Kunnskaps­departementet vil rekruttere fleire kvinner og nordmenn til doktorgrad

Heile 70 prosent av søkarane til doktorgrads- og postdoktorstillingar er menn, og 80 prosent er frå utlandet. Departementet ønskjer seg nye tiltak.

Berre om lag 30 prosent av søkarane til doktorgrads- og postdoktorstillingar er kvinner, og heile 80 prosent av søkarane søker frå utlandet. Kunnskapsdepartementets strategi peikar på at slike skeive rekrutteringsmønster krev nye tiltak. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Stillingsstruktur og karriereutvikling i akademia har vore ein heit potet denne våren.

Vedvarande høg bruk av mellombelse stillingar, usikre karrierevegar for unge forskarar og utfordringar med kjønnsbalanse og mangfald i forskarstillingar, gjer det nødvendig å diskutere stillingsstruktur, karrierevegar og rekruttering (sjå faktaboks).

Eitt av fleire dokument som er lagt fram om saka dette halvåret, er Kunnskapsdepartementet (KD) sin strategi for forskarrekruttering og karriereutvikling, som særleg skal bidra til ein tydeleg, overordna politikk for doktorgradskandidatar og postdoktorar. Strategien har nyleg vore ute på høyring.

Menn og utlendingar søker

KDs strategi skildrar fleire ulike utfordringar for rekruttering og karriereutvikling i dagens akademia. Den peikar til dømes på at skeive rekrutteringsmønster inn i doktorgrads- og postdoktorstillingar krev nye tiltak.

I dag er berre om lag 30 prosent av søkarane til slike stillingar kvinner, sjølv om dette varierer mellom fag. Men sjølv på dei fagområda der kvinner er i fleirtal i desse stillingane, er dei i mindretal mellom søkarane. Ubalansen blir jamna ut i tilsettingsprosessane.

Minst like påfallande er at nær 80 prosent av søkarane til slike stillingar søker frå utlandet.

KD ønskjer seg fleire søkarar som kjem frå det norske utdanningssystemet. Ikkje minst er etterkomarar av innvandrarar underrepresenterte i forskarutdanning, medan dei er godt representerte i studentmassen.

Mellom tiltaka nemner strategien at institusjonane må arbeide for å auke interessa hos studentar ved norske UH-institusjonar for å ta forskarutdanning. Spørsmålet er korleis det skal skje når utfordringane varierer så sterkt mellom fagfelt og institusjonar.

Forskarane fann mange kvinner som «går strafferundar»: Dei veit lite om teknologiutdanning når dei går ut av vidaregåande. Vegen til teknologi verkar ullen, uspennande og irrelevant for dei. Fleire av kvinnene har allereie gjort seg ferdige med ei bachelorutdanning før dei oppdagar at det var teknologifag dei ville studere, og må starte på nytt. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Må starte tidleg

– Ser vi på overgangen frå student til ph.d. i teknologifag, så har statistikken vist at det er litt større sjanse for at jenter enn gutar gjer den overgangen. Så det høyrest kanskje positivt ut, men fordi det er så ekstremt få jenter som studerer teknologifag i utgangspunktet, er det eigentleg for seint å sette inn tiltak når dei er studentar.

– Det er eigentleg for seint å sette inn tiltak når dei er studentar, seier Hilde G. Corneliussen, forskar ved Vestlandsforsking. (Foto: Vestlandsforsking)

Det seier Hilde G. Corneliussen, som er forskar ved Vestlandsforsking og særleg studerer problemstillingar knytta til kjønn og teknologi.

Nyleg leia ho eit prosjekt for å evaluere tiltaket «Jenter og teknologi», på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). «Jenter og teknologi» er eit tiltak i regi av NHO, NITO og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, der ein inviterer jenter heilt frå ungdomsskule til høgare utdanning til arrangement med mål om å få fleire jenter til å velje teknologi- og realfagsutdanningar.

