Musikkutdanninga: Klassisk, konservativ og diskriminerande?

Det er mogleg å gjennomføre ei grad ved Noregs musikkhøgskule utan å sjå ei einaste kvinne eller ein person med minoritetsbakgrunn på dirigentpodiet, hevdar masterstudent.

– Eg gjekk gjennom semesterplanen for Musikkhøgskulens symfoniorkester for hausten 2022 og planen bestod eine og åleine av mannlege komponistar og dirigentar, seier student Siri Storheim. Masterstudenten sette nyleg leiinga ved Noregs musikkhøgskule på plass i eit debattinnlegg. (Foto: Alexander Henshaw)

Ytringa og kritikken kom i form av ein innlegg publisert i Kontekst, signert masterstudent Siri Storheim.

Debattinnlegget har skapt debatt, og Storheim fortel til Kifinfo at ho har fått mykje positive tilbakemeldingar, særleg frå andre studentar.

I tillegg har ho fått eit motsvar av viserektor Sidsel Karlsen. Karlsen kjem vi attende til. Det same gjeld kva musikkprofessor Hilde Synnøve Blix seier om tilstanden ved høgskulen. Ho har i mange år har vore oppteken av likestilling og mangfald i akademia innan fagområdet kunst og musikk.

På spørsmål om kvifor ho skreiv innlegget, seier Siri Storheim følgande:

– Eg gjekk gjennom semesterplanen for Musikkhøgskulens symfoniorkester for hausten 2022. Planen bestod eine og åleine av mannlege komponistar og dirigentar. Etter snart seks år ved skulen vart eg ikkje akkurat forbausa, men eg kjende på ein frustrasjon og at dette ikkje er greitt. Difor valde eg å ytre meg.

Tida står stille

Siri Storheim fortel at ho gjennom studentåra ved Musikkhøgskulen har hatt ulike studentverv der likestilling og mangfald har stått på agendaen. Ho meiner at ho og fleire har prøvd å nå fram, men at det er som om reglane er annleis i musikkverda.  

– Eg minnest attende til barndomen og korpsverda, då eg på landsstemner opplevde at dirigenten vår var einaste kvinne. Sjølv då reagerte eg. No, nesten 20 år seinare, verkar det som om landsskapet er det same. Berre unntaksvis dukkar det opp ei kvinne.

– Er det berre i topp-posisjonane at «kvite menn» dominerer, eller ser du liknande strukturar også på studentnivå?

– Ved komposisjon- og direksjonstudiar, der eg studerer, er kjønnsmønsteret tydeleg frå fyrste studietrinn.

Storheim reflekterer rundt kvifor det er sånn, og seier at ho trur det skjer noko allereie ved utveljinga av studentar som får starte ved studiet.  

Anonyme opptak

– Eg trur det handlar svært mykje om at kvinner ikkje vert oppmuntra til å satse på komposisjon og direksjon, og difor aldri kjem til opptaksprøva ein gong. Det hadde vore eit spanande eksperiment om opptaket innanfor komposisjon skjedde anonymt, seier Storheim.

– Dessutan er det nesten utlukkande komposisjonar av menn på pensum, ein peikar svært sjeldan på kvinnelege førebilete. Dette gjer også noko med tilhøyra og rekrutteringa.

– Og så er det dette med kulturen, seier ho.

– Kulturen?

– Ja, det er nokre ugreie kvinne-mann-meiningar i miljøet. Ikkje at alle omfamnar dei, men eit godt døme er ein artikkel publisert i Aftenposten der dirigent Vasily Petrenko vart intervjua. Bakteppet var Petrenkos rolle som ung mannleg dirigent. Han hevda at musikarane vert meir dedikerte når dei har ein mann framfor seg. Og ikkje nok med det; han sa også at menn har mindre seksuell energi, noko som gjer at utøvarane i større grad kan fokusere på musikken.

Motsvar frå leiinga

Sidsel Karlsen er viserektor ved Noregs musikkhøgskule. (Foto: Charlotte Wiig, Musikkhøgskulen)

I eit motinnlegg til Siri Storheim, møter viserektor Sidsel Karlsen masterstudentens kritikk mot tilhøva ved høgskulen. Karlsen stadfestar at det er uheldig at det berre er menn på pensum for symfoniorkester og at det er for få kvinnelege komponistar på studiet.

Viserektoren vel likevel å kalle sitt motsvar for «Musikkhøgskolen tar ansvar», og hovuddelen av teksten består av oppramsingar av prosjekt skulen har i prosess. Karlsen peikar blant anna på mangfaldserklæringa utforma av høgskulens utval for mangfald og likestilling. Det er også ambisjonar, skriv ho, om å arrangere eit seminar til våren med det same temaet.

