Europa samlar seg om likestillingskrav i forsking
Korleis kan organisasjonane som finansierer forsking best leggje til rette for likestilling og mangfald? Dei europeiske forskingsråda tar i bruk nye verktøy.
Lenge har forskingsinstitusjonane sjølve hatt hovudansvaret for å sikre kjønnsbalanse og mangfald i forsking. Men dei siste åra er det blitt meir merksemd på at dei forskingsfinansierande organisasjonane (FO), som Forskingsrådet, også har ei rad verktøy dei kan ty til for å leggje til rette for betre kjønnsbalanse og mangfald i forskingsverda.
Kurs mot fordommar, nye evalueringskriterier og forskingsmidlar for forskarar med innvandrarbakgrunn er berre tre døme på tiltak.
Tiltaka vart presentert då representantar for fleire europeiske FO-ar var samla til ein digital konferanse i juli.
– Ser at vi kan stille krav
– Noko vi har sett at fungerer godt i Irland, er å stille krav om at institusjonar som søker om finansiering frå oss, skal vere i ein prosess med å søke om ein Athena Swan-pris innan ei viss tid, sa Rochelle Fritch frå Science Foundation Ireland i paneldebatten om FO-ane si rolle i å styrke kjønnsbalanse i forsking.
– Det har vore effektivt, og det viser at vi som finansiør kan nytte slike krav aktivt for at ein institusjon skal kunne kvalifisere til støtte frå oss. Det vil seie at vi kan gjere det same også på andre område, ikkje berre når det gjeld kjønn.
Athena Swan er eit rammeverk som skal støtte forskings- og høgare utdanningsinstitusjonar i arbeidet med kjønnsbalanse. Institusjonar kan søke om sertifisering på ulike nivå alt etter kor mykje dei har oppnådd i likestillingsarbeidet.
Viktig med felles språk
Science Foundation Ireland koordinerer FORGEN (Funding Organisations for Gender Equality), eit såkalla praksisnettverk som består av ei rekkje europeiske forskingsfinansiørar (Forskingsrådet er ikkje medlem). I Forgen samarbeider dei om å overvake og forbetre likestillingsarbeidet i slike organisasjonar.
– Nokre fordelar med å arbeide i eit slikt praksisfellesskap er at vi kjem nærare eit felles språk og ei felles forståing av saksfeltet. Det blir enklare å dele erfaringar om kva ein gjer i dei ulike landa, sa Rochelle Fritch på konferansen som markerte slutten på Gender Action, eit Horisont 2020-prosjekt der målet er å støtte EU-medlemsstatane i arbeidet deira for kjønnsbalanse i forsking.
– Framover vil vi gjerne inkludere fleire medlemmar i Forgen, og kanskje også utvide arbeidet til å gjelde fleire fokusområde, som til dømes trakassering, sa ho.
Kor viktig det er med ei felles problemforståing, vart understreka av fleire andre i panelet. Marius Mitroi frå det rumenske forskingsrådet fortalde at hans organisasjon no arbeider med ein plan for likestilling, som første offentlege etat i Romania. Planen inneheld prosedyrar både for personalpolitikk og kommunikasjonsarbeid, i tillegg til arbeidet med å evaluere og finansiere forsking.
– Arbeidet er vanskeleg fordi mange ikkje forstår dei langsiktige fordelane, kanskje fordi dei ikkje møter problemstillingane i arbeidskvardagen. Difor er det viktig at vi byggjer ein kultur for likestilling hos samarbeidspartnarane våre, sa Mitroi.
Samstundes har organisasjonen arbeidd med å analysere sine eigne prosedyrar for å tildele finansiering, fortalde han:
– Vi trudde dei fungerte bra, men etter diskusjonar både internt og med samarbeidspartnarane våre, ser vi at vi likevel har rom for auka medvit om likestillingsspørsmål hos oss sjølve også.
Kursar alle som skal evaluere
Astrid Zuurbier frå det nederlandske forskingsrådet NWO fortalde at dei har utvikla eit kursopplegg for å motverke fordommar og stereotypiar i evaluering av forsking og forskarar. Alle som til dømes skal leie evalueringspanel for NWO, må gjennom dette programmet.
