EU vil støtte innovative kvinner
Innovasjon vil få større merksemd når EU no utformar det neste rammeprogrammet for forsking og innovasjon. Det er eit godt høve til å betre kjønnsbalansen i innovasjonsmiljøa, meiner Anita Krohn Traaseth.
– Når EU no skal omstille verdas største forskings- og innovasjonsplattform, må kjønn og mangfald vere ein av topp-prioriteringane, seier Traaseth.
Traaseth, som gjekk av som direktør for Innovasjon Norge i fjor, sit i styret («advisory board») for Det europeiske innovasjonsrådet (European Innovation Council, EIC).
EIC er eit viktig instrument i det neste europeiske rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont Europa, som skal trå i kraft i januar 2021, dersom alt går etter planen. Styret er ei internasjonal ekspertgruppe som skal rådgje EU-kommisjonen om den endelege utforminga av EIC gjennom pilotperioden.
Risikokapital til korona-idear
Som alt anna i samfunnet blir prosessen påverka av korona-pandemien. Men EIC-styret gjer likevel sitt beste for å sikre framdrifta frå heimekontoret.
– Vi kommuniserer gjennom ei Whatsapp-gruppe, og det fungerer faktisk veldig bra. Vi held kvarandre orienterte og gjer det vi kan for at alt skal gå som normalt. Samstundes prøver vi å vri verkemidla over mot den situasjonen vi har no, seier Traaseth.
Funksjonen til EIC skal vere å finne og støtte banebrytande innovasjon med høg risiko, og å investere i små og mellomstore innovative bedrifter som har potensiale til å vekse raskt. Det skal skje ved å skaffe tilgang til risikokapital, gjennom ein miks av støtteordningar, lån og private investeringar.
EIC er no i ein pilotfase, der ein prøver ut verkemiddel samstundes som det blir arbeidd med dei langsiktige visjonane.
Då koronakrisa braut ut, kasta EIC seg rundt og lyste ut løyvingar til bedrifter som sat med innovasjonar som kan vere nyttige til å handtere epidemien. Ein ny sjanse kjem i midten av april, der bedrifter får høve til å presentere korona-ideen sin for private investorar i ein digital «speed-pitching»-seanse.
– Tradisjonelt har EUs rammeprogram vore sterkt innretta mot forsking, og det vil alltid vere ein sterk faktor i EU, men Horisont Europa vil ha eit mykje skarpare fokus på å også tene pengar på forskingsideane, bygge arbeidsplassar og omstille eksisterande industri, seier Traaseth.
Innovasjon for samfunnsutfordringar
I det komande rammeprogrammet blir det lagt stor vekt på at forsking og innovasjon må medverke til å løyse dei mange store samfunnsutfordringane EU, og verda elles, står overfor – slik som klimaendringar, demokratiske utfordringar og konsekvensar av ny teknologi.
Samstundes er det eit sjølvstendig poeng at innovasjon trengst for å styrke europeisk næringsliv i konkurranse med USA og Asia. No arbeider EIC-styret med å finpusse profilen og setje ord på korleis det europeiske innovasjonsrådet skal skilje seg frå andre ordningar.
– Der kjem også kjønn og mangfald inn. Svært få innovasjonsmiljø har ein uttala ambisjon om å medverke til kjønnsbalanse og mangfald, seier Traaseth.
– Det er ikkje berre eit norsk, men eit globalt problem at det er få kvinnelege gründerar og investorar, og at mindre av risikokapitalen går til kvinner.
– I styret er vi veldig merksame på at mangfald fører til at nye idear kjem fram, og at Europa er heilt nøydd til å satse på heile befolkninga.
Tungt å endre haldningar
Ein rapport frå i fjor, som tok for seg kapitaltilgang for oppstartsbedrifter i dei nordiske landa, viste at det vart investert 2,3 milliardar euro i nordiske oppstartbedrifter i 2018. Av dette gjekk 88 prosent til gründerlag utan ei einaste kvinne. Berre 1,4 prosent gjekk til heilkvinnelege gründerlag – i Noreg var dette talet 2 prosent.
Ifølgje Thea Messel i Unconventional Ventures, som sto bak rapporten, viser undersøkinga at investorar ikkje har like stor tru på ein idé som kjem frå ei kvinne, som ein idé som kjem frå ein mann.
Liknande haldningar kom fram i ei stor FN-undersøking som vart lagt fram i mars i år. Den viste at verda slett ikkje er i rute til å nå berekraftmålet om likestilling mellom kjønna innan 2030. Tvert imot viser undersøkinga at 90 prosent av både kvinner og menn har fordommar mot kvinner. Halvparten av oss meiner menn er betre eigna til å vere politiske leiarar, og meir enn fire av ti trur at menn er betre næringslivsleiarar enn kvinner er.
Difor meiner Traaseth det er viktig at EU nyttar høvet, no når forskings- og innovasjonspolitikken skal utmeislast på nytt, til å prioritere kjønnslikestilling og mangfald.
– Det tek lang tid å endre djupe kulturelle forventingar til kva kvinner og menn kan gjere. Same kor mange lover og reglar ein har, og kor mykje kapital som kan leggast på bordet, så handlar det eigentleg om å endre kulturelle normer.
