Kjønnspoeng kan åpne nye dører for både menn og kvinner

– Kjønnspoeng handlar ikkje berre om å bruke poeng til å vippe folk over ei poenggrense dei elles ikkje ville oppnådd. Det handlar også om å sende eit signal om at både kvinner og menn er ønskt på studiet, seier forskingsleiar Liza Reisel.

Poeng for underrepresentert kjønn er eit godt tiltak for kjønnsbalanse, meiner fleire høgare utdanningsinstitusjonar. Men også tiltak for betre studiemiljø er viktig, mellom anna for å hindre fråfall. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

I kjølvatnet av NRK Brennpunkt-dokumentaren «Kjønnskampen» har debatten om kjønnsdiskriminering igjen blussa opp, med særleg søkelys på skuleresultat. Stoltenbergutvalet om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar viste tidlegare i år at jenter får betre grunnskulekarakterar enn gutar i alle fag utanom kroppsøving, at færre gutar enn jenter gjennomfører vidaregåande opplæring, og at dei gutane som gjennomfører, i gjennomsnitt får lågare karakterar enn jentene.

Samstundes kan kvinner få tilleggspoeng ved opptak til ei rekkje høgare utdanningar, noko menn med få unnatak ikkje har kunna nyte godt av. Men kva rolle spelar eigentleg kjønnspoeng for kjønnsbalanse i utdannings- og yrkesval?

– Kjønnspoeng vil ha størst effekt på studium der søkinga er høg. Er det ikkje søkarar, så hjelper det ikkje med tilleggspoeng, seier Liza Reisel ved ISF. (Foto: ISF)

Uråd å evaluere

– Nesten alle tiltak for betre kjønnsbalanse i høgare utdanning er innførte på ein måte som gjer at dei ikkje kan evaluerast. Mange ting spelar inn samstundes, og det blir uråd å måle den spesifikke effekten av kjønnspoenga, seier forskingsleiar Liza Reisel ved Institutt for samfunnsforsking (ISF).

I april la instituttet fram ein rapport om kjønnsdelte yrkes- og utdanningsval, der tiltak for kjønnsbalanse i utdanning var kartlagt. Reisel var prosjektleiar for rapporten, som inngår i kunnskapsgrunnlaget for regjeringas likestillingspolitikk retta mot barn og unge.

– Det vi veit, er at på same tid som kjønnspoeng vart innført for kvinner ved visse ingeniørfag ved NTNU, så har kvinneandelen i desse faga auka. Men den har også auka på liknande fag som ikkje har hatt kjønnspoeng, så det er vanskeleg å seie akkurat kva som gjer utslaget, seier ho.

Viktig for NTNU

Professorrådet ved dåverande Noregs tekniske høgskule vedtok at kvinnelege søkarar kunne få tilleggspoeng ved sivilingeniør- og sivilarkitektstudiet frå studieopptaket i 1981. Akkurat kva studieretningar som kan bruke kjønnspoeng, er blitt endra fleire gonger i tida som har gått.

Prorektor for utdanning ved NTNU, Anne Borg, meiner høvet til å bruke kjønnspoeng for kvinner har vore viktig for dei.

– Vi har over tid forbetra kvinneandelen på dei integrerte femårige sivilingeniørutdanningane. Men vi har framleis ein jobb å gjere på bachelorstudiane i ingeniørfag, seier Borg.

No er det Kunnskapsdepartementet som avgjer kva studium som kan ta i bruk tilleggspoeng for kjønn, og institusjonen må gjere greie for at andre tiltak ikkje har ført fram. Stortinget har bede regjeringa greie ut utforming av ekstrapoeng til søkarar på studium der eitt kjønn er overrepresentert med til dømes 80 prosent.

Kjønnspoeng for kvinner kompenserte for menns tilleggspoeng

Ved NTNU var det ei rekkje fag, mellom anna nanoteknologi, industriell økonomi og teknologileiing, og energi og miljø, som mista høvet til å bruke jentepoeng frå studieåret 2016/17, då kvinneandelen hadde auka i desse faga.

Kvinneandelen fall merkbart ved det første opptaket etter at kjønnspoenga vart fjerna. På industriell økonomi og teknologileiing gjekk talet på kvinner som møtte opp til studiet ned frå 53 prosent i 2015 til 19 prosent i 2016.

– Då analyserte vi tala for å finne ut kva som hadde skjedd, og vi såg at karakterpoenga var ganske like for dei mannlege og kvinnelege søkarane. Men mennene hadde gjennomgåande fleire tilleggspoeng enn kvinnene, og det gjorde utslaget. Så kjønnspoenga hadde kompensert for denne skilnaden, fortel Borg.

Døme på slike tilleggspoeng kan vere fullført militær- eller sivilteneste. Sidan har mellom anna dei nye reglane for verneplikt, der førstegongsteneste er obligatorisk også for kvinner, trådd i kraft, utan at ein veit nøyaktig kva effekt det har hatt.

