Likestilling blir ikkje brukt som eit argument for å rekruttere menn

Korleis argumenterer kvinnedominerte sektorar for rekruttering av menn? Forskarane Birgitte Ljunggren og Tonje Lauritzen har vurdert argumentasjonen for å finne ut akkurat det.

Forskarane Lauritzen og Ljunggren finn at barnehagesektoren og pleie- og omsorgssektoren argumenter for at menn kan bidra mot spesifikke utfordringar innanfor systemet, og ikkje at likestilling og kjønnsbalanse er eit mål i seg sjølv. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Birgitte Ljunggren, førsteamanuensis ved Dronning Mauds Minnes Høgskole. (Foto: Dronning Mauds Minnes Høgskole)

Trass i at Noreg er eit av verdas mest likestilte land, har vi ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad. Dette er ofte omtala som «likestillingsparadokset» eller Likestillings-Noregs «akilleshæl». Mange, inkludert politikarar og arbeidsgjevarar, ser difor på kjønnsbalanse som eit mål i seg sjølv, kanskje særleg med tanke på arbeidsmiljø og likeløn. Kjønnsdelte yrke kan i tillegg skape problem for brukargruppene, til dømes ved at mannlege pasientar ønskjer mannlege pleiarar til å vaske seg.

Typiske kvinnedominerte yrke er barnehagesektoren og pleie- og omsorgssektoren, der høvesvis 11 og 16 prosent menn var tilsette i 2016. Dette er ein auke på berre fire og to prosentpoeng frå 2008. Rekruttering av menn i desse to sektorane har difor vore eit mål lenge.

Likestilling på alle nivå

Samfunnsforskarane Tonje Lauritzen ved Østlandsforskning og Birgitte Ljunggren ved Dronning Mauds Minne Høgskole har undersøkt korleis styringssystemet bak slike kvinnedominerte sektorar ser på rekruttering av menn.

– Utfordringane i sektorane er forskjellige, og for å gjere det forståeleg at menn er relevante for desse, tar ein i bruk eit nytteorientert perspektiv. Kva kan dei bidra med for oss, i staden for kva rekruttering av menn kan gjere for samfunnet, seier Lauritzen.

Kvifor er den kjønnsdelte arbeidsmarknaden eit problem?

– Det er eit samfunnsproblem som gjeld for fleire sektorar. Eg meiner også at det er eit demokratisk problem. Ein kjønnsdelt arbeidsmarknad legg føringar for at menn og kvinner ikkje kan velje fritt. Det får konsekvensar for karrieremoglegheiter og deretter lønsforskjellar mellom kjønn, seier Ljunggren.

Ljunggren forklarer at artikkelen kan bidra til ei betre forståing av kvifor gender mainstreaming, det rådande likestillingsverktøyet som pålegg sektorar og styringsnivå å fremje likestilling på alle nivå, møter motstand.

Lauritzen og Ljunggren finn at i staden for at likestilling og kjønnsbalanse er eit mål i seg sjølv, argumenterer sektorane altså for at menn kan bidra mot spesifikke utfordringar innanfor systemet.

Tre argument for rekruttering av menn

Lauritzen og Ljunggren framhevar tre typar argument som nyttast i samanheng med rekruttering av menn. Eitt argument går ut på at det er rettferdig med fleire menn i kvinnedominerte sektorar. Det handlar om likskap og det handlar om eit inkluderande arbeidsliv.

Eit anna argument dreier seg om ressursar. Fordi menn og kvinner har ulike talent og ulik erfaring, er det fordelaktig med kjønnsbalanse. Forskarane ser at menn blir sett på som ein ressurs i kvinnedominerte sektorar nettopp i kraft av å vere annleis frå kvinner.

Eit tredje argument er interesseargumentet, som byggjer på at kvinner og menn sine interesser kan stå i konflikt, og at det difor er naudsynt at begge får sine interesser representert. Det kan til dømes gjelde lønsforskjellane i kvinnedominerte og mannsdominerte yrke. Ein meir balansert representasjon vil kunne endre systemet innanfrå, hevdar interesseargumentet.

– I barnehagesektoren er argumentet ofte at menn kan vere rollemodellar for barna ved å vere omsorgspersonar. Helsesektoren har ikkje same vekt på argumentet om at menn kan tilby andre ressursar gjennom sitt kjønn, seier Ljunggren.

Kva med menn som ønskjer å bli stelt av, og å snakke med sine helseproblem med menn?

– Såkalla forskjellsargument for rekruttering av menn er meir gjeldande for barnehagesektoren enn helsesektoren. Forskjellsargumenta framhevar at kvinner og menn er forskjellige og såleis komplementære. Likskapsvarianten vil derimot vektleggje at kjønnsbalanse bidrar til betre utnytting av samla ressursar i samfunnet. Vi finn slike likskapsargument for at menn er ein uutnytta ressurs i helsesektoren, mens forskjellsargumentasjonen berre er så vidt nemnd i samband med arbeidsmiljø.

