Vi får stadig høyre at kvinnelege forskarar publiserer mindre enn mannlege forskarar. Mennene er sterkt overrepresenterte i gruppa med dei ti prosent mest produktive forskarane, og kvinnene i fleirtal i dei lågaste prosentilgruppene, dei som publiserer lite. Men i dei mellomliggjande gruppene, der vi finn «normalforskarane», er det svært små kjønnsforskjellar når det gjeld publisering. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Kvinner publiserer meir enn vi trur

At mannlege akademikarar publiserer meir enn kvinnelege, er ei etablert sanning. Men nye analysar viser at mykje av skilnaden forsvinn når ein grev litt djupare i tala.
11. august 2020
Dag W. Aksnes, forskar 1 ved NIFU, har sett på kva som gøymer seg bak gjennomsnittstala for publisering. (Foto: NIFU)

Vi får stadig høyre at kvinnelege forskarar publiserer mindre enn mannlege forskarar.

I 2018 sto ein kvinneleg forskar i Noreg i gjennomsnitt for 1,15 publiseringspoeng, medan ein mannleg i gjennomsnitt drog inn 1,67 poeng. Men kva kan ein eigentleg lære av desse tala?

Gjennomsnittstal fortel lite

– Det mange ikkje er klar over, er at produksjon av vitskapleg litteratur er svært skeivfordelt. Dei 10 prosent mest produktive forskarane står for meir enn 40 prosent av publikasjonspoenga, seier Dag W. Aksnes ved NIFU.

– Det er ikkje unikt for Noreg, men eit mønster som går att internasjonalt, fortel han.

I samband med årets utgåve av Indikatorrapporten, ei årleg skildring av tilstanden i det norske forskings- og innovasjonssystemet, har Aksnes sett nærare på kva som gøymer seg bak gjennomsnittstala for publisering. Materialet består av alle vitskaplege publikasjonar registrert i Cristin-systemet i 2019, frå både UH-sektoren, institutta og helseføretaka.

Av dei om lag 26 700 forskarane som fekk namnet sitt på minst éin vitskapleg publikasjon i 2019, var 11 700, eller nesten 44 prosent, kvinner. Men kvinnene står for berre 36 prosent av publikasjonspoenga. Det er rett nok ein auke på fire prosentpoeng frå 2011, men likevel mindre enn talet på kvinnelege i høve til mannlege forskarar skulle tilseie. Dermed stadfestar tala det internasjonale mønsteret der vi ser at kvinner systematisk publiserer mindre enn menn.

Men mykje av kjønnsforskjellen kjem av at den vesle gruppa av superproduktive forskarar er sterkt mannsdominert. Sidan denne gruppa medverkar til ein så stor del av publikasjonspoenga, slår kjønnsfordelinga her sterkt ut på gjennomsnittstalet.

Forskingsleiarane er menn

Dette kom fram då forskarane tok for seg alle som har hatt namnet sitt på ein vitskapleg publikasjon i løpet av 2019, og delte dei inn i tiprosentilgrupper, med like mange forskarar i kvar av dei ti gruppene, basert på kor mange publikasjonspoeng dei har.

Mennene er sterkt overrepresenterte i gruppa med dei ti prosent mest produktive forskarane, som altså sto for 43 prosent av publikasjonspoenga i 2019. På same måte er kvinnene i fleirtal i dei lågaste prosentilgruppene, dei som publiserer lite. Men i dei mellomliggjande gruppene, der vi finn «normalforskarane», er det svært små kjønnsforskjellar når det gjeld publisering.

– Éi forklaring på dette fenomenet, er truleg karriereløp, seier Aksnes.

– Vi kan ikkje sjå av våre data kven dei superproduktive forskarane i den høgste ti-prosentilgruppa er, vi kan berre spekulere – men eg vil tru at noko av grunnen til at mannsdominansen er stor i denne gruppa, er at vi her finn etablerte professorar som er forskingsleiarar og får namnet sitt på veldig mange publikasjonar. Desse er framleis i stor grad menn. Så dynamikken i måten forskingssystemet er organisert på, spelar inn her.

