Fjernar gulrøter for likestillingsarbeid

Etter at statlege premieordningar for likestillingsarbeid i akademia er blitt fjerna, er det no opp til kvar enkelt institusjon å betre kjønnsbalansen i akademiske toppstillingar.

Insentivordninga betydde at institusjonane fekk 300 000 kroner for kvar kvinne dei tilsette i toppstillingar i MNT-fag. Men det førte ikkje til store endringar i kvinneandelen, og ordninga vart fjerna. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

I 2010 innførte Kunnskapsdepartementet ei insentivordning for å auke talet på kvinner i førstestillingar i matematiske, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag). Ni universitet og høgskular vart premierte med 300 000 kroner om dei tilsette ei kvinne som professor eller førsteamanuensis, med unntak for interne opprykk. 30 millionar kroner var sett av til ordninga, fordelt over tre år.

I 2013 vart det bestemt at ordninga ikkje skulle vidareførast, etter at ei evaluering viste at ho ikkje hadde fungert slik det var meint.

Underleg ordning

‒ Vi konkluderte med at ordninga ikkje var vellukka, fordi vekstraten i tilsettingar av kvinner i førstestillingar ikkje endra seg. Men det vi også oppdaga, var at mange av dei vi snakka med då vi gjennomførde evalueringa, ikkje kjente til ordninga. Og om noko skal ha effekt, er det jo ein føresetnad at folk veit om det, seier Lars-Erik Becken i Proba samfunnsanalyse. Han var prosjektleiar for evalueringa som vart lagt fram sommaren 2013.

Becken stiller også spørsmål ved om insentivordninga var godt gjennomtenkt i utgangspunktet.

‒ Ein tilsettingsprosess i akademia er mellom dei mest objektive, basert på merittar og publikasjonar. Samstundes er det ikkje lov å utlyse stillingar berre for kvinner, eller å tilsette ei kvinne fordi ho er kvinne. Vi meinte at ei insentivordning som først slår inn etter at tilsettinga har skjedd, var ein underleg måte å gjere det på, seier han.

‒ Heile akademia er bygd opp slik at det favoriserer menn, med sitt system med midlertidige stillingar og meritterande aktivitetar. Så dersom ein verkeleg vil endre på kjønnsbalansen, er det heilt andre og meir grunnleggjande grep som må takast, seier Lars-Erik Becken, dagleg leiar i Proba samfunnsanalyse. (Foto: Erik Ruud)

Kif får meir av ansvaret

Kvinneandelen i toppstillingar har auka dei seinare åra, men er framleis låg, og Proba-rapporten konkluderte altså med at insentivordninga ikkje har ført til nokon auke utover det ein uansett kunne forvente. Den raudgrøne regjeringa valde difor å avvikle prøveordninga. Sidan har Solberg-regjeringa i tillegg bestemt å avvikle Kunnskapsdepartementet sin pris for likestilling i universitets-, høgskule- og instituttsektoren. Prisen har vore utdelt årleg sidan 2007.

I staden for ordningar på institusjonelt nivå, har regjeringa auka mandatet og løyvingane til Kif-komiteen.

‒ Komiteen har fått eit nytt mandat som også omfattar mangfald, fordi ein viss aktivitet for å betre kjønnsbalansen i akademia også er gyldig med omsyn til å motverke annan type diskriminering i akademia. Men det er viktig at utvidinga av mandatet ikkje svekker arbeidet for betre kjønnsbalanse, skriv statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet i ein e-post til kifinfo.no.

Stortingsmelding i 2015

Han framhevar også at Kunnskapsdepartementet støttar arbeidet for betre kjønnsbalanse gjennom BALANSE-programmet til Forskingsrådet. I april i år vart det dessutan bestemt at det skal utarbeidast ei stortingsmelding om kjønnslikestilling, som skal leggast fram i 2015.

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet fortel at den økonomiske ramma for insentivordninga ikkje var øyremerka likestilling. Universiteta og høgskulane må sjølve arbeide aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling, ifølgje Haugstad. (Foto: Kunnskapsdepartementet)

‒ Stortingsmeldinga vil særleg drøfte kva for faktorar, inkludert biologiske og kulturelle, som er viktige for læring og utvikling, kjønnstradisjonelle utdanningsval, fråfall i vidaregåande opplæring, mangel på mannlege rollemodellar i barnehage og skule, og den låge andelen kvinner i akademiske toppstillingar, skriv Haugstad.

Må følgje opp tilsettingar

I evalueringa av insentivordninga kom Proba samfunnsanalyse med nokre framlegg til tiltak som kunne vere med på å auke kvinneandelen i MNT-faga, innanfor den same økonomiske ramma som insentivordninga hadde. Eitt av forslaga var å sette av pengar til ressurspersonar som kan følgje opp konkrete tilsettingsprosessar frå start til slutt.

‒ Insentivordninga hadde ei løyving på 10 millionar i året, og vi tenkte: Korleis kunne ein ha brukt desse summane på ein måte som gav betre resultat? Meir bevisstgjering hos leiinga ved institusjonane er unødvendig, for på det nivået er ein allereie godt kjent med problemstillinga. Vi meinte at det som må til, er å følgje opp faktiske tilsettingsprosessar. Heilt frå utlysingsteksten blir skriven må nokon syte for at det blir lagt vekt på ting som får kvinner til å kjenne seg velkomne. Mykje blir allereie gjort i dag, men skal det vere gjennomført, trengst det ein ressursperson med ansvar for å følgje opp, seier Becken.

Den praktiske organiseringa av slike alternative tiltak låg utanfor Proba sitt mandat, men Becken fortel at dei ønskte å foreslå enkle tiltak som ikkje stilte store krav til rapportering og byråkrati. Men i og med at den økonomiske ramma som insentivordninga gav no er fjerna, blir det opp til kvar enkelt institusjon om dei vil nytte seg av forslaga i rapporten.

‒ Institusjonane må arbeide aktivt

‒ Dei tiltaka som Proba foreslo, er av ein type som fleire institusjonar allereie tek hand om sjølve, til dømes leitekomitear og tiltak som medverkar til at kvinner kvalifiserer seg for å søke om opprykk til professor. For øvrig var ikkje den økonomiske ramma for insentivordninga øyremerka likestilling. Det er ikkje tvil om at det er universiteta og høgskulane sjølve som må arbeide aktivt med tiltak for å oppnå auka likestilling. Det er difor departementet krev at universitet og høgskular utarbeider handlingsplanar for likestilling, skriv statssekretær Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

Lars-Erik Becken peikar på dersom ein vil gjere noko fundamentalt med kjønnsbalansen i toppstillingar, må ein gå grundigare til verks og sjå på heile organiseringa av sektoren.

‒ Heile akademia er bygd opp slik at det favoriserer menn, med sitt system med midlertidige stillingar og meritterande aktivitetar. Blir du gravid, får du jo ikkje publisert noko det året, medan den mannlege kollegaen kan bygge opp bibliografien sin. Får du fleire barn, hamnar du som kvinne enno meir bakpå. Så dersom ein verkeleg vil endre på kjønnsbalansen, er det heilt andre og meir grunnleggjande grep som må takast.

Les meir om insentivordninga

Insentivordninga for å rekruttere fleire kvinner til toppstillingar i matematikk, naturvitskap og teknologi (MNT-fag), vart innført som eit tiltak for å betre kjønnsbalansen i desse faga i 2010.

I 2013 vart insentivordninga evaluert av Proba samfunnsanalyse, og den raudgrøne regjeringa skulle vurdere ordninga. Solberg-regjeringa bestemte å fjerne insentivordninga.

Proba-rapport 2013-10