– For mykje vekt på implisitt bias bremsar arbeidet for likestilling i akademia

Implisitt bias – at fordommar og stereotypiar eksisterer i arbeidslivet – har blitt ein diskusjon både i og utanfor akademia. Fører denne diskusjonen til eit individfokus som skuggar for strukturar som hindrar likestilling?

Nokre meiner at likestillingsarbeid kan handle om å bli bevisst eigne haldningar. Andre igjen er kritiske, og påpeikar at fokuset på haldningar kan gjere at vi ikkje ser struktarane som hindrar likestilling. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

– Internasjonal forsking viser at vi ubevisst overvurderer menn sine eigenskapar, og undervurderer kvinner, seier Isabelle Ringnes og Marie Louise Sunde frå #Hunspanderer. (Foto: Kristoffer Myhre)

Både Hanna og Hans er ingeniørutdanna frå NTNU. Begge har toppstilling i eit amerikansk oljeselskap og er kravstore sjefar. Dei to har mange ballar i lufta og begge har au pair heime for å få kvardagen til å gå rundt. Det einaste som skil Hanna og Hans, er kjønnet.

Mannlege studentar ved Høyskolen Christiania vurderte likevel Hanna som ein dårlegare leiar, ein dårlegare forelder og ein mindre sympatisk og grei person enn Hans. Dei kvinnelege studentane vurderte karrierekvinna og karrieremannen etter same standard i undersøkinga som blei gjort i 2015.

Aukande debatt

Implicit bias er eit uttrykk vi høyrer stadig oftare. På godt norsk kallar vi dette for stereotypiar, fordommar eller forutinntatte haldningar. Bias finst både i akademia og i næringslivet, skal vi tru grunnleggarane av #Hunspanderer-kampanjen:

– Implisitt bias handlar om at vi vurderer menneske ulikt utan å vite det. Alle har forventningar og assosiasjonar basert på kjønn, nasjonalitet, hudfarge, alder, funksjonsnivå, og så vidare, fortel Marie Louise Sunde, som er kirurg og leiar av #Hunspanderer.

#Hunspanderer har mellom anna foredrag for bedrifter om kjønnsubalanse og implisitt bias.

Kvinner blir undervurderte

Marie Louise Sunde og medgrunnleggar Isabelle Ringnes synest det er interessant at dei norske studentane i 2015 svarte relativt likt som studentar ved Harvard gjorde på byrjinga av 2000-talet.

– Vi har altså ikkje kome så langt som vi trur, seier Isabelle Ringnes.

– Det er gjort ein god del internasjonal forsking som viser at vi ubevisst overvurderer menn sine eigenskapar, og undervurderer kvinner. I akademia har forsking tyda på at menn får meir anerkjenning for publikasjonar og at deira meiningar blir vektlagt meir. Dette kan forklare ein stor kjønnsubalanse i næringsliv og i akademia.

Kjønn på veg ut

Ikkje alle let seg overtyde av bias-fenomenet. Kritikarar har stilt spørsmål ved om omgrepet har blitt akseptert for lett av forskingsmiljøa. Ein av desse er den ungarske kjønnsforskaren Andrea Pető, som viser til at det går føre seg ein politisk kamp for å fjerne kjønn som omgrep.

– Dei nye debattane om manglande likestilling har flytta seg bort frå kjønnsbasert diskriminering til konseptet ubevisst bias, seier Andrea Pető, professor ved Central European University. (Foto: CEU)

– Anti-kjønnsrørsla ønsker å fjerne ordet og konseptet kjønn frå internasjonale dokument, manualar og lovar. Gender bias baserer seg på fysiske karakteristikkar, psykologiske karakteristikkar eller sosiale roller. Til dømes: Kvinner er kortare enn menn, menn er betre i STEM-faga, kvinner er meir omsorgsfulle. Denne prosessen passar inn i arbeidet med å nøytralisere kjønnstematikk, slik at ein unngår å snakke om strukturelle hovudårsaker i globale kontekstar.