Tiltak for betre studiemiljø fungerer

Dei siste åra har kvinneandelen stabilisert seg noko på NTNU.

På bachelorutdanningane i ingeniørfag er det ikkje poengsummen som er utslagsgjevande, men det at kvinner i mindre grad søker desse faga, ifølgje Borg. Då trengst andre tiltak.

Kvinneandelen fall merkbart etter at kjønnspoenga vart fjerna. Karakterpoenga var ganske like for dei mannlege og kvinnelege søkarane, men mennene hadde fleire tilleggspoeng enn kvinnene, fortel prorektor Anne Borg. (Foto: Thor Nielsen / NTNU)

– Og no etter fusjonen har vi dessutan fått mange studium som er svært kvinnedominerte, til dømes sjukepleie og grunnskulelærar 1-7. Der har vi starta med tiltak for å auke talet på menn, seier ho.

NTNU har lenge brukt ulike tiltak for å trekke fleire kvinner til teknologiutdanningane, utover tilleggspoeng. Dei har hatt eigne jentedagar, og Jenteprosjektet Ada – ei omfattande satsing retta inn mot både å rekruttere fleire kvinner til å søke teknologi- og IT-fag, og mot å skape eit godt studiemiljø for dei kvinnene som kjem inn på studia.

– Eg er heilt viss på at betre kjønnsbalanse fører til eit betre læringsmiljø, seier Borg.

– Dersom du høyrer til eit sterkt underrepresentert kjønn og ikkje får eit godt sosialt nettverk, så er det lett for at dersom først nokon sluttar, så sluttar fleire. Då vi starta Ada-prosjektet, var studiemiljøet ei viktig grunngjeving.

I fjor kom leiinga ved Chalmers tekniske høgskule i Gøteborg på vitjing for å lære meir om tiltaka ved NTNU.

– Då eg snakka med prorektor ved Chalmers i vår, fekk eg høyre at dei hadde hatt eit hopp i søknadane frå kvinner etter at dei hadde hatt sine eigne jentedagar, seier Borg.

No også for menn

Opp gjennom åra er det, med få unnatak, berre kvinner som har kunna nyte godt av kjønnspoeng, fordi den gamle likestillingslova hadde som overordna mål å hindre kjønnsdiskriminering mot kvinner. Då den nye likestillingslova kom i 2018, vart det opna for å også ta i bruk kjønnspoeng for menn på lik linje med kvinner, og fleire studiestader søkte Kunnskapsdepartementet om å få innføre dette.

Ved årets opptak kunne menn få kjønnspoeng ved to sjukepleieutdanningar, barnevernutdanning ved OsloMet, profesjonsstudiet i psykologi ved universiteta i Oslo og Bergen, i tillegg til veterinær- og dyrepleiestudia ved NMBU, som allereie har hatt denne ordninga for menn i mange år.

Dekan ved NMBU Veterinærhøgskulen, Anne Storset, er veldig nøgd med korleis kjønnspoeng for menn har fungert for dei.

– For oss utgjer kjønnspoenga den skilnaden som gjer at det er tilstrekkeleg mange menn på studiet til at også dei får eit godt studiemiljø. Blir det for få menn, er risikoen større for at dei som kjem inn, sluttar på studiet, seier ho.

Såg effekt av endring

NMBU innførte 2 tilleggspoeng for underrepresenterte kjønn på veterinær- og dyrepleiarstudia i 2004, etter modell av jentepoenga ved NTNU og etter søknad til Kunnskapsdepartementet.

Men i 2017 vart forskriftene nytolka, og departementet kom fram til at NMBU ikkje hadde grunnlag for å bruke kjønnspoeng for menn. Lova opna berre for positiv særbehandling av menn til utdanningar retta mot omsorg for barn, ikkje andre typar utdanning. Poenga vart difor fjerna for opptaksåret 2017/18.

– For oss utgjer kjønnspoenga den skilnaden som gjer at det er tilstrekkeleg mange menn på studiet til at også dei får eit godt studiemiljø, seier dekan ved NMBU Veterinærhøgskulen, Anne Storset. (Foto: Håkon Sparre / NMBU)

I 2018 vart poenga så innførte på nytt, etter søknad i samsvar med den nye likestillingslova. I året utan kjønnspoeng på veterinærstudiet, gjekk talet på menn ned frå om lag 10 førsteårsstudentar i tidlegare år (av om lag 70 studentar), til 5. Ved gjeninnføringa auka talet igjen til 11.

– Då tilleggspoenga for menn vart fjerna, hadde vi ein intern diskusjon om dette. Tilleggspoenga er til ulempe for dei kvinnene som ikkje kjem inn på studiet fordi ein mann får plassen deira, men vi meiner likevel at det er verd å ha kjønnspoenga for å skape eit godt studiemiljø og bidra til å forbetre kjønnsbalansen mellom veterinærar i Noreg. Også kvinnene på veterinærstudiet uttrykte støtte til dette tiltaket – men det galdt sjølvsagt dei kvinnene som hadde fått plass på studiet, seier Storset.

