I utkanten av den akademiske eliten

Innvandrarar utgjer ei aukande gruppe i svensk akademia, men dei blir ofte parkert i den akademiske periferien.

Akademikarar med innvandrarbakgrunn har større risiko for å vere utan jobb enn svenskfødde kollegaer, og dei som er i jobb, tener mindre enn svenskfødde, viser ein studie. Studien byggjer på registerdata frå heile forskingssektoren i Sverige og kvalitative intervju med 19 akademikarar. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Ein ny studie av karrierevegane til akademikarar med innvandrarbakgrunn i Sverige, viser at dei har større risiko for å ikkje vere i jobb enn svenskfødde akademikarar. Og sjølv om dei har jobb, er det ofte i lågare posisjonar der dei gjerne må forske på «innvandrarspørsmål».

– Studien er ein del av eit større prosjekt der målet har vore å studere karrierevegane til immigrantar som har gjort suksess i det svenske samfunnet, seier Hege Høyer Leivestad, postdoktor i sosialantropologi ved Stockholms universitet (SU).

– Korleis ein skal greie å bite seg fast i akademia etter avlagt doktorgrad, er jo det store spørsmålet for oss alle. Mentorar er kanskje ekstra viktige for innvandrarar utan eit stort sosialt nettverk, seier Hege Høyer Leivestad, postdoktor ved Stockholms universitet. (Foto: Stockholms universitet)

Får ikkje dei høgaste posisjonane

Leivestad og professor Alireza Behtoui har sett på i kva grad andre faktorar enn akademiske merittar kan ha noko å seie for immigrantar sin karriereutvikling i svensk akademia. Saman med professor Erik Olsson ved SU, som leier prosjektet, har dei også gjort tilsvarande undersøkingar av karrierevegar innanfor politikk og privat næringsliv.

I studien har dei kombinert kvantitative registerdata med intervju for å undersøke kva mekanismar som kan påverke den akademiske karrieren til innvandrarar. Prosjektet er eit tilskot til den aukande mengda av «eliteforsking», der ein i staden for å studere underprivilegerte grupper, ser på korleis makt og privilegium blir akkumulert hos elitane i samfunnet.

– Det vi kan sjå både frå statistikken og frå intervjumaterialet, er at samanlikna med referansegruppa – som er akademikarar fødde i Sverige med minst éin svenskfødd forelder – så har innvandrarane i mindre grad lukkast med å oppnå fast stilling i høge posisjonar, seier Leivestad.

Ord som «å lukkast» eller «ha suksess» er i seg sjølv problematiske omgrep som fortener diskusjon, meiner ho. Likevel er gruppa det er snakk om, såpass stor at det er verd å sjå nærare på kva mekanismar som gjer seg gjeldande.

Innvandrarar tener mindre

Det statistiske materialet omfattar personar som har doktorgrad – anten frå Sverige eller eit anna land – og som hadde eit svensk universitet eller høgskule som siste registrerte arbeidsplass. Tala er henta frå arbeidsmarknadsstatistikken til det svenske statistiske sentralbyrået, og er kopla med informasjon om landbakgrunn frå folkeregisteret.

Det er færre innvandrarar og born av innvandrar i svensk akademia samanlikna med det svenske samfunnet som heilskap. Ser ein på kva regionar dei kjem frå, så er det akademikarar frå Aust-Europa og Vest-Europa/Nord-Amerika som utgjer dei største gruppene, med høvesvis 3,6 og 3,5 prosent.

Akademikarar fødde i utlandet, og akademikarar fødde i Sverige av foreldre frå Aust-Europa, hadde størst risiko for å vere utan jobb ved ein svensk akademisk institusjon på undersøkingstidspunktet. Aller høgast risiko for arbeidsløyse hadde akademikarar fødde i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Datamaterialet seier ikkje noko om kva type stilling personane har, men forskarane har brukt lønsnivå som ein indikasjon. Det viser seg at nesten alle utanlandsfødde akademikarar hadde lågare løn samanlikna med referansegruppa, som kan tyde på at dei gjennomgåande har lågare posisjonar i stillingshierarkiet.

Skilnaden var størst for personar fødd i Aust-Europa, Asia, Afrika og Latin-Amerika. Dei tente 20-30 prosent mindre enn svenskfødde med svenskfødde foreldre.

Avhengig av den rette mentoren

For å grave litt meir i kva som kan liggje bakom skilnadane, intervjua Leivestad eit tjuetals akademikarar i ulike posisjonar, alle med bakgrunn frå same asiatiske land. Landet er anonymisert av personvernomsyn.

– Dei kjem alle frå den velutdanna middelklassen i heimlandet, og har altså ikkje gjennomført ei sosial klassereise i den forstand at dei har måtta jobbe seg opp frå botnen – men det å flytte til eit nytt land, medfører sjølvsagt i ein viss forstand å byrje på nytt, seier Leivestad.

