Ombod skal sikre likestilling

Strukturreforma i universitets- og høgskulesektoren er i full gang, og fleire institusjonar står midt oppe i store samanslåingsprosessar. Kva skjer med likestillingsarbeidet når institusjonar slår seg saman?

Frå januar 2016 får det som no er Høgskulen i Buskerud og Vestfold campusar åtte stader. Høgskulen vurderer om eit likestillingsombod kan vere ei løysing for å sikre nærleik til den som sit med ansvaret for likestillingsarbeidet, fortel rektor Petter Aasen. (Foto: Nils Kalve)

Høgskulen i Buskerud og Vestfold (HBV), som vart etablert etter ein fusjon i 2014, skal no fusjonere med Høgskulen i Telemark frå januar 2016.

HBV har allereie fire campusar, og med Høgskulen i Telemark blir det fire til. Ifølgje rektor Petter Aasen er det meininga at både fakultetsstruktur og leiing skal organiserast på tvers av campus. Styringsgruppa som planlegg og leier fusjonsprosjektet, arbeider no med å avgjere korleis ein best kan sikre kort veg mellom dei ulike nivåa i den nye organisasjonen.

‒ Sidan vi allereie har fleire campusar, har vi reflektert litt omkring dette, og vi tenkjer oss at det kanskje er best med ein ombodsstruktur for å sikre nærleik til den som sit med ansvaret for likestillingsarbeidet.

Aasen fortel at likestillingsperspektivet er eit viktig peilepunkt i planarbeidet som no er i gang.

‒ Men institusjonane har ulike policyar og reglement, og fordi vi har kort tid på oss, kan det hende vi berre plukkar reglementet frå ein av institusjonane og går vidare med det, seier han.

– Vi må også tenkje på korleis vi skal handtere dei likestillingsprosjekta vi allereie har gåande. Ved HBV har vi eit opprykksprosjekt for kvinner som er finansiert over Forskingsrådet sitt BALANSE-program. Det omfattar kring femti personar hos oss, og spørsmålet er om vi skal utvide det til å gjelde heile den fusjonerte institusjonen, eller drive det med dei personane som allereie er involverte inntil vidare, seier Aasen.

Nærleiing og fjernleiing

UiT Noregs arktiske universitet er også spreidd på fleire campusar med til dels stor avstand mellom dei. Frå januar 2016 skal UiT fusjonere med høgskulane i Narvik og Harstad, men det er enno ikkje klart korleis høgskulane vil bli innpassa i fakultetsstrukturen.

Marit Fagerheim er oppteken av korleis dei gode resultata frå opprykksprosjektet ved UiT kan fortsetje når det blir større grad av fjernleiing. (Foto: Marte Ericsson Ryste)

‒ I samband med opprykksprosjektet ved UiT, der vi har arbeidd med å leggje til rette for at kvinner skal kvalifisere seg til toppstillingar, har vi sett at det har mykje å seie for den einskilde å merke at ho blir sett, anerkjent og følgt opp av sin næraste leiar, fortel seniorrådgjevar Marit Fagerheim ved Seksjon for personal og organisasjon ved UiT.

– Eg lurer på korleis vi kan ivareta dette i ein situasjon med fjernleiing. Slike organisatoriske faktorar kan nok få noko å seie for likestillingsarbeidet, seier ho.

Ventar på organisasjonskartet

UiT sin eigen likestillingsplan går ut i år, og ein ny plan var til behandling 30. september. Denne planen vil inntil vidare bli gjeldande for den fusjonerte organisasjonen.

‒ I arbeidet med denne planen har eg hatt i bakhovudet om dette vil passe for det fusjonerte universitetet, men vi er sjølvsagt interesserte i gode forslag frå fusjonspartnarane våre. Når organisasjonskartet er klart, må vi sjå om dei andre institusjonane har nye forslag, og eventuelt revidere planen i lys av dei, seier Fagerheim.

