Vil endra regelverket i EU

Regjeringa stansar ikkje med øyremerking av stillingar til kvinnelige forskarar. No varslar Tora Aasland at målet er å få EU til å endra sitt regelverk på området.

Forskingsminister Tora Aasland satsar på å omgå EUs regelverk for å få fleire kvinner inn i akademia (illustrasjonsfoto: colourbox.no).

Øyremerking av vitskaplege stillingar til kvinner i statsbudsjettet for 2009 er berre ein start, understreka forskingsminister Tora Aasland i eit føredrag på Nei til EUs kvinnekonferanse i Oslo laurdag 11. oktober. Framfor ein fullsett sal lova ministeren fortsatt offensiv satsing på kvinner i forsking.

– Vi satsar på å tøya strikken så langt det er mogleg innanfor EUs regelverk sa ministeren. Ho presiserte at ho ser på øyremerking av stillingar til kvinner som eit heilt sentralt verkemiddel for å auka kvinneandelen i akademia.

– Øyremerking er det viktigaste og sterkaste verkemiddelet, understreka Aasland.

I statsbudsjettet for 2009, som vart lagt fram sist veke, er femten prosent av postdoktor og doktorgrad-stillingane øyremerkte til kvinner. Øyremerkinga er lagt opp som eit målretta tiltak for å få kvinner inn i dei faga der kvinneandelen frå før er svært låg. Dei fleste av desse faga er å finna på dei matematisk-naturvitskaplege fakulteta.

Ny giv for øyremerking

I 2003 sette ein dom frå Efta-domstolen ein stoppar for den førre norske satsinga på øyremerking av akademiske stillingar for kvinner.

I statsbudsjettet for 2009 gjer norske politikarar eit nytt forsøk med øyremerking av stillingar. Det springande punktet i dommen frå 2003 var knytt til faste stillingar. I neste års statsbudsjett går dei øyremerkte midlane til mellombels stillingar. Slik vil regjeringa omgå EØS-regelverket. Aasland understreka at regjeringa har vore i dialog med ESA i arbeidet med det nye øyremerkingstiltaket.

– Vi ønskjer å få til ei ordning som er heilt på grensa, sa Aasland.

Forskningsminister Tora Aasland på på Nei til EUs kvinnekonferanse (foto: Astrid Sverresdotter Dypvik).

Ho understreka at det å manøvrera på ein korrekt måte innanfor EUs regelverk er viktig når ein skal få denne ordninga på plass.

– Det er veldig dumt viss vi skulle få eit nytt nei, sa forskingsministeren som viste til at dommen frå 2003 var eit stort tilbakeslag for likestillinga i akademia.

Hindrar likestillingspolitikk

Aasland understreka at EFTA-domstolen vanlegvis har strengare tolkingar av EØS-regelverket enn EU-domstolen sjølv. Ho presiserte også at EUs regelverk i seg sjølv er eit hinder for regjeringas politikk for likestilling ved norske universitet.

– EU legg unødvendige og på mange måtar provoserande hindringar i vegen for kvinner i forskingsverda, fastslo statsråden.

– I dette tilfellet er EU til hinder for at det blir ført ein god politikk. Konkurransetenkinga er så sterkt forankra i EU-systemet at EU ikkje maktar å setta dette til side til fordel for rettferdstenking, sa Aasland.

Vil endra regelverket

Statsråden poengterte at det er eit mål for denne regjeringa å få EU til å endra regelverket sitt på dette området.

– Vi må også prøva å påverka gjennom dei landa som er nærare beslutningstakarane, sa Aasland.

Gjennom kontakt og diskusjon med sitt nettverk av kollegaer i andre land ønskjer Aasland å påverka EUs politikk innanfrå.

– Min filosofi er at ein kan samarbeida med land og politikarar innanfor EU. Eg har hatt fleire samtalar med den franske ambassadøren til Noreg om dette temaet. Ho er kvinne og er veldig oppteken av likestillingsspørsmål, fortalte statsråden.

Den tyske utdanningsministeren Anette Schavan (Foto: Presse- und Informationsamt der Bundesregierung).

Ho trakk også fram den tyske utdanningsministeren Anette Schavan som ein politikar som ønskjer å trekkja EU i ei meir likestillings- og kvoteringsvennleg retning.

– Vi har ein jobb å gjera. Ein del av denne jobben må gjerast innanfor EU, oppsummerte forskingsministeren.

Ønskjer nordisk allianse

Aasland framheva den nordiske forskarkonferansen ”Kvalitet 2009” som går av stabelen i Oslo i mars neste år, som den første viktige arenaen for å føra ein dialog med EU om desse spørsmåla. Hovudtemaet for denne konferansen er likestilling og kvalitet i forskinga. Konferansen samlar i hovudsak nordiske deltakarar, men fleire europeiske forskingsmiljø kjem også til å vera representerte. Det er Kunnskapsdepartementet, Forskningsrådet, Nordisk institutt for kunnskap om kjønn (NIKK), Komité for integreringstiltak - Kvinner i forskning og Forening for kvinne- og kjønnsforskning i Norge (FOKK) som er vertskap for konferansen.

– Dette blir ein sjanse til å samordna debatten i nordiske forskingsmiljø og til å få i gang ein samtale om korleis EU best kan leggja til rette for å få fleire kvinner inn i forskinga, avslutta Aasland.

Kvalitet 2009

Kunnskapsdepartementet er en av arrangørene av konferansen KVALITET 2009, som avholdes i Oslo 23.-24. mars 2009. Nøkkelaktører innen det forskningspolitiske feltet i Norden vil samles for å diskutere likestilling i akademia, eksellens-begrepet og fremtidens fremragende forskning.

Se også