Sterke haldningar som knyter naturvitskap til menn i Skandinavia, speglar den mannlege dominansen innanfor desse faga. I land med fleire kvinnelege naturvitarar er det svakare kjønnssteretypiar, viser ein fersk amerikansk studie. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Folk flest meiner naturvitskap er for menn

Over heile verda blir naturvitskap oppfatta som ein aktivitet som passar best for menn, viser ein ny studie. Lyspunktet er at stereotypiane er svakare i landa med flest kvinnelege forskarar og naturvitskapsstudentar.

09. juni 2015

Studien dekkjer om lag 350 000 deltakarar frå 66 land. Av alle landa i studien er det Nederland som i sterkast grad assosierer naturvitskap og teknologi med menn. Nederland er også landet der færrast kvinner studerer naturvitskap på høgare nivå, eller er tilsette som forskarar.

Også tilsynelatande kjønnslikestilte land som Danmark og Noreg assosierer naturvitskap med menn i sterk grad, langt meir enn land med fleire kvinnelege naturvitskapsstudentar, slik som Portugal, Kviterussland og Argentina.

Medvitne og umedvitne fordommar

‒ Eg forskar hovudsakleg på ulikskap mellom studentar innan matematisk-naturvitskaplege og teknologiske fag, og særleg når det gjeld kjønn, fortel David I. Miller, doktorgradsstudent i psykologi ved det amerikanske Northwestern University.

– Eg kom over ein tidlegare studie som viste at nasjonale stereotypiar om kjønn og naturvitskap kunne forklare nasjonale testresultat i naturvitskap i skulen. Men studien såg ikkje på kven som utgjorde studentmassen eller forskarane i naturvitskap i dei ulike landa, og det tykte eg ville vere interessant å vite, seier han.

Miller er førsteforfattar på artikkelen Women’s Representation in Science Predicts National Gender-Science Stereotypes.

Forskingsprosjektet er inspirert av ein studie frå 2009 om umedvitne haldningar til naturvitskap og kjønn i 34 land, der dei fann at kjønnsskilnader i testresultat i skulen var sterkt knytte til nasjonale umedvitne haldningar om at naturvitskap i hovudsak er ein mannleg aktivitet. Dei konkluderte med at slike umedvitne haldningar er med på å forsterke det globale gapet mellom kvinners og menns engasjement og resultat i naturvitskap, som igjen forsterkar dei umedvitne haldningane slik at kjønnsskiljet blir halde ved like.

Naturvitskap er mannleg i alle land

Miller og kollegaene ønskte å gå vidare med desse resultata og studere korleis haldningar til naturvitskap og kjønn hang i hop med kven som faktisk studerer naturvitskap i dei ulike landa. Dei målte to former for stereotypiar, eksplisitte og implisitte.

Eksplisitte stereotypiar vart målt ved at deltakarane plasserte naturvitskap på ein skala frå sterkt kvinneleg (minuspoeng), til korkje kvinneleg eller mannleg (null poeng), til sterkt mannleg (plusspoeng). Deltakarane vart ikkje spurt om dei meinte at kvinner eller menn har betre anlegg for, eller oppnår betre resultat i, naturvitskap og teknologiske fag.

Resultata viste at respondentane assosierte naturvitskap med menn på tvers av nasjonalitet. Alle landa hadde eit nasjonalt gjennomsnitt på over 0,5, som altså svarar til sterkt mannleg.

– Nederland hadde dei sterkaste stereotypiane, men både Danmark og Noreg kjem høgt på lista, Danmark på 10. plass og Noreg på 19. plass av 66 land, fortel Miller.

Eksplisitte stereotypiar er uttrykk for medvitne oppfatningar som vi gjerne vedkjenner oss, medan implisitte stereotypiar er meir automatiske og umedvitne. Undersøkinga vart gjort på internett, ved at deltakarane oppsøkte ei internettside og gjennomførte ein test.

‒ Det at deltakarane ikkje er tilfeldig valde, men melder seg sjølv, utgjer generelt ei mogleg feilkjelde i internettstudiar som vår. Men det er uklart kor mykje det har å seie. Til dømes trur eg ikkje sjølvseleksjon kan forklare dei nasjonale skilnadene. I så fall måtte mekanismane for sjølvseleksjon vere substansielt forskjellige i dei ulike landa, og eg tvilar på at det er tilfelle, seier han. 

Få kvinner i naturvitskap i Noreg

For å måle implisitte stereotypiar, tok forskarane i bruk ein implisitt assosiasjonstest, som er ein mykje brukt metode i psykologiforsking. Her vart deltakarane presenterte for 30 ulike ord som kunne kategoriserast som anten mannleg (t.d. mann, far), kvinneleg (t.d. tante, jente), naturvitskapleg (t.d. fysikk, geologi) eller humanistisk (t.d. litteratur, musikk). Deltakarane skulle så ordne kvart ord under det dei meinte var rett kategori, ved å trykke på tastar på datamaskina.


Stereotypiar som knyter naturvitskap til menn er uheldige og kan føre til at menn blir favoriserte ved tilsettingar, seier David I. Miller, doktorgradsstudent i psykologi ved Northwestern University. (Foto: privat)

Ei konkret oppgåve kunne vere: Er ordet fysikk mannleg eller naturvitskapleg, trykk på e-tasten. Er det kvinneleg eller humanvitskapleg, trykk på i-tasten. Målet var å trykke på rett tast så fort som råd. Tanken er at når kategoriane er samanstilte på ein måte som samsvarar med stereotypiane deira – i dette tilfellet mannleg/naturvitskapleg og kvinneleg/humanistisk – svarar respondentane raskare fordi dei slepp å tenkje seg om.

