Det nye studentkullet vel tradisjonelt

Rekordmange jenter vil studere teknologi ved NTNU. Fleire menn søker seg til barnehagen. Men dei fleste vel tradisjonelt.

Aldri før har det vore så mange kvinnelege søkarar til mastergrad i teknologi ved NTNU. Også ved sivilingeniørutdanninga er talet aukande. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

På sine eigne nettsider kallar NTNU det ein liten jenterevolusjon. Det har aldri vore så mange jenter som har ønska å ta mastergrad i teknologi ved universitetet som i år. 26,3 prosent av søkarane er jenter, det er ein auke på 12,8 samanlikna med året før. Også på den tradisjonelt svært så gutedominerte sivilingeniørutdanninga har talet på jenter auka dei siste åra. Camilla Nereid, avdelingsdirektør ved Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, RENATE, seier at det ikkje er nokon tvil om at NTNU kan vise til dei beste tala når det gjeld å rekruttere kvinner til realfag.

– NTNU er den einaste staden eg har lagt merke til som har klart å betre søkartala for kvinner på institusjonsnivå. Dei har hatt ei jamn auke på sivilingeniørstudiet, for eksempel, seier Nereid. Søkartala for 2011 viser at 26,9 prosent av søkarane til sivilingeniørstudiet er jenter.

Ho understrekar at også NTNU har ein lang veg å gå for å oppnå nokolunde kjønnsbalanse.

– Sjølv om NTNU er best i klassen, er ikkje meir enn om lag ein fjerdedel av søkarane jenter, seier Nereid.

Ho viser til at sjølv om NTNU og andre studiestader lagar eigne rekrutteringskampanjar for jenter, er det lite elles i samfunnet som dreg jenter til realfag.

Ho har lagt merke til at NTNU har retta seg spesielt mot jenter i si eiga marknadsføring.

– NTNU har lokka fleire jenter til teknologi og til sivilingeniørstudiet ved å understreke samfunnsrelevansen av faga. For å lokke jenter til studiet har dei understreka at ein med dette studiet kan gjere noko for verda, heller enn å omtale det som gjeld lønn og eigen karriere. Mange jenter vel helse- og sosialfag nettopp fordi dei vil gjere noko for andre, seier Nereid.

Friluftsliv trekker menn

Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) som utdannar førskolelærarar, kan i år notere seg fleire mannlege søkarar enn nokon gong tidlegare. Heile 19,5 prosent av søkarane til høgskolen i år er gutar og menn. Aller flest mannlege søkarar er det til linja for natur- og friluftsliv, der så mange som 30 prosent av søkarane er menn.

Førstelektor ved DMMH og kontaktperson for prosjektet Menn i barnehagen, Kari Emilsen. (Foto: Berit Gåsbakk)

– Vi har jobba med tematikken i fleire år og har sett ei jamn stigning i søkartala, seier Kari Emilsen, førstelektor ved DMMH og kontaktperson for rekrutteringstiltaket Menn i barnehagen. Talet på mannlege søkarar til førskolelærarstudiet har auka kvart år sidan 2008. Då låg talet på 12,9. Endringa er resultat av systematisk jobbing, meiner Emilsen.

Både DMMH og andre førskolelærarutdanningar har sett i verk fleire rekrutteringstiltak spesielt retta mot unge menn. Mellom anna har dei laga informasjonsbrosjyrar om utdanninga som er spesielt retta mot gutar og menn. I enkelte kommunar har talspersonar for førskolelærarutdanninga også fått sleppe til i skoletimane for å reklamere for førskoleutdanning som yrkesval for gutar.

– Handlingsplanen for grunnskole og barnehage frå 2008-2010 tek for seg likestilling i barnehagen. Den dannar grunnlaget for arbeidet vårt. Det har vorte arbeidd med dette lokalt, i tillegg har vi hatt eit nasjonalt team som har hatt ansvaret for koordinering på landsbasis, seier Emilsen.

DMMH har systematisk jobba for å ta seg av dei mannlege søkarane.

– Vi har mellom anna prøvd å la dei gutane som går her profilere oss. For ei tid sidan laga for eksempel TV2 eit oppslag om mannskoret her på skolen. Vi prøver også å ta vare på dei gutane som er her. Vi har som mål at alle dei mannlege søkarane skal bli oppringt av ein av dei mannlege studentane her, seier Emilsen.

Ho legg til at ho trur at framgangen kjem av at DMMH arbeider så mykje med problemstillingane.

– Eg trur at grunnen til at vi har fått det til er at vi har hatt det langt framme i pannebrasken heile tida og at vi prøver med fleire små og store tiltak, seier Emilsen.

Ein av hemmelegheitene bak auken i mannlege søkarar til førskolelærarstudiet er linja for natur og friluftsliv. Emilsen har sjølv vore med på å skrive ein rapport som viser at linjer for natur og friluftsliv motiverer fleire menn til å søke seg til barnehagen. Det er gjerne menn som i utgangspunktet er svært interesserte i friluftsliv, og som ser yrkesvalet som ein måte å kombinere jobb og fritidsinteresser på, som vel denne utdanninga. Mange menn i friluftsbarnehagar reknar denne typen barnehage for å vere meir i tråd med tradisjonelle maskuline verdiar. Rapporten har namnet De er mange, de er motiverte, de er menn i natur- og friluftslivsbarnehage.

