ESSAY Kvar studiestart er det nokon som er meir nye enn andre

Nokre studentar tar fatt på høgare utdanning utan at foreldra har gjort det før dei. I Noreg har det vore temmeleg stilt om førstegenerasjonsstudentane, skriv stipendiat Margit Ims.

Margit Ims på veg til første skuledag.

Margit Ims på veg til første skuledag. Nokre av dei vanskelegaste barrierane er dei som ikkje er uttalt. Dei kan vere meir diffuse, som til dømes mangel på rollemodellar, skriv Ims. (Foto: Privat)

 

Arne Garborgs Bondestudentar kom ut i 1883 like etter ei tidleg bølgje av førstegenerasjonsstudentar frå bondestanden. Det var etter kvart mange som skulle kjenne seg att i skildringane av bondestudenten Daniel Braut, som synest han manglar noko og ikkje får rette svingen på dusken på studentlua når han samanliknar seg med dei andre. Omkring femti år etter Garborg skildrar Sigurd Hoel i romanen Fjorten dager før frostnettene sin dr. Holmen som ser tilbake på studietida:

«Han og de andre utenbys studentene måtte slite dobbelt hardt – professorene omgikkes ikke deres foreldre, spilte ikke kort i deres hjem. Og det var ikke deres onkler som satt i ledende stillinger og kunne jenke tingene.» (Hoel, 1935)

Litteratur om bondestudentane blei nytta i argumentasjon for oppretting av landsgymnas og realskular i distrikta i første halvdel av 1900-talet. Dei mest sentrale talspersonane for oppretting av landsgymnas var folk som sjølv hadde erfart vanskane og ønskte lettare tilgang på utdanning på bygda.

Med tilbakeblikk kan ein sjå at utbygging av skular på bygdene, først realskular og gymnas, seinare også høgskular og universitet, har vore ein suksess. Saman med eit godt utbygd velferdssystem som sikrar gratis utdanning, har utbygging av skuletilbod i distrikta ført til mindre forskjellar og auka utdanningsmobiliteten.

Likevel er utdanningsnivået til foreldra framleis avgjerande når det kjem til studieval og gjennomføring av høgare utdanning. Undersøkingar frå Tyskland peiker på at førstegenerasjonsstudentane møter ekstra hindringar i dagens studiekvardag. Her i Noreg har det vore temmeleg stilt om førstegenerasjonsstudentane i seinare tid.

Med skoa på

Min aller første skuledag er dokumentert med ein biletserie. Eg er på veg ut av døra. Eg står med sekken på ved sidan av ein katt på gardsplassen heime. Eg myser mot sola på skuleplassen. Eg har kvite mokasinar på.

Liknande motiv, med og utan mokasinar, er gjengangarar i mange fotoalbum. Skulestart er nesten som ei høgtid, det er nyttår i skuleverda markert med nye ranslar, skrivesaker og sko som enda lyser nye på skuleplassen. Å starte på skulen er ein av livets store overgangar. Sidan dansar ein fram, hit eit steg og dit eit steg. Og nokon dansar lenger enn andre på skuleveg. Her i landet ventar vidaregåande opplæring for dei fleste etter 10-årig obligatorisk skulegang. Og etter det følgjer vidare studiar for stadig fleire. Kven er dei? Kva slags sko går dei i? Og da tenkjer eg ikkje på mokasinar, sneakers eller støvlettar.

Studentar har ikkje med seg foreldre med kamera når dei trakkar over brusteinen på universitetsplassen første gongen og ei automatisk dør slusar dei inn i akademia. Men foreldras bakgrunn følgjer like fullt med dei ferske studentane, også når døra lukkar seg bak dei. For førstegenerasjonsstudentane er overgangen til høgare utdanning ikkje berre nytt på individnivå. Dei trakkar over ein terskel ingen i slekta har trakka over før dei.

