Institusjonane tilset stadig fleire utanlandske forskarar, men korleis har dei det?

– Inntrykket mitt er at mange stipendiatar og postdoktorar blir brukte som arbeidshestar på forskingsprosjekt, seier tidlegare tillitsvald for Forskerforbundet ved NTNU.

Mange utanlandske forskarar kjem frå ein arbeidskultur der ein berre jobbar og jobbar – med von om å ein gong få fast stilling. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

– Dei møter store forventingar til kva dei skal levere, men dei manglar samtidig støtte til å kunne levere godt, seier Kristin Dæhli, som inntil utgangen av januar var tillitsvald for Forskerforbundet ved NTNU.

På kort tid er akademia blitt ein svært internasjonal sektor, men kva inneber det?

Les saka: – Vi rekrutterer ei einsarta gruppe internasjonale forskarar

Dæhli fortel at lokallaget med tida oftare er blitt kontakta av stipendiatar og postdoktorar, særleg frå land utanfor Europa.

– Institusjonane tilset stadig fleire utanlandske medarbeidarar, og det er det jo gode grunnar til. Dei tek med seg nye perspektiv og medverkar til utvikling. Men mitt inntrykk er at mange stipendiatar og postdoktorar blir brukte som arbeidshestar på forskingsprosjekt, seier ho.

Institusjonane må også investere i dei utanlandske forskararane, meiner Kristin Dæhli, tidlegare tillitsvald for Forskerforbundet ved NTNU. (Foto: Forskerforbundet)

Dæhli meiner UH-sektoren må tenkje betre igjennom kva ein gjer når ein tilset folk som kjem frå andre kulturar.

– Unge forskarar i mellombelse stillingar bidreg jo godt når det gjeld å hente inn forskingsmidlar og å publisere på prosjektet, men dei må samtidig vere inkluderte i eit miljø for å kunne levere godt.

– Ein institusjon kan ikkje berre forvente å få noko ut av denne typen tilsette, om ein ikkje også er villig til å investere i dei.

Og det skjer ikkje alltid, trur Dæhli, fordi alle uansett reknar med at desse forskarane kjem til å forsvinne når det mellombelse engasjementet er over.

Vil lære norsk

Det er mykje å hente på å integrere dei utanlandske tilsette betre ved institusjonane, meiner Mariel Aguilar-Støen, professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

– Mange kjenner at så lenge dei ikkje kan norsk, er det risiko for å bli utnytta, seier Mariel Aguilar-Støen, professor ved Senter for utvikling og miljø. (Foto: UiO)

For eit par år sidan var ho med på å etablere Forum for international researchers in Oslo (FIRO), som nettopp hadde som mål å medverke til betre og meir målretta integreringstiltak. FIRO har av ulike grunnar ikkje hatt så mykje aktivitet som dei hadde ønskt, men dei hadde klare idear om kva som kunne hjelpe.

– Vi har heile tida sagt at det er viktig at dei internasjonale forskarane lærer seg norsk, og det er synd at universiteta ikkje har konkrete tiltak for å få dette til.

– Ein får tilbod om kurs, men det kjem i tillegg til det faglege arbeidet ein skal levere, og det er alt for lett for alle å berre byte til engelsk.

Aguilar-Støen fortel at når ho snakkar med postdoktorar ved sitt eige universitet, er dei ofte interesserte i å lære norsk for å kunne delta som likeverdige medlemmar i diskusjonar på arbeidsplassen.

– Mange kjenner at så lenge dei ikkje kan norsk, er det risiko for å bli utnytta. Dei kan ikkje kodane, dei kjenner ikkje rettane sine godt nok.

– Ein del kjem kanskje frå ein arbeidskultur der ein berre jobbar og jobbar med ei von om å få fast stilling ein gong i framtida, og difor kan ein ikkje ta seg tid til å delta så mykje i dei politiske diskusjonane ved institusjonen, seier ho.

Administrasjon fell på norske kvinner

Kristin Dæhli er samd, med utgangspunkt i sine røynsler som tillitsvald, i at dei internasjonale arbeidstakarane får for lite hjelp til å forstå norsk arbeidsliv.

