Utan blikk for likestilling

Fagerbergutvalet, som har evaluert ressursbruken innanfor norsk forsking, har laga ein 170 sider lang rapport som ikkje nemner likestilling med eitt ord.

Gerd Bjørhovde, leiar i Kif-komiteen, er skuffa over at likestilling og kjønnsbalanse ikkje blir nemnt i rapporten. (Foto: Marte Ericsson Ryste)

– Eg er overraska over at det er mogleg å lage ei innstilling som er så reinsa for kjønnsperspektiv, seier Gerd Bjørhovde, leiar for Komité  for kjønnsbalanse i forskning (Kif-komiteen) og professor ved Universitetet i Tromsø, om Fagerbergutvalet sin rapport.

Det var 2. mai i år at utvalet leverte rapporten Et åpnere forskningssystem til Tora Aasland, minister for forsking og høgare utdanning. Utvalet, leia av Jan Ernst Fagerberg, professor ved Universitetet i Oslo, har sett på sambandet mellom resultat og ressursinnsats i norsk forsking og vurdert om forskingssystemet fungerer godt nok. I rapporten hevdar Fagerbergutvalet at norsk forsking dei siste åra har utvikla seg i ei meir lukka retning. Dei konkluderer mellom anna med at norsk forsking er for tematisk styrt, difor tek dei til orde for at to milliardar kroner årleg må settast av til fri forsking. Utvalet går også inn for ein større open konkurransearena for forsking, og for å sikre meir driftsmiddel til aktive forskarar. Men utvalet nemner altså ikkje likestilling med eitt ord, og skriv heller ikkje noko om kva likestillingspolitiske konsekvensar forslaga dei kjem med kan få.

– Eg ser at utvalet nyttar ordet mangfald, men dei skriv likevel ingenting om kjønn som variabel. Dei skriv for eksempel om rekruttering til doktorgrad, utan å skrive om kjønn. Det kjem heller ikkje til syne i talmaterialet. Her hadde utvalet hatt ein god moglegheit til å drøfte kjønn og kjønnsbalanse. Eg synest det er både overraskande og skuffande at dei ikkje har hatt det perspektivet med seg, seier Bjørhovde.

Skuffa Kif–komité

– Er det eit spesielt emne du gjerne skulle ha sett at utvalet hadde drøfta?  

Likestilling burde alltid vere med i bevisstheita, vi arbeider for at kjønnsperspektivet skal integrerast over alt. Idealet er at når ein lagar utgreiingar for sektoren skal ein også alltid ha med ei vurdering av korleis nye forslag vil påverke kjønnsbalansen. Eg må seie at vi trudde at vi hadde fått gjennomslag for det. Eg synest det er særleg merkeleg at ein ikkje drøftar kjønnsperspektiv i det avsnittet som handlar om rekruttering til doktorgrad, seier Bjørhovde.

Ho legg til at ho byrjar bli lei av utval og nemnder som svarar at ”det var ikkje ein del av mandatet vårt, difor vil vi ikkje gjere det”.

– Kva er det som kunne ha vore annleis viss nemnda hadde hatt eit likestillingspolitisk perspektiv?

– Det er ikkje så lett å kome med ei alternativ innstilling på ståande fot, men eg synest det er skuffande at det ikkje blir teke opp i det heile av utvalet.

Vanskeleg teljing  

– Ei masteroppgåve frå 2010 viser at kvinnelege forskarar produserer mindre enn sine mannlege kollegaer. Utvalet kjem med forslag om at favorisere aktive forskarar når det skal bli delt ut forskingsmiddel. Burde dei også ha vurdert kva likestillingspolitiske konsekvensar dette forslaget kan få?   

– Det er gjort veldig få undersøkingar som seier noko om dette. Det er nokre undersøkingar som kan tyde på det, og andre som tyder på noko anna. Men vi veit at det systemet vi har for teljing av publikasjonar, er best tilpassa naturvitskapleg og medisinsk forsking, der ein publiserer i grupper. Ein artikkel på realfag kan ha opp mot 20–30 forfattarar. Teljesystemet tel publikasjonar. Innanfor humanistiske fag, der det er mange kvinnelege forskarar, publiserer ein monografiar og lengre artiklar, slik at ein arbeider over mykje lenger tid med kvar tekst før ein gir det ut. No er det fleire også innanfor humanistiske fag som har byrja tilpasse seg denne måten å publiserer på, men dette teljesystemet har sine svakheiter. Difor er det uheldig å berre mekanisk overføre dette systemet til enno større delar av forskingsverda, meiner Bjørhovde.