Ein kan også gjette på at mange superproduktive forskarar bruker ekstraordinært mykje tid på forsking, til kostnad for andre ting, og at dette er ein type prioritering som kanskje menn i større grad enn kvinner er villige til, eller har høve til, å gjere.

Kvinner blir ikkje mindre siterte

I den andre enden finst forskarar med ei lausare tilknyting til forskingssystemet og med andre typar stillingar. Datagrunnlaget fangar opp alle som har namnet sitt på ein publikasjon, frå studentar som har medverka til ein studie, til høgskulelektorar, til professorar.

– Og vi veit til dømes at kvinner er i fleirtal mellom høgskule- og universitetslektorane, som har mindre forskingstid. Så dersom vi hadde teke høgde for desse skilnadene, ville kjønnsforskjellane blitt mykje mindre, seier Aksnes.

I analysen har dei også sett på publisering på nivå 1 og nivå 2, utan å finne kjønnsskilnader.

Heller ikkje når det gjeld siteringar, er skilnaden stor – menn blir berre marginalt meir siterte enn kvinner.

– Det tykkjer eg er interessant, for internasjonale studiar tyder på at menn blir systematisk meir siterte enn kvinner. Men vår studie støttar altså ikkje dette, seier Aksnes.

– Og det same gjeld internasjonalt forskingssamarbeid i form av sampublikasjonar: Vi finn berre små kjønnsskilnader her, når det er justert for at det er færre kvinner i fag der slikt samarbeid er mest utbreidd.

Dette samsvarar med tidlegare forsking på norske publiseringstal, som viste at mykje av dei gjennomsnittlege kjønnsforskjellane vart borte når ein justerte for slikt som stillingstype, permisjonar  og metodebruk i publikasjonane.

– Ut frå det vi veit frå tidlegare studiar, er vi kanskje mest overraska over at kjønnsforskjellane ikkje er større. Det er relativt små forskjellar mellom kvinner og menn langs alle dimenasjonane vi har sett på, med unntak for publiseringsvolum. Og når det gjeld volum, er altså biletet som sagt meir nyansert enn ein kanskje har trudd tidlegare, seier Aksnes.

Store fagforskjellar

Det er eit kjent faktum at det norske forskingssystemet har svært varierande kjønnsfordeling mellom ulike fagfelt, og dette blir tydelegare di meir finmaska nett ein brukar. Det er relativt sett langt fleire kvinner innanfor humaniora og samfunnsvitskap enn innan naturvitskap og teknologifag.

Men innanfor desse store gruppene er det framleis store skilnader: På lingvistikk er 62 prosent av dei publiserande forskarane i 2019 kvinner, på filosofi og idehistorie utgjer dei berre 24 prosent. 50 prosent av forskarane innan «tverrfagleg naturvitskap/medisin» er kvinner, men innan elektronikk og kybernetikk er berre 15 prosent kvinner.

– Noreg er unikt fordi vi har Cristin-systemet som gjev oss eit svært godt datagrunnlag for ulike fagfelt. Internasjonale databasar som Web of Science og Scopus har ikkje like god dekning, det gjeld spesielt humaniora og samfunnsvitskap, seier Aksnes.

Den norske publiseringsindikatoren, som blir brukt til å fordele publikasjonspoeng, er i prinsippet  fagnøytral. For nokre år sidan vart utrekningsmåten for publikasjonspoeng endra nettopp for å oppnå betre balanse mellom fagområde med ulike publiseringspraksisar.

Til dømes publiserer gjerne naturvitskaplege forskarar ei mengd artiklar, men dei deler publikasjonspoenga med mange medforfattarar. I humaniora er det vanleg å publisere mindre, men fordi ein gjerne publiserer åleine eller med få medforfattarar, får kvar forskar fleire publikasjonspoeng.

