Klagestorm mot elite-tidsskrift i kjemi
Vitskapleg tidsskrift får stor motstand etter å ha publisert ein artikkel som kritiserer promoteringa av mangfald i akademia.
– Synspunkta i artikkelen er korkje vitskapleg eller etisk korrekte, seier professor i kjemi ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet, Abhik Ghosh.
Angewandte Chemie er eitt av verdas mest anerkjente vitskaplege tidsskrift innan kjemi, men denne månaden rakna delar av det gode ryktet. Bakgrunnen er ein artikkel tidsskriftet publiserte 4. juni, som redaktøren Neville Compton seinare sa at «aldri skulle ha vore på trykk».
Det heile enda med at to av redaktørane blei suspenderte, og 16 av dei internasjonale styremedlemmane i tidsskriftet har trekt seg.
Hevdar mangfald kan gå ut over forskinga
Artikkelen det er snakk om, «"Organic synthesis – Where now?" is thirty years old. A reflection on the current state of affairs» er skriven av forskaren Tomáš Hudlický ved Brock University i Canada. Den opprinnelege artikkelen finst her og delar av han har i ettertid blitt lagt ut på Twitter og Wikipedia.
Kort fortald hevdar Hudlický at kvinner og minoritetar blir føretrekte i tilsettingspraksisar trass i at dei ikkje alltid er dei mest meritterte forskarane. På sikt, seier han, går dette negativt ut over forskinga. I tillegg fører det til diskriminering av menn og andre grupper, ifølge den tsjekkiske kjemikaren.
– Dei haldningane som kjem til uttrykk i artikkelen, er primitive og grunnlause. Diskusjonen om kvinner og mangfald i akademia har vi hatt, og eg ser ikkje vitsen med å ta den diskusjonen på nytt utan at det er kome ny forsking, seier kjemiprofessor Ghosh.
– Dette er ikkje kven vi er
Sjølv om tidsskriftet trekte artikkelen, skapte publiseringa sterke reaksjonar på sosiale medium. Kjemikaren Matt Cliffe ved Universitetet i Nottingham skreiv på Twitter «I’m sorry,@angew_chem, your RSS feed appears to be broken again. This antidiversity screed appears to be from thirty years ago.»
Angewandte Chemie svarte på Twitter at haldningane ikkje reflekterer deira synspunkt, og at artikkelen som kom på trykk ikkje var den ferdige versjonen. «Noko gjekk veldig gale her, og vi er forplikta til å gjere det betre. Dette er ikkje kven vi er», svarer tidsskriftet på sosiale medium. I tillegg har dei publisert eit ope brev til lesarane sine, der dei offentleggjer ei liste over tiltak som skal forbetre mangfaldet og rutinane i eigen redaksjon.
Det er ukjent om tidsskriftet nokon gong har trekt tilbake ein artikkel tidlegare.
Korkje Angewandte Chemie eller styremedlemmane som har trekt seg har respondert på Kifinfo sine spørsmål.
16 styremedlemmar har trekt seg
«Det å trykke rasistiske og sexistiske synspunkt viser til eit større problem – nemleg at tidsskriftet undertrykker kjønnsmangfald og etnisk mangfald i sine publiseringspraksisar.» Det skriv 16 av styremedlemmane i eit offentleg brev, som styremedlem Joseph DeSimone posta på Twitter 8. juni.
Dei 16 – blant dei nobelprisvinnarar – har trekt seg i protest mot tidsskriftet, både for å ha publisert artikkelen og for å ha for lite vekt på mangfald i eigne rekker. «Styret er langt frå representativt i samansetninga av det store kjemifaget, noko som er djupt problematisk i seg sjølv», skriv dei vidare, og foreslår at dei blir erstatta av eit meir mangfaldig styre. Berre 2 av dei 16 som har signert, er kvinner.
Same dag blei to av redaktørane i tidsskriftet suspenderte for å ha latt artikkelen passere. Det er ukjent kven dei to er, og om dei er suspenderte på permanent basis.
– Angewandte Chemie er eit elitetidsskrift og berre dei beste artiklane går gjennom nålauget, fortel professor Ghosh, som sjølv har hatt fått fleire artiklar på trykk. Tidsskriftet er godt over 100 år gamalt.