Pető meiner at eit slikt syn ikkje tar omsyn til korleis forskjellane blei til, men i staden på korleis individet må endre seg, og på kven som skal oppmode dei til det.

– Dei nye debattane om manglande likestilling flyttar seg bort frå kjønnsbasert diskriminering til konseptet ubevisst bias. Då går vi frå eit institusjonelt juridisk rammeverk til personleg trening og workshop.

Vil usynleggjere kjønnsforsking

Pető minner om korleis «kjønn» blei til, at omgrepet var eit resultat av ein meiningsberande tverrfagleg og intellektuell diskusjon, mens «implisitt bias» har sitt utspring frå neoliberal økonomi.

– I diskusjonar om bias blir det referert til psykologar som Daniel Kahneman og Gerd Gigerenzer. Resultatet er ei sentrering av individuelle val i staden for å lytte til kritiske feministiske lærde. Det å støtte bias-omgrepet vil usynleggjere tiår med kjønnsforsking og kjønnsstudiar, meiner Pető.

– Bias fokuserer på individet som eit subjekt utstyrt med tilpassa og utskiftbare verktøykassar. Denne endringa i individuell åtferd kan bli målt og kvantifisert. Haldningar, stereotypiar og fordommar er diskutert og målt utan strukturar eller sosiale kontekstar, seier ho.

Effektar av bias

I artikkelen «Implicit Bias, Stereotype Threat and Women in Philosophy» argumenterer den australske filosofen Fiona Jenkins for at ofre for stigmatiserte grupper også har fordommar mot andre i same gruppe. Til dømes favoriserer kvinner også ofte menn framfor andre kvinner.

Jenkins peiker også på eit anna fenomen; stereotype threat. Dette inneber at stereotypiane faktisk påverkar korleis den stigmatiserte gruppa presterer. Ofra for stereotypiar presterer dårlegare på ei relevant oppgåve fordi dei ubevisst fryktar for å stadfeste desse stereotypiane, skriv filosofen.

– Vi kan ikkje berre ta for gitt at bias er den viktigaste grunnen til kjønnsforskjellar i akademiske karrierar, seier Mari Teigen, leiar for CORE – Senter for likestillingsforsking. (Foto: ISF)

Ifølge Mari Teigen, leiar for CORE – Senter for likestillingsforsking, finst det ei rekke med eksperimentbaserte studiar som pekar mot at vi blir styrte av kategoriske førestillingar, men vi veit mindre om konsekvensane.

– Mange studiar viser at vi knyter eigenskapar til gruppetilhøyrsle, som igjen ordnar seg i former for hierarki. Men kva slags konsekvensar slike førestillingar faktisk har for tildeling av byrder og gode, til dømes ved rekruttering eller forfremming, treng meir forsking, seier Teigen.

– Viktig å vite om bias

Teigen får støtte frå Knut Liestøl, styreleiar i BALANSE-programmet. Programmet skal styrke kjønnsbalansen på seniornivå i norsk forsking.

– Det er mange studiar av fenomenet, som trass i visse variasjonar, dannar eit bilde av at implisitt bias er utbreidd i arbeidslivet, inkludert i akademia. Når vi veit at grupper, som kvinner eller minoritetspersonar, blir systematisk undervurderte eller feilvurderte, er det rart om det ikkje skulle ha nokre konsekvensar, seier han.

Liestøl er ikkje samd i at merksemd på bias er lik merksemd på individ.

– Fører bias-diskusjonen til eit individfokus som skuggar for reelle strukturar som hindrar likestilling?

– Bias betyr at menneske er opplært til å feilvurdere grupper, og det å vere bevisst på dette kan fungere mobiliserande. Eg meiner at det er viktig å legge vekt på fenomenet, for det i seg sjølv kan bidra til å dempe dei negative effektane. Studiar frå USA viser teikn til minkande bias med meir bevisstgjering, sjølv om dette er vanskeleg å dokumentere hundre prosent. Samla sett meiner eg at omgrepet er rettkome, og dessverre vil vere det i ei tid til, seier Liestøl.

