Trump til åtak på mangfald i akademia
– Dette går imot fridomen til å velje forskingstema som ikkje er diktert av styresmaktene. Det går mot fridomen til å lære, seier mangfaldsorganisasjon.
Saka er skriven av Kjerstin Gjengedal og publisert i Forskerforum 6. februar.
Amerikanske høgare utdanningsinstitusjonar prøver febrilsk å finne ut kva dei må gjere for å framleis få pengar frå staten under Trump-administrasjonen. Likestillings- og mangfaldsprogram er spesielt utsett.
– Eg trur ingen venta at det ville gå så fort eller vere så omfattande, seier historieprofessor Timothy Burke.
Burke er professor i moderne afrikansk historie ved Swarthmore College i Pennsylvania. I mange år har han også skrive om amerikansk akademia i ulike format, for tida i nyheitsbrevet Eight by seven. Via video frå kontoret sitt fortel han korleis han oppfattar situasjonen to veker inn i Donald Trumps andre presidentperiode.
– Ingen av oss veit heilt kva som skjer. Kanskje ikkje eingong dei som styrer, seier han.
Straum av presidentordrar
Sidan presidentinnsettinga den 20. januar har Trump fyrt av ei mengd presidentordrar som på ulike måtar kan få konsekvensar for høgare utdanning og forsking (sjå faktaboks). Det mest openberre er to ordrar om å stogge alle føderale mangfalds-, likestillings- og inkluderingsaktivitetar (ofte kalla DEI: Diversity, Equity and Inclusion).
Ordrane er på same tid omfattande og vage, men får konsekvensar for utdannings- og forskingsinstitusjonar som får forskings- og driftsmidlar frå føderale instansar som til dømes National Insitutes of Health (NIH) eller National Science Foundation (NSF).
Burke fortel at sektoren var førebudd på at Trump-administrasjonen ville vere mot DEI.
– Men ein var nok ikkje førebudd på at tiltaka ville kome så raskt, og utan å gå vegen om lovgjevarane. Eg trur mange venta at tiltaka ville kome i eit meir sedat tempo, med mange opphald i rettsvesenet, så ein ville få tid til å reagere.
Fryktar for finansieringa
Det første store sjokket, meiner han, var presidentordren om å stogge alle føderale tilskots- og støtteutbetalingar. Ordren er inntil vidare stogga av rettssystemet, men det vil ikkje dermed seie at utbetalingane kjem, understrekar Burke.
– Ein veit ikkje om Trumps lojalistar i byråkratiet kjem til å rette seg etter rettens pålegg, og Elon Musk har dessutan kontroll over betalingssystemet. Den ordren sendte ei sjokkbølgje gjennom akademia som vi ikkje heilt har kome oss frå enno, seier han.
– No trur eg mange institusjonar utforskar kva dei kan gjere for å raskt oppfylle dei nye krava. Dersom vi skundar oss å avslutte stipend eller prosjekt som har ein DEI-komponent, vil det vere nok? Vil det vere nok å endre namnet på DEI-kontoret vårt? Har vi forskarar som forskar på kjønn eller seksualitet eller afrikansk historie, kva skal vi gjere med dei? Korleis kan vi skaffe pengar sjølve dersom føderale midlar fell bort?
Det er stor skilnad på kor sårbare ulike institusjonar er, understrekar han. Offentlege institusjonar får grunnfinansiering frå delstaten, og er underlagt delstatens lovverk, som er ulikt innretta. Private institusjonar er i ulik grad avhengige av føderale midlar. Nokre har mykje pengar på bok, andre er meir avhengige av ekstern finansiering og studentavgifter og er sårbare for alt som kan føre til at færre studentar søker seg dit.
I dag betalar universitet ein låg skatt på fond. Trump har lenge varsla at han vil auke denne skatten dramatisk.
– Det er nok ein måte universiteta er sårbare på. Ein del institusjonar har svært store fond, og trugsmålet om skatt skal tvinge dei til å oppføre seg, seier Burke.
Sidan presidentinnsettinga 20. januar og fram til 6. februar har Trump-administrasjonen:
- Gitt to presidentordrar om å avslutte alt mangfalds-, likestillings- og inkluderingsarbeid i føderale etatar, inkludert forskingsfinansierande organisasjonar som National Institutes of Health, National Science Foundation og NASA.
- Gitt presidentordrar som kan opne for å deportere internasjonale studentar som har delteke i propalestinske demonstrasjonar.
- Byrja utarbeide ein presidentordre om å leggje ned utdanningsdepartementet.
- Gitt ordre om å stogge alle føderale tilskots- og støtteutbetalingar i påvente av ein politisk gjennomgang av alle utbetalingsprogram. Ordren er inntil vidare stogga av rettssystemet.
- Gjennom støttespelaren Elon Musk, teke kontroll over datasystema i finansdepartementet, som gjev tilgang til alle føderale utbetalingar, inkludert løn til tilsette.
- Teke kontroll over USAid, forvaltingsorganet for bistand og utvikling, som også støttar mykje forsking. Dei tilsette har fått permitteringsvarsel og alle som jobbar utanfor USA er blitt kalla heim.