Vippepunkt

I ein lesepause på Blindern tidleg på 2000-talet stod eg og vippa på inngangsplatået framfor inngangen til Eilert Sundts hus på Blindern, saman med ei som hadde begynt å studere sosiologi. Ho sa ho hadde lært på ei av dei første førelesingane at ho eigentleg ikkje hadde tatt noko eige val, ifølgje statistikken dei opererte med på faget var ho del av eit tydeleg mønster. Med høgt utdanna foreldre låg det i korta at ho gjorde det same.

Den oppdaterte utdanningsstatistikken til Statistisk sentralbyrå viser framleis ein slik samanheng. Kor mykje utdanning foreldra til dagens studentar har varierer, og utdanningsnivået til foreldra har betydning for kven som startar å studere og også for korleis det går med studentane i utdanningsløpet.

Den første avgjerande slusa er å starte på eit høgare utdanningsløp i det heile. Vidare viser det seg at di høgare utdanning minst éin av foreldra har, di større del fullfører ein grad.

Del av befolkninga i alderen 19–29 år som er studentar, etter foreldras utdanningsnivå. Tal i prosent. (Kjelde: SSB utdanningsstatistikk, kjeldetabell 09218.)

Studentane med lågast utdanna foreldre er den gruppa med størst endring i kor mange som tar høgare utdanning. Denne gruppa har størst auke.

For kategorien studentar med foreldre med høgare utdanning viser figuren meir stabile kurver. I tråd med ei utvikling der stadig fleire har tatt høgare utdanning, har foreldregenerasjonen i dag høgare utdanning enn tidlegare, og gruppa med studentar med foreldre utan høgare utdanning er difor avtakande i absolutte tal. Samtidig er det framleis den gruppa som har lågast deltaking i høgare utdanning.

Klasse under radaren?

I tråd med omgrepet sjanselikskap har det vore meir fokus på likestilling og tilpassingar for ulike minoritetsgrupper i høgare utdanning. Det er eit mål OECD rangerer land etter.

Kunnskapsdepartementet utnemner Komité for kjønnsbalanse og mangfold i forskning (Kif-komiteen), som skal bidra til meir kunnskap om korleis kjønn, sosial og etnisk bakgrunn påverkar kritiske overgangar i akademia. Kva vi definerer som mangfald avhenger av kva skiljeliner vi ser og definerer kategoriar ut frå.

Kjønn er ein ganske opplagt kategori, men gir eit grovmaska bilete om vi skal snakke om sjanselikskap og like moglegheiter. Å sjå kvinner som ei homogen gruppe kan også vidareføre andre strukturar og maktforhold. Tiltak som fremjar likestilling mellom kjønna kan mangle sensibilitet for klassebakgrunn. Khrono har sett søkjelys på tema klasse og høgare utdanning, og i fleire saker har det kome fram at det er lite medvit om dette i norsk akademia. (Sjå kjelder i faktaboksen.)

Margit Ims sin familie utanfor universitetsbygget i Köln. Universitetet ønskjer hjarteleg velkommen til semesterstart våren 2023, med «herzlich willkommen» i vindauget bak. (Foto: Margit Ims)

Mentorordning på tysk universitet

Under eit forskingsopphald ved Köln universitet tidlegare i år fekk eg kjennskap til tiltak ein har sett i gang der for å betre vilkåra for studentar med foreldre utan høgare utdanning.

Det er eit av dei største universiteta i Tyskland og har ein lang tradisjon som kan førast tilbake til det først blei grunnlagt universitet her i 1388. Ein tradisjon som også har vidareført visse klassestrukturar.

No vil universitetet endre eit tydeleg mønster der sosial bakgrunn har hatt mykje å seia og gi betre moglegheiter for førstegenerasjonsstudentar. Eit av tiltaka er eit mentorprogram retta spesielt mot studentar med foreldre utan høgare utdanning.

