Forskarar avkreftar myten om kvinners låge publisering

Lenge har ein tenkt at kvinnelege forskarar har eit publiseringsproblem. No visar det seg at forklaringa er fagfelt og stillingsnivå, og forskarar meiner at likestillingstiltak frå no av må skreddarsyast betre. Forskingsrådet er samd.

Fagfelt og stilling, ikkje kjønn, avgjer publiseringstal. Det kjem fram i analysen av vitskapleg publisering som forskarar frå NIFU og PRIO har gjort. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Kvinner slit med å nå opp til menns nivå. Det har vore ein openberr konklusjon å dra fordi samla publiseringstal viser at mannlege forskarar i gjennomsnitt publiserer meir enn kvinnelege forskarar, både i Noreg og internasjonalt.

Men det blir stadig meir tydeleg at det ikkje er så enkelt. I eit prosjekt under Forskingsrådets Balanse-program har forskarar analysert vitskapleg publisering ved hjelp av data frå forskingsregistreringssystemet Cristin og frå Forskarpersonalregisteret.

Det viser seg at svært mykje av den gjennomsnittlege skilnaden kan forklarast ved at kvinner er i fleirtal i nokre typar fag og stillingskategoriar, og menn i andre. Slike kategoriar er kjenneteikna av ulike publiseringsmønster.

I tillegg blir ein stor del (over 40 prosent) av publiseringspoenga hanka inn av berre ti prosent av forskarane. Desse superproduktive forskarane er i stor grad menn.

– Sjølv vil eg nok heller leve med det irriterande teljekantsystemet, seier Lynn Nygaard, som har hatt god nytte av datasetta som kjem ut av det. (Foto: PRIO)

Les saka: Kvinner publiserer meir enn vi trur

Fagfelt og stilling, ikkje kjønn

– Det er så lett å skulde på forskjellar mellom kjønna, at kvinner av ymse årsaker prioriterer annleis enn menn. Men det vi har kunna vise på ein meir nyansert måte enn før, er at kontekst er mykje viktigare. Plasserer du ei kvinne i ein annan situasjon, skriv ho annleis, seier Lynn Nygaard frå Institutt for fredsforsking.

Mykje av kjønnsskilnaden i vitskapleg produksjon forsvann altså då dei korrigerte for fag og stillingstype. Men det er framleis fleire ting ein kan leite etter i materialet. No er forskarane i gang med å analysere permisjonar, som er noko av det dei ikkje hadde høve til å kontrollere for i første omgang.

– I våre register kan vi ikkje sjå kva som er årsaka til at ein forskar tek ut permisjon, men vi veit til dømes at kvinner framleis tek lengre foreldrepermisjon enn menn, sjølv om skilnaden er mindre enn før. Nå ein måler vitskapleg produksjon over lengre tidsrom, utan å kontrollere for om forskaren har hatt permisjon i løpet av perioden, då vil ein sjå forskjellar mellom kjønna. Det kan truleg ha noko å seie, meiner Nygaard.

Dei har heller ikkje studert effekten av å fjerne det ho kallar «statistisk støy» frå dei ti prosent superproduktive forskarane.

– Vi veit jo at ei lita gruppe produserer nesten unaturleg mykje forsking, og dei er som regel menn. Det løfter produktiviteten for alle mennene veldig. Så dersom vi fjernar dei, og berre ser på «normalforskarar» som har eit liv utanom jobben – då forsvinn også mykje av forskjellane.

Kva er vanleg produksjon?

Nok ein gong er det dei omfattande norske datasetta som har æra for at Nygaard og kollegaene har kunne gå så detaljert til verks i publiseringsmønstera som dei har gjort. Cristin-systemet fangar opp alt som blir publisert av norske forskarar, i motsetnad til internasjonale databasar som i beste fall berre dekkjer delar av den vitskaplege produksjonen.

– At kvinners publiseringsmønster avheng av kontekst, er ikkje heilt nytt, men resultata våre er meir overtydande fordi dei kviler på så gode data, seier Nygaard.

Sjølv meiner ho at forskinga deira gjerne kan tene som grunnlag for ein diskusjon om kva vi forventar av ein vanleg forskar.

– Det er interessant at det er så stor fascinasjon for dei superproduktive forskarane, for det fortel at vi tek for gitt at meir produktivitet er bra, at ein skal publisere så mykje som råd. Men blir forskinga som heilskap betre når produksjonen aukar? Og korleis vil vi eigentleg at eit forskarliv skal sjå ut? spør ho.