Avslutningsvis fastslår viserektoren følgande: Endring tek tid. Noregs musikkhøgskule tilhøyrar en konservatorietradisjon der historie ofte «sitter i veggane».

Kvifor Musikkhøgskulen ligg så langt bak

Ei som frå eit forskarperspektiv kan forklare kvifor Musikkhøgskulen ligg så langt bak når det gjeld likestilling og mangfald, er professor Hilde Synnøve Blix.

Blix er ikkje overraska over det Siri Storheim formidlar.

Hilde Blix er professor i høyrelære og musikkdidaktikk ved UiT Noregs arktiske universitet. (Foto: Lars Åke Andersen/UiT)

– Nei, dette er ikkje overraskande, dessverre. Det er heller ikkje unikt for Musikkhøgskulen, som eg veit har gjort grep for å få betre kjønnsbalanse. Liknande utdanningsinstitusjonar i musikk, både nasjonalt og internasjonalt, er overraskande konservative i val av både førebilete og repertoar. 

Dessutan, seiar Blix, er det store skilnader i kjønnsbalanse både mellom instrumentgrupper og i fagområder.

– Du har leia eit forskingsarbeid innan likestilling i kunst og kultur. Kan noko av det du fann forklare masterstudentens erfaringar og frustrasjon? 

– Ja, det enklaste svaret er å vise til talmaterialet vi såg på. Dette synar stor overvekt av vestlige, mannlege lærarar, noko som kan forklare at også repertoar og leigde heltar – dirigentar, meisterklassehaldarar og føredragshaldarar – er ein del av deira omgangskrets, seier Blix.

– Vi fann også at komiteane brukar skjønn ved opprykk og tilsetjingar, fordi kvalitetskriteriar er vanskelig å artikulere i denne typen fag.

– Vi kunne også sjå eit tydeleg mønster i at dei allereie berømte og anerkjende utøvarane i mange høve vurderast som dei beste, samt at kjønn har ei betyding for korleis ein bedømmer kvalitet, seier Blix. 

Genistatus og eksepsjonelle talentar

– Finst det ei forklaring på kvifor dette verkar henge så fast i akkurat denne type studiar og profesjonar?

– I den grad det er forska på årsakene til at det er spesielt ubalansert i denne typen utdanningar og fagområder, viser studiar at fag som er opptatte av genistatus eller ser etter eksepsjonelle talentar, kan virke avskrekkande på grupper som ikkje identifiserer seg sjølv som talent eller genial. Herunder kvinner og/eller etniske minoriteter, seier Blix og viser til artikkelen The Brilliance Paradox.

– Mønsteret finst i fag som komposisjon, filosofi, fysikk og astronomi for å nemne nokre, seier Blix.

– Du har uttalt tidlegare at det er liten interesse for kjønnsaspektet i forsking innan musikkfeltet. Kan dette være med på å bremse utviklinga?

– Dette kan absolutt vere ei av forklaringane. Det er også slik at dei fleste miljøa innan høgare utdanning trur og ynskjer at ulikskap ikkje er eit problem. Altså at alle er nøytrale i vurderingane sine av kva som er god kvalitet og kven som er de beste utøvarane, komponistane og professorane. Det er kanskje derfor det oppfattast som lite interessant å forske på dette i mange miljø i akademia.

Blix meiner at problemet med at det er lite forsking på kjønn, viser til heile breidda av forsking og hele breidda av kjønn, og legg til:  

– Vi treng forsking på maskulinitetar og menn i kunsten, og vi treng å ta med kjønn som variabel i forskinga på ei rekke felt i musikk. Men også forsking i form av kjønnsstatistikk, for eksempel kor mange som spelar ulike komponistar, og kanskje også kvifor.  

Musikkprofessorens eigen motivasjon

For Hilde Blix handlar motivasjonen for å jobbe for likestilling i musikkfeltet om opplevingar frå eige liv og virke.

– I tillegg er det også observasjonar av korleis stereotypiar knytta til kjønn verkar på handlingsrommet til å verte dirigentar, komponistar eller ballettdansarar.

– For eigen del opplever eg at eg som kvinne får meir motstand, må gå fleire ekstrarundar og vert behandla annleis enn menn i liknande posisjonar, seier Blix.

Blix er også opptatt av korleis ho og andre musikkpedagogar kan påverka samfunnet i ei meir likestilt retning.

– Musikken i seg sjølv kan ha ei rolle i et slikt arbeid.

Viserektor Karlsen utdjuper Musikkhøgskulens innsats i saka: – Norges musikkhøgskole er beredt til å gjøre jobben