– Det tek ikkje berre for seg kjønn, men også andre område der implisitte fordommar kan gjere seg gjeldande, slik som alder, etnisitet og funksjonsnedsetting. Vi meiner at kunnskap om korleis ein kan førebygge slike fordommar er kritisk når forsking og forskarar skal evaluerast, sa ho.
Hausten 2020 lanserte den nederlandske regjeringa ein handlingsplan for mangfald og inkludering i forsking og høgare utdanning. Planen vart utvikla i nært samarbeid med alle dei største aktørane i det nederlandske forskingssystemet. Nokre av målsettingane i planen er å gjere mangfald og inkludering til eit enno meir sjølvsagt element i pengeutlysingar og akkrediteringsprosessar, og å innføre eit prissystem, tilsvarande Athena Swan.
– Det er etablert ein komité som skal rådgje det nederlandske Utdannings-, kultur- og forskingsdepartementet om korleis ein kan måle utviklinga. Komiteen har folk med alle slags bakgrunnar, og det er veldig nyttig. Komitémedlemmane har mange ulike idear og innfallsvinklar, og det gjer at vi kan bruke komiteen som eit verktøy til å tenkje med, for å oppnå måla i planen, sa Zuurbier.
Øyremerka midlar
Som del av dette arbeidet er NWO no i ferd med å utlyse særskilte midlar meint for nederlandske forskarar med innvandrarbakgrunn.
Frå før er det lyst ut midlar til universitet som vil tilsette forskarar som har måtta flykte frå heimlandet, noko som har vore godt motteke. NWO har også arrangert ein webinarserie om kva for barrierar som kan hindre kvinner i å få ein karriere innanfor naturvitskaplege og teknologiske fag.
– Neste år kjem vi til å ha ei utlysing til forskingsprosjekt som ser på korleis universitet kan skape inkluderande miljø for forskarar med innvandringsbakgrunn, sa Zuurbier.
– Det vil vere svært praktisk forsking, og eitt av vilkåra for å få støtte er at ein samarbeider med minst éin annan institusjon. Dermed vonar vi at universiteta kan lære av kvarandre og få tips til korleis vi kan passe på at unge forskarar med innvandringsbakgrunn blir i systemet, sa ho.
Testar «provotypar»
På spørsmål om kva framtida kan bringe, fortalde Moa Persdotter frå det svenske forvaltingsorganet for innovasjon, Vinnova, om korleis dei vonar å bli betre til å innarbeide kjønnsperspektiv i prosjekta dei støttar.
– Vi spør alltid om det er kjønnsaspekt ved prosjekta som må takast omsyn til, og søkarane må svare ja eller nei og grunngje svaret. Prosjektleiarar frå akademia har vanlegvis ikkje problem med å svare på dette spørsmålet. Og dei som evaluerer prosjektsøknader for oss, er også flinke til å sjå kvar kjønnsperspektiv er relevant.
– Men når vi stiller spørsmålet til andre aktørar, til dømes oppstartsbedrifter eller organisasjonar som også søker pengar frå oss, så har dei ein tendens til å tolke det som at vi spør om kjønnsbalansen i prosjektteamet – og det er ikkje det vi er ute etter, sa Persdotter.
– Så vi ser at vi må arbeide tettare både med institusjonane og med startup-firma frå privat sektor, som også søker pengestøtte frå Vinnova. Det er ikkje nok å berre stille spørsmålet, vi må også kunne gje døme på kvifor det er viktig å inkludere kjønnsaspekt, og vi må tenkje meir på kva som er gode svar på dette spørsmålet, sa ho.
For å kome vidare med dette, har Vinnova eksperimentert med å støtte utvikling av såkalla «provotypar». Det er «provoserande prototypar», eller produkt som blir laga for å tene som døme til skrekk og åtvaring ved å tydeleggjere korleis eit produkt som blir laga utan noko kritisk perspektiv i botn, gjerne endar med å vere ubrukeleg for store delar av befolkninga.
Må vurdere forskarar annleis
Alle FO-representantane var dessutan samde om at ein må endre på evalueringskriteria for forskarar.
– Tradisjonelt har vi brukt produktivitet som eit viktig kriterium, men kanskje bør vi leggje meir vekt på kva forskarane har oppnådd og mindre på kor lang tid dei har brukt på å oppnå det, sa Rochelle Fritch frå Science Foundation Ireland.