Målt på implisitte stereotypiar hamnar Noreg på ein 30. plass, bakom Danmark, Sverige og Finland, men over USA som hamnar om lag midt på treet både for eksplisitte og implisitte stereotypiar.

Både i Danmark og Noreg ligg prosentdelen kvinner i forsking og i høgare utdanning innanfor matematisk-naturvitskaplege fag på kring 30 prosent, ifølgje tala frå Unesco som er brukt i denne studien. Tala for kvinner i forskarstillingar gjeld alle fagfelt på området, sidan det ikkje fanst tilgjengeleg statistikk over kjønnsfordeling på fag.

Ekskluderer vi kvinnedominerte fag?

‒ Våre tal viser at dei sterke haldningane som knyter naturvitskap til menn i Skandinavia, speglar den mannlege dominansen innanfor desse faga. Både Danmark og Noreg har færre kvinnelege naturvitskapsstudentar enn USA. Sverige har like mange som USA. Eventuelle kulturelle forklaringar ligg utanfor området til denne studien, seier Miller.

‒ Ein kan tenkje seg at oppfatninga av eit fagfelt endrar seg med kjønnsfordelinga på faget, til dømes slik at når fleire kvinner blir legar, så oppfattar ikkje folk lenger medisin som ein vitskap. Trur du deltakarane umedvite kan ha tolka «naturvitskap» som «dei faga som til kvar tid er dominert av menn», altså at dei ikkje har tatt med til dømes biologi i naturvitskapsomgrepet fordi det er eit fagområde med mange kvinner?

‒ Det er eit interessant spørsmål og ein mogleg faktor som eg har lurt på sjølv. Eg har sjølv stilt dette spørsmålet som fagfelle, og i det tilfellet var forskarane samde i at det kunne vere ei relevant innvending. Men eg kjenner ikkje til studiar som direkte undersøker denne hypotesen, seier Miller.

Fordommar kan gje diskriminering

Forskarane meiner stereotypiane som knyter naturvitskap til menn er uheldige, mellom anna fordi det kan føre til at kvinners forsking blir oversett, eller at menn blir favoriserte ved tilsettingar.

‒ Til dømes har forsking påvist at menneske med sterkare implisitte haldningar om at matematikk passar best for menn, er meir tilbøyelege til å tilsetje menn, seier Miller, men legg til at samanhengen ikkje alltid er eintydig.

‒ Folk lener seg ikkje nødvendigvis alltid på stereotypiar når dei skal bedømme kompetansen til andre menneske. Det avheng av situasjonen. Stereotypiar kan skape ekstra utfordringar for kvinner som vil drive med naturvitskap, men samanhengane er komplekse, meiner han.

Treng fleire moteksempel

Det store spørsmålet er korleis ein kan gå fram for å endre desse stereotypiane. Professor Alice Eagly ved Northwestern University, som er medforfattar på studien, meiner det er vanskeleg, men ikkje umogleg. Ho har arbeidd mykje med korleis oppfatningar av eigenskapane til sosiale grupper, til dømes kvinner, blir forma av dei rollene vi er vande med å sjå denne gruppa utføre. Eitt døme er at fordi vi er vande med å sjå kvinner ta seg av born, tillegg vi kvinner eigenskapar som omsorg og tålmod. Stereotypiane som blir forma på denne måten, medverkar i sin tur til å forsterke rollefordelinga i samfunnet.

‒ Nøkkelen til å endre på stereotypiar er å sjå ei sosial gruppe utføre roller som erstattar, eller i alle fall utvidar, dei rollene vi er vande med å sjå dei i, seier ho.

Men for å utvide kvinners sosiale roller til å inkludere naturvitskap, er det ikkje nok å vise fram eitt og anna moteksempel. Å møte ein enkelt kvinneleg fysikkprofessor kan paradoksalt nok vere med på å forsterke stereotypiane om at kvinner og fysikk ikkje går i hop, fordi den eine kvinna vil bli oppfatta som eksepsjonell og atypisk, eit unnatak.

‒ Så det trengst fleire kvinner i atypiske roller for å endre på stereotypiane.

‒ Ein kan også endre folks oppfatningar ved å gje større merksemd til kvinner som har atypiske roller, til dømes ved å inkludere fotografi av kvinner i vitskaplege tekstar, innimellom alle mennene, seier Eagly.

Les meir

David I. Miller og Alice H. Eagly fra Northwestern University og Marcia C. Linn fra University of California har sett på samanhengen mellom fordommar mot kvinner i naturvitskaplege fag og kjønnsbalansen, blant anna i Skandinavia.

Du kan lese deira artikkel Women’s Representation in Science Predicts National Gender-Science Stereotypes: Evidence From 66 Nations frå lenkja under.

Tabell over resultata for nokre av landa:



Land


Eksplisitte stereotypiar


Implisitte stereotypiar


Nederland


1,31


1,25


Danmark


1,15


1,13


Noreg


1,07


0,98


USA


0,95


0,93


Sverige


0,91


1,1

 

Se også