Ingen nye likestillingstiltak i akademia

Regjeringa la fram stortingsmeldinga «Likestilling i praksis» i starten av oktober. Medan meldinga presenterer ei god skildring av situasjonen i akademia, skortar det på både tiltak og pengar til likestillingsarbeid.

Kif-komiteen synes likestillingsmeldinga skildrar situasjonen i akademia godt, men at det skortar på både tiltak og pengar frå regjeringa, her ved Solveig Horne, barne-, likestillings- og inkluderingsminister. (Foto: Ilja C. Hendel)

‒ Det er eit paradoks at det er samla så mykje kunnskap om likestilling i akademia, og likevel greier ein ikkje å setje i verk tiltak som gjer at vi når måla om likestilling i sektoren, seier nestleiar i Kif-komiteen, Ingrid Guldvik.

Har kunnskap, men brukar han ikkje

Kif-komiteen kom med ei rekkje konkrete innspel til meldinga i høyringsrunden. Meldinga gjev god omtale til arbeidet Kif gjer for likestilling i akademia, men tiltaka uteblir.

I sine innspel etterlyste Kif mellom anna obligatoriske måltal for kvinner i toppstillingar ved institusjonane. Meldinga seier ingenting konkret om dette.

Les høyringsinnspelet frå Kif-komiteen

Meldinga legg heller ikkje opp til nye tiltak for å rette på den skeive kjønnsfordelinga mellom ulike fag, men nøyer seg med å gje ei skildring av tiltak som nokre institusjonar allereie har innført på eige initiativ. Kif foreslo i sitt innspel å innføre ein del tiltak frå utreiinga «Politikk for likestilling» som vart laga i 2012. I denne utreiinga vart det påpeikt at arbeid mot slik skeivfordeling mellom fagfelt må prioriterast heilt frå starten av utdanningsløpet, og det vart lagt fram ei rekkje konkrete forslag til tiltak, også enkle ting som innføring av kjønnspoeng og stipend for underrepresenterte kjønn.

I likestillingsmeldinga er det likevel ikkje funne plass til nokon av desse tiltaka.

Legg ansvaret på institusjonane

Likestillingsmeldinga legg gjennomgåande ansvaret for likestillingsarbeid i akademia på institusjonane. Det inneber at Kif-komiteen si rolle som kompetansemiljø er viktigare enn nokon gong, framhevar Guldvik.

‒ Institusjonsbesøka komiteen gjer, er veldig viktige. Men samstundes er der ting som berre kan gjerast sentralt. Innspelet vårt om obligatoriske måltal for institusjonane, er til dømes noko berre departementet kan innføre.

‒ Kif-komiteen ønskjer obligatoriske måltal for kvinner i toppstillingar ved institusjonane og vi melde inn dette i høyringsinnspelet, seier Ingrid Guldvik, professor og nestleiar i Kif-komiteen. (Foto: Høgskolen i Lillehammer)

– Det er svært viktig at institusjonane har mål å styre etter, at nokon spør kva dei gjer for å oppnå desse målsettingane. Kif spør etter slike ting når vi er på institusjonsbesøk, men vi kan ikkje følgje med på alle heile tida. Det er det departementet som må gjere, seier ho.

Vurderer sertifiseringsordning

Heidi Holt Zachariassen ved Kif-komiteens sekretariat har merka seg at likestillingsmeldinga nemner eit førebuande arbeid for å lage ei sertifiseringsordning for ein likestillings- og mangfaldsstandard for verksemder. Kif er sjølv i gang med å vurdere om ei slik sertifiseringsordning kan innførast ved norske institusjonar for høgare utdanning og forsking. Dette arbeidet er forankra i strategien for komiteen sitt arbeid i inneverande periode.

‒ Det er interessant at regjeringa nemner ei slik ordning som eit mogleg verkemiddel, spesielt om det blir utvida til vår sektor. Det er noko vi vil følgje med på, seier Zachariassen.

Eit anna tiltak regjeringa vil gjennomføre, er å få utvikla eit måleinstrument for å følgje med på kjønnsbalansen i toppleiarstillingar i norsk næringsliv over tid. Core – kjernemiljø for likestillingsforsking vil få oppgåva med å utvikle måleinstrumentet.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet opplyser på spørsmål frå Kifinfo at det er for tidleg å seie om eit slikt måleinstrument også vil vere relevant for akademiske institusjonar, eller kva funksjon det eventuelt vil få. Oppdraget med å utvikle instrumentet vil bli gitt når statsbudsjettet for 2016 er vedteke.

