Eit tydeleg resultat av kartlegginga er at medan likestilling og kjønn i akademia er eit stort forskingsfelt i Noreg, så er det forska relativt lite på kjønn og innovasjon. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Likestillings­forskinga er i endring

Ei ny kartlegging viser fram trendar og behov i norsk forsking på likestilling og mangfald. – Det er ikkje gitt at tiltak som fungerer for kjønnsbalanse, også fungerer for mangfald, seier forskar.
01. april 2022
– Meir likestilling og mangfald i forsking og innovasjon er ei politisk målsetting, seier Trine Rogg Korsvik, hovudforfattar av rapporten. (Foto: Marte Garmann)

Norske forskings- og utdanningsinstitusjonar har arbeidd med likestilling og kjønnsbalanse i lang tid, og dei siste åra er også andre mangfaldstematikkar komne til. Men kva veit vi i dag om dette arbeidet, og om tiltaka som er prøvd ut?

På nettverkskonferanse for likestillingsarbeidarar denne veka lanserte Kilden kunnskapsoversikta «Hva vet vi om likestilling, kjønnsbalanse og mangfold i forskning og innovasjon?» Noko av målet er at oversikta skal gjere det lettare å utforme forskingsbaserte tiltak på dette feltet.

Kjønn og innovasjon er lite studert

– Meir likestilling og mangfald i forsking og innovasjon er ei politisk målsetting, sier Trine Rogg Korsvik, som har vore hovudforfattar av rapporten.

– No er det også blitt eit krav at institusjonar som søker forskingsmidlar frå EU eller det norske Forskingsrådet, må ha likestillingsplanar. Alt dette gjer det svært relevant å kartleggje kva vi veit og ikkje veit, og kva som er viktig å forske meir på.

Eit tydeleg resultat av kartlegginga er at medan likestilling og kjønn i akademia er eit stort forskingsfelt i Noreg, så er det forska relativt lite på kjønn og innovasjon. Sjølve innovasjonsomgrepet har gått igjennom ei utvikling, frå å først og fremst handle om teknologi og patentar, til også å omfatte organisering og prosessar.

Det opnar for å studere innovasjon også i situasjonar der målet ikkje nødvendigvis er å utvikle eit salbart produkt – som igjen opnar for å inkludere kjønns- og mangfaldsperspektiv i innovasjonsforsking i langt større grad enn ein hittil har gjort.

Frå diskriminering til «eksellens»

Når det gjeld likestilling og mangfald i akademia, viser forskingskartlegginga ei tydeleg utvikling, fortel Korsvik.

– Lenge var det mykje forsking på kvinnediskriminering og barrierane kvinner møter i forskingssektoren. Men med tida er det blitt mykje større merksemd på det forskingspolitiske nivået, seier ho.

Korsvik nemner internasjonalisering og «eksellens» som viktige forskingspolitiske føringar for utviklinga i sektoren, som blir spegla i nyare forsking på likestilling og mangfald.

– UH-sektoren har jo gjennomgått store reformar dei siste tiåra. Fram til årtusenskiftet var det under ti prosent kvinnelege professorar i Noreg. Det var meir relevant å studere kulturar og mannsdominerte miljø som det kunne vere vanskeleg å få innpass i som kvinne, illustrerer ho.

Nyare studiar tyder derimot ikkje på at direkte kjønnsdiskriminering lenger spelar ei rolle i tilsettingsprosessar. Kjønnsbalanse og mangfald er målsettingar dei aller fleste er samde om. I staden er ein blitt meir opptekne av kven som har moglegheit til å ha ei forskarkarriere.

– Når objektive kriterium blir viktigare, endar det fort med at ein tel publikasjonar i høgt rangerte, internasjonale tidsskrift. Og då er det ein del som fell frå fordi dei ikkje har høve til å sitte døgnet rundt og skrive artiklar, seier Korsvik.

– Dei som prøver å ha eit normalt liv, når ikkje opp.

Det vanskelege mangfaldet

Ønsket om «eksellens» og den parallelle internasjonaliseringa i UH-sektoren, får også konsekvensar for likestilling og mangfald, peikar ho på.

– Det handlar om korleis ein vil at forskingssektoren skal vere, på eit strukturelt nivå. Vi ser til dømes at i dei matematisk-naturvitskaplege faga er kvinneandelen i toppstillingar lågare enn før, samstundes som desse faga har tiltrekt seg mange utanlandske menn. Det er jo litt uheldig.

