– Eit viktig initiativ

Rektorane ved norske universitet og høgskolar helsar Forskingsrådet si nye kvinnesatsing velkomen.

Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo. (Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen)

Forskingsrådet si nye satsing på rekruttering av kvinner til toppstillingar og forskingsleiing har fått namnet BALANSE. Etter planen skal prosjektet gå over sju år, frå 2012-2018, og ha eit oppstartsbudsjett på 20 millionar kroner.

– Dette er eit svært viktig initiativ, seier Kari Melby, prorektor ved  NTNU.

Også Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo, er fornøgd med satsinga.

– Institusjonar og fagmiljø kan ha ulike utfordringar når det gjeld arbeidet med å skape betre kjønnsbalanse, men i tillegg til det arbeidet som alt er i gang, er det viktig at ei så sentral verksemd som Forskingsrådet grip tak i dei felles utfordringane som er i sektoren og legg føringar som kan gi ei sterkare og meir konsekvent integrering av likestillingsdimensjonen i høgare utdanning. Forskingsrådet står for ein stor del av finansieringa av forskinga og er difor ein viktig aktør som har stor påverknadskraft overfor fagmiljøa i dette arbeidet, seier Ottersen.

Tredelt satsing

I 2003 vart eit prosjekt med øyremerking av vitskaplege stillingar til kvinner stoppa av Efta-domstolen. Dette er Forskingsrådet si mest ambisiøse kvinnesatsing sidan då. Prosjektet vart vedteke i Forskingsrådet sitt hovudstyre i november i fjor, men for å kunne gjennomføre planane er Forskingsrådet avhengig av støtte frå Kunnskapsdepartementet. Initiativet har tre hovuddelar.

Den første er ei stipendordning for å fremje merittering av kvinner etter postdoktoratnivå. Stipendet skal også brukast til å auke mobiliteten mellom forskingsverda og næringsliv, og over landegrensene. Den andre delen går ut på å auke andelen av kvinner innanfor forskingsleiing. I tillegg er det eit mål å auke kompetansen på likestilling blant forskingsleiarar av begge kjønn. Den tredje delen handlar om å få meir kunnskap om dei mekanismane som gjer at kvinner blir borte på vegen mot toppstillingar. Mellom anna skal problemstillinga knytt til mellombels stillingar undersøkast.

Stipend

Inga Bostad, prorektor ved Universitetet i Oslo, synest det er gledelig med stipendordning etter postdoktorat.

– Dette prosjektet stemmer godt overeins med tiltaka vi har i vår handlingsplan for likestilling, Den store bøygen er i overgangen frå postdoktorat til fast stilling. Det er eit generelt problem i sektoren at det er for få stillingar. Det blir det ikkje gjort noko med i denne omgangen, men desse stipendordningane vil vere nyttige og viktige, seier Bostad.

– Forskingsdelen er også veldig interessant for oss. Nokre institutt på UiO er i gang med eigne undersøkingar om same tema. På teologisk fakultet undersøker ein kvifor kvinnene blir borte, på Utdanningsvitskapleg fakultet er det mennene som forsvinn, seier Bostad.

Leiinga ved Universitetet i Oslo meiner også at Forskingsrådet si satsing ikkje må bli for lita, og at institusjonane må få stadfesta at budsjettet for prosjektet ikkje vil bli mindre i løpet av perioden. I tillegg meiner dei at prosjektet må samordnast med intensivsatsinga for rekruttering av kvinner til fagretningane matematikk, naturvitskap og teknologi.

Kari Melby er prorektor ved NTNU. (Foto: Gorm Kallestad, Scanpix/NTNU)

Kari Melby ved NTNU, synest at stipendordninga er ein svært god idé.

– Det er eit faktum at overgangen frå rekrutteringsstilling til fast vitskapleg stilling er vanskelegare for kvinner enn for menn. Ei stipendordning kan vere eit rett verkemiddel. Det er også veldig vitig å auke kunnskapsgrunnlaget for ei likestillingsorientert forskingsleiing, meiner Melby.