Kvinnene rykker inn

Aksnes er også leiar for forskingsprosjektet Balansekunst, der målet er å gje ei grundig analyse av kva for faktorar som kan forklare mangelen på kjønnsbalanse i akademia. På den eine sida er det store endringar på gang: Frå 2011 til 2019 vart det 62 prosent fleire kvinnelege publiserande forskarar, mot 34 prosent fleire mannlege. Vekstraten er altså nesten dobbelt så høg for kvinner som for menn.

På den andre sida skjer denne veksten hovudsakeleg i dei yngre aldersgruppene, som publiserer mindre. Dei høgproduktive eldre aldersgruppene, og særskilt professorane, er framleis mannsdominerte og dette endrar seg svært seint. Forskarane arbeider no med å analysere nærare kvifor det produktivitetsgapet som finst mellom kvinner og menn, oppstår, og kva det har å seie for karriereutvikling.

– I Balansekunst-prosjektet ser vi difor grundigare på slikt som rekrutteringsgrunnlag, internasjonal rekruttering og individuelle variablar som kan vere med på å forklare kjønnsskilnader på ulike karrierestadium. No er kvinner i fleirtal mellom stipendiatane, og førsteamanuensiskategorien har god kjønnsbalanse. Men desse totaltala gøymer altså at kjønna er ulikt fordelt på fag, seier Aksnes.

Må sikre tilstrekkeleg forskingstid

Samstundes er det for tidleg å konkludere med at ting vil jamne seg ut av seg sjølv.

– Det er ein sterkare auke i talet på publiserande kvinner enn på publiserande menn, men vi veit at kor lang publikasjonsliste du har, er noko som blir tillagt vekt ved tilsettingar og liknande. Vi må sikre at også kvinner får tilstrekkeleg tid til å forske.

– Vi høyrer ofte at kvinner får store administrative bører, og det er sjølvsagt viktig at dei har god representasjon i komitear, men ein må passe på at dei også får forskingstid, seier Aksnes.

Framover meiner han at vil det vere viktig å halde auge med fagforskjellane, som ikkje synest når ein ser på totaltala for kjønnsfordeling. Vil ein oppnå kjønnsbalanse i akademia, må ein vite meir om kvifor kjønna er så ulikt fordelt på fagfelt, slik at ein kan setje inn treffsikre tiltak.

– Historisk har menn vore i fleirtal overalt i forskingssystemet. No får vi etter kvart disiplinar der kvinner er i sterk overvekt, medan dei framleis er underrepresenterte i andre fag som til dømes teknologifag. Slikt er vanskeleg å endre fordi rekrutteringsgrunnlaget er så skeivfordelt, seier han.

Publisering

I 2019 var det 26 727 forskarar i Noreg som hadde namnet sitt på minst éin vitskapleg publikasjon.

Av desse var 44 prosent kvinner, ein auke frå 39 prosent i 2011.

Kvinner sto likevel for berre 36 prosent av dei samla publikasjonspoenga.

Mykje av kjønnsskilnaden kjem av at ei lita gruppe forskarar, der menn er sterkt overrepresenterte, står for ein stor del av publikasjonspoenga. Dette slår sterkt ut på gjennomsnittstala.

Mellom det store fleirtalet av forskarar med «normal» vitskapleg produksjon, er kjønnsforskjellen liten.

Meir å lese:

BALANSEKUNST – kvinners vei mot den akademiske toppen er et prosjekt støttet av Forskningsrådets Balanse-program.

Formålet med Balansekunst er todelt, skriver NIFU: Å studere kjønnsforskjeller på ulike stadier i karrierestigen og frafall i det akademiske karriereløpet, og å analysere politikkinstrumenter og effekten på kjønnsbalanse.

Indikatorrapporten er en årlig rapport over det norske forsknings- og innovasjonssystemet. Les tidligere indikatorrapporter hos Forskningsrådet.