– Dette er eit tidsskrift som mange av oss ønsker å publisere i, og derfor er det skuffande at dei har valt å la denne artikkelen gå gjennom. Eg trur at Angewandte no vil forbetre seg, og endre rutinane sine.
Mannsdominert på organisk kjemi
Professoren reagerer på at Hudlický hevdar at tiltaka som akademia har innført for å promotere mangfald, er diskriminerande mot menn.
– Det er ingen grunn til å tru at auka mangfald vil føre til redusert kvalitet på forskinga. Det er ikkje berre feil, men også moralsk galt å hevde noko slikt. Kvinnelege forskarar, har samanlikna med mannlege, nokre avgrensingar til dømes i form av svangerskap og omsorgsarbeid. I tillegg veit vi at det eksisterer diskriminering mot kvinner og minoritetar i akademia. Derfor er det heilt rimeleg at kvinner får nokre ekstra tilretteleggingar, seier Ghosh.
– Korleis står det til med mangfaldet og kjønnsfordelinga på kjemifeltet i Noreg?
– Det kjem an på kva slags felt det er snakk om. Organisk kjemi, som Hudlický skreiv om, er mannsdominert. Kjemi som ligg nærmare biologi har relativt fleire kvinner. Det er vanskeleg å seie kvifor. På mitt institutt ved UiT er kanskje 20 prosent av studentane og dei tilsette kvinner.
Umedvitne fordommar i akademia
Ghosh har vore tilsett ved Universitetet i Tromsø i 25 år. Han fortel at kjemiutdanninga ved UiT rekrutterer svært mange frå utlandet, og særleg på doktorgradsnivå.
– Vi er avhengige av arbeidskrafta frå utlandet, og det er mange utanlandske som kjem inn på ulike doktorgradsprogram i Noreg fordi få etnisk norske er like kvalifiserte. Eg synest det er viktig at dei utanlandske kjenner seg komfortable i Noreg. Gjer dei ikkje det, fell lojaliteten, og deretter kvaliteten på forskinga.
– Har du sjølv erfaring med fordommar eller rasisme i akademia?
– I løpet av dei 25 åra så kan eg ikkje seie at eg har opplevd openlys rasisme, men det har definitivt vore ein del tilfelle av bias og fordommar. Eg har sett at europearar oftare får stillingar i konkurranse mot afrikanarar, sjølv om dei sistnemnde er betre kvalifiserte. Det har vore nokre slike episodar, men eg veit ikkje kor vanlege dei er.
Hudlický svarer i eiga pressemelding
Ghosh meiner at det er viktig å ta diskusjonen om mangfald her heime, ettersom det er mange utanlandske forskarar i Noreg. Han fortel at ein tredjedel av dei mest siterte forskarane frå Noreg, ifølge Google Scholar, har utanlandsk opphav. Likevel ser du dei sjeldan i styreromma eller i leiarposisjonar, seier professoren.
– Nokre vil kanskje seie at kritikarane ønsker å sensurere Hudlický sine meiningar?
– Det er mange som forsvarer han og kallar det ei ytringsfridomssak. Til det vil eg seie at det han tar opp har blitt diskutert grundig allereie. Synspunkta hans er korkje vitskapleg eller etisk korrekte. Kvifor ta dette opp utan ny informasjon som støttar meiningane hans?
Kifinfo har kontakta Tomáš Hudlický. Han svarer: «At this time I will not engage in interviews. I am preparing a public statement regarding the entire affair and will be happy to send you the document and you can publish it. I need about a week or so to put it together. Thanks.»
Angewandte Chemie er eit internasjonalt anerkjend tidsskrift, gitt ut av German Chemical Society.
4. juni i år publiserte tidsskriftet artikkelen «"Organic synthesis – Where now?" is thirty years old. A reflection on the current state of affairs», skriven av professor Tomáš Hudlický ved kanadiske Brock University.
Det har fått store konsekvensar, som at to av redaktørane er suspenderte og 16 av styremedlemmane i tidsskriftet har trekt seg.
Det har vore mange kritiske røyster til publiseringa av artikkelen, mellom dei er Abhik Ghosh, professor i kjemisk syntese og analyse ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.