Dette er spørsmål dei ikkje har diskutert i artiklane der dei presenterer resultata, men som ho meiner fortener diskusjon.

Bør diskutere kva som er bra

– Vi ser også – og no snakkar eg fritt langt utanfor våre spesifikke resultat – at nordmenn i gjennomsnitt kan sjå ut til å vere mindre produktive samanlikna med forskarar frå andre land. Er det fordi nordmenn ikkje er så flinke, eller er det fordi vi har andre forventingar til livet enn å berre drive med forsking heile tida?

Ho peikar på at i mange land endar kvinner med å sjølvselektere seg vekk frå forskingssektoren når dei vil ha barn, rett og slett fordi det ikkje er mogleg å gjere begge delar.

– Men dei kvinnene som ville ha slutta å forske i andre land, dei kan i Noreg bli i forskinga.

Nettopp diskusjonen om kva slags akademisk verd vi ønskjer oss, meiner ho bør vere bakteppet når ein ser på detaljane i publiseringsmønster. I nokre fag er det vanleg å produsere artiklar raskt, saman med mange andre. I andre fag er det vanlegare å skrive lengre, langsamare og meir åleine. Kva slags type skriving meiner vi er bra, og kva slags kontekst lagar vi for å gjere det mogleg?

– Det er feigt å berre konkludere med at skilnader finst fordi kjønna er forskjellige. Kanskje finst slike forskjellar, men dei er jo så små samanlikna med skilnaden mellom ein kvardag som professor eller stipendiat, eller skilnaden mellom fag, seier ho.

Tja til teljekantar

Forskarane har også sett på kva rolle den norske publiseringsindikatoren spelar i produktivitetsgapet mellom kjønna. Dei kjem fram til at det er risiko for at indikatorar som måler produktivitet, kan slå ut i favør av menn. I mars føreslo Finansieringsutvalet å fjerne den norske publiseringsindikatoren. Forslaga frå utvalet er no til høyring.

Personleg er Nygaard ambivalent i spørsmålet om «teljekantane» er ei god ordning eller ikkje.

– Vår artikkel peikar på at publiseringsindikatoren tek dei små kjønnsforskjellane som finst, og forsterkar dei. Men er det indikatorens feil, eller speglar han berre at menn og kvinner finst på ulike stader i forskingssystemet og at vi har bestemt oss for å sette meir pris på dei stadene der mennene er? Fjernar vi teljekantane, fjernar vi jo ikkje det problemet – berre symptomet, seier ho.

Det som derimot heilt sikkert vil gå tapt dersom publiseringsindikatoren blir fjerna, er dei detaljerte, kvalitetssikra datasetta som gjer det mogleg å forstå forskingsproduktivitet på eit så nyansert nivå.

– Sjølv vil eg nok heller leve med det irriterande teljekantsystemet, og klage over det, enn å misse tilgangen til datasetta som kjem ut av det, seier ho.

Må rekne med fritida

I staden for å gå for enkle løysingar som å fjerne teljekantsystemet, må den politiske bodskapen vere å grave djupare for å kunne lage meir tilpassa løysingar der det trengst, meiner ho.

– For sjølv om vi har fjerna store delar av kjønnsforskjellane ved å bryte ned tala, så er det framleis nokre stader der forskjellar finst. Monografiar i humaniora er eit slikt døme. Humaniora er eigentleg det einaste fagfeltet der monografiar er viktige, og det er mannlege professorar med god tid som skriv dei.

Spørsmålet om tid blir interessant, meiner ho, når ein koplar det med kva vi veit om menn og kvinners tidsbruk utanfor arbeidsplassen. Kvinner brukar framleis meir tid på hus- og omsorgsarbeid enn menn.

– Skriving av monografiar er ein maraton som ofte blir utført på fritida. Har vi då skapt eit system der folk ikkje har tid til å gjere jobben sin i arbeidstida, samstundes som vi har ulike forventingar til kva menn og kvinner gjer i fritida si?

Spørsmålet om fordeling mellom arbeidstid og fritid vart høgaktuelt under koronapandemien, då det vart rapportert om tilfelle av vitskaplege tidsskrift som knapt tok imot manuskript frå kvinner lenger. Mange spekulerte i om dei lange periodane med heimekontor førte til at kvinners arbeidstid vart oppslukt av husarbeid og barneomsorg, slik at dei i større grad enn menn måtte nedprioritere forsking og skriving.

