Innvandrarar utgjer ein tredjedel av forskarpersonalet i Noreg

Men dei aller fleste av dei er utanlandske forskarar. Innvandrarar med utdanning frå Noreg, og etterkommarar av innvandrarar, er underrepresentert i norsk akademia, viser ny statistikk.

Innvandrarar er overrepresentert i akademia, men fleirtalet av dei er internasjonalt mobile forskarar – og flest frå Tyskland. Etterkommarar av innvandrarar i Noreg er underrepresentert, viser ny statistikk. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Kor mangfaldig er eigentleg akademia i Noreg, samanlikna med befolkninga elles?

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har saman med Statistisk sentralbyrå (SSB) utarbeida ny statistisk oversikt over forskarpersonalet ved norske høgskular, universitet, forskingsinstitutt og helseføretak.

Resultata viser at innvandrarar utgjer 29 prosent av forskarpersonalet i 2018. Dermed er innvandrarar overrepresentert i akademia, ettersom innvandrarar totalt utgjer 17 prosent av befolkninga.

– 76 prosent av innvandrarane og etterkommarar av innvandrarar var internasjonalt mobile forskarar med utdanning frå utlandet, både i 2014 og i 2018, fortel Hebe Gunnes, seniorrådgjevar i NIFU og ansvarleg for mangfaldsstatistikken.

Hebe Gunnes frå Nifu står bak mangfaldsstatistikken saman med SSB. (Foto: NIFU)

Flest frå Europa

For å bli definert som innvandrar må ein vere fødd utanfor Noreg med to utanlandske foreldre. Den største gruppa av innvandrarar er med andre ord internasjonale forskarar som flyttar til Noreg for ulike forskarposisjonar.

– Tyskland er det landet flest forskarar kjem frå, deretter kjem Sverige, Kina, Storbritannia og Danmark, seier Gunnes.

Det er dei største universiteta som har flest innvandrarar i forskarstaben. Blant dei fast tilsette er det Universitetet i Bergen som ligg på topp med 29 prosent innvandrarar, følgt av Universitetet i Oslo (27 prosent) og NTNU (25 prosent).

Ser ein på dei mellombelse stillingane, som postdoktor, stipendiat og forskar, har UiT Norges arktiske universitet og NMBU høgast del innvandrarar, begge med 54 prosent.

– Det er enklare å rekruttere internasjonale forskarar til dei store byane, medan distrikta slit med å få nok søkarar.

– I tillegg er det flest innvandrarar blant postdoktorane og stipendiatane, og desse stillingane er det flest av ved breiddeuniversiteta. Både dette og språkkrav til enkelte profesjonsfag kan forklare kvifor det er færre innvandrarar ved statlege høgskular, fortel Gunnes.

Sjukepleievitskap har til dømes krav om at søkarane skal meistre eit skandinavisk språk på grunn av undervisning på norsk.

Mangfaldsstatistikken er oppdatert med mellom anna oversikt over kva land forskarane kjem frå. Her ser vi også fordeling på kjønn. (Kjelde: NIFU/SSB, mangfaldsstatistikken)

Internasjonal arbeidsmarknad

Dei fleste forskarstillingar blir lyst ut internasjonalt i dag, men det er ikkje eit mål om mangfald som ligg til grunn for dette, trur Gunnes.

– Det handlar i stor grad om å skaffe dei beste kandidatane. Fagleg kvalitet og relevans. Mange internasjonale forskarar dankar ut dei norske, rett og slett.

Seniorrådgjevaren trur det blir interessant å følge med på dei langsiktige endringane som eit meir internasjonalt forskingsmiljø kan få for Noreg.

– Kanskje endrar det arbeidsmiljøa, for vi er vane med ein annan tidsbruk i Noreg. I utlandet arbeider forskarar gjerne over 50 timar i veka. Kan det føre til press på dei norske om å arbeide like mykje og å publisere meir?

Ho legg til:

– Det er også veldig mykje positivt med meir internasjonale forskingsmiljø. Dei internasjonale forskarane har med seg masse spennande idear og tematikkar. Det bygg opp nettverk og kunnskapsutvikling som er viktig for Noreg, seier Gunnes.

