Stigetrøbbel i akademia

Det herskar usemje om ei utfasing av dosentløpet vil kunne råke karrieren til kvinner i akademia. Fleire instansar går no gjennom framlegga frå Underdalsutvalet før høyringsfristen i oktober.

Arild Underdal har leia utvalet som mellom anna foreslår å fase ut dosentstigen og innføre ein øvste professorstilling kalla fakultetsprofessor. Framlegga får ei blanda mottaking. (Foto: Ola Sæther/Uniforum)
– Eg ønskjer likeverd mellom stigane og er positiv til å fjerne dosentløpet, seier dosent Synnøve Hofseth Almås, medlem i den førre Kif-komiteen. (Foto: NTNU)

Etter at Underdalsutvalet kom med sin rapport i vår, har det kome både ris og ros frå akademikarar rundt om ved institusjonane. Mandatet til utvalet, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, har vore å undersøkje stillingsstrukturane og karrierevegane i dagens akademia. I mai kom konklusjonen.

Underdalsutvalet foreslår å fase ut dosentstigen og å halde fram med professorstigen og forskar-lektor-stigen. Dette fordi dei to åleine vil dekkje behovet, slår rapporten fast. Forskar-lektor-stigen vil inkludere forskarar, undervisarar og tilsette som gjer begge delar. Utvalet vil også opprette ei fagstøtte-stige for dei som ønskjer ein karriere hovudsakeleg innan forsking, og samstundes minimere bruken av postdoktorstillingar.

På spørsmål om kvifor desse endringane trengst, svarer utvalsleiar Arild Underdal:

– Fordi vi kan få to meir romslege kategoriar på den måten, seier han, og viser til eit innlegg i Universitetsavisa, skrive av instituttleiar ved NTNU, Torberg Falch.

– Med postdoktorstillingane sit ein i ein uklar situasjon om at doktorgrad skal føre til fast stilling. Men fleire fullfører forskingsprosjekta sine som postdoktor enn det er ledige stillingar. Universiteta har skuld i dette, og i nokon grad også høgskulane, seier Underdal.

Få blir professorar

Ifølgje rapporten har berre ein tredjedel fast stilling i akademia åtte år etter at dei fullførte prosjektet som postdoktor. Tal frå Forskingsrådet syner at berre 14 prosent av postdoktorane oppnådde professorstilling etter åtte år.

– Det har vore ein tendens til å gje universiteta sjølve råderett over desse stillingane. Vår tilråding er å få postdoktorordninga tilbake til det han skulle ha, nemleg professorstigen. Dette er vegen å gå, men det krev meir planlegging.

– I Noreg er berre 29 prosent av professorane kvinner. Kan dette endrast med ny stillingsstruktur?

– Vi ser at det på doktorgradsnivå er stabil kjønnsbalanse. Samstundes har det vore vekst i mellomgruppa, det vil seie førsteamanuensis, der det i dag er 53 prosent menn. Utfordringa kjem på professornivå. Sjølv om kjønnsbalansen er betre enn før, har utviklinga gått overraskande treigt, seier professoren.

Antar kvinnedelen vil auke

Trass i at rapporten tek opp kjønnsubalansen, har ikkje utvalet nokre forslag til kva slags endringar i stillingsstruktur som kan gjere noko med dette. Likevel viser rapporten til at det eksisterer mekanismar som gjer sektoren mindre attraktiv for kvinner. Mellom anna nemner dei usikre arbeidsforhold, mekanismar som har ført til tilsettingsprosessar og opprykk i favør av menn, og at kvinner er lågare løna enn menn i tilsvarande stillingar. Her slår utvalet fast at:

«Stillingsstrukturen kan ikke alene adressere disse problemene, men kan i kombinasjon med kulturendringer og justeringer av kontekstuelle faktorer bidra til at sektoren framstår som mer attraktiv for kommende generasjoner av kvinner.»

Gitt utviklinga i kjønnsbalanse på mellomnivå, trur Underdal at det blant professorstillingar vil kome ei tilsvarande utvikling:

– Sidan både forskarar og lærarar frå begge kjønn kan søkje om opprykk til ordinær professorstilling, på bakgrunn av kvalifikasjonar og utan konkurranse frå andre, er det rimeleg å anta at delen kvinner vil auke raskare etter kvart som fleire kvinner kjem inn i mellomstillingar. Vi meiner det er ei god ordning for å få kvinner inn i professorstillingane i dag, og har ikkje noko forslag å leggje til på dette området.

