Kjem ikkje fleire norske innspel til EU

Kunnskapsdepartementet skal likevel vurdere om det er naudsynt med større satsing på kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i det nye forskingsprogrammet til EU. Forskingsrådet og Kif-komiteen er forsiktige optimistar.

Trass i press frå Forskingsrådet og Kif-komiteen, kjem ikkje Kunnskapsdepartementet til å sende fleire innspel til EU om kjønnsperspektiv og kjønnsbalanse. Det skriv forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø i svaret til Kif-komiteen og Forskingsrådet. (Foto: Marte Garmann)

Heidi Holt Zachariassen i Kif-komiteen er usikker på kor mykje vekt FP9 vil leggje på kjønn. (Foto: Kristin Aukland)

– Så langt har ikkje kjønnstematikken blitt spesielt nemnt når det no kom ny informasjon om Horisont Europa, seier sekretær Heidi Holt Zachariassen i Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen).

Om to år tar EU sitt nye forskingsprogram, Horisont Europa (2021-2027), over for Horisont 2020. President Carlos Moedas og visepresident Jyrki Katainen i EU-kommisjonen for forsking og innovasjon, heldt pressekonferanse om det kommande rammeprogrammet 7. juni.

Katainen informerte der om at Kommisjonen har teke imot 4000 førespurnadar og kommentarar til programmet, i tillegg til 3500 svar på evalueringa av Horisont 2020.

Innspel frå Noreg

Som medlem i programmet har Noreg sendt inn to formelle innspel til EU om høvesvis tematiske prioriteringar og om det grøne skiftet. Forskingsrådet og Kif-komiteen har reagert på manglande innspel om kjønn og kjønnsbalanse, og gjekk i mars saman for å påverke regjeringa til å ta med dette blant innspela til EU.

«Ingen av disse innspillene har tydelig fremmet at det nye rammeprogrammet må fortsette fokuset fra Horisont 2020 på kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i europeisk forskning og innovasjon», stod det i brevet til regjeringa, signert John-Arne Røttingen, direktør i Forskingsrådet, og Curt Rice, som er leiar i Kif-komiteen.

Les om brevet til Kunnskapsdepartementet i saka Oppmodar EU om å halde fram med kjønnsmåla

Røttingen er optimist

Innovasjon- og forskingsprogrammet til EU har som mål å fremje framifrå forsking, konkurransedyktig næringsliv og dessutan finne løysingar på samfunnsutfordringar innan demokrati, miljø og tryggleik. På pressekonferansen trekte Katainen spesielt fram mat, vatn, helse og energi som viktige tema for det neste forskingsprogrammet.

– Det er grunn til å anta at det vil bli initiativ om kjønnsbalanse også i det nye programmet, trur direktøren i Forskingsrådet. (Foto: Ida Irene Bergstrøm)

Verken kjønnsbalanse blant forskarane og innovatørane eller kjønnsperspektiv i sjølve forskinga har så langt blitt nemnt i omtalen av FP9.

– Så vidt eg kan sjå var ikkje kjønnsperspektiv eller kjønnsbalanse tatt opp på presentasjonane som kommissær Katainen og Moedas gav på pressekonferansen. Det faktum at dette ikkje vart eksplisitt nemnt, er nok eit uttrykk for at det i stor grad er kontinuitet på desse områda frå Horisont 2020 og over til Horisont Europa, seier Røttingen, direktør i Forskingsrådet.

Engasjement i sosiale medium

Carlos Moedas skreiv førre veke – på Twitter – at dei skal halde fram arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn i EU-forskinga.

Sidan det ikkje har kome nokon annan informasjon om kjønn under eller etter pressekonferansen, spurde Heidi Holt Zachariassen Moedas på Twitter kor i Horisont Europa ein kan lese at likestilling, kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv er område EU vil satse på. Til dette svarte han at kjønnslikestilling framleis er høgt prioritert, og at dei også i det nye forskingsprogrammet er opptekne av kjønnsperspektiv i forsking og skal jobbe for kjønnsbalanse i forskingsgrupper og ved avgjersler.

– Vi kan framleis ikkje seie så mykje om kor stor vekt Horisont Europa vil leggje på kjønn, seier Zachariassen.

President i EU-kommisjonen, Carlos Moedas, informerte nyleg om det nye forskingsprogrammet til EU. (Foto: European Union / Patrick Mascart)

Ho legg til at det er fleire som engasjerer seg på Twitter no, Eit eksempel er Gender action, eit prosjekt som er finansiert av Horisont 2020. Dei lagar serien Gender in Horizon Europe; fire såkalla policy briefs for å setje kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv på agendaen.

Her kan du lese dei to fyrste: Gender in Horizon Europe – an unfinished business og Gender as a global challenge and key driver for innovation.

Ingen fleire innspel

I mai kom svarbrevet til Forskingsrådet og Kif-komiteen frå regjeringa. Kunnskapsdepartementet og statsråd Iselin Nybø skriv her at dei vil ta innspelet til orientering, og følgje det opp gjennom relevante kanalar. Men dei vil ikkje gje fleire formelle innspel til Europas niande rammeprogram:

«Regjeringen har allerede sendt to formelle norske innspill til EUs niende rammeprogram, som resultat av brede og tidkrevende nasjonale innspills- og involveringsprosesser. Kommisjonen legger fram sitt forslag til niende rammeprogram, Horisont Europa, 7. juni. Av disse grunnene er det ikke aktuelt med ytterligere et norsk innspill til rammeprogrammet nå,» står det i brevet frå Kunnskapsdepartementet.

