Curt Rice: – Likestilling er ikkje eit prosjekt vi ein dag blir ferdige med

Når NMBU-rektor Curt Rice går av som leiar for Kif-komiteen etter åtte år, skal han forbetre likestillingsstatistikken ved sitt nye universitet. Aller helst skulle han gjort det same med nobelprisane.

Curt Rice har eit bredt engasjement for likestilling. Her er han med på å markere Oslo Pride, som rektor ved OsloMet, saman med tidlegare prorektor Nina Waaler. (Foto: Privat)

Året nærmar seg slutten, og det same gjer perioden til sitjande Kif-komité. Avsluttingskonferansen gjekk av stabelen midt i november, og leiar Curt Rice har byrja innstille seg på å leggje all sin energi i stillinga som rektor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), som han starta i denne hausten.

Men først tek han seg tid til å oppsummere dei to periodane i komitéen for Kifinfo. Og sidan vi er i 2021, ei moderne tid med både nye og spennande folkehelseutfordringar og nye og spennande arbeidsformer, skjer det korkje over eit kafébord eller på telefon, men på zoom (med videoopptak).

– Då eg starta som komitéleiar i 2014, var det eitt tema som var sentralt, nemleg «implicit bias», seier han.

Implisitte fordommar eller stereotypiar vil seie at vi menneske har ein hang til å diskriminere andre heilt umedvite, same kor merksame vi prøver å vere på diskriminering.

– Vi er alle slavar av den kulturelle hjernevaskinga vi blir bombarderte med kvar einaste dag. Det var veldig spennande å sette seg inn i den tematikken for åtte år sidan, og hjelpe andre med å forstå det, seier Rice.

Les: – Glasstaket er et faktum

Curt Rice innleier på Kif-komiteens avslutningskonferanse for denne perioden, 11. november 2021. (Foto: Kristin Aukland)

Blir aldri ferdige

Men utforskinga stogga sjølvsagt ikkje der.

– For eit sterkt fokus på implisitte fordommar kan faktisk trekke merksemda vekk frå eksplisitte fordommar, seier han.

For litt sidan hamna Rice i ein debatt med Minerva-redaktør Nils August Andresen, etter at Andresen skreiv ein tekst om nobelprisane, som nesten alle går til menn (i 2021 gjekk alle dei vitskaplege prisane pluss minneprisen i økonomi til menn, fredsprisen vart delt mellom ein mann og ei kvinne). Andresen meinte at ein ikkje kan utelukke at det faktisk er menn som utrettar mest i forsking, og at skeivfordelinga dermed berre speglar røyndomen.

– Då tenkte eg at, wow, ein sånn kommentar er jo frå ein heilt annan epoke. Her er altså ein som ikkje eingong prøver å gå inn i ein diskusjon om implisitte fordommar, men som heller tenkjer at ei eksplisitt avgjerd om å gje fleire prisar til menn, kanskje er på sin plass. Vi blir altså aldri ferdige med dette, og det er viktig at vi har med oss.

Og det kjem ikkje av at arbeidet som blir gjort for likestilling, er for dårleg, peikar han på.

– Men det er heile tida nye generasjonar og folk som hamnar i posisjonar der det blir tydeleg at dei kanskje ikkje har tenkt så nøye igjennom dette med likestilling og ikkje har den kompetansen. Vi kan altså ikkje ha ei tilnærming til likestillingsarbeid som går ut på at dette er eit prosjekt vi ein dag kan seie oss ferdige med. Det er noko som må inngå i alt det daglege arbeidet, og som vi alltid kjem til å måtte jobbe med.

Er ikkje det litt utmattande å tenkje på?

– Hadde det berre vore snakk om å meine, og å skru opp volumet på meiningane, så ville det etter kvart ha blitt kjedeleg. Men det morosame med likestillings- og mangfaldsarbeid, er at vi forstår stadig meir, takka vere nye forskingsresultat. Det gjer at vi kan utvikle feltet så det faktisk fører til endringar, seier han.

Curt Rice i debatt med Nils August Andresen om den store kjønnsubalansen i nobelprisar. (Skjermbilde, Dagsnytt18, 27.10.2021)

Frå rettferd til «eksellens»

Rice har alltid vore oppteken av spørsmål som gjeld sosial rettferd, hevdar han – heilt frå han var tenåring i Minnesota og dreiv frivillig arbeid med flyktningar, og engasjerte seg i sosiale spørsmål som student.

– Men interessa vart sterkare då eg seinare kom inn i leiarstillingar. Spesielt stillinga som leiar for det første Senteret for framifrå forsking ved Universitetet i Tromsø var viktig.