– Både i dette og andre prosjekt ser vi at vegen til teknologiutdanning er annleis for jenter enn for gutar. Ikkje fordi dei har ulike evner, men fordi jenter ikkje blir oppmoda om å gå den vegen i same grad som gutar. Det vil vi ikkje greie å endre med mindre vi gjer noko med innstillinga vår til kva teknologi er, og kven som jobbar med teknologi, seier ho.

I studien fann dei at det norske skuleverket har ein viss motvilje mot å handtere kjønn som ein forskjellsskapande faktor.

– Tidlegare har eg møtt lærarar som seier at hos oss er ikkje kjønn ei utfordring, for vi berre behandlar alle likt. Men i mange tilfelle vil jo ei slik haldning forsterke skilnaden mellom kjønna, og eg trur dette er eit slikt tilfelle.

– Forskinga vår viser at jenter ikkje opplever å kjenne seg invitert til å drive med teknologi. Men teknologi gjer jo alltid noko, den er alltid nyttig for eitt eller anna, og straks ein greier å kontekstualisere at teknologi inngår i ein større samanheng, så blir det interessant for ei breiare gruppe av både gutar og jenter. Det er ein måte å auke mangfaldet på, seier ho.

Teknologijenter går strafferundar

Vil ein rekruttere fleire kvinner til forskarutdanning i teknologiske fag, må ein difor starte lenge før dei vel studium, meiner Corneliussen.

– Ansvaret må leggjast til skulen, lenger ned i utdanningsløpet. Og eg trur ein må våge å behandle ulikt, for å oppnå likskap. Det er ein vanskeleg diskusjon, som vi må våge å gå inn i, seier ho.

– Ein kan ikkje nøye seg med å seie at det manglande mangfaldet berre speglar folks moglegheit til å velje etter interesse. Vi har intervjua mange jenter som «går strafferundar»: Dei veit lite om teknologiutdanning når dei går ut av vidaregåande. Vegen til teknologi verkar ullen, uspennande og irrelevant for dei. Men så blir dei på eit tidspunkt kjende med kva det handlar om. Nokre blir hekta, til dømes på programmering, som ein ikkje assosierer med jenter.

– Fleire av kvinnene vi har intervjua har allereie gjort seg ferdige med ei bachelorutdanning før dei oppdaga at det var teknologifag dei ville studere, og måtte starte på nytt.

I rapporten til Bufdir peikar dei på eit faresignal som ho meiner må takast alvorleg, nemleg at ingen instans, på noko stadium i utdanningsløpet, ser ut til å ta ansvar for motivere jenter til å studere teknologifag.

– I intervju med skulerepresentantar møtte vi ei haldning om at det er for tidleg når dei går på ungdomsskulen, og samstundes for seint på vidaregåande, for då har jentene allereie valt retning. Og på universitetet er det i alle fall for seint. Dersom alle trinna har gitt opp, så er det ingen som tek ansvaret.

– Men dei kvinnene som går det vi kallar «strafferundar», viser at det ikkje er for seint, heller ikkje på universitetet – sjølv om det så klart ikkje er ønskeleg at dei skal måtte gå desse strafferundane. Så det vi seier i rapporten, er at ein må starte rekrutteringa til teknologifaga tidleg, og så må ein halde fram, seier Corneliussen.

Vekke forskingsinteressa

KD-strategien legg hovudansvaret for å jamne ut rekrutteringsubalansane på utdanningsinstitusjonane, mellom anna ved at fagmiljøa arbeider aktivt for å vekke forskingsinteressa hos studentane og introdusere dei for forsking tidleg i studieløpet.

Ein måte å gjere det på, er ved å tilby forskarliner. Dette har allereie vore eit suksessrikt tilbod ved medisinstudiet i mange år. Forskarlina i medisin vart etablert i samarbeid mellom Forskingsrådet og dei norske medisinutdanningane i 2002, og ei evaluering for tre år sidan viste at opp mot ti gonger så mange forskarlinestudentar som ordinære medisinstudentar tok doktorgrad, og dei brukte også mykje kortare tid på graden.

I 2017 bestemte Forskingsrådet saman med fem universitet å starte pilotprosjekt med nye forskarliner innanfor andre fagfelt.

