Andelen utanlandske forskarar i Noreg aukar, men i kor stor grad blir det brukt strategisk, mellom anna til å betre kjønnsbalansen i ulike fagfelt? (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Fleire utanlandske forskarar, men ujamt fordelt

Dei siste ti åra har talet på utanlandske forskarar i Noreg eksplodert. Det er i tråd med offisielle målsettingar, men vi veit førebels lite om kva det har å seie for norsk forsking.

20. oktober 2014

Veksten i talet på utanlandske forskarar heng i hop med ein sterk vekst i talet på forskarstillingar generelt. Det er blitt fleire forskarstillingar over heile fjøla, men medan andelen norske forskarar har auka med seks prosent frå 2007 til 2012, har andelen utlendingar auka med 50 prosent i same perioden.

‒ Tradisjonelt har norske forskingsinstitusjonar basert seg mykje på intern rekruttering, og det har vore viktig for å bygge opp forskingsmiljøa våre, peikar Agnete Vabø på.

Ho er forskar ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), og arbeider spesielt med organisasjon og endring i høgare utdanning, og med utvikling når det gjeld vitskapleg tilsette.

Når mange fleire stillingssøkarar no kjem frå utlandet, kan ein tenkje seg at norske forskingsmiljø  lettare kan skaffe ny kompetanse og rekruttere spesifikt for å sette saman forskargrupper slik dei ønskjer. Men det endrar samstundes på rammevilkåra for norske forskarar.

Flest frå Europa

Den største gruppa utanlandske forskarar kjem, kanskje ikkje uventa, frå Europa. I 2012 var det i overkant av 2600 forskarar frå EU-land utanfor Norden i Noreg, mot 1680 i 2007.

Men auken har vore størst for forskarar frå Asia: Heile 89 prosent auke i den same perioden, frå 539 personar i 2007 til 1019 i 2012.

Men dei utanlandske forskarane er ujamt fordelt både når det gjeld alder, kjønn og fagområde. Forskarar frå Nord-Amerika er i gjennomsnitt midt i førtiåra og har vore i Noreg meir enn ti år. Forskarar frå Asia og verda utanom Europa og Nord-Amerika, representer ei ny internasjonaliseringsbølgje. Dei er i gjennomsnitt yngre og har berre vore i Noreg i kort tid. Over halvparten av asiatane som var registrert i 2012, var doktorgradskandidatar, ifølgje NIFU-rapporten  International and Sector Mobility in Norway.

NIFU har dei seinare åra gjort fleire undersøkingar av utanlandske statsborgarar i norsk forsking. Tala viser at andelen utanlandske forskarar har auka klart mest på postdoktor- og doktorgradsnivå. Dette gjeld både universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren.

Planlagd eller ikkje?

Internasjonalisering er eit uttala mål frå styresmaktene si side, og ein del av strategien for å auke kvaliteten på norsk forsking. Men det er uklart i kor stor grad den sterke auken i talet på utanlandske forskarar kjem av strategiske satsingar ved institusjonane, eller om det snarare er ei rask organisk utvikling som ikkje nødvendigvis er uttrykk for strategisk planleggjing.


‒ Vi veit lite om dei kunnskapsmessige og sosiale implikasjonane av internasjonaliseringa, seier Agnete Vabø. (Foto: Olav Spilling, NIFU)

‒ Det faktum at det kjem så mange utanlandske forskarar til Noreg, viser at internasjonaliseringa på kort tid er blitt ein integrert del av forskingssystemet. Men slike store endringar kan jo tenkjast å ha konkrete kunnskapsmessige og sosiale implikasjonar, og dei veit vi mindre om, seier Vabø.

Dei utanlandske forskarane finn vi først og fremst innanfor naturvitskaplege og teknologiske fag. I 2012 var 37 prosent av dei matematisk-naturvitskaplege forskarane utanlandske, medan andelen var 30 prosent innanfor teknologifag. Berre 12 prosent av dei samfunnsvitskaplege forskarane var frå utlandet.