Likestilling inn i leiaropplæringa

Kif-komiteen la i sitt innspel vekt på at likestilling ved institusjonane må vere eit leiaransvar, og oppmoda regjeringa om å gå i dialog med sektoren for å få kjønns- og mangfaldsperspektiv inn i leiarutviklingsprogramma. Likestillingsmeldinga framhevar også leiaransvaret og behovet for å lære opp leiarar i kjønns- og mangfaldsproblematikk.

‒ Det er viktig å hugse at likestilling er eit fagfelt. Eg trur nokre leiarar går rundt med den oppfatninga at fordi ein kanskje har diskutert likestilling i nokre samanhengar, så har ein tilstrekkeleg kunnskap om det. Men det er ikkje nok å ha likestilling som eit punkt på dagsordenen. Ein må ha kunnskap, både om situasjonen ved eins eigen institusjon, og om kva mekanismar som gjer seg gjeldande, til dømes viss ein systematisk vel menn ved tilsettingar. Og ein må ha kunnskap om kva for tiltak som har effekt, seier Ingrid Guldvik.

‒ Men det er verd å merke seg at også her legg regjeringa alt ansvaret på institusjonane sjølve.

Blir ikkje prioritert

Guldvik er redd det store gapet mellom kunnskap og tiltak når det gjeld likestilling, er eit teikn på at likestilling ikkje blir oppfatta som viktig nok.

‒ Mangelen på tiltak er ikkje noko denne regjeringa er åleine om. Samstundes finst det mykje systematisert kunnskap om likestilling og kva tiltak som fungerer, både i Noreg og internasjonalt, så det manglar ikkje på moglege tiltak. Eg trur det handlar om prioritering, ein må ville det nok, over tilstrekkeleg lang tid – for det tek tid å få resultat.

Det er positivt at regjeringa viser til arbeidet Kif-komiteen gjer for å skaffe kunnskap om etnisk mangfald i akademia, meiner Heidi Holt Zachariassen, frå Kif-komiteens sekretariat. (Foto: Kristin Aukland)

– Ein må byggje opp rutinar som tvinger ein til å stadig kome tilbake til desse spørsmåla og spørje korleis utviklinga går. Det er ikkje slikt arbeid som skapar dei største overskriftene, seier ho.

Vil få meir kunnskap om mangfald

Likestillingsmeldinga nemner til slutt Kif sitt nye og utvida mandat, som no dekkjer etnisk mangfald i tillegg til kjønnslikestilling. Regjeringa viser til det arbeidet Kif har gjort så langt for å skaffe kunnskap om etnisk mangfald i akademia, som generelt er eit understudert felt.

Heidi Holt Zachariassen fortel at Kif har ein dialog med Kunnskapsdepartementet om korleis ein kan gå fram for å få betre statistikk over dette.

‒ Vi er glade for at likestillingsmeldinga trekker fram arbeidet vårt på dette området, for det er noko vi har vore veldig «på» for å gjere noko med. Den store utreiinga vi har bestilt, om karriereutvikling for etniske minoritetar i akademia, vil vere ferdig rundt nyttår, så på dette området vil det skje mykje om kort tid, seier ho.

Ingen i Kunnskapsdepartementet hadde høve til å svare på Kifinfo sine spørsmål om likestillingsmeldinga og UH-sektoren.

Likestillingsmeldinga

Regjeringa la fram stortingsmeldinga «Likestilling i praksis. Like muligheter for kvinner og menn» 9. oktober 2015.

I høyringsrunden la Kif-komiteen fram følgjande hovudutfordringar for arbeid med kjønnsbalanse og mangfald i høgare utdanning og forsking:

  • Låg andel kvinner i toppstillingar,
  • låg kunnskap om likestillings- og mangfaldsproblematikk hjå leiarar,
  • skeiv kjønnsfordeling på fagfelt,
  • kjønns- og mangfaldsperspektiv i forsking og
  • manglande kunnskap om etniske minoritetar i akademia.

Kif spelte også inn forslag til tiltak.

Stortingsmeldinga gjev ei god skildring av situasjonen for likestilling og mangfald i akademia.

Meldinga inneheld ingen nye tiltak for sektoren.

Se også: