Ny mangfaldsforsking mottar støtte frå Balanse-programmet

Kven er den ideelle forskaren? Korleis blir norsk akademia påverka av internasjonal rekruttering? Tre prosjekt som både handlar om kjønn og mangfald, har no fått støtte frå Balanse-programmet.

ISF-prosjektet skal undersøke kva slags «forskartypar» som søker, og kven som blir vurdert som best kvalifisert, til toppstillingar i akademia. Det fortel Julia Orupabo ved Institutt for samfunnsforskning. (Foto: Eirin Konstad Nilsen/Institutt for samfunnsforskning)

Balanse-programmet skal gjennom læring og innovative tiltak styrke kjønnsbalansen og likestillinga i norsk forsking. I år gir programmet for første gong støtte til forskarprosjekt og dessutan til prosjekt som både tar for seg kjønn- og mangfaldsperspektiv.

Eit av desse er FEMPROF. Prosjektet skal utvikle ny kunnskap om kjønn og mangfald i akademia, teste og eventuelt vidareutvikle arbeidsmetodikk for kvalifisering til professoropprykk. 

– I prosjektet ser vi på utfordringar og moglegheiter på vegen til professoropprykk for kvinnelege førsteamanuensar. I forskinga nyttar vi den sosiologiske framgangsmåten institusjonell etnografi utvikla av Dorothy Smith. Denne framgangsmåten startar ut frå erfaringar frå bestemte menneske, med mål om å synleggjere og utfordre institusjonelle forhold som former kvardagslivet, fortel prosjektleiar Hege Wallevik ved Universitetet i Agder. 

– Vi startar med erfaringane for å unngå å bli fanga av teoretiske omgrep eller dominerande diskursar i akademia. Målet er å utvikle ny kunnskap som vi kan nytte for å skape meir handlingsrom for dei vi startar ut forskinga med, og såleis bidra til eit meir likestilt og mangfaldig akademia. 

Knut Liestøl er styreleiar i Forskingsrådet sitt Balanse-program. (Foto: Terje Heiestad)

Nytt med mangfald

Mangfald var ikkje eit av kriteria i utlysinga frå Balanse-programmet. Prosjekta blei vurderte av eksterne panel ut frå vitskapleg kvalitet og relevans for utlysinga. 

– Balanse-programmet har alltid, og også no, vore orientert rundt kjønnsbalanse og likestilling i kjønnssamanheng. I kva grad mangfald kan og bør spele ei rolle i prosjektet, er avhengig av forskingsområdet og korleis mangfald er definert, seier Knut Liestøl, styreleiar i Balanse-programmet. 

 Han utdjupar:

– Når du studerer effekten av dei verkemidla som typisk blir brukt ved eksellense, er det rimeleg å sjå på korleis verkemidla påverkar samansettinga av forskarpopulasjonen. Då er det jo naturleg at du får eit mangfaldsperspektiv, i tillegg til kjønnsperspektivet, seier Liestøl. 

I tiltaksarbeidet til FEMPROF-prosjektet skal førsteamanuensar jobbe saman med eit professorteam av forskarar frå dei tre universiteta i Agder, Bergen og Oslo. To gongar i året skal professorteamet, som kjem frå ulike fagdisiplinar, møte åtte førsteamanuensar, som er deltakarar og forskarar i prosjektet. 

Teamet ønsker å finne ut kva slags moglegheiter som oppstår av å jobbe saman på tvers av disiplinar og stillingskategoriar når kvalifiseringane til professor blir gjort. 

Vekt på eksellense hindrar mangfaldet

FEMPROF bygger vidare på tidlegare Balanse-arbeid ved Universitetet i Agder. Publiseringsarbeidet er såleis allereie i gong.

– Kvifor er dette viktig å forske på?

– I prosjektet ser vi på utfordringar og moglegheiter på vegen til professoropprykk for kvinnelege førsteamanuensar, seier prosjektleiar for FEMPROF Hege Wallevik. (Foto: Gro-Anita Homme/UiA)

– Kjønn er berre eitt aspekt ved mangfald. Når vi startar med erfaringar og ikkje allereie definerte mangfaldskategoriar, kan fleire typar mangfald utover dei «vanlege» bli relevante. Dermed kan vi synleggjere det mangfaldet som er spegla i erfaringar. Det hjelper ikkje å få inn fleire kvinner og personar med internasjonal bakgrunn dersom alle blir pressa inn i éin mal for kva som er god og viktig forsking. Eit akademia som berre legg vekt på snevre forståingar av eksellense, risikerer å miste sitt mangfald, og såleis eit breitt spekter av idear og forståingar, seier Wallevik. 

Ho held fram:

– Dersom alle forskarar jagar i flokk på grunn av nokre styrande idear eller prinsipp, vil forskinga miste mykje av si kritiske kraft. Det er ei stor utfordring, ikkje berre med tanke på samfunnsmessige bidrag, men også fordi det kan gjere at akademikarar forlet yrket, seier ho. 