Sidan 2016 har NIFU forsynt sektoren med statistikk om innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar i norsk forsking og høgare utdanning. I tillegg finst Forskarpersonalregisteret, ein database over alt forskarpersonale ved forskings- og utdanningsinstitusjonane tilbake til 1965, begge statistikkane er no overført til SSB.

Korsvik meiner arbeidet med mangfaldsstatistikken har gjort at vi er komne eit stykke lenger med å vite kva vi snakkar om, når vi snakkar om etnisk mangfald.

– No kan vi skilje betre mellom ulike grupper. Det er stor forskjell på å kome til Noreg frå Tyskland fordi du søkte og fekk ei forskarstilling, og å innvandre til Noreg av andre grunnar, for så å få jobb i akademia.

Politikken heng etter

Men den auka kunnskapen om mangfald har enno ikkje gjort seg gjeldande i forskingspolitikken, understrekar Korsvik. Dei likestillingstiltaka sektoren har mest erfaring med, møter ikkje nødvendigvis utfordringane internasjonaliseringa og «eksellensifiseringa» fører med seg.

– Då snakkar vi om likestillingstiltak som er velprøvde i Noreg, som mentorordningar for kvinnelege forskarar, kurs for kvinner som vil søke opprykk til professor, eller frikjøpsordningar, seier ho.

– Det finst ein del slike ordningar som kvinner har kunna søke på, og som deltakarane har positive erfaringar med. Men ein har eigentleg ingen særlege tiltak for meir etnisk mangfald.

Og igjen gjeld det å spørje kva type mangfald ein er ute etter. Er det å rekruttere skandinavar eller tyskarar til forskarstillingar i Noreg, det beste mangfaldstiltaket?

– Eit viktig spørsmål no, er kvifor det er så få etterkomarar etter innvandrarar i akademiske stillingar. Jenter med innvandrarbakgrunn er jo aller høgast representert i høgare utdanning i Noreg. Kvifor satsar så få av dei på ei forskarkarriere? Dette veit vi ikkje, for det er ikkje forska på det.

Kva betyr stillingsstruktur?

Dei seinare åra har også bruken av mellombelse stillingar i UH-sektoren fått større merksemd. Talet på stipendiatar og postdoktorar har auka sterkt, men mellombelse stillingar er utbreidd også utanfor desse gruppene. Svært mange av desse er internasjonalt mobile forskarar, på same tid som berre eit mindretal – ein av fem postdoktorar ifølgje dei nyaste tala – går vidare til fast vitskapleg stilling.

– Så på postdoktornivå kan ein seie at det er mykje mangfald, men samstundes har vi fått omgrepet «postdok-proletariatet»: Internasjonalt mobile forskarar som må flytte frå land til land for å arbeide i stadig nye postdoktorstillingar der dei ofte tener dårleg, seier Korsvik.

Kombinasjonen av usikre karrierevegar og høgt arbeidspress blir ofte trekt fram som moglege strukturelle hindringar for kvinner, ikkje minst kvinner med innvandringsbakgrunn, i akademia. Men også her manglar det empirisk forsking.

Forskinga sprikar

Det er heller ikkje slik at ein no kan sjå vekk frå tradisjonelle forklaringar på manglande likestilling, slik som nettverk og kjønna hierarki, meiner ho.

– For undersøkingar viser at kvinner framleis i dag oftare er ekskluderte frå viktige nettverk, eller ikkje får sine faglege bidrag verdsett. Fleire fortel om seksuell trakassering. Det er ikkje slik at dagens system er eit gjennomført meritokrati.

Her viser kartlegginga eit sprik i forskingslitteraturen: Denne typen barrierar for kvinner kjem typisk til syne i kvalitative studiar.

– Medan meir kvantitative arbeid, som til dømes ser på om kvinner blir diskriminerte i tilsettingsprosessar, ikkje finn noko slikt. Ein ser ikkje lenger sexistiske skildringar av kvinner i papira frå tilsettingsprosessane, slik ein gjorde før. Så korleis studien er innretta, kan gjere stor forskjell.

– Vi treng meir forsking på kva internasjonaliseringa har å seie for innhaldet i forskinga og for undervisinga, seier Ivana Suboticki. (Foto: NTNU)

– Den lokale samanhengen er viktig

Ivana Suboticki, som er forskar ved Insitutt for tverrfaglege kulturstudium ved NTNU og mellom anna studerer kjønnsbalanse og likestillingstiltak ved NTNU, er samd i at forskinga på likestillingsfeltet har endra seg dei seinare åra. Ho er glad for at denne kartlegginga no ligg føre.