Eit trend-ord

Mari Teigen er til ein viss grad samd i at bias fører til eit individfokus, fordi vi blir opptekne av om «gatekeepere», altså dei som har makt til å sleppe gjennom informasjon, har bias.

Knut Liestøl er styreleiar for BALANSE-programmet. Han meiner det er godt dokumentert i forskinga at bias finst. (Foto: Terje Heiestad)

– På den andre sida kan kunnskap om bias møtast med politikk for å dempe eller motverke effektane av bias. For eksempel at ei innstilling skal spegle kjønnssamansetninga i søkarmassen, eller at det skal vere minimumsrepresentasjon av begge kjønn blant søkarar og innstilte.

At det å kategorisere hjelper oss i kvardagen, er noko Teigen ser på som ein realitet. Men vi veit lite om kva det faktisk betyr:

– Inntrykket mitt er at forklaringane på kjønnsubalanse og andre typar ubalanse, varierer ut frå ulike tider. Bias har stått høgt dei siste åra som forklaringsmodell.

– Er bias eit såkalla trendy buzzword, som blir ei akseptert sanning i studiar av kjønnsbalanse og likestilling i akademia?

– Vi kan ikkje berre ta for gitt at bias er den viktigaste grunnen til for eksempel kjønnsforskjellar i akademiske karrierar. Kva som blir rekna som dei mest relevante årsakene, får også gjerne konsekvensar for kva slags tiltak som blir prioriterte.

– Kor viktig bias er, er eitt av dei spørsmåla som det er spennande å studere når det gjeld kjønnsforskjellar i akademia. Kor mykje betyr kjønn, det å ha barn, etnisk bakgrunn og så vidare, for kven som reknast som den forskartypen det er behov for? Kven blir oppfatta som framifrå forskarar, og kven blir det i mindre grad?

– Familiesentrert politikk tilbake

Ringnes og Sunde i #Hunspanderer meiner at haldningsendringar har vore naudsynt for å få til strukturelle endringar heilt sidan likestillingsarbeidet starta.

– Vi har juridisk sett så godt som full likestilling i Noreg, men det er likevel store forskjellar på grunn av haldningar, stereotypiar og kjønnsroller. Ein viktig del av jobben for å oppnå reell likestilling er å skape medvit om desse haldningane. I tillegg til at denne haldningsendringa hos individa må til, treng vi strukturelle endringar som minimerer sjansen for at enkeltpersonar tar avgjerder basert på bias.

#Hunspanderer har bygt eit verktøy for bedrifter der dei kan måle graden av likestilling, avdekke problemområda, og få konkrete, forskingsbaserte løysingsforslag. Dei har dessutan starta eit forskingsprosjekt med CORE – Senter for likestillingsforsking.

– Med CORE skal vi finne ut kva slags løysingar som faktisk fungerer. Vi trur altså ikkje at det er anten eller, men eit både òg, seier Marie Louise Sunde.

Andrea Pető, som nyleg var i Noreg for å snakke om styresmaktene sine angrep på kjønnsforskinga i Ungarn, har ikkje tru på at stereotypiane og kjønnsrollene vil forsvinne med det første.

– Familiesentrert politikk er kome sterkt tilbake, og denne politikken er ein direkte trussel mot rettane til kvinner. Det er naudsynt at vi seier ifrå når vi ser at individualisering erstattar strukturelle problemstillingar. 

Omgrepet «bias»

Implicit bias er skeivtenking som er automatisert eller ubevisst, og vi kan kalle det ubevisste fordommar, stereotypiar eller å vere forutinntatt.

Gender bias er eit uttrykk for når den ubevisste forskjellsbehandlinga handlar om kjønn.