Kva påverkar makt og likestilling i akademia?
Tida er inne for å sjå akademiske karrierar og graden av tilknyting og makt i eit livløpsperspektiv, meiner forskarar.
Ei ny bok utforskar desse mekanismane.
– Funna i boka fortel oss at vi må sjå bakom tala. Sjølv om ein har kjønnsbalanse, så treng ikkje det bety likestilling, seier sosiolog Sevil Sümer.
– Det kan vere at kvinnene manglar makt og ikkje har fullt medborgarskap, så det er viktig å rette blikket mot dei uformelle prosessane i akademia. Det er vanskeleg, men mogleg.
Ho har vore redaktør for antologien som kom ut denne hausten. Ideen bak boka var å studere kva som bidreg til å inkludere og ekskludere i akademia gjennom omgrepet «kjønna akademisk medborgarskap».
Medborgarskap under akademisk kapitalisme
– Kjernen er at omgrepet gjev eit høve til å sette likestillingsutfordringar i en samanheng, seier ho.
– Vi undersøker omgrepet både på samfunns- og individnivå. På eit overordna nivå ser vi på kjønnsforskjellar i eit akademia som blir stadig meir prega av det vi kallar akademisk kapitalisme.
Dette er ei utvikling styrt av idear frå privat sektor om effektivisering, resultatstyring og sterk konkurranse om prestisje, stillingar og forskingsmidlar. Sümer og medforfattarane er, som mange andre røyster i akademia, kritiske til denne utviklinga.
Boka brukar dessutan ein god del plass på organisasjonskultur og praksisar kring rekruttering og opprykk.
– Eit gjennomgåande funn frå mange land er at rekrutteringsprosessar ikkje er transparente, at mykje skjer bak lukka dører gjennom bruk av uformell makt, og at det ofte har kjønna konsekvensar, illustrerer Sümer.
Dei finn at rekrutteringsprosessar ofte kan bli avgjort av enkeltpersonar som fungerer som uformelle portvaktarar, til dømes ved å argumentere for at den mannlege søkaren er «eksellent», og dermed meir eigna enn den kvinnelege.
Kven får høyre til?
Dei har også analysert daglege erfaringar akademikarar gjer seg, altså den subjektive oppfatninga av «levd medborgarskap».
– Omgrepet vårt involverer både det å delta, høyre til og bli anerkjent – det er nøkkelelementa.
– Å delta kan til dømes ha å gjere med rettar og plikter knytt til arbeidskontrakten, medan å få og gi anerkjenning er det som gjev makt og respekt i akademia. Å høyre til er den personlege oppleving av å delta og bli anerkjent, seier ho.
Dei enda med å formulere fire typar akademisk medborgarskap, frå mest til minst medborgarskap: Fullt, avgrensa, transisjonelt, og ikkje-medlemskap.
Dei fire typane lever i vidt forskjellige røyndomar. Der den fast tilsette professoren har både anerkjenning frå omgjevnadene og makt til å påverke eigen arbeidskvardag og utviklinga på arbeidsplassen, er den mellombels tilsette vikaren eller assistenten nesten utan makt over eigen kvardag. Ho har korte kontraktar, ikkje noko sikkerheitsnett og lite anerkjenning. I Noreg er denne kategorien mindre enn mange andre stader, men i mange land med skjørare velferdsordningar er dette akademiske «prekariatet» utbreidd.
– I boka er det mellom anna ein casestudie frå Sveits som viser at postdoktorengasjement ofte kolliderer med fasen der du planlegg å få barn, som fører til at fleire kvinner tek avgjerda om å forlate akademia når dei ikkje får fast stilling. Det er eit døme på at kjønn spelar ei tydeleg rolle, seier Sümer.
– Vi veit også frå tidlegare forsking, at den akademiske tydinga av «eksellens» er ein person som publiserer støtt og stadig, er mobil internasjonalt, er konkurranseorientert og utan omsorgsansvar – altså ein tradisjonelt maskulin figur. Ikkje alle greier å leve opp til den definisjonen.
Omsorg får kjønna konsekvensar
Ho meiner omgrepet «kjønna akademisk medborgarskap» kan tilby eit livsløpsperspektiv på akademiske karrierar og overgangane mellom dei ulike typane av tilknyting og makt i akademia. Kva for konsekvensar får det å gå igjennom ein fase med småbarn og omfattande omsorgsplikter? Særleg no, med koronapandemien, er tida inne til å rette merksemd mot dei kjønna konsekvensane av omsorgsansvar.