Ho er også skeptisk til utvalet sitt forslag om at forskarar skal få tildelt forskingstid på bakgrunn av tidlegare forskingsresultat, slik at produktive forskarar får meir forskingstid enn dei som er mindre produktive.

– Vi har jo byrja gå i den retninga alt gjennom satsinga på Senter for fremragende forsking. Difor er det viktig å spørje om dette er rett medisin. Det ein gjer med slike satsingar er at ein tek ressursar frå fellesskapet slik at dei blir sittande att med mindre, seier Bjørhovde.

Fagerbergutvalet, her ved leiar Jan Ernst Fagerberg, overleverte rapporten til minister Tora Aasland 2. mai. (Foto: Kunnskapsdepartementet)

Avviser kritikken

Utvalsleiar Jan Ernst Fagerberg er ikkje einig i kritikken frå Kif-komiteen.

– Det er korrekt at vi ikkje skriv om kjønnsperspektiv i rapporten vår, verken den eine eller den andre vegen. Det betyr likevel ikkje at forslaga våre ikkje vil vere gunstige for kvinner. Eg er sikker på at forslaga våre om meir open konkurranse og breiare rekruttering vil vere gunstig for likestillinga.

– Kif-komitéen ønskjer at de skal ta opp likestilling som eige kapittel og drøfte i sjølve arbeidet til utvalet, ikkje etterpå?

– Vi har heldt oss til mandatet vårt. Der er det ikkje spesielt framheva at vi skal sjå på dei likestillingspolitiske konsekvensane. Men det tyder ikkje at vi ikkje har vore opptekne av likestilling. At det ikkje er spesielt nemnd tyder ikkje at vi ikkje har hatt det i bakhovudet medan vi har jobba, seier Fagerberg.

– Kif-komitéen føreslår at emnet ikkje skal vere i bakhovudet, men heller bli drøfta eksplisitt i teksten?

– Vi har ikkje gjort det eksplisitt. Eg for min del synest det er rart viss likestilling skal vere med i alle offentlege dokument. Det kan fort bli litt rituelt, poenget er vel å tenke likestilling.

Fagerberg meiner at forslaget om å gi ekstra ressursar til aktive forskarar vil kunne vere gunstig for kvinner i forsking.

– Målet for utvalet vårt har vore å finne ut korleis vi kan får mest mogleg att for ut av dei pengane som blir brukt på forsking. God ressursutnytting krev at forskarane får gode arbeidsvilkår, mellom anna tilstrekkelege driftsmiddel. Problemet med manglande driftsmiddel til aktive forskarar har vore kjend innanfor forskingsverda i ei årrekkje. Vi har vald å ta det på alvor, difor har vi kome med dette forslaget. Men dette er ei breiddesatsing retta mot aktive forskarar, forskarar som publiserer over eit minimumsnivå, ikkje mot eliteforskarar som i dei fleste tilfelle har gode vilkår alt. Det er grunn til å tru at denne ordninga vil vere gunstig for kvinner.  

Fagerberg meiner det er feil at forslaget om å gi middel til dei aktive forskarane vil vere uheldig for forskarar i humaniora og samfunnsfag.

– Cristin-databasen som vi brukar for å telle har god dekning humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, fagretningar der det er mange kvinnelege forskarar. Den naturvitskaplege forskinga er meir kostnadskrevjande, ein treng meir utstyr og ressursar til rådigheit for å kome fram til resultat enn det ein gjer innanfor humanistisk forsking. I utgreiinga kjem det fram at institusjonar med ein høg andel humaniorafag er blant dei mest produktive institusjonane i forskingssystemet når ein ser på sambandet mellom ressursar og resultat. Så om det er noko som er skeivt i denne samanlikninga, så er det til fordel for humaniora, seier Fagerberg. 

Fagerbergutvalet

Ekspertutval for god måloppnåelse i offentleg finansiert forskning, Fagerbergutvalet, overleverte rapporten Et åpnere forskningssystem til minister for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland, 2. mai.

Kunnskapsdepartementet opplyser at innstillinga frå utvalet vil bli sendt på brei høring til sentrale aktørar.

Medlemmer i Fagerbergutvalet:

  • Jan Fagerberg, professor og leiar av utvalet
  • Gry Agnete Alsos, adm. direktør
  • Marianne Andreassen, direktør
  • Ådne Cappelen, forsker
  • Inge Jan Henjesand, leder
  • Astrid Lægreid, professor
  • Curt Rice, prorektor
  • Agnar Sandmo, professor
  • Randi Søgnen, direktør

Se også