Dansk universitet etablerer likestillingsteam

– Eit team får slagkraft og kan skape nettverk og gje råd. Å møte potensiell motstand er også lettare når vi er fleire, seier Maria Dockweiler i det nyetablerte GET-teamet ved Syddansk universitet.

Martin Zachariasen leiar likestillingsutvalet ved Syddansk universitet (SDU), som likestillingsteamet GET er underlagt. – Det var dei gode resultata frå FESTA-prosjektet og den generelle samanhengen mellom mangfald og resultat som overtydde meg og resten av leiinga på SDU, fortel han om nyetableringa. (Foto: SDU)
Maria Dockweiler er ein av tre tilsette i det nye likestillingsteamet ved Syddansk universitet. (Foto: privat)

Syddansk universitet (SDU) i Odense har nyleg fått på plass eit eige likestillingsteam. Teamet er på heile 2,5 årsverk og skal fungere som eit rådgjevande team på alt som har med kjønnslikestilling å gjere dei neste fire åra.

Det var eit EU-prosjekt i frå 2012 til 2017 som fekk SDU på ideen om eit eige likestillingsteam. Resultatet frå FESTA-prosjektet, som stod for Female Empowerment in Science Technology Academia, engasjerte leiinga ved SDU. For sjølv om det finst eigne likestillingsutfordringar i naturvitskap- og teknologifaga, ville SDU-direksjonen ta dette vidare til heile universitetet. Det utgjorde startskotet for eit nytt likestillingsteam og etableringa av GET – Gender Equality Team. 

– Endeleg skjer det noko i Danmark. Det er velkjent at vi kanskje ikkje er best i klassen på likestilling, seier Dockweiler, ein av dei tre tilsette i det nye GET-teamet, på telefon frå Odense.

Diskriminering i akademia

Det er universitetet sjølv som har sett av pengar til GET. Etter oppstarten i fjor haust, har teamet introdusert seg for fakulteta og jobbar no med å kartleggje konkrete likestillingsutfordringar.

– Går det føre seg diskriminering i akademia i Danmark?

– Det er vanskeleg å svare nei på det. Vi held fram med å liggje bak dei andre EU-landa. For eit skandinavisk land høyrest det sprøtt ut. Kanskje forsvinn kvinner frå akademia til næringslivet, men der er dei jo heller ikkje i toppleiarstillingar. Vi opplever nok ikkje at likestilling i akademia ligg så høgt på regjeringa si liste over gjeremål.

GET-teamet tilbyr praktisk hjelp med stillingsutlysingar og jobbar med pilotprosjekt på rekruttering. Det overordna målet er at dei tilsette, først og fremst leiarar og vitskapleg tilsette, blir medvitne eigne fordommar. Framover skal GET byggje sin eigen database med likestillingsstatistikk, som grunnlag for praktisk arbeid vidare.

– Mens nokre er opptekne av likestilling ut frå demokratiske prinsipp, er andre kanskje meir opptekne av det for få støtte til prosjekta sine, sidan dette ofte er eit krav når dei søkjer forskingsmiddel frå EU, seier Dockweiler, og forklarer:

– Det demokratiske prinsipp inneber ein tanke om kva som er rettferdig. Nokre har ikkje denne tanken, og ser på det som eit ork å måtte tenkje på likestilling ved sidan av alt anna. For dei fleste forskarar trur eg likevel det blir motiverande å måtte forhalde seg til lovkravet frå EU.

Dårlegast i Norden

Dette er første gong eit dansk universitet får på plass eit eige likestillingsteam. Danmark har lenge vorte omtala som dårlegast i Norden på likestilling i akademia. Landet låg til og med under gjennomsnittet i EU på prosentdel kvinnelege professorar, som i 2010 var på 20 prosent.

«Overordnet sett kan man si at den politiske interessen for likestilling i akademia er beskjeden i Danmark, sammenlignet med Norge og Sverige», sa den danske forskaren Mathias Wullum Nielsen i eit intervju med Kifinfo. Det er leiar for likestillingsutvalet og dekan på SDU, Martin Zachariasen, samd i.

– Det finst eit glastak i dansk akademia. Då vi i SDU-leiinga såg at det gjekk treigt med representasjonen av kvinner, ville vi ta større ansvar. Vi trur på mangfald og at likestilling både vil styrke arbeidsmiljøet og forskinga, seier Zachariasen, som er ein av dei sentrale figurane på SDU i likestillingsarbeidet.

Under EU-snittet

Om lag 85 prosent av professorane i Danmark var menn i 2010. Til samanlikning var 21 prosent av dei norske og svenske, og 24 prosent av dei finske med professortittel, kvinner. Sidan 2010 har delen kvinnelege professorar i Danmark auka med fem prosentpoeng til rundt 20 prosent, som er på nivå med EU-gjennomsnittet.

– Det er eit paradoks at likestillingslanda i Skandinavia har færre kvinner i toppen av akademia enn mange andre EU-land, seier Zachariasen.

Han understrekar at det finst fleire forklaringar. Nokre av desse har peika på dårlege permisjonsordningar, andre på «macho-kultur» som får kvinner til å søkje seg bort frå akademia.

– Ei god nyhende er at på mitt område, naturvitskapen, har vi 50-50 kjønnsbalanse blant doktorgradane på SDU. No fullfører kvinner doktorgrad oftare enn menn i helsevitskap. Framover skal vi syte for å få fleire av dei inn i seniorstillingar.