– I ei vitskapleg stilling er det gjerne forventa at du tek på deg ei eller anna leiaroppgåve, og for å kunne gjere det på ein god måte, må du forstå kva forventingar du vil møte og kva for rammer du skal leie utifrå, peikar ho på.

Sjølv om dei internasjonalt rekrutterte forskarane gjerne er fagleg superkvalifiserte, er det ofte slutt på innsatsen frå institusjonen si side når rekrutteringsprosessen vel er over, meiner Dæhli.

– Når dei først er på plass, er det lite som blir gjort for at dei skal fungere godt i det norske systemet. Dei strevar ofte med å forstå rammevilkåra i norsk arbeidsliv, til dømes partssamarbeidet og korleis lønsdanning skjer.

Hennar inntrykk er at det ofte vil gå ei stund før ein internasjonalt rekruttert forskar er klar til å ta på seg administrative oppgåver, og det kan få konsekvensar for dei norske arbeidstakarane, trur ho.

– Då må slike oppgåver gjerast av dei norske, og på små institutt vil det vere få å velje mellom. Vi ser gjerne at slike oppgåver, som har ein tendens til å vere usynlege, blir gjort av erfarne kvinner i miljøet. Medan dei internasjonale forskarane i staden gjer dei synlege oppgåvene, som publisering.

Veit ikkje kor lenge dei blir

Nettopp i kva grad rekrutteringa av utanlandske forskarane er eit teikn på langsiktig investering i kompetanse, er noko mangfaldsstatistikken seier lite om.

Les saka: Innvandrarar utgjer ein tredjedel av forskarpersonalet i Noreg

Blir dei utanlandske forskarane verande i Noreg for å bidra med kunnskapen sin, eller forsvinn dei etter nokre år, med ein litt fyldigare CV som kanskje kan hjelpe dei å få eit nytt mellombels engasjement ein annan stad i verda?

Tidlegare har det kome fram at mange internasjonalt rekrutterte forskarar ligg høgt på lista over dei som publiserer mest i Noreg. Den gongen sa Noregs mestpubliserande forskar i perioden 2015-2018, italienaren Filippo Berto, til Forskerforum at han trudde den viktigaste forklaringa var at mange utanlandske forskarar ikkje har tenkt å bli i Noreg. Dei kjem i ein periode for å jobbe hardt og bygge ein god CV, og så planlegg dei gjerne å returnere til heimlandet etter kvart, meinte han.

Helge Næsheim frå Statistisk sentralbyrå fortel om eit nytt prosjekt der dei skal sjå på kor mange som flyttar frå Noreg kort etter gjennomført doktorgrad. (Foto: Per Kristian Lie Løwe, Konsis Grafisk AS)

– Kor lenge dei internasjonale forskarane blir i Noreg, kan vi ikkje svare på no fordi det ikkje låg i bestillinga frå Kunnskapsdepartementet, seier seniorrådgjevar Helge Næsheim ved Statistisk sentralbyrå (SSB).

Han har hatt ansvaret for å oppdatere mangfaldsstatistikken i lage med Hebe Gunnes ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).

– Føremålet med mangfaldsstatistikken var mangfald i forsking vinkla frå innvandrarbakgrunn til dei tilsette. Landbakgrunn er basert på data om fødeland. For ein del vil dette kunne vere eit anna land enn det dei flytta inn til Noreg frå, til dømes ein forskar fødd i India som har teke doktorgraden sin i Storbritannia før ho er blitt rekruttert til norsk forsking.

Dersom målet er å sjå på internasjonal rekruttering, meir enn berre mangfald, er dette noko ein kan vurdere å leggje inn i bestillinga ved neste oppdatering, meiner Næsheim.

SSB og NIFU er nett i gang med eit nytt prosjekt for Forskingsrådet, der dei skal sjå nærare på rekruttering til forsking gjennom doktorgradsstipend – og mellom anna sjå på kor mange som flyttar frå Noreg kort etter gjennomført doktorgrad.

Ein skal også kartleggje korleis ferdige doktorgradskandidatar beveger seg mellom sektorar i arbeidsmarknaden. Målet er å lage ein monitor med jamleg oppdatering av korleis ordninga med doktorgradsstipend fungerer.