Menn i mindretal

I generasjonar var det helst menn som blei legar, psykologar og tannlegar. Annleis er det no. I dag er det så få gutar som søkjer seg til profesjonsstudia medisin, psykologi og odontologi at Universitetet i Oslo vurderer kvotering.

Universitetet i Oslo vurderer bruk av kjønnspoeng ved opptak til dei tre kvinnedominerte faga psykologi, medisin og odontologi. (Foto: Wikimedia Commons)

I desse dagar sender leiinga ut eit framlegg på høyring der dei vurderer å innføre tilleggspoeng og andre rekrutteringstiltak for mannlege søkjarar til medisin, psykologi og odontologi (tannlegestudiet).

Problemet er enkelt å sjå: Av dei som søkte på profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Oslo (UiO) våren 2012 var berre 20 prosent menn, og talet på mannlege søkjarar er søkkande. 70 prosent av dei som får tilbod om plass på odontologi er kvinner. Tilboda er ikkje fullt så skeive på medisin – 60 prosent kvinner og 40 prosent menn. Dessutan: Mennene som først får tilbod om plass på dei tre studia, takkar oftare nei enn kvinnene.

Dei tre fakulteta som tilbyr desse studieprogramma ved UiO, samt studiedirektør Monica Bakken, gav ei arbeidsgruppe i oppgåve å leggje fram løysingar. Rapporten deira går inn for tilleggspoeng for menn til dei tre studia, allereie ved opptaket hausten 2013. I dag finst det ikkje noko studie ved UiO med kjønnspoeng korkje for kvinner eller menn.

Slik opptaksforskrifta er i dag, kan lærestadene favorisere eit kjønn med maksimalt to tilleggspoeng. Arbeidsgruppa meiner at dette ikkje er nok. Dei foreslår, med psykologistudiet i tankane, at Kunnskapsdepartementet endrar reglane og opnar opp for fleire tilleggspoeng.

Arbeidsgruppa har gjort analyser. Dei har simulert kor mange menn som hadde kome inn med så og så mange tilleggspoeng. Men eit vell av spørsmål reiser seg. Fungerer det? Korleis gjekk det med dei som gjorde det? Og til slutt: Er det rettvist?

Effekten som forsvann

Noregs veterinærhøgskule er den einaste lærestaden i Noreg som har kjønnspoeng for gutar. Ifølgje rektor Yngvild Wasteson greidde ikkje tilleggspoenga å rette opp kjønnsbalansen ein gong for alle. Etter at mediemerksemda la seg, slutta dei mannlege søkjarane å storme til høgskulen.

Rektor ved Veterinærhøgskulen, Yngvild Wasteson. (Foto: Veterinærhøgskulen)

– Vi fekk merkbart fleire mannlege søkjarar dei tre første åra. Men med tida blei effekten mindre og mindre, og no er vi nesten tilbake på nivået før innføringa av kjønnspoenga. Det er vanskeleg å seie kva som er årsaka, seier Wasteson.

Ho fortel at Veterinærhøgskulen ikkje har ressursar til å drive store rekrutteringskampanjar retta spesielt mot menn. Likevel – på utdanningsmesser og på dei nye nettsidene sine legg høgskulen vekt på å syne fram dei mannlege studentane sine.

– Men det er ein balansegang. På den eine sida kan det vere bra for læringsmiljøet å ha fleire gutar blant studentane. Men det er jo ikkje noko gale i å vere ei flink jente heller, meiner Wasteson.

Ho fortel at ho før var skeptisk til kjønnspoeng men no har snudd, av di ho meiner det er eit viktig og konkret verkemiddel. 

– Urettvist, men fungerer godt

På sivilingeniørstudia ved NTNU og fleire andre teknisk-naturvitskapelege studie er det jentene som får kjønnspoeng. Nina Kotte, prosjektleiar for Jenteprosjektet Ada ved NTNU, fortel at jentepoenga på sivilingeniørstudia fungerer glimrande.