– Korleis kan ein arbeide faktabasert mot dette at så mange meiner at menn er betre næringslivsleiarar? Det er vanskeleg, og difor er det så viktig å ha trykk på dette, seier ho.
Mangfald viktig for berekraft
Samstundes trur ho at å opne opp for meir likestilling og mangfald i innovasjonsmiljøa, vil vere ein fordel for målsettinga om å ta forsking og innovasjon i bruk for å løyse dei store samfunnsutfordringane. EU har forplikta seg til å syte for at alle politikkområde medverkar til å oppfylle FNs berekraftsmål, inkludert forskings- og innovasjonspolitikken.
– Berekraft-omgrepet har tre dimensjonar: Den økonomiske, den sosiale, og den som gjeld klima og miljø. Då må alle til pumpene, og vi må ha mangfald også når det gjeld fagkompetanse. Eg trur absolutt at likestilling og mangfald er ein føresetnad for meir berekraft, utan at eg kan legge fram statistikk på det, seier ho.
Sjølv sit Traaseth i «Key Performer Indicators»-arbeidsgruppa som skal avgjere retninga for korleis EIC-budsjettet skal brukast.
– Der snakkar vi mykje om at pengane må gå til å prosjekt og initiativ som styrkar berekraft, og at vi må ta i bruk alle talenta der ute. I siste utlysing vart 20 prosent av løyvingane reservert for kvinnelege gründerar. Slik kan vi styre verkemidla direkte, og då tek det til å likne noko, seier ho.
– Eg opplever at det er sterk overordna semje om at berekraft og mangfald er viktige målsettingar.
– Når ein så skal prioritere og sette målsettingar om kjønnsbalanse og mangfald ut i livet, blir det tøffe diskusjonar, men slik er det jo alltid. Dei som sit i styret jobbar til dagleg med innovasjon, er vande med å tenkje på desse problemstillingane, og vil vere med å skape endring her.
– Vi treng eit sterkare Europa, vi treng å samle dei europeiske landa om innovasjon, og då er vi nøydde til å satse på mangfald.
Vil ha kvinnelege teknogründerar
Traaseth peikar på at vi er på veg inn i ein ny innovasjonsfase som passar godt til norsk og europeisk næringsstruktur. Lenge har innovasjon først og fremst handla om å utvikle forbrukarretta teknologi og kommunikasjonsnettverk. Det gav oss gigantiske amerikanske teknologiselskap som Facebook og Google.
Den neste fasen, der innovasjon skal vere berekraftig og medverke til å løyse samfunnsproblem, treng andre typar teknologi – bedriftsretta teknologi som forbrukarar ikkje nødvendigvis merkar så mykje til.
– Materialteknologi er eit slikt døme, og Noreg og Europa er knallgode på denne typen teknologisk innovasjon. Så denne komande innovasjonsbølgja vil vere bra for Europa, meiner ho.
Samstundes veit vi at kvinner er i mindretal mellom teknologigründerar. EUs strategi for kjønnslikestilling legg difor opp til at EIC skal kunne sette i verk målretta tiltak for å støtte kvinners deltaking i innovasjon, og støtte oppstartsbedrifter leia av kvinner.
– Forsking har jo vist at det er bruk for kvinnelege rollemodellar, så det å vise fram dei som får ting til, er utruleg viktig. Eg trur nok at dette arbeidet kjem til å ta tid. Difor meiner eg at likestilling og mangfald må vere ei topp-prioritering akkurat no. Det må vere ein uttala ambisjon, med tilhøyrande verkemiddel og langsiktig arbeid. Då skil ein seg også ut frå andre innovasjonsplattformer som ikkje har liknande ambisjonar, seier Traaseth.
Det komande EU-rammeprogrammet for forsking og innovasjon er delt i tre søyler:
- Ei for framifrå forsking,
- ei for samfunnsutfordringar og konkurransedyktig næringsliv og
- ei for innovasjon.
Det europeiske innovasjonsrådet (European Innovation Council, EIC) tilhøyrer den tredje søyla. EIC skal støtte banebrytande og marknadsskapande innovasjon med høg risiko, ved hjelp av ei blanding av offentleg og privat kapital.
EIC opererer no i ein pilotfase og lyser ut midlar til ulike føremål.
Eit rådgjevande styre sett saman av europeiske innovasjonsekspertar medverkar til å gje EIC den endelege utforminga organet skal ha når rammeprogrammet trår i kraft i 2021. Her er deira første Vision statement.
Styret har 22 medlemmar, mellom dei norske Anita Krohn Traaseth. Medlemmane organiserer arbeidet i fem ulike arbeidsgrupper.
Anita Krohn Traaseth
I tillegg til å vere styremedlem i EIC, leiar Traaseth regjeringens Utvalg for innovasjon og vekst i grøntsektoren.
Traaseth har blant anna vore administrerande direktør i Innovasjon Norge frå 2014 til 2018, og har vore rådgivar (deltid) for rektor Curt Rice ved OsloMet i eit halvt år.