– Låg mannsandel kjem både av at kvinnene har høgare karakterar og at studia tiltrekk seg flest kvinner. Men no er det påvist systematisk skilnad i karakterar for jenter og gutar i vidaregåande skule, og då tenkjer vi at kjønnspoenga er med på å rette opp denne ulikskapen.

Storset minner om at det ikkje er slik at kjønnspoenga opnar for at menn som ikkje er kvalifiserte, får studieplass.

– Det er veldig høgt karaktersnitt hos søkarane våre, og det er ikkje slik at gutane er dårlegare studentar. Problemet er heller dei mange godt kvalifiserte søkarane som ikkje kjem inn.

NMBU har også kjønnspoeng for menn på dyrepleiarstudiet, som er eit treårig bachelorstudium, men der ser dei ikkje ut til å ha effekt.

– Der er det stort sett kvinner som søker, og då hjelper det ikkje med kjønnspoeng. Der må vi heller satse på andre tiltak som betre kommunikasjon.

Må evaluere kjønnspoeng

– Kjønnspoeng vil ha størst effekt på studium der søkinga er høg. Er det ikkje søkarar, så hjelper det ikkje med tilleggspoeng, stadfestar Liza Reisel ved Institutt for samfunnsforsking.

– Det eg trur, er at det ikkje berre handlar om å bruke poeng til å vippe folk over ei poenggrense dei elles ikkje ville oppnådd, men at det også handlar om å sende eit signal om at ein er ønskt på studiet. Og at det finst eit miljø ein kan høyre til.

Framover vil vi trenge meir kunnskap om kva som fungerer og ikkje fungerer av tiltak for å få betre kjønnsbalanse i høgare utdanning, meiner ho.

– Til dømes blir det spennande å sjå kva som skjer med psykologiutdanningane i Oslo og Bergen, der ein no har fått høve til å bruke kjønnspoeng for menn i ein periode på fire år, seier ho.

Er det mogleg å evaluere effekten av kjønnspoenga?

– Det kan la seg gjere, til dømes ved at ein fasar inn kjønnspoeng på ulike tidspunkt ved ulike institusjonar slik at ein kan samanlikne situasjonen før og etter innføringa på tvers av alle institusjonane gjennom heile tidsrommet, seier Reisel.

Stortingsmelding i kjømda

Stoltenbergutvalet foreslo mellom anna at forsøk med tilleggspoeng i høgare utdanning berre skal skje etter søknad frå Universitets- og høgskulerådet, og då omfatte alle studiestader som tilbyr det aktuelle programmet. Først då vil tiltaket bli stort nok til at det kan evaluerast. Utvalet vil også leggje inn krav om evaluering i forskrifta om opptak til høgare utdanning.

Reisel sit sjølv i regjeringas #UngIDag-utval, som skal sjå på likestillingsutfordringar for barn og unge, og foreslå tiltak. Utvalet leverer si utgreiing til hausten. Til hausten er det også venta at regjeringa vil leggje fram stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehagar og skular, der tiltaka Stoltenbergutvalet har foreslått, vil bli følgt opp.

– Så ting vil skje det komande året, men det blir interessant å sjå om ein får til store løft, eller om det blir med flikking her og der. Lærdommen frå historia er at omfattande tiltak er vanskelege å få innført, seier Reisel.

Kjønnspoeng

Søkarar til høgare utdanning kan få kjønnspoeng ved opptak til visse studium der det er sterk ubalanse mellom kjønna. Målet er å oppnå betre kjønnslikestilling på studiet og i arbeidslivet.

Kunnskapsdepartementet avgjer kva studium som kan ta i bruk kjønnspoeng, etter søknad frå institusjonane.

Fram til 2018 var det, med unnatak for veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU, berre kvinner som kunne få kjønnspoeng.

I 2018 vart likestillingslova endra slik at det no kan søkast om å bruke kjønnspoeng for begge kjønn.

Etter endringa kan institusjonane berre søke om å bruke kjønnspoeng i ein avgrensa periode, og dei må gjere greie for at andre tiltak for betre kjønnsbalanse ikkje har gjeve resultat.

I 2019 kan menn få kjønnspoeng ved:

  • veterinær- og dyrepleiestudiet ved NMBU,
  • sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskule og Universitetet i Agder,
  • barnevern ved OsloMet og
  • psykologi (profesjon) ved universiteta i Oslo og Bergen.

I 2019 kan kvinner få kjønnspoeng ved:

  • bachelorstudium i ingeniørfag,
  • landbruksstudium ved Høgskulen i Innlandet,
  • visse bachelorstudiar i maritime fag og
  • visse femårige integrerte masterprogram i teknologi og ingeniørfag ved NTNU.

Kjelde: Samordna opptak

Les fleire saker om kjønnspoeng