Ei forskarline kan vere eit godt verkemiddel til å få tak i kandidatane på eit tidleg tidspunkt, meiner Janne Østvang, seniorrådgjevar i staben til prorektor ved NTNU. (Foto: Privat)

Ein av pilotane gjeld ingeniørvitskap ved NTNU. Janne Østvang, seniorrådgjevar i staben til prorektor for forsking, fortel at dei har arbeidd med å vidareutvikle forskarlina under pandemien.

– Frå medisin veit vi jo at forskarlina har vore ein suksess: Fleire har teke doktorgrad som dei så tek med seg ut i klinikkjobb, og kvinneandelen hos dei som tek doktorgrad i medisin er god. Men teknologimiljø har litt andre utfordringar, seier ho.

Ei av dei største er den sterke konkurransen frå godt betalte jobbar i næringslivet.

– Rekrutteringa av teknologistudentar til arbeidslivet utanfor akademia startar veldig tidleg i utdanninga, og dei kan sikre seg god løn, seier Østvang.

– Så når vi skal rekruttere til ph.d.-stillingar må vi informere tidleg, og gje studentane ei god forståing av kva moglegheiter ein doktorgrad vil gje dei i arbeidslivet seinare. 80 prosent skal jo ut i jobb utanfor akademia etter doktorgraden.

Ei forskarline kan vere eit godt verkemiddel til å få tak i kandidatane på eit tidleg tidspunkt, ifølgje Østvang.

NTNU-debatt om rekruttering

Østvang fortel at NTNU legg opp til ein større diskusjon om rekrutteringa til forskarutdanninga etter sommaren, der forskarlina inngår.

– For tematikken er jo kjempeviktig, og samstundes varierer søkinga veldig frå fagfelt til fagfelt. Nokre fag treng å rekruttere fleire menn, nokre treng fleire internasjonale søkarar. Difor må tiltaka også variere.

– Men utfordringa er å få rekruttert dei inn. Eg trur studentane ofte ikkje heilt forstår kva ei forskarutdanning er før dei allereie er rekrutterte til andre stillingar.

Østvang spekulerer også på om verdien av ein doktorgrad utanfor akademia er underkommunisert.

– For nokre år sidan tok du doktorgrad for å arbeide i akademia. No er det ikkje slik lenger. Samstundes trur eg ein doktorgrad kan sette deg i stand til å bidra til samfunnsutviklinga på ein anna måte enn ein mastergrad, for du lærer jo enno meir kritisk tenking, og å finne og tolke informasjon.

– Eg trur vi må bli betre til å informere studentane om desse verdiane ved doktorgraden. Og sjølv om vi som institusjon har mykje ansvar her, så treng vi å samarbeide både med det offentlege og næringslivet for å synleggjere den verdien, seier ho.

Motiverte, men underrepresenterte

Ei gruppe som er særleg underrepresentert i forskarutdanninga er etterkomarar etter innvandrarar, med utdanning frå det norske utdanningssystemet.

To vanlege forklaringar er at denne gruppa framleis er for ung til for alvor å ha gjort inntog i forskarutdanninga, og at dei heller søker seg til profesjonsutdanningar med høg status, som medisin og juss. Men tidlegare forsking har vist at masterstudentar med innvandringsbakgrunn ønskjer å arbeide med forsking i større grad enn masterstudentar utan slik bakgrunn. Samstundes har dei altså mindre sannsyn for å ende i ei akademisk stilling.

– Etterkomarar etter innvandrarar er særleg underrepresentert i forskarutdanninga, og vi må vere merksame på umedvitne former for forskjellsbehandling, seier forskar Ida Drange ved OsloMet. (Foto: AFI)

– Det er viktig å starte med å introdusere forsking som ein mogleg karriereveg for desse studentane tidleg, og å vere merksam på umedvitne former for forskjellsbehandling som kan slå inn, seier forskar Ida Drange ved OsloMet (Arbeidsforskingsinstituttet).

– Det kan til dømes vere at fagpersonar gjerne rekrutterer kandidatar som ein har vore mentor for, og som ein veit er interessert i same tematikk som ein sjølv. Studentar som ikkje finn nokon som kan ta den mentorrolla, vil få ein vanskeleg veg inn i forskinga.