– Blir fagkompetansen verande i Noreg?

Den nye mangfaldsstatistikken blir presentert på eit webinar i regi av Kif-komiteen fredag 15. januar. Marta Bivand Erdal er ein av forskarane som skal kommentere den nye statistikken under lanseringa.

– Det er uheldig dersom universitet, høgskular og forskingsinstitutt ikkje reflekterer befolkninga i eit land, seier forskingsdirektør Marta B. Erdal. (Foto: Gee Berry/PRIO)

– Det som ikkje er så overraskande med mangfaldsstatistikken, er at svært mange kjem frå utlandet til Noreg for å gjennomføre ein doktorgrad, eller for å starte i ei postdoktor- eller forskarstilling. Tala aukar stadig, seier Erdal, som er migrasjonsforskar og forskingsdirektør ved Institutt for fredsforsking (PRIO), i tillegg til medlem i Akademiet for yngre forskarar.

– Blant postdoktorar spesielt er delen innvandrarar svært høg.

Ho ønsker ein debatt om korleis ein open, internasjonal arbeidsmarknad påverkar forskarane og fagmiljøa i Noreg på lang sikt.

– Vil desse forskarane bli verande i norsk akademia, eller mistar vi denne fagkompetansen etter kvart? Finst det nokre strategiske planar her?

– Dette kan vi undersøke til dømes ved å sjå på alderssamansettinga blant innvandrarar i forsking. Kor høg er innvandrardelen når ein ser på forskarar over 55 år? Og ikkje minst: Korleis er trendane med tanke på kor lenge forskarane har budd i Noreg og karrierevegar over tid for såkalla akademiske migrantar, spør Erdal.

Få etterkommarar

Til forskjell frå gruppa innvandrarar, er gruppa etterkommarar av innvandrarar underrepresentert i norsk forsking. Etterkommarane utgjer berre 0,5 prosent av forskarpersonalet i Noreg. Førre rapport synte 0,4 prosent, så utviklinga går treigt.

– Vi ser at ganske få etterkommarar av innvandrarar går inn i forskarkarrierar, men det kan også hende at det er for tidleg å seie noko om dette. Mange har kanskje ikkje kome så langt at dei er inne i forskarstillingar enno, seier Gunnes.

– Vi ser at det er flest av dei i mellombelse stillingar, så kanskje aukar dette talet etter kvart.

Ei mogleg forklaring er at mange norskfødde med innvandrarforeldre går inn i studieprogram der færre går vidare i forsking. Slike fagfelt kan til dømes vere juss, odontologi, farmasi og medisin. Ifølge Gunnes er det ikkje gjort noko analyse av dette, og ho meiner at det trengst meir forsking.

– Blant studentar er det nesten fire prosent etterkommarar av innvandrarar, noko som er ein stor vekst frå 2007.

– Det tyder jo på at fleire norskfødde med innvandrarforeldre tar høgare utdanning i Noreg, men at dei førebels ikkje har gått inn i forskarstillingar i same omfang, seier Gunnes.

Figuren syner forskarpersonale i Noreg etter sektor og innvandringsstatus i 2014 og 2018. (Kjelde: NIFU/SSB, mangfaldstatistikken)

Fleire innvandrarkvinner i realfag

Generelt er det flest menn som søker seg til Noreg frå utlandet, men institusjonane hentar også mange kvinnelege forskarar frå utlandet.

Eit interessant funn er at det innan fagområda matematikk, naturfag og teknologi er ein høgare del innvandrarar blant dei kvinnelege forskarane enn blant dei mannlege.

Her har det og vore ein stor auke frå 2007 til 2018: Over halvparten av kvinnene innanfor matematikk og naturvitskap var innvandrarar og etterkommarar av innvandrarar i 2018, mens det i 2007 var ein tredjedel. Innan teknologi auka det frå 29 prosent til 44.