Ho understrekar at initiativet kan bli spesielt viktig for NTNU, fordi universitetet har særlege utfordringar når det gjeld likestilling.

– Det er ei utfordring for heile UoH-sektoren at kvinneandelen fell når ein går oppover på karrierestigen. NTNU ligg noko lågare enn gjennomsnittet i sektoren på alle trinn. Difor er alle tiltak som kan føre til ein betre kjønnsbalanse blant forskingsleiarar og i toppstillingar viktige for oss. Dei stør opp om våre eigne, ambisiøse mål, seier Melby.

Ho fortel at grunnen til NTNU sine utfordringar når det gjeld likestilling er at universitetet har ein naturvitskapleg hovudprofil. 

– Nyttig

Sigmund Grønmo, rektor ved Universitetet i Bergen, helsar Forskingsrådet sitt nye initiativ velkomen.

– Eg synest det er bra at dette kjem i gang, og er positiv både til innretninga og opplegget, seier Grønmo. Han poengterer at han håpar prosjektet vil
betre finansieringsmoglegheitene for likestillingsprosjekt, både ved Universitetet i Bergen og i sektoren generelt.

Rektor ved Høgskolen i Oslo, Sissel Østberg. (Foto: Devegg Ruud)

Også Sissel Østberg, som er rektor ved Høgskolen i Oslo, meiner dette er eit godt initiativ.

– Dette er kjempefint, seier Østberg.

Ho understrekar at for Høgskolen i Oslo sin del hadde det vore ønskeleg med stipend også før postdoktorat-nivå for å stimulere mastergrads- og doktorgradsstudentar på fag der det er få kvinner. Høgskolen i Oslo skal frå 1. august i år slåast saman med Høgskolen i Akershus.

– Eg reknar med at Forskingsrådet sitt prosjekt vil bli nyttig når vi skal lage ein ny plan for likestilling i samband med samanslåinga, seier Østberg.

– Relevant for oss

Høgskolen i Bergen vart i januar i år tildelt Kunnskapsdepartementets likestillingspris. Rektor Eli Bergsvik seier at Forskingsrådet sitt initiativ gir inspirasjon til å arbeide vidare.

Eli Bergsvik er rektor ved Høgskolen i Bergen. (Foto: Høgskolen i Bergen)

– Det vil kunne stimulere oss til vidare innsats, både strategisk, fagleg og økonomisk, seier Bergsvik.

Ho seier at ho trur Forskingsrådet si satsing har kimen i seg til å skape endringar i kjønnsbalansen i sektoren.

I Forskingsrådet sitt initiativ er stipenda retta inn mot prosjekt etter postdoktorat. Bergsvik meiner at det hadde vore ein fordel for Høgskolen i Bergen, om stipenda også kunne bli gitt ut på postdoktoratnivå, og om Høgskolen i Bergen også kunne knytte til seg postdoktorat-stipendiatar.

– Dette er viktige kvalifiseringsstillingar, og det ville ha vore eit nyttig verkemiddel for oss.

Bergsvik har også eit forslag til den nye satsinga.

– I Forskingsrådet sin strategi for internasjonalisering må institusjonane vise til internasjonalt samarbeid. Det kunne ha vore ein god idé at institusjonane også må kunne vise til at begge kjønn er representerte når dei set ned forskingsgrupper. Slik kan også kvinner kvalifisere seg til å bli forskingsleiarar, seier Bergsvik.

Også leiinga ved Universitetet i Oslo meiner også at Forskingsrådet må satse på ei sterkare og meir konsekvent integrering av likestillingsdimensjonen, og at dei bør arbeide for at likestilling blir integrert i alle prosjektsøknader, uansett kva fag eller  programområde det er tale om.  

BALANSE

Forskingsrådet si satsing Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse (BALANSE) har eigne nettsider. Nettsida blei lansert i mars 2011.

Se også