Det går an å unngå slik «homososial reproduksjon» i forskarrekruttering dersom ein har tiltak for å identifisere moglege forskartalent tidleg, uavhengig av interessefelt og personleg kjennskap.

– Nokre institusjonar har forskingsemne på masterutdanninga der ein kan prøve ut ulike forskingsoppgåver. Det gjer at ein i mindre grad blir avhengig av de som underviser på faga ein tek, illustrerer ho.

– Det er sikkert ikkje dumt å prøve å nå denne gruppa enno tidlegare i løpet. Men ein bør introdusere dei for forsking på bachelorstudiet og i alle fall på masterstudiet, slik at ein kan byrje å skaffe seg eit fagleg nettverk. Det er veldig tungt å kome gjennom ein søknadsprosess dersom ein står heilt åleine om det.

Samstundes treng vi meir kunnskap om «tapte talent», meiner ho.

– Ein bør prøve å kartleggje kven som startar på ein doktorgrad, men ikkje fullfører. Og kven som kunne ha vore kvalifisert for doktorgrad, men som vel det vekk. Vi veit jo ikkje om det er systematiske skeivheiter her. Det bør vere ei nasjonal oppgåve å finne ut av.

Skryt frå Kif-komiteen

I sitt høyringssvar til KD-strategien skriv Kif-komiteen at innsatsområda og tiltaka som kjem fram i strategien, er gode. Komiteen sluttar seg særleg til KD sin plan om å innhente meir kunnskap om rekrutteringsutfordringar hjå etterkomarar av innvandrarar og deira erfaringar med akademiske karrierar.

I strategien nemner KD også at Forskingsrådet skal evaluere pilotordninga for forskarliner og for offentleg sektor-ph.d. med tanke på å utvide ordningane. Forskingsrådet arbeider også med ein monitor som skal følgje doktorgradskandidatane si karriereutvikling over tid, både innanfor og utanfor akademia, og som vil gje betre innsikt i karriereutviklinga til denne gruppa.

Kif-komiteen peikar på at dette er tiltak som vil vere viktige når det gjeld å møte utfordringane med å rekruttere kvinner og etniske minoritetar.

Rekruttering og karriereutvikling i UH-sektoren

I 2017 oppnemnde Kunnskapsdepartementet (KD) ei ekspertgruppe for å vurdere stillingsstrukturen ved norske universitet og høgskular (Underdal-utvalet). Bakgrunnen var at store endringar i universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) har gitt fleire utfordringar, mellom anna mykje bruk av mellombelse stillingar, usikre karrierevegar for yngre forskarar, og utfordringar når det gjeld mangfald og kjønnsbalanse.

Underdal-utvalets forslag til ny stillingsstruktur fekk blanda mottaking og ein valde å ikkje gå vidare med forslaga. Samstundes var det stor semje om skildringane av utfordringar ved dagens system.

KD har difor følgt opp Underdal-utvalets arbeid ved å lage ein strategi for forskarrekruttering og karriereutvikling. Den har nyleg vore ute til høyring og skal ferdigstillast over sommaren.

Les høyringsutkastet frå KD: Strategi for forskerrekruttering og karriereutvikling

KD bad også om ei kartlegging av karrierevegar for doktorane, og av bruken av postdoktorstillingar. Desse vert levert av NIFU i høvesvis september 2020 og januar 2021.

Samstundes bestemte Universitets- og høgskolerådet (UHR) i 2019 å etablere ei arbeidsgruppe (Stillingsstrukturutvalet) for å arbeide vidare med problemstillingane frå Underdal-utvalet.

Stillingsstrukturutvalet la fram sin rapport i april i år. Den er no til høyring hos UHR sine medlemsinstitusjonar, og vil inngå i arbeidet med å følgje opp KD-strategien.

Les høyringsutkastet frå UHR: En helhetlig stillingsstruktur i akademia. Fleksible karriereløp for akademiske stillingeri fremtidens UH-sektor