Skal ein ha von om fast stilling, bør ein ha utanlandsopphald på CV-en. Samstundes kjem mobilitetskravet i nettopp den livsfasen der ein gjerne etablerer seg med familie og bustad. Det gjer at mobilitetskrava kan kome i konflikt med likestilling og mangfald. Og no har vi i tillegg klimakrisa å tenkje på. (Foto: Jeshoots.com, Unsplash)

Akademisk reising skapar hovudbry

Med klimakrisa som bakteppe krev universitetstilsette at bruken av flyreiser må ned. Kan det gje oss betre likestilling i same slengen?
26. april 2019


Klimakrisa fekk førsteamanuensis Kjerstin Aukrust til å ta initiativ til eit opprop mot flyreiser ved Universitetet i Oslo. (Foto: UiO)

Det var klimakrise, ikkje likestillingsomsyn, som gjorde at Kjerstin Aukrust ved Universitetet i Oslo tok initiativ til eit opprop mot den grenselause bruken av flyreiser ved universitetet. Den utløysande faktoren var fjorårets spesialrapport frå FNs klimapanel, om konsekvensane av ei global oppvarming på 1,5 grader celsius.

– Då eg såg den rapporten, gjekk det opp for meg at dersom vi skal klare målet om å ikkje overstige 1,5 graders oppvarming, så må alle gjere store endringar i eigne liv. Og eg opplevde ikkje noko press frå universitetet om å endre livet mitt i den grad som er nødvendig, seier Aukrust.

Alle får reisepengar

Tvert imot. Som medlem av forskingskomiteen ved Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk, var ho med på å behandle søknader frå forskarane ved instituttet, om økonomisk støtte til reiseverksemd som konferansar, møte eller innhenting av gjesteforelesarar. Søkarane fekk så å seie aldri nei, og i alle fall aldri av klimagrunnar.

– Det var aldri nokon diskusjon om det faglege utbytet ved reisa var høgt nok til å vege opp for CO2-avtrykket, seier Aukrust.

Ikkje berre blir forskarar oppfordra til å reise mykje, men samstundes er togreiser, som kjem mykje betre ut enn fly i klimasamanheng, svært vanskeleg å bestille, fortel ho.

Med oppropet ønskjer Aukrust og kollegaene at kvar enkelt forskar skal bli meir medviten om eiga reiseverksemd. Men dei vil også at UiO skal hjelpe til, ved å lage ein strategi for å få ned utsleppa frå flyreiser. Mellom forslaga som initiativtakarane har lagt fram for rektor Svein Stølen, er ei massiv satsing på videokonferansar, forenkling av prosessen med å bestille togreiser, og innføring av instituttvise CO2-kvotar for forskarar og gjesteforelesarar.

Må ha utanlandsopphald på CV-en

Også ved andre institusjonar blir det no sett søkelys på kor stor del av klimautsleppa som kjem frå reiseverksemd. NTNU har invitert alle tilsette til å vere med på «Reiseløftet 2019», ein kampanje med mål om redusere klimafotavtrykket ved reiser. Ved Universitetet i Bergen er ein komité i ferd med å utarbeide ein handlingsplan for klimanøytralitet, som etter planen skal vedtakast av universitetsstyret i mai. Nokre av forslaga er ein eigen skatt på flyreiser, med ulike satsar for administrativt og vitskapleg personale.

Men komiteen peikar på nokre velkjende dilemma som det er viktig å ta omsyn til når ein vil avgrense reiseverksemda. Eitt spørsmål er korleis kutt i flyreiser skal fordelast mellom grupper. Til dømes har unge forskarar som står i starten av karrieren, eit vel så stort behov for å reise som eldre kollegaer har.

Akademiet for yngre forskarar (AYF) prøvde allereie for tre år sidan å få i gang ein debatt om krava til internasjonal mobilitet for yngre forskarar. Skal ein ha von om fast stilling, bør ein ha utanlandsopphald på CV-en. Samstundes kjem mobilitetskravet i nettopp den livsfasen der ein gjerne etablerer seg med familie og bustad. Det gjer at mobilitetskrava kan kome i konflikt med likestilling og mangfald, sidan ikkje alle har like lett for å leve det akademiske nomadelivet. AYF etterlyste difor større medvit om kva som er målet med mobiliteten.

Les Mobilitet i akademia – et liv som nomade? frå AYF.

Mange vegar til nettverk

– Mobilitet skal gje nye impulsar og utvikle nettverk, men det kan ein gjere på mange ulike måtar. Dersom ein reiser til USA og endar med å sitje heile dagen på eit laboratorium saman med andre nordmenn, så forsvinn jo litt av poenget, seier Katja Enberg, som er førsteamanuensis ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen.


– Det er uheldig dersom krava til mobilitet skapar skilje mellom ulike grupper, seier Katja Enberg, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. (Foto: Eirik Furu Baardsen)

Som dåverande nestleiar i AYF-styret var ho med på å dra i gang mobilitetsdebatten for tre år sidan. Sjølv har ho ei rad utanlandsopphald på CV-en etter at ho disputerte for doktorgraden heime i Finland i 2005. No let ho den faglege interessa styre reisinga, og tykkjer sjølv det er lærerikt å besøke nye fagmiljø.

– Det dreier seg også om personleg utvikling, å sjå korleis ein lever andre stader. Men det er ikkje mogleg for alle. Ei løysing kan difor vere å reise ut tidleg, før ein etablerer band som gjer det vanskeleg å reise, seier ho.

