She Figures 2018: – Det går framover, men ikkje fort nok

Det skortar på kjønnsbalanse i akademia, både når det gjeld fagområde, løn og akademisk nivå. Ekspertar tar til orde for å innføre sterkare tiltak for å oppnå kjønnsbalanse.

Dersom dagens utvikling held fram utan særlege tiltak, vil det først vere kjønnsbalanse på professornivå i 2040. Fleire meiner no det er naudsynt med sterkare verkemiddel og tiltak. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Noreg ligg heilt på topp når det gjeld kjønnsbalansen i høgskule- og universitetsstyre, fortel Kaja Wendt frå NIFU. (Foto: NIFU)

Kvart tredje år publiserer EU-kommisjonen She Figures, ei europeisk oversikt over kvinner i forsking. Tala for 2018 blei noko forseinka lansert på kvinnedagen i 2019, og viser til positive, men marginale endringar dei siste tre åra.

Les rapporten: She Figures 2018

Av EU-landa sine 2,9 millionar forskarar, var delen kvinnelege forskarar på 33,4 prosent i 2018. I 2015 var det 33 prosent kvinnelege forskarar, altså berre ein heilt minimal auke på dei tre åra. Blant dei norske forskarane har delen kvinner gått opp med berre litt over eitt prosentpoeng, frå 36 til 37 prosent.

– Det er store forskjellar mellom sektorane. Mens det i næringslivet er ein kvinnedel blant forskarar på 22-23 prosent, er det no kjønnsbalanse blant forskarar i universitet- og høgskulesektoren. Ferske tal frå FoU-statistikken syner at kvinnedelen for Noreg i denne sektoren var på over 48 prosent i 2017, seier Kaja Wendt i Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), som bidrar til rapporten med tal frå Noreg.

Forskjell på fag

Det er store fagforskjellar mellom kjønna. Dei norske tala viser at kvinnelege forskarar utgjer 32 prosent i matematikk og naturfag og 24 prosent i teknologiske fag. I samfunnsfaga og humaniora tar kvinner derimot opp nesten halvparten av forskarane. Dette er på nivå med Danmark, og noko lågare enn for Sverige og Finland.

– Særleg stor interesse er knytt til dei høgaste nivåa i akademia. Her er forskjellane framleis store. I 2018 var det 24 prosent kvinnelege professorar i EU, mens det i Noreg hadde auka til 28 prosent, frå 25 prosent tre år tidlegare.

Bikka 30 prosent

Det aller nyaste talet, frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH), viser no at kvinner har bikka 30 prosent når det gjeld professortittel i Noreg.

– Det er sjølvsagt positivt. Men dette varierer likevel frå fag til fag – i STEM-faga utgjer kvinner berre 15 prosent av professorane, seier seniorrådgivar i Kif-komiteen, Heidi Holt Zachariassen.

I matnat-faga ligg Noreg faktisk under EU-snittet. Her var delen kvinnelege professorar 18,1 prosent i EU og 16,6 prosent i Noreg.

– Samanlikna med andre land ser vi at Noreg ikkje ligg på topp når det gjeld kvinnedelen blant forskarpersonalet, og vi har den same ubalansen innan «harde fag» og næringsliv som dei fleste EU-land, seier Kaja Wendt.

Sterk ubalanse innan innovasjon

Eit område som kanskje er endå meir bekymringsfullt, er kjønnsgapet i innovasjon. Over ein tredjedel av alle innovasjonsteam i EU består berre av menn.

– Noreg ligg under EU-snittet med 47 prosent team som berre består av menn. Dette kan vi til dømes sjå i tal søkte patent. 10 prosent av alle som har fått patent i innovasjon i Europa, er kvinner, mens talet for Noreg ligg på 8 prosent, seier Zachariassen.

Kvinner er sterkt underrepresenterte som oppfinnarar både i EU og på nasjonsnivå. For kvart innovasjonsprosjekt ei kvinne jobbar med, er det ti innovasjonsprosjekt av menn. Desse tala har ikkje endra seg stort sidan 2010.

– Det er innovasjonsfeltet vi må sjå spesielt på framover. Det er her framtida blir skapt. Om ikkje kvinner får vere med, skapar ein innovasjon for visse grupper, noko som kanskje ikkje er relevant for alle, seier Zachariassen.