Ved UiT er kvart fakultet pålagt å ha planar for likestilling, og likestilling er alltid eit punkt i styringsdialogen mellom fakulteta og universitetsleiinga. Fagerheim reknar med at dette vil bli vidareført ved den nye institusjonen.

Må tenkje nytt om rekruttering

Frå første januar 2016 blir NTNU, Høgskulen i Sør-Trøndelag, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Gjøvik éin institusjon. No blir det arbeidd med å få fasong på organisasjonskartet for den nye institusjonen. NTNU har tyngdepunktet sitt innanfor mannsdominerte fag. Med fusjonen vil dette endre seg noko. Høgskulen i Sør-Trøndelag har til dømes eit stort fakultet for helse- og sosialvitskap, som er kvinnedominerte fag.

‒ Hos oss har vi arbeidd mykje med rekruttering av kvinnelege studentar til teknologi- og ingeniørfag, men no må vi også tenkje på korleis rekruttere menn til dei kvinnedominerte faga. Samstundes blir det interessant å sjå om vi har noko å tilføre teknologi- og ingeniørmiljøa ved høgskulane, seier likestillingsrådgjevar ved NTNU, Svandis Benediktsdottir.

Sjølv om det er mange tunge prosessar med samanslåinga, er det eit unikt høve til å få ny giv i likestillingsarbeidet, meiner Svandis Benediktsdottir frå NTNU. (Foto: Ragnhild Fjellro)

Kan lære av dei mindre

Benediktsdottir har vore i kontakt med dei ansvarlege for likestilling ved høgskulane for å sikre ein god dialog om likestillingsarbeidet i fusjonsprosessen, både når det gjeld studentar og tilsette. Ho trur omstruktureringa kan vere eit høve til å lære av kvarandre.

‒ For oss er det lærerikt å sjå korleis dei mindre institusjonane arbeider med likestilling. NTNU har kanskje meir formell røynsle med likestillingsarbeid, men er ein stor og tung organisasjon. Høgskulane er meir oversiktlege og har kanskje enklare prosessar som dei har prøvd ut og som vi kan lære av, seier ho.

Fusjon kan gje ny giv

Tidlegare i år fekk NTNU pengar frå Forskingsrådet sitt BALANSE-program til prosjektet «Likestilling nedenfra», som skal betre kjønnsbalansen mellom vitskapleg tilsette gjennom kulturendring frå instituttnivå og oppover. Når organisasjonen no blir større, er Benediktsdottir spent på å sjå korleis prosjektet vil påverke institusjonen vidare.

‒ Både struktur og kultur vil kome til å endre seg, så eg meiner denne samanslåinga er eit unikt høve til å få ny giv i likestillingsarbeidet. Men det er også store og tunge prosessar vi skal igjennom, så det gjeld å ta sjansen i bruk, seier ho.

Benediktsdottir  minner om at målet om framifrå forsking er ei sentral grunngjeving for fusjonsprosessane. Men ein får ikkje framifrå forsking utan likestilling mellom kjønna.

‒ Vi har framleis mykje å gå på når det gjeld likestilling, og det kan vere eit hinder i arbeidet at mange trur vi har kome så langt, seier ho.

Strukturprosessen

Regjeringa kom i vår med Meld. St. 18 Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren, og Stortinget har slutta seg til hovudlinjene i meldinga om strukturreform og samanslåingar av institusjonar.

Målet er auka kvalitet og færre, men sterkare universitet og høgskular.

Se også

Les meir

Frå januar 2016 blir fleire universitet og høgskular slått saman, mellom anna nokre av dei vi har intervjua i denne saka:

  • UiT Noregs arktiske universitet fusjonerer med høgskulane i Narvik og Harstad.
  • NTNU går saman med Høgskulen i Sør-Trøndelag, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Gjøvik til éin institusjon.
  • Høgskulen i Buskerud og Vestfold fusjonerer med Høgskulen i Telemark.

Se også