Mentorprogram ved Köln universitet

Førstegenerasjonsstudentar kan søkje seg jobb som vitskapleg assistent i kombinasjon med å få rettleiing frå ein vitskapleg tilsett. Studenten og den vitskapleg tilsette søkjer saman som tandempartnarar og knyter seg slik til mentorprogrammet.

Målsetnaden er å gi lettare tilgang til det vitskaplege informasjonssystemet og auke motivasjonen for både vidare studium og vitskapleg karriere for denne gruppa som er underrepresentert på høgaregradsnivå og blant vitskapleg tilsette.

Ein viktig bonus er at ordninga også gir økonomisk støtte til finansiering av studia gjennom ein fagleg relevant jobb. Mentor får ei rettleiande rolle og skal støtte studenten med tilbakemeldingar, bygge nettverk og gjera det lettare å bli integrert i fagkulturen.

Tiltaka byggjer på spørjeundersøkingar og ulike rapportar om studentar i Tyskland. Rapporten «Frå arbeidarbarn til doktor. Hinderløypa på utdanningsvegen for førstegenerasjonsstudentar» viser samanhengen mellom gjennomføring av høgare utdanning og utdanningsnivået til foreldra. Studentgruppa som kjem frå familiar utan akademisk bakgrunn møter hinder som mentale barrierar, kompetanse- og informasjonsunderskot og økonomiske utfordringar.

Artikkelen «Mangfaldig professorstand?» peiker på korleis likestillingspolitikken som har løfta fram kvinner i akademia har vore ein suksess, i nettopp det å skapa ein betre kjønnsbalanse, samtidig som praksisen har vore klasseblind.

Som eksempel på denne klasseblindskapen, viser artikkelforfattaren Christina Möller at i stillinga som juniorprofessor frå 2002 til 2016 hadde ein tilsett 43 prosent kvinner, som var eit stort framsteg. Men av dei som nådde fram til tilsetting, hadde 62 prosent av kvinnene familiebakgrunn med det aller høgste utdanningsnivået, mot så lite som 7 prosent frå det midtre utdanningsnivået og nedover til saman.

Første skuleklasse ved Telemark språk- og realskule for hundre år sidan, i 1923. (Foto: Bø museum)

Tidlegare utjamningstiltak

Noko slikt program for førstegenerasjonsstudentar har vi ikkje i Noreg. Bakgrunnen er sjølvsagt ein ganske annan i Tyskland, med eit anna skulesystem enn her. Flaskehalsen har vore trongare der, og ein har nok tydelegare sett behovet for konkrete tiltak. Etter målingane OECD gjer for sjanselikskap, skårar Tyskland mykje lågare på utdanningsmobilitet enn Noreg. Og ved tyske universitet betaler studentane skulepengar.

Men jamvel om utdanningsmobiliteten i Noreg er høg samanlikna med andre land, kan det synast rart at det i seinare år har vore så stilt omkring situasjonen til førstegenerasjonsstudentane. Utjamningstiltak på grunnlag av geografisk og sosial bakgrunn har tidlegare vekt stort engasjement.

For 100 år sidan starta Telemark språk- og realskule opp i Bø. Skipinga av realskulen i 1923 var eit ledd i forsøk på å få landsgymnas til bygda. Skuleordninga ein hadde den gongen, med ulike skuleløp i byen og på bygda, var sosial skeiv. Og vegen til byskulen var tung og kostbar for dei fleste ungdommane på bygda. Berre nokre få heldige hadde støttespelarar som kunne gi pedagogisk og økonomisk hjelp.

Dei krevjande rammene for høgare skulegang om du kom frå bygda, blei utover 1900-talet sett på som både ein sosial urett og eit demokratisk problem. Å bøte på dette blei ei avgjerande drivkraft for oppretting av landsgymnas som skulle lette vegen for vidare utdanning for ungdom på bygda.

