Ser vi ein koronaeffekt på kjønn og vitskapleg publisering? Ei forskargruppe har sett på nett det. Dei fann at publiseringar frå kvinner gjekk drastisk ned frå 2019 til 2020, når dei samanlikna dei same medisinske tidsskrifta. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Færre publiseringar frå kvinnelege forskarar etter korona

Pandemi-tiltaka synest å gå hardast ut over produktiviteten til kvinnelege forskarar. Vi bør setje inn tiltak mot dette så tidleg som råd, meiner dansk forskingsanalytikar.
29. mai 2020

Ikkje lenge etter at heimekontor-påboda byrja gripe om seg i land etter land, dukka dei første anekdotane om eit aukande kjønnsgap i forsking opp på sosiale media. Tidsskriftredaktørar konstaterte at dei knapt mottok manuskript frå kvinner lenger. Forskarar delte historier om korleis omsorgsplikter og organisering av den nye kvardagen tok opp all tid og mentalt overskot som elles skulle ha vore brukt til å produsere framifrå forsking.

Men var dette berre anekdotar, eller var det eit tydeleg mønster? Jens Peter Andersen, seniorforskar ved Dansk center for forskningsanalyse, er førsteforfattar på ein studie av publiseringsmønster i medisin før og etter pandemien, som førebels er publisert som preprint.

Andersen er overraska over kor stor skilnaden var.

– Vi veit allereie at det finst eit kjønnsgap i vitskapleg publisering innan medisin, så spørsmålet var om gapet auka i kjølvatnet av pandemien. Vi såg eit fall i kvinnelege førsteforfattarskap på opp mot 23 prosent. Det er mykje meir enn eg venta, seier han.

Seniorforskar Jens Peter Andersen og kollegaer fann fall i publiseringar frå kvinnelege forskarar i medisin når dei samanlikna 2020 med 2019. (Foto: Privat)

Yngre kvinner kjem verst ut

Andersen og kollegaene såg på artiklar som var publisert om koronaviruset, og samanlikna kjønnsfordelinga mellom forfattarane med artiklar som var publiserte i dei same tidsskrifta i 2019. For konsistensens skuld avgrensa dei analysen til artiklar der minst ein av forfattarane var frå USA.

Kvinneandelen var 23 prosent mindre for førsteforfattarskap samanlikna med 2019, og 16 prosent mindre for sisteforfattarskap og for kvinnelege forfattarar samla sett. Forskarane tolkar dette som at resultata deira støttar ein hypotese om at heimekontor-situasjonen går spesielt sterkt utover produktiviteten til kvinner tidleg i karrieren. Førsteforfattar er ofte yngre forskarar i rekrutteringsstillingar, medan sisteforfattar typisk er rettleiar eller forskingsleiar.

– Analysen er forbunde med uvisse sidan vi står midt i utviklinga og manglar mykje informasjon. Difor er det viktig å følgje dette opp om eit år eller så, når vi kan få meir robuste resultat. Det vi har sett på, er artiklar som allereie er publisert.

– Men det forskast heile tida, og dersom kvinner får mindre arbeidstid eller laboratorietid framover, kan det få forseinka konsekvensar. Difor har eg ein mistanke om at skilnadene ikkje vil jamne seg ut i framtidige studiar. Det er meir eit spørsmål om kor stor effekten vil vise seg å vere, seier Andersen.

Forskarane ønskte likevel å få ut ein rask analyse, fordi dei meiner ein ikkje bør vente med å setje inn tiltak for å motverke kjønnsgapet.

– Vil ein gjere noko med likestilling, er det viktig å skape merksemd om det som skjer medan det skjer, seier Andersen.

Skandinavia ikkje immune

Ser ein på vitskapleg publisering innan medisinske fag i eit lengre perspektiv, så har overvekta av menn blitt gradvis mindre, ifølgje Andersen – sjølv om det er store variasjonar mellom spesialiseringar. Forskarane braut resultata ned på spesialisering, for å forvisse seg om at det aukande kjønnsgapet under pandemien ikkje kunne tilskrivast éi spesielt mannsdominert fagretning.

– Medisin skil seg også frå mange andre disiplinar ved at det typisk tek kort tid frå innsending av manuskript til publisering. Då vi sjekka datoar for innsending og publisering av covid-19-artiklar, kunne det sjå ut til at det går enno raskare no, seier han, utan at han vil spekulere for mykje i kva det får å seie for kjønnsgapet.

– Er det grunn til å tru at til dømes Skandinavia vil vere meir motstandsdyktige mot ein slik effekt av pandemi-tiltaka som de har funne?

– Resultata vil truleg vere ulike frå land til land avhengig av kva for pandemi-tiltak som er innført og kor lenge dei varer, kva normer som gjeld for fordeling av husarbeid, og så bortetter. Eg gjettar på at effekten kanskje vil vere noko mindre i land som Danmark og Noreg, men vi skal vere forsiktige med å seie at det ikkje er noko problem hos oss fordi vi har meir likestilte samfunn, seier Andersen.

Førebels finst det ikkje tal på kva utslag situasjonen får for publiseringsmønsteret hos norske forskarar.

Viktig med diskusjon no

Andersen og kollegaene er ikkje dei einaste som har kasta seg rundt for å undersøke effekten av pandemien på forskingsproduktiviteten. Studiar av artiklar som er publiserte på ulike preprint-plattformer viser same tendens i varierande grad.

Desse studiane støttar også funnet av at effekten er størst for forskarar tidleg i karrieren, noko som gjev grunn til uro for at konsekvensane kan forplante seg vidare i karrieren og få langsiktige konsekvensar for forskarane det gjeld.

Det viktige no, meiner han, er å bruke desse signala til å tenkje over kva som må gjerast for at dei tilsette kan gjere jobben sin på best mogleg vis. Til dømes har leiar av Kif-komiteen og rektor ved OsloMet, Curt Rice, opna ein debatt om kven som bør bli prioritert når institusjonane fordeler kontor- og laboratorietid framover.

Det er også foreslått å la omsorgsansvar i denne perioden gje rett å forlenge tidsfristar av ymse slag. Dette er døme på debattar vi bør ha, meiner Andersen.

– Eg trur det er viktig med ein diskusjon no om kva som er dei rette løysingane. Eg har ikkje noka løysing sjølv, men å diskutere slikt som å gje kontorprioritet til dei som treng det mest, gjev meining i lokal kontekst. Vi kan ikkje løyse alt på sparket, men dersom det finst gode tiltak vi kan sette inn no, så lat oss gjere det.

Les meir om studien

Jens Peter Andersen er ein av forskarane bak studien Meta-Research: Is Covid-19 Amplifying the Authorship Gender Gap in the Medical Literature?, som først vart publisert på preprint-plattforma Arxiv i mai 2020.

Forskarane samanlikna forskingsartiklar om covid-19, publisert i 2020, med artiklar publisert i dei same tidsskrifta i 2019. Namnet på forfattarane vart brukt til å bestemme kjønn.

Andelen kvinnelege førsteforfattarar var 23 prosent lågare i covid-19-gruppa enn i kontrollgruppa. For sisteforfattarar var nedgangen 16 prosent.

Forskarane fann ingen teikn til at skilnaden kom av at menn er spesielt overrepresenterte i dei fagretningane der forsking på covid-19 går føre seg.

Studien gjev ein tidleg indikasjon på kva konsekvensar pandemi-tiltak kan få for forskarsamfunnet.