‒ Noko av bakgrunnen her er det reelle problemet innanfor mange fag, at det nasjonale rekrutteringsgrunnlaget ikkje er tilstrekkeleg. Det gjeld spesielt fag der det finst mange alternative karrierevegar. Til dømes er det vanskeleg å rekruttere nordmenn til petroleumsforsking, illustrerer Vabø.

Menn mest mobile

Også kjønnsfordelinga er ujamn. Tal for perioden 2001 til 2009 fortel at kvinneandelen var høgast for dei utanlandske forskarane frå Norden og Nord-Amerika, og lågast for forskarar frå Afrika. Mellom forskarar frå Asia auka kvinneandelen frå 28 prosent til 2001 til 34 prosent i 2009.

‒ Menn er generelt meir mobile enn kvinner, som gjerne er meir bundne av omsorgsoppgåver. Men i tillegg har ulike land ulike normer for om det er greitt for ei kvinne å reise utanlands for å gjere karriere. Det er også ulike normer for kor legitimt det er for kvinner å ta teknologisk utdanning, peikar Vabø på.

Norske institusjonar kan dermed i prinsippet bruke rekruttering av utanlandske forskarar til å endre på kjønnsbalansen i slike fagfelt her i Noreg, men om det er eit verktøy som blir brukt strategisk, er uvisst. Vabø er mellom dei som gjerne vil sjå meir forsking på kva for mønster som blir danna, reproduserte eller endra med internasjonaliseringa av norsk forsking. Til dømes har polar-, klima- og havforsking på kort tid endra seg frå å vere eit forskingsfelt for menn, til å bli eit felt som er meir tilgjengeleg for kvinner.

Mange reiser ut att

Sjølv om mange doktorgradskandidatar kjem til Noreg frå utlandet, reiser også mange ut av landet igjen etter kort tid. Det er dermed førebels uklart akkurat kva den store auken i utanlandske forskarar gjer med norsk forsking. Greier ein å rekruttere og halde på dei beste?

I prosent er det flest forskarar frå Afrika som reiser ut att, og i Forskingsbarometeret blir det peikt på at det kan ha samanheng med at mange av dei kjem til Noreg gjennom bistandsprogram der det er ein føresetnad at dei skal reise tilbake etter ei viss tid. Generelt har vi liten kunnskap om kva faktorar som gjer at utanlandske forskarar vel å kome, bli eller reise att.

‒ Det interessante spørsmålet er: Kor går dei utanlandske kvinnene og mennene? Og kva sosiale og kunnskapsmessige implikasjonar har det for norsk forsking og samfunn? Det bør vi no undersøke nøyare, meiner Vabø.

Les meir

NIFU har dei seinare åra gjort fleire undersøkingar av utanlandske statsborgarar i norsk forsking. Det er basert på tal frå spørjeundersøkingar og frå register som sysselsettingsregisteret til Statistisk sentralbyrå, og NIFU sitt eige Forskarpersonalregister.

Utanlandske forskarar i Noreg:

  • Størstedelen av dei utanlandske forskarane kjem frå Europa.
  • Andelen utanlandske forskarar har auka mest på doktorgrads- og postdoktornivå.
  • Den største auken er forskarar frå Asia.

Kjelder i saka:

Eric Iversen, Lisa Scordato, Pål Børing og Trude Røsdal: International and Sector Mobility in Norway. A register-data approach (NIFU 2014).
Pål Børing og Hebe Gunnes: Internasjonal rekruttering til norsk forskning (NIFU 2012).
Forskingsbarometeret 2014.

Kontaktinformasjon: Agnete Vabø

Kif-komiteen

Den fjerde Kif-komiteen blei oppnemnd frå 1. januar i år og skal virke ut 2017. Det nye namnet er Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif). I tillegg til å arbeide for betre kjønnsbalanse i forsking, skal denne komiteen også jobbe for meir mangfald, mangfaldsperspektiv og kjønnsperspektiv i forsking.

Den forrige Kif-komiteen gav ut rapporten Styrk satsingen. Videreføring av Kif-komiteens arbeid etter 2013. Eitt av Kif-komiteen sine forslag til satsingsområde var internasjonalisering i eit kjønns- og likestillingsperspektiv.