– Det kjem til å ha langsiktige konsekvensar, og vi ser jo allereie at kvinner har levert færre vitskaplege artiklar dette året. Så vi treng ein kritisk diskusjon av kriteria vi brukar i akademia. Er det verkeleg berre publikasjonar som bør telje? Det er jo så mange ting som skjer, rettleiing, sosiale bidrag på arbeidsplassen og så bortetter, som også bør ha verdi.
Ho meiner omgrepet kan vere til nytte for forskarar, men også for andre som er opptekne av likestilling og mangfald i akademia.
– Her har vi særleg sett søkelys på kjønn, men omgrepet opnar for ei interseksjonell tilnærming. Det kan brukast til å analysere andre former for ulikheitsskapande mekanismar i akademia, ikkje berre dei som gjeld kjønn, seier ho.
Sjølv vonar ho å i neste omgang bruke rammeverket til å studere samspel mellom kjønn og etnisitet, både hos tilsette og studentar.
Samstundes er boka eit motargument mot dei røystene som hevdar at «likestillinga har gått for langt», og at det no er menn som er dei diskriminerte.
– Slike utspel ser eg også i Noreg frå tid til annan, men vi prøver å vise at det framleis er likestillingsutfordringar i Europa, at vi ikkje berre kan lene oss tilbake og tru det løyser seg av seg sjølv, seier Sümer.
– Vid tolking av «citizenship»
– Det er litt nytt å bruke omgrepet «citizenship» i så vid forstand som forskarane bak denne boka gjer det, seier førsteamanuensis Agnete Vabø ved Handelshøgskolen ved OsloMet og forskar 1 i bistilling ved Nordisk institutt for studiar av forsking, innovasjon og utdanning (NIFU).
Ho har enno ikkje fått lese heile boka, men baserer seg på omtale og på ein kronikk der Sümer introduserte omgrepet og dei ulike idealtypane og analysenivåa.
– Slik eg ser det, brukar dei det som eit alternativ til andre og meir etablerte omgrep og perspektiv som til dømes «akademisk felt» eller «academic profession», der det siste refererer til kjenneteikna ved arbeidstilhøva for dei vitskapleg tilsette som gjer at dei kan studerast som ein profesjon.
– Eg ser mange likheitstrekk mellom dei to omgrepa, til dømes kva kriterium som må oppfyllast for at ein skal kunne reknast som ein fullverdig medlem av profesjonen, seier Vabø.
– Eg ser fram til å lese boka og få vite meir om kva «kjønna akademisk medborgarskap» tilfører, som andre omgrep ikkje dekkjer.
Sjølv leier Vabø det forskingsrådsfinansierte prosjektet Gender, citizenship and academic power (GAP), der ein ser på korleis internasjonalisering påverkar kjønnsbalanse, makt og kunnskap i akademia. Det er eit prosjekt der «citizenship» blir brukt på ein måte som ligg nærare det vi gjerne forbind med omgrepet i daglegtale.
– Vi nyttar omgrepet citizenship fordi vi forskar på kva ulike internasjonale bakgrunnar kan ha å seie for kor mykje makt du kan oppnå i akademia. Vi ser på internasjonale rekrutteringsmønster, men særleg klimaforsking og kva statsborgarskapet ditt betyr for karrieren, inkludert i eit kjønnsperspektiv.
– Det er ein nokså annan bruk av borgarskaps-omgrepet enn det som ligg bak kjønna akademisk medborgarskap, illustrerer Vabø.
Viktig med livsløpsanalysar
Men Vabø er samd i at det er nyttig med rammeverk som famnar livsfaseperspektivet på akademiske karrierar, ikkje minst når ein tenkjer på den kraftige veksten i dei kategoriane som ikkje har fullt akademisk medlemskap – som postdoktorstillingar – som vi har sett dei seinare åra.
– Den utviklinga medfører at mange må vente ganske lenge før dei eventuelt oppnår fullverdig medlemskap. Det er ei aktuell sak i store delar av Vesten.
Livsfaseperspektivet opnar også for å forstå at ulike generasjonar innanfor det akademiske karrieresystemet kan ha ulike interesser og tilgang til makt.
– Kven har til dømes makt til å bestemme kva slags formelle kriterium som må vere innfridd for at ein skal finnast verdig til fast stilling? Det er interessant å kunne ta i bruk eit antropologisk perspektiv på kvalifisering og kva tid ein blir rekna som fagleg mogen og slike ting.