Sensurerer forskingsprosjekt
Han nemner også dei mange ordningane som er etablert for å sikre mindre privilegerte studentar tilgang til utdanning. Nokre er administrert av institusjonane sjølve – til dømes kan studentar ved hans eige college få redusert eller bli friteke for studieavgift basert på behovsprøving. Men det finst også føderale ordningar.
– Kjem Trump-administrasjonen til å gjere noko med dei? Det er ikkje sikkert at dei kan gjere det, juridisk sett, men førebels verkar det ikkje som dei tek særleg omsyn til kva som er lov og ikkje, seier han.
Institusjonane har altså grunn til å uroe seg for å miste finansiering frå fleire ulike kanalar. Mykje forsking blir finansiert gjennom NSF. Denne veka kom det fram at NSF har byrja gå gjennom forskingsprosjekt for å sjekke om dei kjem i konflikt med presidentordrane som gjeld DEI. Ei liste over «forbodne ord» var først sirkulert på Bluesky. Ifølgje lista, som er referert i fleire amerikanske medium, er vanlege ord som «diversity», «bias», «female» og «disability» nok til å få ein prosjektsøknad avslått.
Samstundes er det varsla masseoppseiingar i NSF.

Nedkjølingseffekt
Dei samla åtaka mot DEI kan få store konsekvensar sjølv om det er høgst uklart kva dei vil innebere reint konkret, meiner Paulette Granberry Russell. Ho leier The National Association of Diversity Officers in Higher Education (NADOHE), ein organisasjon for personar og institusjonar som jobbar med, forskar på, eller interesserer seg for mangfalds,- likestillings- og inkluderingsarbeid.
NADOHE har nettopp levert eit søksmål mot Trump-administrasjonens presidentordrar som gjeld DEI.
– Dei siste par åra har vi sett fleire delstatar innføre lover som har til føremål å straffe DEI-arbeid. Dei kan råke studentopptak, tilsettingar, utviklingsarbeid, eller sjølve organiseringa, og dei kan råke forsking som har DEI-komponentar. Effektane er uklare, men omfattande, seier ho.
Russell fryktar at dei nye presidentordrane vil føre til at sjølv institusjonar i statar som ikkje har eigne anti-DEI-lover, vil tilpasse seg av frykt for å tape finansiering.
– Vi har allereie sett at institusjonar prøver å forhindre tap gjennom å overtilpasse seg, så dette har ein sterkt nedkjølande effekt på mangfalds- og inkluderingsarbeid, seier ho.
Veit ikkje kva som vil kome
– Korleis kan høgare utdanningsinstitusjonar etterkome pålegg som dette, og samstundes vere tru mot sine ideal som utdanningsinstitusjonar?
– Dei føler ikkje at dei kan det, seier Russell.
– Dette går imot fridomen til å velje forskingstema som ikkje er diktert av styresmaktene. Det går mot fridomen til å lære. Ein vil ikkje lenger kunne forske på korleis ulike føresetnader kan gje ulike utfall for ulike grupper, eller kva det har å seie for kven som har makt og ikkje. Ein kan ikkje forske på politiske tiltak på desse områda, eller lage tiltak innretta mot studentar som treng ekstra tilrettelegging. Det er mykje kaos og frykt.
For institusjonar som er vande med å rette seg etter lovar og regler, er det vanskeleg å vite kva handlingsrom dei no har til å handle på eit verdimessig grunnlag, meiner ho.
– Akkurat no veit vi ikkje kva lovene og reglane kjem til å seie. Borgarrettslova frå 1964 forbyr diskriminering på grunnlag av rase. Dette er seinare utvida til å gjelde kjønn, religion, funksjonsnedsetting og seksualitet. Alt dette er no i spel. Kva rettar har vi eigentleg no? Vi veit jo at i eit land som vårt, med si lange historie med slaveri og med fordriving av urbefolkingar, så blir ein ikkje nødvendigvis kvitt diskriminering berre fordi det står i ei lov.
Verdiar eller lovlydigheit?
Timothy Burke meiner institusjonane vil måtte vere tydelegare om kva verdiar dei eigentleg står for.
– Mange institusjonar held seg med erklæringar om akademisk fridom. Kan ein binde seg til det på ein slik måte at dei ikkje let seg oppløyse over natta? Kan forskarar få forskingsfridom nedfelt i bindande dokument ein ikkje kan trekke seg frå, slik at institusjonsleiarane ikkje kan kome og seie at du ikkje forske på dette?
Han meiner mange administrative leiarar ved institusjonane er blitt vande med å ordlegge seg i vage vendingar for å unngå politisk søkelys.
– Men det er ikkje nyttig i møte med ein administrasjon som med eitt slag fjernar grunnlaget for den lovlydigheiten som institusjonane har innarbeidd over fleire tiår, seier han.
Artikkelen er opprinneleg publisert hos Forskerforum.
Universitetsorganisasjonen American Council of Education har laga ei oversikt over politiske endringar som vedrører høgare utdanning og forsking.
Ei fyldig og kronologisk utgreiing av kva som har skjedd i det føderale statsapparatet med omsyn på forsking og utdanning, kan du finne hos science.org.