Nøgd med svaret

Departementet stiller seg likevel bak Rice og Røttingen sine framlegg, og vil vurdere desse når Noreg skal kommentere Kommisjonen sitt forslag til rammeprogram. Det er Røttingen nøgd med.

– Kjønnsdimensjonen er omtala i begge dei norske innspela til utviklinga av FP9, som EU-kommisjonen fekk i 2017. Vi er difor samde med Kunnskapsdepartementet i at det ikkje var naudsynt med eit separat innspel på kjønn rett før Kommisjonen skulle publisere sine framlegg, seier Røttingen.

Kunnskapsdepartementet skal utarbeide ein norsk respons på dette framlegget, og denne vil sannsynlegvis bli levert Kommisjonen i løpet av oktober.

– Brevet frå Kif-komiteen og Forskingsrådet bør bli tatt omsyn til i arbeidet med vidare norske posisjonar til Horisont Europa, seier Røttingen.

Likestilling er framleis med

Til Kifinfo seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Rebekka Borsch, at viktige element som har blitt fremja av ulike land, inkludert Noreg, er tatt med i utkastet til Horisont Europa.

– Sjølv om kjønnsperspektivet ikkje vart trekt fram på pressekonferansen, betyr ikkje det at perspektivet er borte frå utkastet. Til dømes har rammeprogrammet som mål å eliminere kjønnsforskjellar og å arbeide for likestilling i forsking og innovasjon. Vi går gjennom programmet no, og eitt av aspekta vi vil vurdere, er om det framleis er naudsynt å styrke kjønnsperspektivet.

Skal vurdere utkastet

Zachariassen sa til Kifinfo i april at kjønn har blitt diskutert i fleire EU-land. Sverige har formulert eit eige innspel som gjeld kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon.

– Kif opplever at fokuset på kjønn i forsking er på agendaen i Kunnskapsdepartementet, og vi har tillit til at dei i den vidare prosessen vil leggje vekt på dette i utkastet til Horisont Europa. Samstundes vil Kif følgje nøye med på den vidare prosessen for å forsikre seg om at denne tematikken får prioritet, og ikkje berre blir putta inn litt her og der, seier Zachariassen.

– Noreg har bidratt – og bidrar framleis – med å setje dagsordenen når det gjeld likestilling i EU, seier statssekretær Rebekka Borsch. (Foto: Marte Garmann)

Kif-komiteen stiller seg til råds for potensielle faglege innspel når det gjeld korleis Noreg skal vurdere det neste rammeprogrammet. Departementet har no etablert ei uformell gruppe som kjem til å gje råd om korleis Noreg bør vurdere utkastet til Horisont Europa.

– Fleire store instansar deltar i gruppa. Kjønnsdimensjonen er eitt av områda som blir diskutert, og statsråden vil ta med seg råda til møtet i konkurranseevnerådet i juli, fortel statssekretær Borsch.

Sverige har sendt inn innspel om kjønnstematikk. Bør ikkje likestillingslandet Noreg også ta ansvar for å setje dette på dagsordenen hos EU?

– Noreg har bidratt – og bidrar framleis – med å setje dagordenen når det gjeld likestilling i EU. Det var mellom anna Noreg som foreslo kjønn som eit prioritert område i vegkartet for Det europeiske forskingsområdet. Vi set spørsmåla på dagsordenen, og opplever at norske initiativ blir lytta til. Så sjølv om kjønn ikkje var eit eige innspel, har vi omtala kjønnsdimensjonen i eitt av våre innspel, seier statssekretæren.

Noreg blir lytta til

No vil Kunnskapsdepartementet vurdere korleis dei best kan fremje Noreg sine synspunkt i det utkastet som er lagt fram.

På denne tida i fjor var Noreg eitt av få land som hadde levert eit innspel til FP9. Under sitt norgesbesøk i 2017 sa Robert-Jan Smits, generaldirektør for forsking og innovasjon i EU, at Noreg er ein viktig aktør for innspel.

– Vi ønskjer å setje kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv på dagsordenen. Det er grunn til å anta at det vil bli særskilte initiativ om kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv og kjønn som tverrgåande initiativ også i det nye rammeprogrammet, seier Røttingen i Forskingsrådet.

Størst i verda

Programmet som om to år blir avløyst, Horisont 2020 (2014-20), har hatt som mål å betre sysselsettinga og den økonomiske veksten i Europa. Dette programmet har til no vore det største i verda, med eit budsjett på 77 milliardar euro. Horisont Europa vil få eit auka budsjett til mellom 80 og 100 milliardar euro.

– Europa produserer ein tredjedel av alle vitskaplege publikasjonar, og har ein verdsleiande posisjon innan mange fagfelt, sa Katainen på pressekonferansen.

– Substansiell investering trengst i teknologisk forsking og innovasjon, både med tanke på klima, tryggleik og ein aldrande befolkning i Europa. Investering i innovasjon og forsking er ei investering i Europa si framtid.

FP9 - Horisont Europa (2021-2027)

 EUs kommande forskingsprogram:

  • Verdas største forskingsprogram med 80-100 milliardar euro i budsjett.
  • Horisont Europa er EU sitt niande rammeprogram for forsking og innovasjon.
  • Horisont Europa skal betre den økonomiske veksten og skape auka sysselsetting i Europa.
  • Programmet skal også styrke Europa som verdsleiande aktør innan forsking og innovasjon.
  • Horisont Europa tar over for Horisont 2020, som har vart sidan 2014.

Kjelde: European Commission

Kunnskapsdepartementet jobbar med innspel og råd til EU-kommisjonens arbeid med FP9. Ein norsk respons vil sannsynlegvis bli levert Kommisjonen i løpet av oktober.