– Eg tenkjer det er viktig å gjere empiriske studiar, slik at ein ikkje endar med å lene seg for mykje på omgrep som blir veldig overordna i høve til den røyndomen dei skal dekke. Då kan det vere ein fare for at omgrepet blir for sjablongaktig, seier Vabø.
Vil nyansere «akademisk kapitalisme»
På eitt punkt vil ho likevel leggje inn ein protest mot måten forskarane bak boka, nyttar medborgarskaps-omgrepet på: Skildringa av ein «akademisk kapitalisme» som ein underforstått bakgrunn for analysane, blir å gape over for mykje, meiner ho.
– Der vil eg arrestere dei litt, for det er jo også mange prosessar i forskingssystemet vårt som verkar integrerande. Krava til forskarutdanning og forskingskvalitet er blitt meir formaliserte, og det skjer mykje kvalitetssikring gjennom reglar og ritual i akademia, til dømes doktorgradsdisputasane som vi framleis held oss med. Det gjer at akademisk kapitalisme som underomgrep ikkje er noko som kan takast for gitt i ein diskusjon om akademisk medborgarskap, meiner Vabø.
Boka endar med eit ønske frå forfattarane om å promotere solidaritet og kollektiv motstand mot dei negative konsekvensane av den akademiske kapitalismen som mange av bidragsytarane skildrar.
– Vi diskuterer kunnskapsproduksjon og omsut for studentane, så vi ønskjer å starte ein diskusjon om, og motstand mot, publiseringsveldet. Og mot ein definisjon av akademisk eksellens som vi meiner fører til ein type konkurranse som lett favoriserer menn. Det tykkjer eg verkeleg er nødvendig, seier Sümer.
Ho meiner dette er tankar som får meir gehør no enn før.
– Ein feministisk bruk av medborgarskapsomgrepet vart møtt med sterkare kritikk for ti år sidan. No trur eg det blir brukt av fleire og er meir akseptert. Samstundes varierer det mellom fagmiljø korleis ein ser på likestilling. I nokre miljø er det ikkje på agendaen, heller ikkje i Noreg.
– Gjennom boka prøver vi å seie at det er viktig at vi held fram med å peike på likestillingsutfordringar. Og at ideen om likestilling er noko ein må kjempe for heile tida, og ikkje ta for gitt. Akkurat som demokrati generelt, meiner Sümer.
Antologien Gendered Academic Citizenship: Issues and Experiences er redigert av Sevil Sümer og kom ut hausten 2020.
Forskarane nyttar omgrepet «kjønna akademisk medborgarskap» som eit fleirdimensjonalt rammeverk for å analysere maktforhold i akademia. Det tek utgangspunkt i faktorar som påverkar kjønnsrelasjonar og makt på systemnivå, organisasjonsnivå og individnivå.
Tre nøkkelelement som styrer graden av medborgarskap, er kor mykje forskarane kjenner at dei deltar, blir anerkjent og høyrer til i akademia.
Forskarane har identifisert fire idealtypar:
Fullt akademisk medborgarskap: Fulltids fast stilling, trygg løn, sosiale rettar, høg grad av makt til å bestemme sjølve, høg skår på deltaking, anerkjenning og tilhøyrsle.
Avgrensa akademisk medborgarskap: Mindre prestisjefylte stillingar, lågare løn, lågare sjanse for opprykk, mindre medverknad. Avgrensingane kan kome av arbeidskontrakten eller av uformelle grunnar som fagretning, metodebruk, relasjonelle forhold. Vanskelegare å oppnå anerkjenning og tilhøyrsle.
Transisjonelt akademisk medborgarskap: Postdoktorar og mellombels tilsette forskarar i stillingar prega av hard konkurranse og uvisse, og som kan leie til anten fullt medlemskap eller ikkje-medlemskap.
Ikkje-medborgarskap: Vikariat, deltidsstillingar, eit minimum av rettar og høg grad av uvisse om framtida, låg skår på deltaking, anerkjenning og tilhøyrsle.
Omgrepet «kjønna akademisk medborgarskap» bygger på ei feministisk og fleirdimensjonal tolking av medborgarskapsomgrepet som sosiolog Sevil Sümer var med å utvikle i EU-prosjektet FEMCIT (Gendered citizenship in Multicultural Europe) som vart avslutta i 2011.
Seinare gav eit forskingsprosjekt under Forskingsrådets Balanseprogram inspirasjon til å bruke eit tilsvarande medborgarskaps-rammeverk for å studere akademia.
Omgrepet vart utvikla i samarbeid mellom Sümer, professor emerita Pat O’Connor ved University of Limerick, og professor Nicky Le Feuvre ved Université de Lausanne.