Nygaard meiner spørsmålet er interessant, men dei har ikkje kunna identifisere nokon koronaeffekt fordi berre ein liten del av pandemiperioden er dekt i datasetta.

– Det er ei forseinking i publiseringssystemet som gjer at det tek fleire år før effekten blir tydeleg. Det vil ikkje overraske meg om vi vil sjå ein liten nedgang i kvinners produktivitet, fordi vi veit kvinner har ein tendens til å få mesteparten av heimearbeidet.

– Men eg blir heller ikkje overraska om likestilte Noreg kjem litt betre ut enn andre land, seier ho.

Forskingsrådet vil ha tilpassa tiltak

At det no er på tide å sjå forbi gjennomsnittstala og heller skreddarsy tiltak til bruk i ulike samanhengar, har også Forskingsrådet konkludert med. Det fortel områdedirektør Jesper W. Simonsen. Han ser på resultata frå Nygaard og kollegaene som positive:

– No ser vi at når alt anna er likt, så er kjønnsforskjellane i publisering veldig små, seier Jesper Simonsen frå Forskingsrådet. (Foto: Sverre Chr. Jarild)

– Eg trur den generelle oppfatninga har vore at kvinner publiserer mindre, og blir mindre siterte, enn menn når alt anna er likt. Men no ser vi at når alt anna er likt, så er kjønnsforskjellane i publisering faktisk veldig små. Det fjernar i stor grad publisering som ein kjønnsdiskriminerande faktor, seier han.

Simonsen fortel at styret i Forskingsrådet nyleg diskuterte likestillingstiltak og konkluderte med at det no er på tide å sjå meir på ulikheit på ulike felt og sektorar.

– På nokre område, som i næringslivet og i naturvitskaplege og teknologiske fag, er jo kvinner framleis sterkt underrepresenterte. Vi vil i større grad gå bakom gjennomsnittstala og sjå på kontekst, akkurat det som desse forskarane tilrår. Det tyder konkret at porteføljestyra for ulike felt og tematiske innsatsar får i oppgåve å utvikle meir skreddarsydde tiltak for sine felt, seier han.

Styret har dessutan bestemt å forlenge Balanse-programmet med eit utvida nedslagsfelt der ein ikkje berre skal sjå på toppstillingar, men ta omsyn til ulike stillingskategoriar og prioritere dei områda der utfordringane er størst.

Nye verkemiddel i toppen

Simonsen tykkjer samtidig det er interessant at det er ein systematikk i at kvinner er knytt til område der det blir publisert mindre enn på mange mannsdominerte område.

– Dersom vi held fram med å jamne ut slike forskjellar,  vil også gjennomsnittstala bli likare, peikar han på.

Vil det seie at målet er å flytte alle grupper nærare dei ti prosent mest produktive forskarane?

– Nei, men det vil seie at å fremje kvinners plass på område der dei er underrepresenterte, heilt opp til høgste kvalifikasjonsnivå, det er framleis viktig.

Han nyttar ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) som døme.

– Det er eit «eksellens»-orientert verktøy, og SFF-ane har vore sterkt mannsdominerte. Men i siste utlysing stilte vi krav om at dersom ein institusjon sendte inn meir enn fire søknader, måtte minst 40 prosent ha kvinneleg senterleiar, seier han.

Kravet førte til kjønnsbalanse mellom søkarane, og den heldt seg også etter silinga der ein plukka ut dei søknadane som gjekk vidare til neste runde.

– Det fine med eit slikt tiltak er at det ikkje medfører endringar i vurderinga av kven som skal få midlar, men at kjønnsbalanse ligg til grunn. Og verknaden kan forplante seg vidare, for dei som oppnår stipend frå Det europeiske forskingsrådet, har ofte bakgrunn frå SFF, seier Simonsen.

Meir om prosjektet

I eit prosjekt under Forskingsrådets Balanse-program har tre forskarar analysert vitskapleg publisering ved hjelp av data frå forskingsregistreringssystemet Cristin og frå Forskarpersonalregisteret.

Det er Lynn P. Nygaard frå Institutt for fredsforsking (PRIO) og Dag W. Aksnes og Fredrik N. Piro frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

Dei har nyleg publisert to artiklar om funna:
Lynn P. Nygaard, Fredrik N. Piro & Dag W. Aksnes: Gendering excellence through research productivity indicators

Lynn P. Nygaard, Dag W. Aksnes & Fredrik Niclas Piro: Identifying gender disparities in research performance: the importance of comparing apples with apples

Les også innlegget deira: Do Men Really Publish More than Women?