Fakultetsprofessor

Utvalet har dog foreslått ei meir tydeleg presisering av kva slags kriterium og retningslinjer for tilsetting dei høgste professorstillingane skal ha. Dei foreslår å kalle desse stillingane fakultetsprofessor. Dette stiller dosent Synnøve Hofseth Almås seg spørjande til.

– Det er litt merkeleg å opprette ei ny stilling kalla fakultetsprofessor, når høgskular ikkje har fakultet. Med tanke på den låge delen kvinnelege professorar, er det vanskeleg å vite om dette vil forsterke kjønnsforskjellane endå meir. I så fall er eg kritisk.

Almås, dosent ved NTNU Ålesund, er samd med Underdalsutvalet i at det trengst ei endring i den stillingsstrukturen som eksisterer i dag. Først og fremst ønskjer ho å fjerne dosentløpet.

– Det eg er oppteken av, er likeverd mellom dei to stigane som finst i dag. Professor og dosent er formelt sett sidestilte stillingar, men ikkje likestilte. Professorar har tilgang til leiarstillingar, 10 prosent høgare løn, og kan stille fleire krav til forskingstid, fortel Almås.

– Som dosent kan eg ikkje søkje stilling som dekan, og eg er utelukka frå vurderingskommisjonar for professoropprykk. Dette er i alle fall mi erfaring frå korleis det blir praktisert ved institusjonane i dag. Eg synest det er riktig å sjå på strukturen og å kome fram til betre løysingar.

Ønskjer likeverdige løp

Før 1985 fungerte dosentstillinga som ei opprykksstilling til professor. Same år fekk ein stor del av dosentane professortittel, og i dag er det ikkje lenger ein vanleg tittel i akademia. Almås støttar såleis framlegget om å fase ut dosentløpet, og meiner at dei ulike stigane bør vere likestilte.

– Av stillingar i akademia er det berre éin prosent dosentar i dag. Ein dosent skal jobbe med andre ting enn rein forsking, spesielt utvikling av pedagogisk aktivitet og utviklingsarbeid. Stillinga er meir praktisk knyta opp mot profesjonar. Det er ikkje mogleg for oss å bli professor slik ordninga er i dag, seier Almås.

– Professortittelen har høgare status, og ingen professorar vil søkje om å bli dosent.

– Dette blir ei samansausing av alle posisjonar, med unntak av det "rette", professorløpet, seier førstelektor ved Oslomet, Vibeke Bjarnø, og meiner forslaget om å fase ut dosentløpet er snevert og gamaldags. (Foto: privat)

 Vil råke kvinner

Førstelektor og studieleiar Vibeke Bjarnø ved OsloMet meiner på si side at utfasinga av dosentløpet vil svekkje kvinner sine høve til å nå toppkompetanse, sidan delen kvinnelege dosentar og førstelektorar er høgare enn delen kvinnelege professorar ved norske universitet. Ho skreiv nyleg eit innlegg om dette til Forskerforum:

– Eg skreiv dette fordi eg kjem frå ein tradisjon innanfor lærarutdanning der vi ser nytta av brei tilnærming til forskings- og utviklingsarbeid. Eg vil også forsvare dosentløpet ut frå eit kvinneperspektiv. Det er mange kvinnelege dosentar, og særleg førstelektorar. Det er førstelektorane som arbeidar for å oppnå ei toppstilling, bli dosentar.

Bjarnø minner om at målet med forsking, utdanning, og såleis karrierestigane, er at institusjonane leverer den beste utdanninga for den enkelte og for samfunnet. For lærarutdanninga betyr det mangfald i staben som kan spegle mangfaldig kompetanse.

– Eg opplever forslaget som ei samansausing av alle posisjonar, med unntak av det «rette», professorløpet. Det blir for snevert og gamaldags.

«Den rette vegen»

Bjarnø fryktar at ei utfasing av dosentløpet vil redusere høva kvinner har i dag til å oppnå toppkompetanse. Ho meiner at den tradisjonelle vegen via doktorgrad ikkje bør vere den einaste vegen til slik toppkompetanse.

