrete tiltak som kan skape auka mangfald.
Bhopal foreslår eit system der lærestadar som har godt mangfald får meir økonomisk støtte.
– I tillegg trengst eit liknande system for studentar som går på elite-universitet. Å utjamne proporsjonane vil utgjere ein stor forskjell for korleis universiteta tenker på rase, seier Bhopal.
– Kva er dei største barrierane for etniske minoritetar i Storbritannia når det gjeld akademiske karrierar?
– Den største barrieren er rasisme. Å ikkje ha tilgang til nettverk eller rettleiing, og ikkje å ha den støtta som er nødvendig for å gå opp i gradane innanfor høgare utdanning. Svarte og etniske minoritetar held fram med å vere dårlegare stilt i høgare utdanning, både blant tilsette og blant studentar, seier Bhopal, og viser til eiga forsking:
– Det er meir sannsynleg at kvite studentar enn svarte studentar vil oppnå ein grad, og dei går oftare på eliteuniversitet. Likeeins har etniske minoritetar i akademia mindre høve enn kvite tilsette for å oppnå seniorroller. Dei aller fleste professorar er kvite menn.
Brexit, Trump og anti-innvandring
For eitt år sidan sa Bhopal til den amerikanske nettstaden RI Future at Brexit hadde legitimert mykje av den etablerte rasismen i Storbritannia. Innan slutten av veka etter at resultatet vart kjent, auka omfanget av rapportert rasistisk kriminalitet. Bhopal meiner at Brexit, akkurat som president Donald Trump i USA, lova innbyggarane å få ein slutt på innvandring og multikulturalisme. Denne ulikskapen manifesterer seg på alle område i samfunnet.
– Kvifor eksisterer det ulikskap i britisk akademia? Og kva blir konsekvensane av det?
– På grunn av rasismen og marginaliseringa av etniske minoritetar, for å halde ved like dei kvite privilegia. Dersom vi ikkje oppnår likestilling mellom kvite og andre etnisitetar, vil det å vere kvit fortsetje å vere ein fordel, og nye generasjonar vil se på høgare utdanning som reservert for privilegerte kvite personar.
Framleis kvitt på toppen
Vi har verken Trump eller Brexit i Noreg, men er situasjonen her likevel noko betre? Fleire mangfaldsforskarar i Noreg deltar på konferansen i november, inkludert Arnfinn Midtbøen og Julia Orupabo ved Institutt for Samfunnsforskning, i tillegg til Marta Bivand Erdal frå PRIO. Ifølge forskar og forfattar Julia Orupabo står vi her til lands ovanfor ei suksesshistorie, samanlikna med andre land:
– Innvandrarar og deira barn har høge ambisjonar og tar høgare utdanning. Problemet er at akademia, så langt, ikkje klarer å halde på dei. Vi ser at dei ikkje er godt nok representerte, særleg i toppstillingar og i faste stillingar. Kanskje dette handlar om at akademia ikkje er attraktivt nok, eller så handlar det om barrierar. Det er viktige spørsmål som vi veit for lite om, seier ho.
For tida jobbar Orupabo med eit prosjekt om rekruttering til toppstillingar i ulike fag ved norske universitet. Der har ho lagt merke til at mange tenker på likestilling og kjønn, men ikkje på mangfald knytta til innvandrarbefolkninga.
– Når eg spør om det etniske mangfaldet, blir det nokså stille. Dei trekker ofte då fram internasjonale forskarar frå Tyskland eller England. Eg trur dette likevel no er i endring. Fleire utdanningsinstitusjonar inkluderer etnisk mangfald i sine handlingsplanar for likestilling, og Kif-komiteen har også utvida sitt mandat til å omfatte etnisk likestilling.
– Problema vil variere
Som med Bhopal meiner også Orupabo at diskriminering og mangel på nettverk, i tillegg til språkbarrierar, hindrer mange minoritetsgrupper i akademia. Desse barrierane kan vere dei same som elles på arbeidsmarknaden, men her finst det ikkje nok forsking til å konkludere.
– Dette vil også avhenge av kva slags etniske minoritetar vi snakkar om. Flyktningar med akademisk bakgrunn, internasjonale forskarar og etterkommarar etter innvandrarar vil møte forskjellige utfordringar. Eg trur også at ulike delar av akademia har ulike utfordringar, seier forskaren, og held fram:
– Mi eiga forsking viser for eksempel korleis innvandrarar og etterkommarar opplever sin etniske bakgrunn som ein ressurs i nokre fag, mens i andre fag er det noko som avgrensar dei.
Ligg bak forskingsmessig
Medlem i Akademiet for yngre forskere og sosiolog ved Institutt for samfunnsforskning, Arnfinn H. Midtbøen, peiker på at Storbritannia har kome lenger i forskinga på etniske minoritetar i utdanningssystemet og i utdanningssektoren. Til dømes finst det framleis ikkje empirisk forsking i Noreg på kva etnisitet har å seie i rekrutteringa til akademiske stillingar.
– I den norske debatten blandar vi saman mange ulike fenomen når vi diskuterer mangfald i akademia. Debattane som har vore om internasjonalisering og avkolonisering er døme på dette. Dette er veldig ulike tema, men begge rører ved spørsmålet om mangfald, seier Midtbøen.
Forskaren fortel at statistikk over den aukande delen innvandrarar og etterkommarar av innvandrarar i norsk akademia tåkelegg at veksten i all hovudsak er drive av internasjonale forskarar frå Europa og USA. Vi veit enno for lite om innvandrarar frå andre delar av verda.
– Sjølv om den britiske konteksten på mange måtar er svært ulik den norske, vil det vere relevant for leiinga ved norske UH-institusjonar å høyre om forskinga til Bhopal. Forhåpentlegvis kan innlegget hennar inspirere leiarar til å tenke på tiltak, og dessutan inspirere forskarar til å undersøke tematikken vidare.
Ulike barrierar for ulike grupper
Julia Orupabo skal kommentere Bhopals foredrag på konferansen den 8. november. Der står det att å sjå kor store forskjellane mellom dei to landa er, og om Bhopals forsking er aktuell for den norske konteksten. Bhopal gir oss ein peikepinn på kva som kjem:
– På konferansen skal eg halde eit innlegg om korleis ulike identitetar gir nokre grupper fordelar og andre grupper ulempar. Eg skal også snakke om korleis svarte og etniske minoritetar framleis blir marginaliserte på universiteta. Særleg då korleis kvite stadar på universiteta er nettopp det – kvite område reservert berre for privilegerte kvite.
Akademiet for yngre forskere (AYF), Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen) og Institutt for samfunnsforskning (ISF) inviterar forskare, akademiske leiarar og likestillingsarbeidarar til å diskutere mangfald. 8. november i Oslo!
Les mer om konferansen her, og meld deg på før 31. oktober her.