– Kjønnspoeng er effektivt på studium med høge inntakskrav og mange søkjarar. På til dømes nanoteknologi, eit studium med få plassar, var det berre om lag 27 prosent kvinner blant primærsøkjarane. Men på grunn av jentepoenga fekk vi nesten 50 prosent jenter i første klasse.

Trass suksessen trur Kotte ikkje at tilleggspoeng ville fungert på kvinnedominerte studie med lågare karakterkrav, som til dømes sjukepleiarstudia, av di karakterspriket mellom søkjarane blir for stort.

Nina Kotte, leiar for Jenteprosjektet ADA ved NTNU, trur kjønnspoeng fungerer godt på høgstatusfag. (Foto: NTNU/IDI Kai T. Dragland)

– Sivilingeniørstudia er høgstatusfag, det er mange flinke søkjarar og marginane mellom dei er frykteleg små. Det er ofte snakk om tidelar. På somme studie er det berre to poeng som skil dei 30 siste som kjem inn, seier ho.

Med så skarp konkurranse kan eitt eller to kjønnspoeng dytte ein søkar langt opp i køen. Verre blir det når karakterskilnaden mellom søkjarane er stor.

Ved NTNU er problemet motsett. Der takkar fleire kvinner enn menn nei til tilbod om studieplass. Difor har NTNU i tillegg satsa hardt på rekrutteringstiltak som Jenteprosjektet Ada. Viktige ingrediensar er nettverksbygging, for å få jentene som byrjar til å fullføre, og marknadsføring. I staden for at NTNU kjem til jentene får dei jentene til å kome til NTNU, gjennom arrangement som Jentedagen og IT-camp. Universitetet betaler reise og opphald i 2-3 dagar for fleire hundre deltakarar kvart år og meiner det er billigare enn tradisjonell marknadsføring.

– Fleire av deltakarane har kome til oss i ettertid og sagt at ”det var dette som skulle til”. I fjor var det til dømes 40 prosent av deltakarane på IT-campen som søkte seg til NTNU og av dei kom 25 prosent inn. Med desse tiltaka når vi målgruppa 100 prosent og kastar ikkje bort annonsepengar, hevdar Kotte.

Men trass i at Jenteprosjektet Ada kan vise til suksess finst det ingen universell aksept for jentepoeng ved NTNU.

– Gutane synst det er urettvist og jentene likar ikkje tanken på å ha blitt kvotert inn. Kjønnspoeng er urettvist, men det synst eg er greitt.

Alternativ

Ifølgje forskar Åse Røthing, som for tida arbeider med å kartlegge rekrutteringsprosessar og faglege prioriteringar i lys av spørsmål om kjønnsbalanse ved Det teologiske fakultet på UiO, er det ikkje rart at forskjellsbehandlinga vekkjer debatt.

– Krava om kjønnsbalanse bryt med dei meritokratiske ideala i akademia, at tildeling av studieplassar skal gis til dei med dei høgaste poenga, peikar ho på.

– Jenter er i gjennomsnitt flinkare enn gutar i nesten alle fag på skulen. Eit slikt ideal vil vel føre til overvekt av jenter på elitestudia?

Forskar Åse Røthing er kritisk til kjønnspoeng for menn i eit rettferdsperspektiv. (Foto: Kristin Engh Førde)

– Feministiske krav om kjønnskvotering sprang ut frå ein tanke om at kvinner i somme tilhøve stiller dårlegare enn menn, og at kvinner og menn difor måtte handsamast ulikt om ein skulle oppnå likskap. Om ein argumenterer ut frå ei tru om at skuleverket passar jenter betre enn gutar og at jenter difor får betre karakterar, kan kjønnspoeng vere rettvist. Om det ikkje er det som er grunnen, er det rimeleg å spørje seg om det er rettvist at gutar skal få ekstrapoeng for ein slappare skuleinnsats enn jentene.

