Stortingsmelding om nytt opptakssystem: Nesten alle tilleggspoenga forsvinn
Regjeringa foreslår å kutte tilleggspoeng for opptak til høgare utdanning. – Det er eit problem at for mange søkjarar til høgare utdanning bruker for lang tid før dei byrjar med utdanninga, sa forskings- og høgare utdanningsministeren.
Ein viktig bodskap frå statsråd Oddmund Hoel på pressekonferansen i dag var målet om at flest mogleg av studentane skal kome raskare i gong med høgare utdanning.
Ei løysing på dette, ifølgje Hoel, er å gå frå maksimalt fjorten til tre tilleggspoeng for opptak til høgare utdanning.
Kunnskapsdepartementet la fram to stortingsmeldingar i dag, både profesjonsmeldinga og meldinga om eit nytt opptakssystem.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun sa det alt frå starten av pressekonferansen: Målet med opptaksmeldinga er å få folk raskare inn i høgare utdanning, medan profesjonsmeldinga skal gjere studentane betre førebudd på arbeidslivet som møter dei.
Statsråden presenterte Nadia
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel meiner det er eit problem at for mange søkjarar til høgare utdanning bruker for lang tid på å byrje med utdanninga.
Hoel illustrerte det med eksempelstudenten Nadia. Ho har gode karakterer frå vidaregåande skule, men må forbetre karakterene for å kome inn på draumestudiet informatikk. Då konkurrerar ho med andre som har fleire tilleggspoeng. Nadia må difor bruke lengre tid før ho kan byrje i høgare utdanning.
– Det er ikkje berre kjedeleg for Nadia, men for heile samfunnet, sa Hoel.
Alle tilleggspoenga etter vidaregåande skule forseinker oppstart i høgare utdanning, meiner Hoel, og:
– Alderspoeng er den største motoren bak høgare poenggrense og for at søkjarane kjem for seint i gong med studier, sa han på pressekonferansen.
I dag er det mogleg å få maksimalt fjorten tilleggspoeng til saman, men no vil departementet kutte dei til maks tre poeng, fortalde Hoel.
Ut med bortimot alle poenga
I dag har me poeng for folkehøgskule, fyrstegongsteneste, fagskule og for høgare utdanning, i tillegg til alders-, språk-, kjønns- og realfagspoeng.
– Det finst gode argument for kvart einaste av desse tilleggspoenga. Men då burde me for eksempel også gitt poeng for arbeidserfaring. Difor må me ta eit stort grep for å skape eit betre system, sa Hoel.
Hoel la fram at dei einaste tilleggspoenga skal vere realfagspoeng og poeng for fyrstegongsteneste. Medan opptaksutvalet, leia av Marianne Aasen, ville fjerne alle tilleggspoenga, vel regjeringa altså å behalda to av variantane.
Sjølv om poeng for realfag og fyrstegongsteneste får fortsetje, går dei frå respektive fire til to poeng og frå to til eitt poeng. Difor maks tre tilleggspoeng totalt.
Kjønnspoeng vert historie
Også kjønnspoenga forsvinn. Desse poenga er i dag på enkelte studium med stor underrepresentasjon av det eine kjønnet. Hoel forklarte at her fylgjer regjeringa opptaksutvalet sitt forslag om å erstatte kjønnspoeng med kjønnskvoter.
Institusjonar med underrepresentasjon av eit kjønn, kan søkje om kvote for det underrepresenterte kjønnet.
– Med kvoter kan me sikre at kvart kjønn vert representert med minst 20 prosent, men kvoten bør ikkje vere meir enn det, sa Hoel.
Ragnhild Hennum, dekan ved Universitetet i Oslo og leiar for Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen), synes det er underleg å fjerne kjønnspoeng, men behalde andre poeng.
– Forslaget frå opptaksutvalet var jo tydelegare med å fjerne alle tilleggspoenga, seier Hennum i ein kommentar.
Kif-komiteen sende høyringsinnspelet sitt i fjor.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun heldt pressekonferanse 5. april kl. 10.
Regjeringa la fram to nye stortingsmeldingar: ei om opptak til høgare utdanning og ei om profesjonsutdanningane.
Forslaget om endringar i tilleggspoeng betyr at medan søkjarar i dag kan få maksimalt fjorten tilleggspoeng, så kuttast det til maksimalt tre. Og tilleggspoenga skal kun gjelde for fyrstegongsteneste og for realfag.
Kjelde: regjeringen.no
Utvalget vart satt ned 23. april 2021, og fekk i oppdrag å gå gjennom regelverket for opptak til høgere utdanning. Målet var å foreslå eit forståelig og fleksibelt opptaksregelverk. 1. desember 2022 leverte opptaksutvalet NOU-en til dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Marianne Aasen leia utvalet. Andre medlemmar var blant andre utdanningsforskar og Kif-medlem Astrid Marie Jorde Sandsør.
NOU 2022: 17: Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler
Les også Kif-komiteen sitt innspel (mars, 2023)
Fredag 5. april 2024, same dag som stortingsmeldinga om opptak til høgare utdanning vart lagt fram, la regjeringa også fram stortingsmeldinga «Profesjonsnære utdanningar over heile landet».
I profesjonsmeldinga står det blant anna at regjeringa vil:
at Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking skal arbeide for betre kjønnsbalanse i utdanningane og departementet vil endre mandatet til komiteen ved neste høve.
Kjelde: regjeringen.no
Les Kif-komiteen sitt innspel (mars, 2023)