Professor Alireza Behtoui har saman med Leivestad sett på karriereutvikling for immigrantar i svensk akademia. Forskinga er ein del av eit eliteforskingsprosjekt. (Foto: Stockholms universitet)

Det store fleirtalet av informantane har teke doktorgraden sin i Sverige. Noko som går att i intervjua, er kor viktig ein rettleiar eller mentor er for karriereutviklinga. Det er avgjerande for stipendiatar å ha ein rettleiar med tilgang til nettverk og ressursar.

– Korleis ein skal greie å bite seg fast i akademia etter avlagt doktorgrad, er jo det store spørsmålet for oss alle. Mentorar er veldig viktige, og kanskje ekstra viktige for innvandrarar utan eit stort sosialt nettverk, seier Leivestad.

Språket er ein barriere

Eit anna tydeleg mønster er at innvandrarar frå Aust-Europa, Asia og Afrika, er overrepresenterte innan teknisk-naturvitskaplege og medisinske fag, men klart underrepresenterte innan samfunnsvitskap og humaniora.

– Og korleis skal ein tolke det? I intervjumaterialet er det mange som fortel at det er lettare å gjere suksess på område som «alltid» har vore internasjonale og der engelsk er arbeidsspråket. Dei som jobbar innanfor samfunnsvitskap og humaniora skildrar i større grad språket som ein barriere, fortel Leivestad.

Forteljingane tyder på at det innanfor dei teknisk-naturvitskaplege disiplinane er fleire «døropnarar» som gjer at innvandrarar kan sleppe inn. Vellukka akademikarar med utanlandsk bakgrunn innan desse disiplinane, gjer det lettare for nye immigrantar å sleppe inn. Ei tilleggsforklaring, som er kjend frå tidlegare forsking, kan vere at det er rift om folk med teknisk-naturvitskapleg bakgrunn utanfor akademia, og at svenskfødde med slik kompetanse dermed går til betre betalte jobbar i det private næringslivet, slik at det blir «plass» til innvandrarar i akademia.

Går til mindre institusjonar

– Eg tykkjer dessutan det er interessant at vi kan sjå både frå det statistiske og det kvalitative materialet at mange innvandrarar endar i jobb på institusjonar med lågare status – i den akademiske periferien, om ein vil, seier Leivestad.

Fleire av informantane har doktorgrad frå dei gamle og etablerte universiteta, og har også vore med i rekrutteringsprosessar ved desse institusjonane. Men så har det på eitt eller anna tidspunkt stogga opp. Nokre av dei fortel om korleis dei vart innstilt på første plass, men likevel vart forbigått av ein svenskfødd søkar. I eitt tilfelle vart stillingsutlysinga trekt tilbake.

– Det kan vere veldig vanskeleg å jobbe seg opp ved dei gamle institusjonane. Det hadde vore interessant å vite kva som eigentleg gjekk føre seg i desse rekrutteringsprosessane, seier Leivestad.

Må forske på innvandrarspørsmål

I staden får altså mange innvandrarar jobb ved nyare og mindre institusjonar som enno ikkje har lange tradisjonar å bygge på. Ikkje berre det: Fleire informantar fortel korleis dei er blitt oppmoda om, eller til og med pressa, til å velje forskingstema som har med minoritetar og innvandring å gjere.

– Nokre kallar det «topics on the periphery», eller «etniske nisjer». I sosiologien, til dømes, er det visse forskingstema som uformelt er rangert høgare enn andre, og innvandrarar slepp ikkje til på dei. Dette er historier informantane sjølve fortel, og vi har inkludert det i analysen. Så er det eit spørsmål kor langt ein vil dra den konklusjonen, seier ho.

Studien tilfører kunnskap til eit felt der det ikkje er gjort så mykje frå før. Forskarane har difor valt å leggje vekt på innvandringsbakgrunn framfor kjønn, som det finst meir forsking på.

Også i Noreg er ein berre i startgropa når det gjeld å skaffe kunnskap om etnisk mangfald og karrierevegar i akademia. Leivestad vågar ikkje seie i kva grad situasjonen i Sverige kan seie noko om norske forhold.

– Det er ein del strukturskilnader mellom svensk og norsk UH-sektor som gjer at eg ikkje vil spekulere i overføringsverdien, seier ho.

Meir om studien

Artikkelen «The 'stranger' among Swedish 'homo academicus'» vart publisert i tidsskriftet Higher Education i februar 2019.

Artikkelen er basert på ein studie av innvandrarar i svensk akademia, der målet var å finne ut om andre faktorar enn akademiske merittar påverkar karriereutviklinga til akademikarar med innvandrarbakgrunn.

Resultata viser at akademikarar med innvandrarbakgrunn har større risiko for å vere utan jobb enn svenskfødde kollegaer, og at dei som er i jobb, tener mindre enn svenskfødde.

Studien byggjer på registerdata frå heile forskingssektoren i Sverige og kvalitative intervju med 19 akademikarar.

Studien er del av eit større prosjekt, Pathways to Success, leia av professor Erik Olsson ved Stockholms universitet, der forskarane også studerer karrierevegane til innvandrarar som har gjort suksess i andre sektorar i det svenske samfunnet.