Universitetsleiinga har bede Røthing om å skrive ein fagleg kommentar til utgreiinga om tilleggspoeng for mannlege søkjarar. Ho argumenterer for at det ikkje lar seg gjere å forsvare tilleggspoeng for menn i eit rettferdsperspektiv.

Men om det er urettvist å rykkje menn med dårlege karakterar opp i køen, korleis skal universitetet kome jentedominansen til livs? Røthing foreslår alternativ:

– Eigne studieplassar reservert for menn, som kvinner ikkje kan konkurrere om.

– Økonomiske insentiv til mannlege søkjarar for at fleire skal takke ja til studieplassen, til dømes ekstra stipend til menn som fullfører studieløpet.

Mannlege verdiar?

Då Høgres næringsminister Ansgar Gabrielsen innførte krav om 40 prosent kvinnelege styrerepresentantar, var det ut frå grunngjevinga om at kvinner og menn er ulike og kvinner leiar på ein annan måte enn menn, og det er næringslivet tent med. Røthing hevdar at tilhengarane av kjønnspoeng ofte følgjer same logikk: Profesjonane fungerer best om verdiane til begge kjønn er representerte.

– Denne tilnærminga reproduserer førestellingar om statiske kjønnsforskjellar og vender fokus bort frå variasjon. Dessutan viser ikkje utgreiinga til forsking som dokumenterer at klientar faktisk ønskjer å møte ein behandlar av same kjønn eller at eit kjønnsbalansert forskingsmiljø gir betre forsking enn eit miljø med stor overvekt av kvinner, seier Røthing.

– Det er jo ganske frekt å hevde at menn skal garantere for god forsking og at eit miljø med overvekt av kvinner ikkje kan produsere like god forsking.

Utgreiinga legg vekt på mangfald bland framtidige yrkesutøvarar og vil ha tilleggspoeng for menn for å sikre dette. Røthing peiker på at studiar av skuleprestasjonar tvert i mot viser at utdanningsnivået til foreldra betyr langt meir enn kjønnet til søkjarane.

– Det er difor verd å spørje seg om søkjarar som har foreldre med låg utdanning, like gjerne som mannlege elevar burde få tilleggspoeng på dei aktuelle studieprogramma.

UiO har sett frist til 1. mars for høyringsinnspel til kjønnspoenga. Så skal leiinga gjere seg opp ei meining, og innan 15. april skal dei sende eventuelle innspel til Kunnskapsdepartementet.

Fakta

Til enkelte studiar blir det gitt poeng til underrepresentert kjønn. Kjønnspoenga blir gitt som ein del av skulepoenga og reknas med i kvoten for førstegongsvitnemål.

Kvinnelege søkjarar får 2 poeng til

  • 2- og 3-årige ingeniørstudiar (unntatt kjemi)
  • maritime høgskulestudiar
  • landbruksstudiar ved statlege høgskular
  • siv.ing.-studiane (integrerte masterstudier) ved NTNU (unntatt industriell design og industriell kjemi og bioteknologi)

Mannlege søkjarar får 2 poeng til

  • veterinær- og dyrepleiarstudiane ved Noregs veterinærhøgskule

Kilde: Samordna opptak

Fakultetsleiinga ved Det samfunnsvitenskapelege fakultet, Det medisinske fakultet og Det odontologiske fakultet nedsette 23. august 2011 ei arbeidsgruppe for ei utgreiing av bruk av tiltak for å betre kjønnsbalansen ved profesjonsstudiane.

Utredning om tildeling av tilleggspoeng for det underrepresenterte kjønn ved opptak til studieprogrammer i helseprofesjonene medisin, odontologi og psykologi ved Universitetet i Oslo skal til høyring med frist 1. mars. Innan 15. april skal eventuelle innspel sendas til Kunnskapsdepartementet.

Se også