– Det kan verke som at ved fagområde der det er underskot av eit kjønn, så forsøker ein å rekruttere fleire frå utlandet. Kanskje får ein ikkje nok kvinnelege norske søkarar, men vi veit ikkje kvifor, seier Gunnes.

– Var det nokre overraskingar i år, synest du?

– Det har vore ein litt større vekst enn forventa i delen innvandrarar blant forskarpersonalet. Det er i dei mellombelse stillingane som stipendiatar og postdoktorar at veksten er størst. Først og fremst skjer veksten ved universiteta og høgskulane; i instituttsektoren er det liten vekst og i helseføretaka er det nullvekst, seier Gunnes.

Mangfald og diskriminering

Helge Næsheim frå SSB står bak mangfaldsstatistikken saman med Nifu. (Foto: Per Kristian Lie Løwe, Konsis Grafisk AS)

Seniorrådgjevar Helge Næsheim ved SSB har saman med Hebe Gunnes hatt oppdraget med å oppdatere talmaterialet. Han svarer på korleis dei definerer mangfald i tala slik:

– Mangfald er noko ein kan måle langs fleire dimensjonar. Her har vi vald å sjå spesielt på mangfald knytt til innvandrarbakgrunn, men har òg med oss kjønnsdimensjonen. Vi ser på delen innvandrarar av heile befolkninga i ei gruppe.  

– Neste spørsmål var om innvandrarar er underrepresenterte i akademiske stillingar ut frå storleiken på innvandrarar jamfør befolkninga elles – i dei gruppene som utgjer rekrutteringsgrunnlaget for akademiske stillingar, seier han.

Å definere eit slikt rekrutteringsgrunnlag kan ein til dømes gjere ved å sjå på kor mange som tar høgare utdanning, eller ein kan sjå på kor mange som faktisk søker på ledige akademiske stillingar. Næsheim fortel at tabellane ikkje seier noko om sistnemnde.

–  Opplever innvandrarar og etterkommarar av innvandrarar diskriminering eller barrierar i akademia?

– Her tenker ein vel som oftast på innvandrarar som har vore busett i Noreg over tid, og som har tatt si utdanning her. Tabellane vi lagar kan seie noko om mogleg underrepresentasjon av innvandrarar med tanke på landbakgrunn, men seier ikkje noko om dette er på grunn av diskriminering, seier Næsheim.

– Veit ikkje nok om etterkommarane

Erdal fortel at ei undersøking frå Akademiet for yngre forskarar dokumenterer opplevd diskriminering blant kvinner og blant utanlandskfødde yngre forskarar, både kvinner og menn.

– Undersøkinga synte at kvar fjerde forskar med innvandrarbakgrunn opplever diskriminering og manglande inkludering. Diskrimineringa var relativt utbreidd i uformelle prosessar på arbeidsplassen, og forskingsinstitusjonane bør derfor yte endå betre innsats for å sikre inkludering.

– Som mangfaldsstatistikken viser, er det svært få norskfødde barn av innvandrarar som jobbar i akademia. Svaret er nok at det finst barrierar, og at vi ikkje veit nok om dette per i dag. Forhåpentlegvis kan denne statistikken utgjere eit grunnlag for ny og betre kunnskap i framtida, seier Erdal. 

– Kvifor er det viktig at fagtilsette i kunnskapsinstitusjonane speglar av mangfaldet i befolkninga?

– Dersom universitet, høgskular og forskingsinstitutt ikkje reflekterer befolkninga i eit land, til dømes dersom det er stor ubalanse mellom kjønna, mellom folk frå ulike regionar, eller om minoritetar ikkje er synlege i det heile tatt, så er dette uheldig for legitimiteten desse institusjonane har, seier Erdal, og legg til:

– Med legitimitet tenker eg på at dei er representative, opne og har truverd.

– Men eg tenker også på korleis vi forventar at institusjonar finansiert av det offentlege generelt skal fungere, med openheit og like moglegheiter. Den beste kunnskapen blir ikkje fremja av å innskrenke perspektivet, men av å vere grensesprengande, radikal og lite konform, seier Erdal.