Kjønnsgapet i innovasjon er verre i Noreg enn EU-snittet. 47 prosent av innovasjonsteama består berre av menn her til lands, seier Heidi Holt Zachariassen, seniorrådgivar i Kif-komiteen. (Foto: Kristin Aukland)

Lågare sjanse for støtte

I tillegg er det store forskjellar på korleis kvinner og menn blir tildelt subsidiar til forskingsprosjekta sine. Holt Zachariassen fortel at det i EU er over 5 prosent høgare sjanse for menn enn for kvinner å få finansiell støtte.

– I Noreg er det ikkje store kjønnsforskjellar, men variasjonen mellom fagfelt er stor. Så kan ein lure på om det er bias, altså umedvitne fordommar, eller andre forklaringar som ligg bak.

She Figures tar også for seg lønsgapet i akademia, som sannsynlegvis har samanheng med den manglande kjønnsbalansen på toppnivå.

– Det er eit litt større lønsgap i norsk akademia enn i resten av samfunnet. Kva meiner du er årsaka til at lønsgapet er 15,9 prosent mellom kvinner og menn?

– Eg trur dette speglar generelle lønnsforskjellar mellom kjønna i samfunnet. Stillingar med ein høg del menn har ein tendens til å ligge noko høgare enn stillingar med mange kvinner. I akademia og i samfunnet er det ofte høgare løn i meir teknologiske fag, seier Kaja Wendt i NIFU.

Betre på toppnivå

Heldigvis finst det lysglimt også, der Noreg for eksempel ligg over EU-snittet. Dette finn vi til dømes på toppnivå i akademia, der vi har 31 prosent kvinnelege rektorar. Sverige slår oss likevel ganske godt med sine 42 prosent.

EU-snittet var på berre 21 prosent, og hadde ein låg vekst sidan She Figures 2015.

– Den høgaste kvinnedelen på professornivå finn vi i enkelte austeuropeiske land. Men når det gjeld kjønnsbalansen i høgskule- og universitetsstyre, ligg Noreg heilt på topp, seier Wendt.

Kjønnskvoter i akademia

Den treige utviklinga fekk Carlos Moedas, EU-kommissær for forsking, vitskap og innovasjon, til å støtte kjønnskvoter i eit lesarbrev i februar. På spørsmål om Kif-komiteen støttar dette, svarer Zachariassen at komiteen er for å sette inn sterkare verkemiddel for å oppnå betre kjønnsbalanse, til dømes for ulike fag og i gitte tidsperiodar.

– Det at vi må gi det tid, er vi ferdige med å diskutere, det er mellom anna derfor Kif-komiteen blei etablert. Vi har tru på at det er naudsynt med sterkare verkemiddel, anten det er kvoter, tilleggspoeng eller andre tiltak, seier ho.

Også Kaja Wendt i NIFU støttar utspelet til Moedas.

– Personleg er eg samd i dette, i alle fall der kjønnsbalansen er spesielt skeiv. I andre sektorar har vi døme på insentiv som trengst i kortare eller lengre periodar for å få til ei ønska utvikling, anten det er elbilar eller fedrarkvote. Då norske lærestadar i ein kort fase hadde øyremerking av postdoktor-stillingar 20 år tilbake, såg vi også at kvoteringa fungerte.

Balanse i 2040

NIFU har gjort undersøkingar som går på framgangen i kjønnsbalansen på professornivå. Denne viser at det først vil vere ein total kjønnsbalanse i 2040 dersom dagens utvikling held fram utan særlege tiltak.

– Tala frå She Figures viser at kjønnsbalansen er betre blant dei yngre forskarane, men også her er det skeivskap og ikkje alle piler peikar i riktig retning alle år. Det er jo også eit spørsmål om kva som er riktig nivå; skal det vere 50/50 på alle område i samfunnet? Poenget er vel at det skal vere reelle val og like moglegheiter for både kvinner og menn, og at vi må nytte begge kjønn sine perspektiv.

– Er det strukturelle barrierar som hindrar kjønnsbalanse?

– Eg tenker at det framleis er ein del samfunnsmessige barrierar som går på forventningar til familie og til kjønn. Nokre meiner også at vurderingskriterium for merittering er i favør av menns prestasjonar meir enn kvinners. Derfor er det viktig med likestillingsplanar og at leiinga følger opp desse, meiner Wendt.

Meir om She Figures

EU-kommisjonen gir ut She Figures-rapporten kvart tredje år, med første rapport i 2003. Last ned She Figures 2018 her.

Den komparative statistikken er nyttig for politikarar, avgjerdstakarar, forskarar og andre med interesse for feltet.

Lanseringsseminar:

I Noreg blir She Figures 2018 presentert på eit seminar i regi av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif) 13. mars.

Les om seminaret: Kjønnsbalanse i forskning – hun teller