Senteret vart etablert i 2002, og løyvinga frå Forskingsrådet gjorde det mogleg å tilsette ei mengd stipendiatar.

Hillary Clinton kom på besøk til Tromsø medan Curt Rice var prorektor ved UiT. (Foto: Lois Quam)

– Det var då eg verkeleg byrja sjå og forstå at det var kjønnsforskjellar i erfaringane desse unge, ivrige framtidige forskarane hadde, og det forsterka engasjementet mitt.

Han merka seg kven som hadde høve eller interesse for å sitte lenge på kontoret, kven som tok kva type roller i møte og på konferansar, og han høyrde forteljingane deira om ansvarsfordeling heime.

Som SFF-leiar markerte Rice seg tydeleg nok i likestillingsspørsmål til at han fekk høve til å ta ansvar for likestillingsarbeidet då han seinare vart prorektor ved UiT. Det førde til det no så kjende opprykksprosjektet, som er inne i ein tredje runde med mål om 40 prosent kvinnelege professorar i 2022.

Ein ting er at ein bør sikte mot jamnare kjønnsfordeling fordi det er rettferdig. Men no for tida er det kanskje rett å hevde at det er «eksellens»-argumentet som blir mest brukt, altså at ein bør ha kjønnsbalanse (og mangfald) i akademia fordi det gjev oss betre forsking.

– Er du einig i det, Rice?

– Det har vore ei slik utvikling i mi eiga tenking om dette, fortel Rice.

Sosial rettferd er, meiner han, ein del av det store biletet og ein viktig del av hans eigen motivasjon for å drive med likestillings- og mangfaldsspørsmål, men etter kvart byrja det kome mykje forsking på fordelane ved mangfald på arbeidsplassen og kva effekt det har på gruppedynamikk.

– Det tykte eg var spennande, og det var då eg byrja snakke om likestilling som ikkje berre «the right thing to do», men også «the smart thing to do».

Les: Vil ha 40 prosent kvinner i toppstillingar

USA som førebilete

Eitt og anna amerikansk uttrykk slepp igjennom Tromsø-dialekta no og då, men har han teke med seg noko anna frå fødelandet, som han har fått bruk for i norsk akademia?

– Då eg starta i Kif-komitéen i 2014, vart mandatet samstundes endra til også å inkludere etnisk mangfald. Og på det området er USA og Noreg veldig, veldig ulike, seier han.

– Ein ting er at USA er eit mykje meir etnisk mangfaldig land og alltid har vore det.

Mari Sundli Tveit gratulerte Curt Rice då HiOA blei universitet og fekk nytt namn: OsloMet. (Foto: OsloMet)

– Noreg er også mangfaldig, men folk som ikkje er medvitne om det, kan likevel finne på å seie at det var ei tid då Noreg var homogent, og det er berre feil. Du treng ikkje eingong ha kjennskap til det samiske; om du nokon gong har vore i Nord-Noreg og trur at folk der deler same kultur som folk i Oslo, då har du ikkje brukt mykje tid på å snakke med folk.

– Det nordnorske er meir jordnært, for ikkje å seie hav- og fjellnært, enn Oslo. I alle fall den stereotypiske Oslo-kulturen du møter her på St. Hanshaugen, sjølv om kulturforskjellane internt i byen også er ganske enorme.

Men inkluderinga av den etniske dimensjonen i komiteens mandat skapte utfordringar han ikkje heilt var førebudd på. Til dømes at det er vanskeleg å få tal på kor mange med innvandrarbakgrunn som eigentleg arbeider i høgare utdanning. I USA samlar ein inn den typen statistikk, men ikkje i Noreg.

– Kif-komiteen har prøvd å gjere ein jobb på det området for å få betre oversikt.

– Eg hugsar ein gong vi diskuterte kor mange professorar med bakgrunn frå Afrika vi hadde i Noreg. Ein i komiteen sa: «Jammen det er lett, det er tre stykke. Eg kjenner dei alle.» Så vi var på det heilt anekdotiske nivået. Han hadde forresten sikkert rett.

Kan vi då lære noko av USA når det gjeld arbeidet med etnisk mangfald?

– I USA har ein vore ekstremt opptekne av å leggje til rette for auka etnisk mangfald i høgare utdanning, og brukt såkalla affirmative action-program (kvotering, red.anm.) heile vegen.

–Og dei er mykje meir vande med å anerkjenne og diskutere klasseforskjellar, og korleis ein kan bruke utdanningssystemet til å kompensere for det, enn vi er i Noreg. Det kan vi kanskje lære noko av.