– Kvinnedelen blant dosentar er heller ikkje tilfredsstillande, i underkant av 37 prosent på høgskular og universitet. Men vi har eit stort grunnlag for å auke den delen som følgje av alle førstelektorane. I lærarutdanninga må vi dessutan følgje kravet om 10 prosent i toppstilling og 40 prosent i førstestilling i alle fag. Vi treng alle høve for å byggje kompetanse.

– Når det er så få dosentar i akademia, kvifor treng vi då denne stillinga?

– Vi treng dosentar fordi dei har ein annleis, meir praktisk kompetanse, og fordi dei har erfaring med å leie utviklingsarbeid. Det einaste argumentet eg kan sjå for avviklinga av dosentløpet i Underdalsrapporten, er at det er ei minoritetsgruppe i akademia. Men dette ville neppe vore eit tilstrekkeleg argument i andre samanhengar, om det var noko anna som risikerte nedlegging, meiner førstelektoren.

 Fører til stor frustrasjon

Akademiet for yngre forskarar (AYF) er glade for debatt om postdoktorrolla. Her: leiar Jan Magnus Aronsen. (Foto: AYF)

Jan Magnus Aronsen, leiar i Akademiet for yngre forskarar (AYF), opplyser at dei er positive til heilskapen i Underdalsutvalet sin rapport. Dette fordi dei meiner framlegga gir grunnlag for å oppnå betre kvalitet i både forsking og undervising.

– Som nestleiar Guro Lind også sa til Forskerforum, så ønskjer AYF å støtte utvalet når det gjeld postdoktorrolla. Vi har ikkje argumentert for å fase ut dosentløpet,  tvert imot støttar vi delte karriereløp. Vår tilråding er å gje unge akademikarar høve til karrierar innan forsking, undervising eller kombinasjonar, slik det tradisjonelle løpet er no, seier Aronsen.

– Har universitets- og høgskulesektoren utnytta postdoktorstillingane?

– Vi er glade for at det blir debatt om postdoktorrolla. I mange tilfelle nyttast denne stillingskategorien feil og det fører til stor frustrasjon. Postdoktorstillinga er meint som ein rekrutteringsstilling til akademisk toppstilling, så røynda er ofte ei heilt anna for dei som er tilsette som postdoktor. I dag nyttast desse som generell arbeidskraft for institusjonen eller forskingsmiljøet, når dei heller burde vore tilsett som forskar, teknisk ansvarleg eller liknande, seier Aronsen.

Dersom unge forskarar ønskjer å halde fram i akademia, men ikkje ønskjer opprykk til vitskapleg toppstilling, vil det vere ein vinn-vinn-situasjon både for kandidaten og institusjonen, meiner AYF.

– Vi er positive til Underdalsutvalet sitt forslag om ein eigen karrierestige for fagstøtte, som i realiteten er det mange postdoktorar utøver i dag. Den uheldige praksisen der postdoktorar i stor grad aldri får høve til reelt opprykk, bidrar til å gjere ein akademisk karriere lite attraktiv.

Har trua på DORA

– Underdalsutvalet har ingen eigne framlegg til korleis auke kvinnedelen i professorbestanden. Kva meiner AYF? Eksisterer det eit glastak for kvinner som søkjer opprykk til høgste nivå?

– Norsk forsking har utan tvil eit likestillingsproblem. I vår undersøking blant meir enn 800 yngre forskarar oppgav berre halvparten av unge forskarar at dei ville råde andre til å starte ein forskarkarriere, og usikre arbeidsforhold ser ut til å bidra til dette. Kvinner var i større grad enn menn usikre på om dei fekk ei fast forskarstilling.

Aronsen understrekar at Underdalsutvalet har ei klar haldning om å vektleggje rettleiinga gitt i DORA som eit likestillingstiltak. San Fransisco Declaration on Research Assessment (2012) tar utgangspunkt i kvalitetsmessig vurdering ut frå innhald i artiklane, og ikkje publiseringskanal. Erklæringa oppmodar også til vurdering av eit breiare spekter frå forskinga.

– DORA representerer etter vårt syn eit moderne tiltak for å gjere heilskapsvurderingar rundt kompetanse i tilsettingssituasjonar. Vi trur DORA kan bidra til auka likestilling i akademia, men vi veit for lite i dag om mekanismane som gjer at kvinner er underrepresenterte i leiande stillingar. Difor følgjer vi debatten vidare.

Framlegga i Underdalsrapporten

Rapporten frå Underdalsutvalet: Stillingsstruktur ved universiteter og høyskoler

Kjelde: regjeringen.no