– Det brukte å handle mykje om korleis kvinner vart eksluderte, seier ho.

– Men i vår forskargruppe, til dømes, arbeider vi no mykje med kva type inkluderingspraksisar som fungerer på lokalt nivå, og korleis den lokale samanhengen spelar inn. Slik kan ein kan skreddarsy tiltak for den spesifikke lokale situasjonen.

I kunnskapsoversikta frå Kilden blir det også nemnt at det er viktig å forstå betre korleis fagfelt og faglege hierarki verkar inn på likestilling og mangfald. Det er Suboticki samd i, men meiner at også der er den lokale kunnskapen viktig.

– Det er ikkje slik at alle matematikkmiljø har dei same utfordringane, ein må gå meir spesifikt til verks, sier ho.

– Til dømes har Humanistisk fakultet her ved NTNU 40 prosent kvinner i toppstillingar, men variasjonen mellom institutta er enorm, frå 11 prosent på det lågaste til 67 prosent på det høgaste. Til og med på faggruppenivå kan det variere. Det er veldig viktig å få forståing for korleis kjønnsbalansutfordringane varierer.

Veit lite om sosial bakgrunn

Kartlegginga har ikkje funne mykje forsking som undersøker kva sosial bakgrunn har å seie, men dette kjem til å blir meir aktuelt framover, trur Korsvik. Då den nye Kif-komiteen vart konstituert på nyåret, var det med eit utvida mandat der sosial bakgrunn no er inkludert.

– Det trengst meir forsking på kva sosial reproduksjon i akademia har å seie. Det vi veit, er at det er ein kjønnsskilnad her: Fleire kvinnelege enn mannlege akademikarar kjem frå ein akademikarfamilie. Det har vore foreslått at den sosiale bakgrunnen dermed veg opp for ulempene knytt til å vere kvinne. Men slikt har vore tematisert i liten grad i forsking.

Korsvik minner om at sosial klasse kan vere like viktig for mangfald som etnisitet. Dersom ein av tre nyutdanna juristar kjem frå ein familie der ein av foreldra også er jurist, kva får det å seie for forskinga?

– Og vi treng også meir forsking på kva internasjonaliseringa har å seie for innhaldet i forskinga og for undervisinga, meiner ho.

– Undervising er jo ei hovudoppgåve for UH-sektoren, men har ein tendens til å forsvinne når ein diskuterer forskarkarrierar. Framover bør vi undersøke kva effekt internasjonalisering og eksellens-tankegang har på forskingsinnhaldet og på korleis forskinga blir brukt i samfunnet.

Grunnlag for forskingsstrategi

Ivana Suboticki ved NTNU meiner det er openbert at mangfaldsperspektiv må få større plass i forskinga framover.

– Det er ei særleg utfordring at arbeid med kjønnsbalanse har handla mykje om representasjon, men det kan hende at ein må tenke annleis omkring mangfaldsproblematikk. Det er ikkje gitt at tiltak som fungerer for kjønnsbalanse, også fungerer for mangfald.

Ho meiner det no vil vere viktig for forskingsfeltet å finne ut kva som er overførbart frå klassisk likestillingsarbeid, til mangfaldsarbeid.

– Eg vonar denne kartlegginga kan hjelpe forskarkollektivet med å finne gode strategiar på dette framover, både for forsking og for likestillingsarbeid, seier Suboticki.

Saka vart først publisert hos Kilden kjønnsforskning.no.

Meir om kunnskapsoversikta

Kilden kjønnsforskning.no publiserte kunnskapsoversikta «Hva vet vi om likestilling, kjønnsbalanse og mangfold i forskning og innovasjon?» 30. mars 2022.

Målet med oversikta er både å avdekkje kor det trengs meir forsking og å gi eit kunnskapsgrunnlag for tiltak for likestilling, kjønnsbalanse og mangfald i forskings- og innovasjonssektoren.

Kartlegginga viser kva som finst av norsk forsking på likestilling, kjønnsbalanse og mangfald i forsking og innovasjon frå 2010 til 2021.

Fleire kunnskapsoversikter hos Kilden

Denne saka vart først publisert hos Kilden kjønnsforskning.no.