Mange amerikanske universitet innførte tiltak for å sikre større etnisk mangfald mellom studentar frå slutten av 1960-åra, i kjølvatnet av borgarrettsrørsla. Nesten like lenge er tiltaka blitt utfordra: I 1978 erklærte amerikansk høgsterett at det ikkje var lov å bruke kvotar for å auke representasjonen frå spesielle grupper, men at etnisk bakgrunn kunne vere ein av fleire faktorar som universiteta kunne vurdere for å sikre studentmangfald. I skrivande stund er eit nytt søksmål til vurdering i den amerikanske høgsteretten. Ei gruppe asiatisk-amerikanske studentar meiner seg diskriminerte til fordel for svarte og spanskætta søkarar, og ber om at det må bli ulovleg for utdanningsinstitusjonar å ta noko som helst omsyn til etnisk bakgrunn hos søkarane. I starten av desember bad Biden-administrasjonen høgsterett om å avvise søksmålet.

– Er auka merksemd om slike ting utelukkande konstruktivt, eller kan det tvertimot leie til meir polarisering og verke mot si hensikt? Korleis bør Kif-komiteen navigere i dette farvatnet?

– Eg trur at noko som er viktig i det vidare arbeidet med etnisk mangfald, er å... Altså, no har vi mange studentar i Noreg med innvandrarbakgrunn. Men dei vel sjeldan forskarkarrierar. Men kjem det av etnisk diskriminering, eller er det andre grunnar?

– Det er eit kjent mønster, også i etniske norske familiar – sjølv om eg sterkt mislikar det uttrykket – at den første generasjonen i ein familie som tek høgare utdanning, vil gå ut i meir klassiske profesjonar, som sjukepleiar eller ingeniør. Så dersom vi skal snakke om at det er eit underskot på forskarar med innvandrarbakgrunn i Noreg, må vi ikkje vere for raske med å konkludere med at det kjem av systemisk etnisk diskriminering. Kanskje ligg forklaringa i familiens klassereise. Og det er eit utruleg komplekst tema.

Høgdepunkt i Stockholm

Når han ser tilbake på dei åtte åra som komitéleiar, er Curt Rice nøgd med korleis komiteen har etablert seg sterkare internasjonalt, blitt tettare involvert i europeiske prosjekt, og fått ein posisjon som inspirerer internasjonalt.

– Og i den perioden der vi hadde store samanslåingar i sektoren, meiner eg at komiteen greidde å vere ein god samarbeidspartnar for institusjonane og spørje korleis samanslåingane kunne bli eit verktøy for likestilling, i staden for ei unnskyldning for å utsetje likestillingsarbeidet.

Er det noka spesiell hending som har festa seg for din eigen del?

– Eit absolutt høgdepunkt for meg, var då eg i 2018 var invitert til Nobelstiftinga i Stockholm for å snakke om diskriminering i nobelpristildelingane.

– Å få høve til å reise dit og engasjere dei og gå inn i den debatten, i rolla mi som Kif-komitéleiar, det må eg vedgå at eg tykte var stort. Vi kom med nokre forslag som eg trur i det minste er blitt reflektert over. Så var jo dessverre tildelingane i år enno ein gong heilt trasige.

– Eg vil at den institusjonen skal ta ein posisjon for framtida og ikkje for fortida, seier han.

Leksjonar frå pandemien

Det siste halvanna året har Rice vore ute i media ved fleire høve for å minne institusjonane på at covid19-pandemien vil ramme ulikt i forskarpopulasjonen, og at ein må ha verkemidla klare for å handtere det.

Har han noko spesielt råd til den Kif-komiteen som skal overta ved årsskiftet?

– Når det gjeld akademiske karrierar, ser vi at publiseringa du får gjort dei første fem åra, har stor innverknad på kva slags karriere du får. For dei som har vore så uheldige å vere tidleg i karrieren sin under pandemien, og spesielt om dei også har barn, så er det noko som vil prege heile karrieren deira, for kvinnelege forskarar meir enn mannlege. Det må vi ha i bakhovudet dei neste 15-20 åra, seier han.

I seinare tid har fleire forskingsfinansierande aktørar, inkludert Forskingsrådet, byrja eksperimentere med såkalla narrative cv-ar når dei skal evaluere forskarkarrierar. I staden for ei uttømmande liste over alle stillingar og publikasjonar, gjev forskaren då heller ei kort oversikt over forskingsagendaen sin: Det viktigaste ho har oppnådd så langt, og kva planar og visjonar ho har framover.

– Slike alternative framstillingar av forskarkarrierar kan vere relevant, spesielt for dei som har tapt nokre moglegheiter gjennom pandemien, og det tykkjer eg den nye komitéen gjerne kan engasjere seg i.