Lite endring for IKT

Nina Kotte som er prosjektleiar ved Jenteprosjektet Ada ved NTNU, har ikkje merka nokon særlege endringar i søkartala frå i år til i fjor. Jenteprosjektet Ada arbeider for å rekruttere jenter til studiar i datateknikk, informatikk og teknisk kybernetikk. 

Prosjektleiar Nina Kotte i Jenteprosjektet Ada. (Foto: NTNU/IDI Kai T. Dragland)

– Vi har arbeidd med dette i ti år. På 1990-talet var det mange jenter, så gjekk det ned. Vi er brukbart nøgd med det vi har fått til etter 2006. I dag er det mellom 14 og 15 prosent jenter på IKT-studiar, og det er om lag same andel som det er kvinner i bransjen. Både vi og NTNU synest det er for dårleg, seier Kotte.

Fakultet for informasjonsteknologi, matematikk og elektroteknikk, brukar kvart år 1,8 millionar kroner på rekruttering av jenter. Nina Kotte synest det er vanskeleg å seie sikkert i kva grad tiltaka dei gjer verkar etter planen.

– Det er vanskeleg å seie om einskildtiltak fungerer, fordi det blir gjort mange ulike tiltak av mange ulike instansar kvart år, og ingen kan seie heilt sikkert kva av tiltaka som har effekt. Det er heller ikkje slik at alle tiltak verkar like godt frå år til år. I fjor hadde vi ein eigen IT-camp for jenter, og resultata derifrå var svært gode. Heile 40 prosent søkte seg til IKT-studiar etterpå. I år gjennomførte vi det same tiltaket, men resultatet vart mykje svakare, fortel Kotte.

Ho understrekar at det er langt meir enn NTNU sine tiltak som avgjer unge jenter sitt studieval. Mellom anna sørgja det såkalla dot.com-krasjet i 2002 for at søkartala til alle datafag gjekk ned, men nedgangen var høgast blant jenter. 

– Vi ser at søkartala våre svingar i takt med andre trendar og er avhengig av langt meir enn akkurat dei tiltaka vi gjer her i Noreg. For eksempel følgjer søkartala her akkurat den same kurva som søkartala for universitetet Carnegie Mellon i Pennsylvania i USA, som også har satsa sterkt på rekruttering av kvinner og som gjer den same kartlegginga av søkartal som det vi gjer, seier Kotte. 

– Svært stabilt

Sjølv om enkelte studieretningar kan vise til oppsiktsvekkande endringar, viser tal frå Samordna Opptak at fordelinga mellom menn og kvinner på dei ulike studia er svært stabil. Bente Ringlund Bunæs som er dagleg leiar i Samordna Opptak, har sett på tala frå 1999 og fram til i år. 

– Frå år til år er det små variasjonar. Kor mange prosent gutar og kor mange prosent jenter som søker seg til kva studium er svært føreseieleg frå år til år, seier Ringlund Bunæs.

Dei seinaste åra har om lag 60 prosent av søkarane til høgare utdanning vore jenter. Tala frå i år skil seg ikkje ut i så måte, i 2011 er 59,4 prosent av søkarane jenter. Sjukepleiarstudiet er kjend for å ha ein særleg høg prosentandel av kvinnelege søkarar. I år er 87,2 prosent av søkarane jenter. I fjor var talet 87,9.

– Om ein ser på sjukepleiarstudiet har talet på kvinnelege søkarar variert mellom 82 og 87 prosent mellom 1999 til 2011. Ein kan snakke om ein jamn bølgje, det har vore krusingar som har gått opp og ned. Eg kan ikkje seie noko anna enn at tala har vore nokså stabile dei siste tolv åra, seier Ringlund Bunæs.

For det tradisjonelt gutedominerte ingeniørstudiet er tala også stabile. I år er 17 prosent av søkarane jenter. Denne fordelinga mellom mannlege og kvinnelege søkarar har også vore stabil sidan 1999.

Meir informasjon

Her kan du finne lenker til rekrutteringstiltaket Menn i barnehagen, Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, RENATE, samt Jenteprosjektet Ada som arbeider for å rekruttere jenter til studiar i datateknikk, informatikk og teknisk kybernetikk ved NTNU.

Det er også lenke til rekrutteringsprosjektet women@scs ved universitetet Carnegie Mellon i Pennsylvania, USA.

Se også

Konferanse om studieval

Komité for kjønnsbalanse i forskning, Senter for likestilling og Universitetet i Agder arrangerer ein konferanse om ungdommar og studieval til hausten. Fremtidsdrømmer? Erfaringskonferanse om kvinner og menns utradisjonelle studievalg blir arrangert i Kristiansand 15. og 16. september 2011.

Se også