Kampen om å etablere desse skulane viser korleis sosial utjamning i utdanningsløpet var brennheite politiske spørsmål som engasjerte. I Bø var Ingebjørg Skogen (1886–1967) den lokale skulestrategen som lanserte ideen om å skipa realskule, for slik å ha betre grunnlag for å kunne få landsgymnas i neste omgang.

Skogen kjente til kor skoen trykte for landsungdom i byskulen. Ho var den første jenta i Telemark som tok artium. Året var 1914. Det var same året som landsgymnas som skuleform blei vedtatt av Stortinget. Sjølv hadde ho gått på skule i byen og kjent på utanforskapen som mange ungdommar frå bygda som gjekk skulevegen opplevde.

Ingebjørg Skogen har i eit avisintervju halde fram forfattarane Arne Garborg og Sigurd Hoel og betydninga Bondestudentar og Fjorten dager før frostnettene hadde for denne studentgruppa som mangla kodane som gjaldt i studentmiljøet. Ho såg det også som ei viktig pedagogisk oppgåve for lærarar å kjenne denne litteraturen så dei betre kunne forstå kor ulike føresetnadar elevane deira kunne ha.

Seinare blei det også etablert distriktshøgskule i Bø. Også det vakte stort engasjement. Argumenta for nye høgskular i distrikta var språkpolitiske, distriktspolitiske og utdanningspolitiske. Med tilbakeblikk på utviklinga av landsgymnas og også distriktshøgskular, kan ein undre seg på kvifor det har blitt så stilt omkring sosial ulikskap i høgare utdanning.

På eine sida har dei utdanningspolitiske tiltaka vore ein suksess – rett til gratis utdanning og utbygging av skuletilbod i distrikta har utvilsamt vore vellykka og ført til mindre forskjellar. Men at det har vore ein suksess, har òg skapt ei sterk forteljing om likskap, ei forteljing som når den blir einerådande sjølv kan ha sine blindsoner.

Margit Ims på jubileumsfesten til Bø vidaregåande skule i september 2023. (Foto: Hilde Eika Nesje, Bø blad)

Hinderløp på utdanningsvegen

I ein e-post har eg stilt leiinga ved min eigen utdanningsinstitusjon Universitetet i Søraust-Noreg nokre spørsmål om førstegenerasjonsstudentar. Rektor Petter Aasen har svara at det ikkje er etablert nokre tiltak retta mot denne studentgruppa, men at det har vore diskutert ulike moglegheiter for å leggje betre til rette.

Nokre har tatt til orde for eit innføringssemester etter mønster frå såkalla freshman year, vanleg ved enkelte engelskspråklege utdanningsinstitusjonar.

Rapporten frå Tyskland viser at overgangen frå eit studienivå til eit anna er sårbar, det er her silinga skjer. Slik sett er det ikkje sikkert at eit «førstiskurs» ved immatrikuleringa vil vera så effektfullt for å tilretteleggje for dei som er på førstegenerasjonsreis i akademia. Tala for norske studentar viser også at foreldra sitt utdanningsnivå gir størst utslag på i kva grad studentane fullfører ein høgare grad, definert som høgskule- og universitetsstudium på meir enn fire år, som master eller tilsvarande.

I underkant av 10 prosent av studentane med foreldre med grunnskuleutdanning som høgaste utdanningsnivå oppnår ein slik grad, mot 46 prosent av dei som har foreldre med lang høgare utdanning. Kanskje er det ikkje først og fremst i inngangspartiet til elfenbeinstårnet, men heller seinare i studieløpet, ved overgang til masternivå, til dømes, at enkelte hinder blir vanskelegare å stige over?

Av dei fire hindra omtalt i rapporten «Frå arbeidarbarn til doktor» er kompetanse- og informasjonsunderskot og økonomiske hinder meir konkrete, medan dei mentale barrierane omfattar meir diffuse og psykologiske hindringar, som til dømes mangel på rollemodellar.