Narrative cv-ar er eit verkemiddel som inngår i den internasjonale rørsla mot meir openheit og deling i forsking: Open publisering, deling av data og så bortetter. Ser du ein samanheng mellom open vitskap og mangfaldsarbeid?

– Kanskje. Det kan hende at når ting blir meir ope og synleg, blir dei også meir meritterande for alle. Eit klassisk døme er fagfellevurdering av artiklar. Du gjer det, men ingen veit at du har gjort det.

– Alt arbeid som er usynleg, har ein tendens til forsterke forskjellar.

Nokre av dei nye, opne megatidsskrifta offentleggjer namn på dei som har utført fagfellevurdering, ifylgje Rice, og i nokre tilfelle er vurderingsprosessen open og kan debatterast på nettsidene til tidsskriftet.

– Dersom opne praksisar kan bidra til å synleggjere arbeid som før var usynleg, så kan det ha ei positiv effekt på likestilling, trur han.

Mangfald og mobilitet

Gjennom mesteparten av tida som komitéleiar, har Rice kombinert vervet med leiarstillingar i sektoren, først som rektor ved OsloMet og no rektor ved NMBU. Han vedgår at det til tider har vore utfordrande.

Frå i haust er Curt Rice rektor ved NMBU. Her blir han gratulert av tidlegare NMBU-rektor Mari S. Tveit. (Foto: NMBU)

– Men samtidig har det gitt meg legitimitet til å arbeide med komiteens saker i mi rolle som rektor. No er OsloMet landsleiande når det gjeld andel kvinnelege professorar, og det er eg kjempestolt over. På NMBU har vi ein jobb å gjere framover.

Kor viktig er det at ein rektor har interesse for dette feltet?

– Det er ekstremt viktig. Mykje forsking har vist at støtte frå toppleiinga i slike spørsmål er heilt avgjerande. Mange på OsloMet ville gjerne bidra i det arbeidet, og eg trur mitt engasjement for mangfald medverka til å gjere det forholdsvis enkelt for dei.

Når han er ferdig med vervet i komiteen, planlegg han å ta tak i problemstilling ved sin nye institusjon, der kvinneandelen mellom professorane framleis er låg. Om han då ikkje blir distrahert av det offentlege ordskiftet.

Rice har fleire gonger hamna i mediestorm når han uttalar seg kritisk om trekk ved norsk akademia. Nyleg hamna han i klammeri med Cecilie Hellestveit ved Folkerettsinstituttet, som meinte det var grunn til å diskutere kor mange utanlandske forskarar det er hensiktsmessig å ha, særleg på fagområde som er spesielt viktige for norsk samfunnsutvikling. Rice skulda henne for å spreie fordommar mot utanlandske forskarar og bad henne beklage, men enda med å måtte be om orsaking sjølv.

Utspela hans spring gjerne ut frå  sider ved norsk akademia som irriterer han.

– Altså, eg tykkjer norsk akademia er for lite prega av mobilitet. Då snakkar eg om å opphalde seg i utlandet over tid, men også om å vere på ulike institusjonar i Noreg. Eg tykkjer vi kan reflektere over om det er rett at nokon skal ha ei heil karriere ved same institusjon. Frå den første tida i Tromsø minnest han at det var nokre som slo til på ei stilling ved universitetet der, medan dei venta og håpa på å få noko i hovudstaden.

– Men då fekk dei i det minste nokre år ein annan stad, og det tykte eg var veldig positivt. Når vi snakkar om studentutveksling, fokuserer vi nesten utelukkande på utlandet, men av og til når eg treff studentar i Oslo, tenkjer eg: Du ville hatt godt av eit år i Tromsø.

– Kvifor har vi ikkje utveksling nasjonalt, når vi har så langstrakt eit land som vi har? Av og til frustrerer det meg at utsynet kan bli veldig trongt.

Altså er det neppe grunn til å frykte at Rice skal bli borte frå ordskiftet sjølv om han no skal leggje all sin energi ned i rektorstillinga ved NMBU.

Saken ble endret 22.12.2021

Curt Rice

Fødd i USA og har doktorgrad i lingvistikk frå University of Texas (1992).

Tilsett ved Universitetet i Tromsø i 1993. Vart professor i språkvitskap, seinare leiar for Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics, og deretter prorektor for forsking frå 2009-2013.

Vart tilsett som rektor ved dåverande Høgskolen i Oslo og Akershus i 2015 og leia prosessen fram mot universitetsstatus og namneendringa til OsloMet – storbyuniversitetet.

Er frå august 2021 rektor ved Noregs Miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Har vore leiar for Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning i to periodar, 2014-2017 og 2018-2021.