Den ideelle akademikar

Eit anna prosjekt som no får støtte, er ISF-prosjektet. Julia Orupabo fortel at Institutt for Samfunnsforsking (ISF) skal undersøke kva slags «forskartypar» som søker, og kven som blir vurdert som best kvalifisert, til toppstillingar i akademia. 

– Kva skal til for å bli den ideelle akademikar i vår tid? Sektoren er kjenneteikna av stadig meir internasjonalisering og konkurranse. Nye krav til publisering i høgt rangerte internasjonale tidsskrift, forventningar om mobilitet og om å hente inn ekstern finansiering, er trendar som skapar nye vilkår for kva slags typar akademikarar som blir verdsette i akademia, seier Orupabo.

Målet er å få kunnskap om rekrutteringsprosessane bak tilsettingar av professorar og førsteamanuensar. 

Eit av delprosjekta handlar om å finne ut korleis akademikarar sjølv tilpassar seg denne nye arbeidssituasjonen. Forskarane skal intervjue unge akademikarar om korleis dei tilpassar seg og responderer på endra forventningar og krav i sektoren. 

Nye vilkår i sektoren

Prosjektet skal dessutan også undersøke ein annan dimensjon av mangfald, nemleg det kognitive mangfaldet. Har presset med å publisere mykje og å delta i konkurransen om finansiering bidratt til å snevre inn kva slags tema, spørsmål, teoriar og metodar som nyttast i vitskaplege publikasjonar, spør forskarane.

– Dette gjer vi for å forstå kva slags mekanismar som skapar ulikskap, seier Orupabo.

– Eit viktig spørsmål er om desse nye vilkåra i sektoren er noko som er med på å fremje eller avgrense mangfald. Vil for eksempel auka vekt på eksellense og forskingsproduksjon som mål på kvalitet i tilsettingsprosessar råke kvinner og minoritetar negativt? Eller kan det tvert om vere slik at det svekker betydninga av uformelle nettverk og såleis gir fleire moglegheiter for kvinner og etniske minoritetar?

Stadig meir globalisert akademia

Det nye prosjektet GAP skal undersøke kven dei utanlandske forskarane i norsk akademia er, og kva slags forskingsmessig makt dei har. Agnete Vabø ved OsloMet er prosjektleiar. (Foto: Sonja Balci/OsloMet)

I eit siste prosjekt, Gender, citizenship and academic power (GAP) ved OsloMet, skal eit internasjonalt forskarteam undersøke kjønnssamansettinga i delen utanlandske forskarar og vitskapleg tilsette i Noreg.

Prosjektleiar Agnete Vabø fortel at det finst ein del overordna kartleggingar av internasjonal forskarrekruttering til norsk akademia, men ingen norske undersøkingar som går djupt inn i materialet, og særleg ikkje i eit kjønnsperspektiv.

– Dei siste 20 åra har det vore ein auke i delen utanlandske forskarar og vitskapleg tilsette. Det vi skal sjå på, er mellom anna rekrutteringsmønster, karrierebanar, fordelinga av makt og ressursar fordelt på dei utanlandske forskarane, og på kva publiseringsmønster og nettverk dei har.

Utanlandske klimaforskarar

Klimaforskarar er eit spesielt viktig case i prosjektet. Dei er valt ut fordi klimaforskinga har mykje globalt samarbeid og internasjonal rekruttering. Utanlandske kvinner er særleg blitt rekruttert til norsk klimaforsking. Kva har det hatt å seie for kunnskapsproduksjonen på feltet? Har det blitt meir internasjonalt samarbeid? Har det endra den akademiske demografien og relasjonen mellom kjønna? Desse spørsmåla er forskarane opptekne av framover.

– Organiseringa av akademia er annleis i Noreg, og er kjenneteikna av gode arbeidsvilkår for stipendiatar og postdoktorar. Det gjer det attraktivt for utanlandske forskarar å komme hit, seier førsteamanuensen.

–  Så vi ønsker å finne ut om internasjonal rekruttering har effekt på den faglege, sosiale og økonomiske organiseringa av dei norske forskingsmiljøa, og kva kjønnspolitiske implikasjonar det har, seier Vabø, som har venta lenge på høvet for å kunne søke om finansiering til prosjektet.

Kunnskap om forskaren

Om kva funna i GAP-prosjektet vil bety, seier Vabø: 

– Forsking har aldri vore viktigare. Vi treng å vite noko om dei som faktisk forskar. Kva bakgrunn dei har, karrieremønster, posisjonar. Har dei makt til å setje forskingsmessig dagsorden?

– Vi trur at den internasjonale rekrutteringa påverkar innhaldet, produksjonen og organiseringa av norsk forsking. For å forstå den institusjonelle omdanninga dette er ein del av, blir det viktig å studere internasjonal rekruttering i eit kjønnsperspektiv.

Dei tre mangfaldsprosjekta som får støtte