I Bondestudentar heiter det at det går smått for Daniel Braut å ta att dei andre, «han kunne ikkje rett lære det han ikkje hadde til lekse». Noko av dei vanskelegaste barrierane er dei som ikkje er uttalt, referansar og kodar som ikkje er oppgitt på noka pensumliste, men som er forventa at ein kjenner likevel. Slike usynlege skilje pregar folks syn på seg sjølv.

Mange deler ei form for tvil over at dei er på riktig plass, her stemmer dei tyske rapportane overeins med stemmer som har omtalt klassereisa si i Khrono.

Sjølv om eg ikkje fell innunder definisjonen av førstegenerasjonsstudentar, med foreldre som har studert til og arbeidd som sjukepleiar og lærar, kjente eg på noko liknande eg vil kalle ei hackar-kjensle da eg tok mastergraden i filosofi. Ein hackar skaffar seg tilgang til system og nettverk på ulovleg vis med å knekkje kodar eller passord. Foreldra mine oppmoda til å studere, men det spørst vel om eg kunne vald fag like fritt om det ikkje var for Statens lånekasse.

Himmelen høg og verda stor

Ved frukostbordet nyleg sa yngste dottera mi at ho vil ha læraren sin for alltid – også på universitetet. Eg blei overraska, ikkje over at ho likar læraren sin, men over at sjuåringen serverte eit universitetsstudium som sjølvsagt midt mellom to skeier müsli og mjølk. Det speglar av at mykje har skjedd sidan bestefaren min fekk høyre heime at han var stormannsgalen da han melde seg som privatist og ville ta gymnasfag.

No er det eksamenstid igjen. Og nye førstegenerasjonstudentar går eksamenstida i møte. Kif-komiteen skal no også sjå på klasse og sosial bakgrunn. Sjå på kan vera å stille spørsmål og samle meir kunnskap om denne studentgruppa det er så stilt rundt.

Dette essayet er ein kortare versjon av teksten publisert i Syn og segn 4/2023.

Kjelder

Amundsen, Gunnar Brekke, Ims, Margit (2023). Viktige år. Jubileumsbok for Bø vidaregåande skule 1923–2023.

Bøen, N.N. (1958). Upptaket til Telemark Landsgymnas. Varden.

Garborg, Arne (1883). Bondestudentar. Aschehoug/ Nygaards Forlag.

Hoel, Sigurd (1935). Fjorten dager før frostnettene. Gyldendal.

Holseter, Anne Marie Rustad (2021). «Foreldrenes utdanningsnivå betyr fremdeles mye for gjennomføring». (ssb.no)

Kroher, M., Beuße, M., m. fl. (2021). Die Studienbefragung in Deutschland: 22. Sozialerhebung. Die wirtschaftliche und soziale Lage der Studierenden in Deutschland 2021. Bundesministerium für Bildung und Forschung.

Kunst, Jonas R. (2021). «Førstegenerasjons-studenter er en vanskeligstilt, men «usynlig» gruppe». I Khrono 20.10.2021.

Meyer-Guckel, V., Klier, J., Kircherr, J., Suessenbach, F. (2021). Vom Arbeiterkind zum Doktor. Der Hürdenlauf auf dem Bildungsweg der Erststudierenden. Stiftverband für die Deutsche Wissenschaft.

Möller, Christina (2018). «Diverse Professorenschaft? Intersektionale Erkenntnisse am Beispiel der Universitäten in Nordrhein-Westfalen.» Journal des Kompetenzzentrums Frauen in Wissenschaft und Forschung, Nr. 14, 2018.

OECD (2017). Education at a Glance 2017.

Schei, Amanda (2021a). «Gjorde klassereise, men føler fortsatt han snubler». I Khrono 29.10.2021.

Schei, Amanda (2021b). «Store klasseforskjeller også internt på høgskoler». I Khrono 07.11.2021.

Statistisk sentralbyrå, Studenter i universitets- og høgskoleutdanning. Utdanningsstatistikk.