Menn er skeptiske til forsking som viser kjønns­diskriminering

Ein ny studie frå USA viser at kvinner og menn møter forskingsresultat om kjønnsdiskriminering med ulike blikk.

– Forskinga vår seier ikkje at menn er meir fordomsfulle enn kvinner, men at kjønn verkar inn på vurderingane våre, seier Ian Handley, professor i psykologi ved Montana State University. (Foto: MSU / Kelly Gorham)

Dei siste åra har det kome stadig fleire studiar som viser at kvinner i naturvitskaplege og teknologiske fag møter ei barriere av umedvitne fordommar på karrierevegen.

No viser ein ny studie at det ligg enno eit lag med umedvitne fordommar på toppen: Menn er meir skeptiske til forsking som viser kjønnsdiskriminering innanfor matematisk-naturvitskaplege fag enn kvinner er.

Studien vart publisert i PNAS i oktober i år.

Fekk idé frå kjønnsbalanseprosjekt

– Vi fekk ideen då kollegaen min, Jessi Smith, fekk finansiering frå National Science Foundation til eit prosjekt for å auke kvinneandelen i dei naturvitskaplege faga. Ein del av prosjektet gjekk ut på å dele ut ein forskingsartikkel om umedviten, systematisk kjønnsdiskrimering innanfor desse faga, for å skape diskusjon om temaet mellom dei vitskapleg tilsette. Ho vart overraska over kor sterkt forskingsresultata vart kritiserte i diskusjonane, fortel Ian M. Handley på e-post.

Handley og Smith er begge professorar i psykologi ved Montana State University, og er to av dei fire forfattarane bak studien.

Artikkelen som skapte slikt rabalder, er frå 2012. Den viste at vitskapleg tilsette innanfor dei såkalla STEM-faga (naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk) føretrekte mannlege framfor kvinnelege søkarar til ein posisjon som laboratorieleiar, sjølv om søknadane var identiske. Då Smith brukte artikkelen som diskusjonsgrunnlag, var det dei mannlege tilsette som kritiserte studien.

Handley og Smith tykte dette var påfallande, og bestemte seg for å undersøke nærare.

Fordommar i begge retningar

I to eksperiment undersøkte dei korleis  folk både innanfor og utanfor STEM-faga vurderte kvaliteten og relevansen til studiar som konkluderte med at kvinner blir utsette for diskrimering i STEM-fag.  Dette var både vanlege folk og vitskapleg tilsette.

Resultata viste at menn vurderte studiane noko dårlegare enn kvinner gjorde. For tilsette innanfor STEM-faga var effekten forsterka. Utanfor STEM-faga vurderte kvinnelege og mannlege vitskapleg tilsette forskinga nokolunde likt.

Til sist testa forskarane resultata sine ved å la ei gruppe tilfeldige deltakarar lese oppsummeringa av ein annan studie. Halvparten fekk lese den verkelege oppsummeringa, som viser at naturvitskaplege konferanseinnlegg vart oppfatta meir positivt når dei vart lagt fram av ein mann enn av ei kvinne. Den andre halvparten fekk lese ein lett omskriven versjon, der resultatet av studien var endra til å ikkje vise nokon skilnad. Også her vurderte menn den versjonen som viste diskrimering, til å vere dårlegare enn kvinner gjorde. Og motsett: Den versjonen som ikkje viste diskriminering, fekk lågare vurdering av kvinner enn av menn.

Forskarane konkluderer med at umedvitne fordommar kom til uttrykk både hos kvinner og menn, men i motsett retning.

Ikkje nok å påvise diskriminering

– I STEM-faga prøver ein å vere objektiv, også i vurderinga av forskingsresultat, men noko så enkelt som kjønn kan altså verke inn på våre vurderingar av vitskaplege resultat om kjønnsdiskriminering, seier Handley.

Psykologiprofessor Jessi Smtihs opplæring av tilsettingskomitear i å kjenne att fordommar og å rekruttere breiare, har auka kvinneandelen. (Foto: MSU / Kelly Gorham)

– Det trur eg er det viktigaste poenget studien vår får fram. Forskinga vår seier ikkje at menn er meir fordomsfulle enn kvinner, berre at kjønn verkar inn på vurderingane våre, seier han.

Handley meiner dette er viktig å ha i mente, fordi menn utgjer størsteparten av vitskapleg tilsette innanfor STEM-faga. Dersom ein verkeleg vil gjere noko med kjønnsbalansen i desse faga, er det altså ikkje tilstrekkeleg å vise at kjønnsdiskriminering eksisterer, ein må også ta omsyn til at majoriteten av dei tilsette er mindre villige til å akseptere forsking som avdekker slik diskriminering.

Interessant nok har studien til Handley og Smith også møtt dei same reaksjonane.

– Eg har ikkje telt nøyaktig, men eg har eit klart inntrykk av at menn er mykje meir kritiske til funna våre enn kvinner er – som er i tråd med mønsteret vi har funne, seier han.

Laga opplegg for auka kvinneandel

No planlegg forskarane å følgje opp studien med å undersøke kva mekanismar som gjer seg gjeldande når slike umedvitne fordommar kjem til uttrykk. I mellomtida har NSF-prosjektet som sette det heile i gang, fått eit heldig utfall.

Prosjektet til Jessi Smith skulle auke kvinneandelen i STEM-faga ved Montana State University. Ho laga mellom anna eit opplegg for å informere tilsettingskomitear ved universitetet om korleis ein kan kjenne att og overstyre umedvitne fordommar om kjønn. Komiteane fekk også informasjon om kva dei kunne gjere for å tiltrekkje seg eit breiare spekter av søkarar, og om korleis dei kunne informere kandidatane om familiepolitikken på universitetet.

– Denne informasjonen vart gitt ved om lag halvparten av tilsettingsprosessane innanfor STEM-faga ved vårt universitet i 2012, tilfeldig valt. Resultatet var at dei komiteane som fekk opplæring, hadde ein mykje høgare andel kvinner med i sluttrunden av tilsettingsprosessen, og det var meir enn 5 gonger meir sannsynleg at dei tilbaud stillinga til ei kvinne.

– Og for kvinnene som fekk eit tilbod, var det om lag 6 gonger meir sannsynleg at dei takka ja dersom tilbodet kom frå ein komité som hadde fått opplæring, seier Handley, som fortel at dei har vidareutvikla desse opplæringsressursane og no prøver å gje opplæring til alle tilsettingskomitear ved universitetet.

Les meir

Ian M. Handley, Elizabeth R. Brown, Corinne A. Moss-Racusin og Jessi L. Smith har skrevet artikkelen Quality of evidence revealing subtle gender biases in science is in the eye of the beholder frå 2015.

Artikkelen dei brukte i prosjektet var Science faculty’s subtle gender biases favor male students, skriven av Corinne A. Moss-Racusin, John F. Dovidio, Victoria L. Brescoll, Mark J. Graham og Jo Handelsman i 2012.

Se også: