Vil ha meir kunnskap om mangfald i akademia

Det finst mykje forsking på barrierar for kjønnsbalanse i akademia, men lite på etnisk mangfald. No utlyser Kif-komiteen ei utreiing som skal bøte på dette.

Å få laga ein tilstandsrapport om etnisk mangfald i norsk akademia, sto høgt på ønskelista då strategien til Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen) nyleg vart lagt fram. No er oppdraget lyst ut med frist 11. mai kl. 14.00. Målsettinga er kunnskap om kva slags utfordringar og moglegheiter personar med innvandrarbakgrunn møter når det kjem til karriereutvikling i akademia. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

– Kif-komiteens mandat blei utvida til å gjelde mangfald, og i denne perioden skal vi ha hovedfokus på etnisk mangfald. Vi har underskot på faktabasert kunnskap på dette området i Noreg, og utlysinga skal bidra til å kompensere for dette, seier Curt Rice, leiar for komiteen.

Å få laga ein tilstandsrapport om etnisk mangfald i norsk akademia, sto høgt på ønskelista då strategien til Kif-komiteen nyleg vart lagt fram. No er oppdraget lyst ut, og målsettinga er at utreiinga skal gje kunnskap om dei utfordringane og moglegheitene personar med innvandrarbakgrunn møter på karrierevegen i akademia. Oppdraget inkluderer mellom anna litteraturgjennomgang av relevant forsking, innspel til politikkutforming og tiltak, og framlegg til vidare forsking.

Minoritetsforsking har handla om integrering

‒ Det er bra at dette kjem, seier Mette Andersson, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

Mette Andersson meiner det er viktig med forsking på etniske minoritetar i akademia. (Foto: Tron Trondal)

‒ Så vidt eg veit er det lite forsking på etniske minoritetar i akademia i Noreg. I staden har forskinga på minoritetar fokusert på integrering: tilknyting til arbeidslivet, identitet og religion, ungdom i skulen. Dei siste åra har det i tillegg kome noko forsking på diskriminering og eksklusjonsmekanismar, som er relevant her.

Andersson tenkjer seg at ei mogleg forklaring på kunnskapsmangelen er at den første generasjonen som er fødd i Noreg av innvandrarforeldre, framleis er nokså ung, slik at det er først no vi byrjar å bli merksame på problemstillinga.

‒ Vi ser at det byrjar kome nokre mobilitetsstudiar på denne gruppa frå andre land, og det er på tide vi tek tak i det her også, meiner ho.

Mot- eller medgang i akademia?

Då Kif-komiteen vart oppretta i 2004, var det kjønnslikestilling som sto på dagsorden. Sidan er det kome mykje forsking og mange politiske dokument som omhandlar kjønnsbalanse i akademia, og institusjonane har sett i verk eit breitt spekter av tiltak for å betre kjønnsbalansen. Når komiteen no også skal arbeide med etnisk mangfald, må ein starte med å rette opp eit stort etterslep på forskingssida.

– Kvifor er det viktig med ei mangfaldsutreiing?

– Det vil vere pinleg viss UH-sektoren skulle finne vegen vidare ut frå anekdotar og synsing. Vi er ein kunnskapssektor og skal basere oss på kunnskap. Det er det som gir legitimitet til arbeidet vårt med likestilling, og håpet er å kunne byggje opp liknande legitimitet i arbeidet vårt med mangfald, seier Rice.

Kif-komitéleiar Curt Rice vil ha forskingsbasert kunnskap om både mangfald og kjønn i akademia. (Foto: Kristin Aukland)

Utreiinga som no er utlyst, skal bringe fram kunnskap om karriereløp og barrierar i akademia, og ein ønskjer å få fram empiri både på individ- og institusjonsnivå. I dette ligg det også å finne ut av kva rolle kjønn spelar for karriereutviklinga til personar med innvandrarbakgrunn.

– Ein kan jobbe for å byggje opp ein meir inkluderande arbeidsplass utan at ein veit at ein har ein ekskluderande arbeidsplass. Men jobben kan bli meir målretta viss ein har kunnskap om kor utfordringane finst. Vi håper at utreiinga blant anna kan støtte oss i å peike ut område som bør studeras nærmare når det gjeld karriereutviklinga til denne gruppa.

Skil mellom utlendingar og norskfødde

Eitt av spørsmåla Kif-komiteen gjerne vil ha drøfta i utreiinga, er om det er stor skilnad mellom norskfødde med innvandringsbakgrunn, og forskarar som er rekrutterte frå utlandet. Dei to kategoriane blir omtala på svært ulik måte i offentleg debatt. Utanlandske forskarar er ettertrakta som eit middel til å auke kvaliteten på norsk forsking, og debatten handlar mykje om korleis Noreg kan gjere seg attraktivt for flinke utlendingar som potensielt kan reise kvar som helst i verda.

Nordmenn med innvandrarbakgrunn blir oftare kategorisert som ei gruppe det heftar problem ved. Om dei to gruppene møter liknande eller forskjellige utfordringar når dei først er innanfor norsk akademia, er noko utreiinga potensielt kan gje svar på.

Mangfaldsutreiing

Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen) lyser ut eit oppdrag – ei utreiing – med frist 11. mai kl. 14.00.

Målsettinga er at prosjektet skal gi kunnskap om kva slags utfordringar og moglegheiter personar med innvandrarbakgrunn møter når det kjem til karriereutvikling i akademia.

Ramme: Oppdraget har ei øvre økonomisk ramme på 600 000 kr inklusive moms.

Se også