– Korleis skal de gjere det?

 – Gjennom å setje i verk innsats på dei behova vi ser hos dei enkelte fakulteta. Det handlar om betre og meir transparente tilsettingsprosedyrar, betre avgjerdsprosessar og merksemd på fordommar, særleg i det daglege arbeidsmiljøet.

Universiteta prioriterer sjølve

Universiteta i Danmark vel sjølve om dei vil prioritere likestilling, fortel Johnny K. Mogensen fra Uddannelses- og Forskningsministeriet. (Foto: Uddannelses- og forskningsministeriet)

Johnny K. Mogensen, kontorsjef ved Uddannelses- og Forskningsministeriet, er optimistisk når det gjeld den låge delen kvinner i høge akademiske stillingar.

– Det var 20 prosent kvinnelege professorar ved dei åtte danske universiteta i 2015. Det er korrekt at dette er lågare i Danmark enn i dei andre nordiske landa, men tal kvinnelege professorar er trass alt stigande.

– Syddansk universitet har sjølv finansiert GET-teamet. Burde ikkje styresmaktene løyve pengar til likestillingsprosjekt og årsverk i likestilling ved alle utdanningsinstitusjonar?

– Universiteta i Danmark har utbreidd grad av sjølvstyre og disponerer i høg grad sjølv over offentlege overføringar. Universiteta kan difor sjølv velje å prioritere likestilling. Dersom SDU sitt initiativ kan inspirere andre universitet til å gjere det same, så er det fint, meiner Mogensen.

– Fordel med team

Maria Dockweiler i GET-teamet fortel at det er uvanleg at eit universitet har eiga team til likestilling. Dei aller fleste har éin likestillingskonsulent, slik som Copenhagen Business School og Danmarks Tekniske Universitet, eller så har HR-konsulentane likestilling som ein del av jobben sin. Slik var det også på SDU.

– Forskjellen er at eit team får slagkraft og at vi har ein real sjanse til å skape likestilling. Eit team kan skape nettverk og gje råd. Å møte potensiell motstand er også lettare når vi er fleire.

 – Har de fått nokon negativ respons?

– Ikkje til vår organisasjon, men det har komme enkelte kommentarar og innlegg i media. Enkelte er kanskje litt vel blinde for sine eigne privilegium, slår ho fast.

Ingen kvotering

I Danmark eksisterer det ingen lov om kjønnskvotering. Fleire tidlegare forsøk på likestillingsprosjekt øyremerka kvinner, har blitt avslutta som følge av klagar om diskriminering.

– Københavns universitet hadde ei ordning der tilsetting av kvinner i vitskaplege stillingar gav økonomisk bonus. Også Aarhus universitet har forsøkt noko liknande. Vanlegvis har slike ordningar blitt vurdert som diskriminerande. I GET arbeidar vi for likestilling på heile universitetet og tenkjer ikkje så mykje på kritikken. Men vi tar gjerne ein debatt også med dei som er usamde med oss.

Dockweiler meiner at Danmark ikkje eksperimenterer like mykje med likestilling som nabolanda. Ho viser til den nyliberale haldninga til karriere- og yrkesval i landet, med trua på at ting skjer etter eigne val. Derfor stiller ikkje folk spørsmål ved det låge talet kvinnelege professorar:

– Ein trur at ting går føre seg meritokratisk, at dei beste får jobben. Så sidan vi er reduserte når det gjeld kvotering og lovar, så er det langsame haldningsendringar som må til.

Likestilling på nasjonalt nivå

GET har no også fått ressursar til å etablere det første likestillingsnettverket i dansk akademia. Det såkalla GEAR-nettverket (Gender Equality in Academia and Research in Denmark) tar sikte på å starte tematiske diskusjonar og dialog rundt likestilling og kvardagssituasjonar. Nettverket skal dessutan hjelpe universiteta sine administrasjonar med rekruttering, møtekultur, søkeoppslag og kvardagsinteraksjonar.

Alle dei åtte universiteta i Danmark er medlemmar i nettverket, som er leia av ei styregruppe. På det første møtet i juni møtte seks av åtte universitet opp.

– Med eit slikt nettverk kan ein på tvers av universitet løfte opp røyret og slå av ein prat. Seinast i dag fekk eg ein hyggeleg e-post med idear og innspel. Folk verkar svoltne på framlegg og råd til ulike situasjonar, fortel Dockweiler.

Vil påverke politisk

Gjennom databasen GET byggjer opp, vil Syddansk universitet få oversikt over konkrete likestillingsutfordringar. Desse tala vil gje GET-teamet ammunisjon til å bli høyrt i politiske høyringsorgan. Det er i alle fall målet framover:

– Vi håpar at både GET-teamet og GEAR-nettverket på sikt kan få politiske institusjonar på bana. No tar vi litt ansvar og håpar at fleire universitet følgjer etter, seier Zachariasen.

Dockweiler avsluttar:

– Ein må tenkje likestilling som del av alt, og ikkje «på toppen av alt». Med både GET og GEAR håpar vi at arbeidet kan gagne langt utover vårt eige universitet.

Likestilling i dansk akademia

Les mer om det danske likestillingsnettverket GEAR: Gender Equality in Academia and Research in Denmark og Syddansk universitets likestillingsteam GET (Gender Equality Team).

Se de åtte universitetene i Danmark

En nordisk rapport om likestilling (fra 2013): Norden – et steg nærmere kjønnsbalanse i forskning?