– Det er heller ikkje argumentert stort for at kjønnsmangfald blant brukarar skal speglast av dei tilsette, legg Lauritzen til.

Usynlege likestillingstiltak

Dei to forskarane ser tendensar til at rekruttering av menn som likestillingstiltak forsvinn frå dokumenta med tida. Problema er konstante, men løysingane blir «avkjønna». Likestillingstiltak skal i staden kome frå eksterne «likestillingssystem», som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Likestillings- og diskrimineringsombodet og Barne- og likestillingsdepartementet – og ikkje frå barnehagesystema eller helsesystema sjølv.

Basert på analysen av dei innsamla dokumenta, meiner forskarane difor at rekruttering av menn til kvinnedominerte yrke blir usynleggjort som likestillingstiltak.

- Likestillingsintegrering prellar av på dei systema som er analyserte. Med likestillingsintegrering meiner vi at likestilling er del av alle avgjerder på alle nivå – at ein tenkjer likestilling i alt ein gjer. Målet med kjønnsbalanse i seg sjølv blir altså mindre framståande med tida, fortel Lauritzen.

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland er på jakt etter gode tiltak for å få unge til å bryte med tradisjonelle kjønnsrollemønster når dei vel utdanning og yrke. (Foto: Astrid Waller)

Fleire verkemiddel frå likestillingsministeren

– Det at gutar og jenter i stor grad tar kjønnstradisjonelle utdannings- og yrkesval er eit mønster vi ikkje har klart å bryte opp, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Ho meiner vi må sjå på mange ulike verkemiddel.

– Difor har eg oppretta UngIDag-utvalet, som blant anna skal ta for seg utfordringar med kjønnstradisjonelle utdannings- og yrkesval. Målet er at utvalet skal foreslå gode tiltak for å få unge til å bryte med tradisjonelle kjønnsrollemønster når dei vel utdanning og yrke. Utreiinga kan gje oss eit godt kunnskapsgrunnlag i arbeidet med å utvikle ein strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad.

– Vi har nyleg gitt Bufdir 1 million kroner til prosjekt om kjønnsdelte yrkes- og utdanningsval. Pengane skal gå til kunnskapsoppsummering og kartlegging av tiltak, fortel ministeren.

– Prosjekta Menn i helse og Jenter og teknologi har vist seg å vere to suksesshistorier, difor seier vi i Jeløya-plattforma at vi vil spreie desse prosjekta til heile landet. Menn i helse er eit nasjonalt prosjekt med formål om å auke rekrutteringa av menn til omsorgssektoren. I 2017 var det spreidd til 65 kommunar, og 410 menn hadde fått tilbod om stilling som helserekrutt. Med Jenter og teknologi er målet å få fleire kvinner til å velje teknologi i heile utdanningslaupet. Sidan 2016 har talet og prosentdelen jenter på teknologifag auka på vidaregåande, fagskule og høgskule, seier Helleland.


Denne artikkelen er fyrst publisert på Kilden kjønnsforskning.no. For ein lengre versjon, les saka her.

Likestillingsintegrering

Tonje Lauritzen og Birgitte Ljunggren har skrive artikkelen Likestillingsintegrering i kvinnedominerte sektorer – horisontale styringsutfordringer (2018).

Likestillingsintegrering:

  • Eit politisk konsept om at likestillingstiltak må vere aktive på alle nivå og på alle område i eit system.
  • Konseptet vart først tatt i bruk på Third World Conference on Women i Kenya i 1985. Ideen har blitt foreslått for FN og har vorte nytta i dokumenta til Fourth World Conference on Women i Beijing, Kina.
  • På engelsk heiter det gender mainstreaming.

Kjelder: Senter for likestilling / UN Women

Likestillings- og diskrimineringslova

Likestillings- og diskrimineringslova tredde i kraft 1. januar 2018.

Utredningsinstruksen ble revidert i 2016, og pålegg forvaltninga å finne ut av likestillingskonsekvensar ved ny politikk og nye tiltak. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) fekk i oppdrag å utarbeide ein veileder til instruksen for eventuelle likestillingskonsekvensar i tråd med ny likestillings- og diskrimineringslov. Veilederen skal bli ferdig i løpet av 2019.

Stortinget har i eit såkalla anmodningsvedtak (nr. 1119 (2016-2017)) bede regjeringa om å bevara og styrke aktivitets- og redegjørelsesplikta på likestillingsområdet. Barne- og likestillingsdepartementet er godt i gang med å følge opp vedtaket.

Les om lover og avtaler på våre sider.