– Vi tenkjer mykje på korleis vi kan gjere dette. Ideen er å sjå på eit breitt spektrum av forskingsbidrag, inkludert slike ting som rettleiing, eller arbeid med kvalitetsheving og mangfald i eiga forskingsgruppe. Dette vil også utvide definisjonen på kva som gjeld som framifrå forsking («excellence»), sa Fritch.
Nettopp dette arbeider vi også med no, sa Marius Mitroi frå det rumenske forskingsrådet.
– Vi samarbeider også med innovative oppstartsfirma i tillegg til forskarar, og då prøver vi å finne ut kva som driv dei. Det er viktigare enn om dei har erfaring med entreprenørskap. Dei må kunne få ein sjanse til å vise kva dei kan utrette, så vi ser gjerne at evalueringskriteria blir endra frå publikasjonar til faktiske bidrag, sa han.
– I den samanhengen er det viktig at vi og andre FO-ar i Europa som vi samarbeider med, har ei felles forståing i botnen. Korleis vi kan sikre det, slik at søkarane våre får ei saumlaus oppleving, er framleis eit ope spørsmål, sa Mitroi.
Prosjektet Gender Action har utarbeidd eit dokument med råd til forskingsfinansierande organisasjonar om korleis dei betre kan leggje til rette for kjønnsbalanse i forsking. (Les om det i faktaboksen.)
Kvinnekrav i SFF-satsinga
Det norske Forskingsrådet var ikkje representert i panelet, men områdedirektør for samfunnsutvikling og digitalisering, Jesper Werdelin Simonsen, fortel i ein e-post at ambisjonen til Forskingsrådet er å vere i front både nasjonalt og internasjonalt, for å fremje likestilling og kjønnsbalanse i forsking og innovasjon.
– I siste utlysing av Senter for framifrå forsking, SFF, valde vi å gå høgt på bana og krevje minimum 40 prosent kvinnelege prosjektleiarar hjå søkarinstitusjonar som sende inn fem eller fleire søknader. Kor viktig det er med god kjønnsbalanse, er blitt aktivt kommunisert gjennom både satsinga på SFF og på SFI, Senter for forskingsdriven innovasjon, seier Simonsen.
Dei siste åtte-ti åra har Balanse-programmet representert ein dedikert innsats for kjønnsbalanse i forskingssektoren, og Forskingsrådet er også med i ei nordisk samfinansiering av forsking med same siktemål under NordForsk.
– Dessutan har vi vore ein aktiv pådrivar for at EUs nye rammeprogram, Horisont Europa, ikkje skulle tape framdrift på dette området, seier Simonsen.
Gender Action var eit fireårig EU-prosjekt som vart avslutta våren 2021. Prosjektet hadde avslutningskonferansen Deepening the ERA through Gender Equality 8. og 9. juli 2021.
Rochelle Fritch, Moa Persdotter, Marius Mitroi og Astrid Zuurbier var med i panelet som diskuterte The role of research funders in promoting gender equality: Achievements and next steps, saman med Reda Cimmperman og Enrique Playan.
Sjå opptak frå konferansen på YouTube.
Målet med prosjektet Gender Action var å kartleggje og analysere EU-statane si framdrift i å implementere kjønnslikestilling i forsking, tilby hjelp og støtte med kunnskapsbygging og -overføring, og utvikle politikk for kjønnslikestilling innanfor det europeiske forskingsområdet.
Prosjektet har utarbeidd eit dokument med råd til forskingsfinansierande organisasjonar om korleis dei betre kan leggje til rette for kjønnsbalanse i forsking. Til dømes:
- gje fagfellar jamleg trening i å kjenne att kjønnsstereotypiar
- vere merksam på språket i utlysingane
- skaffe meir kunnskap om korleis måling og evaluering – inkludert uformelle kriterium – slår ut for høvesvis kvinner og menn
- be søkarar gjere greie for om og korleis kjønnsperspektiv er relevant for deira forskingsprosjekt
Meir i The role of funding agencies in the promotion of gender equality in R&I (policy brief 10, mars 2019)
Meir om Gender Action