Korte eller lange opphald?

AYF ønskte seg ein meir nyansert debatt om mobilitet, der internasjonalisering kan målast på ulike måtar, som også inkluderer forskarar som av ulike grunnar ikkje kan opphalde seg i lange periodar utanlands. I tillegg kan nasjonal mobilitet mellom institusjonar, eller mellom akademia og næringsliv vere verdfulle alternativ, framheva dei.

Klimaomsyn var derimot ikkje på agendaen då AYF først tok opp mobilitet, og det er ikkje gitt at dei to omsyna dreg i same retning. Til dømes peika AYF på at for dei som av praktiske grunnar ikkje kan reise til utlandet i lange periodar av gangen, så kan fleire kortare turar kombinert med nettbasert oppfølging vere eit brukbart alternativ. I desse dagar er det nettopp det høge forbruket av kortvarige utanlandsreiser klimaaksjonistane vil ta eit oppgjer med.

– Sidan har eg tenkt meir på det med klimautslepp, og eg er blitt mykje meir bevisst på reiseverksemda mi. I klimasamanheng er det jo betre å reise ut og bli ute i eit år, enn å fly omkring heile tida, seier Enberg, som tykkjer saksfeltet er komplekst.

– Ein kan ikkje fortelje unge forskarar at dei ikkje kan reise til utlandet av klimaomsyn. Samtidig er det uheldig dersom krava til mobilitet skapar skilje mellom ulike grupper fordi ikkje alle kan oppfylle krava om å vere mobile. Vi må ikkje gløyme at det er vitskapleg utbyte som er hovudpoenget.

Vurderer likestilling, ikkje klima

– Eg tykkjer det er veldig bra at institusjonane set fokus på reiseverksemda si. Universitetet i Bergen verkar til dømes å leggje opp til ein veldig ambisiøs plan for klimakutt no. Men dette er ikkje ei side vi har vurdert i utviklinga av våre verkemiddel, seier områdedirektør i Forskingsrådet, Anders Hanneborg.

Likestillingsaspektet er derimot viktig.


– Krava til mobilitet kan vere vanskelegare for kvinner enn for menn, seier områdedirektør i Forskingsrådet, Anders Hanneborg. (Foto: Thomas Keilman, Forskningsrådet)

– Vi tenkjer, som AYF, at mobilitet kan vere vanskelegare for kvinner enn for menn. Det er noko vi heile tida vurderer.

Frå og med 2017 har alle doktorgradskandidatar og postdoktorar som er tilsett på prosjekt finansierte av Forskingsrådet, hatt høve til å søke om stipend til utanlandsopphald på 3 til 12 månader. For postdoktorane gjev eit slikt opphald dessutan rett til tilsvarande forlenging av postdoktorperioden.

– Men våre kontraktar er med institusjonane og ikkje med kandidatane sjølve, så det er institusjonane som må ta desse avgjerdene om kven slike utanlandsopphald kan passe for, og kvar og kor lenge dei kan reise, seier Hanneborg.

Kvinner søker prestisjestipend til reising

Sidan tilbodet om utanlandsopphald for alle doktorgradskandidatar og postdoktorar er nokså nytt, er det førebels vanskeleg å seie kva grupper som nyttar det mest. Når det gjeld dei høgthengande FRIPRO mobilitetsstipenda for postdoktorar, der søkaren skal opphalde seg i to år ved ein institusjon i utlandet og eitt år ved heimeinstitusjonen, viser tala at kvinner står for om lag halvparten av søknadane.

Kvinner får også innvilga ein høgare del av søknadane enn menn gjer. I 2018 vart 25 prosent av søknadane med kvinneleg prosjektleiar innvilga, mot 8 prosent av søknadar med mannleg prosjektleiar. Mobilitetsstipendet er den søknadstypen i FRIPRO-programmet som har klart høgast kvinneandel mellom søkarane.

Hanneborg tvilar på om denne typen langvarig forskarutveksling er den største kjelda til klimautslepp.

– Men det er klart at generelt bør vi jobbe for å finne andre måtar å drive møteverksemd på, og det gjeld både oss i Forskingsrådet og institusjonane. Dette med å reise verda rundt på konferansar er noko som gjennomsyrer heile akademia. Det er ikkje noko norske akademikarar einsidig kan slutte med. Men i Forskingsrådet må vi òg tenkje igjennom korleis våre verkemiddel fungerer som drivarar i den eine eller andre retninga. I den samanhengen gjeld det doktorgradskandidatar og postdoktorar. Reiseverksemda for dei andre gruppene er det institusjonane sjølve som må vurdere.

Stress og sløsing

Kjerstin Aukrust ved UiO vil at institusjonen skal presse henne til å gjere dei endringane som er nødvendige for å oppfylle 1,5-gradarsmålet. Frå plassen i forskingsutvalet er hennar observasjon at korte reiser, som konferansar, er klart mest utbreidd hos dei som har kombinerte stillingar.

– Internasjonalisering er eit av dei største honnørorda i akademia, og alle forstår jo at det medfører reising. Det er det enorme, ukritiske forbruket eg vil til livs, seier ho.

Sjølv om likestillingsomsyn ikkje var ein del av bakteppet, har Aukrust som småbarnsmor sjølv vore på jobbreiser som ho gjerne skulle klart seg utan.

– Eg flaug ein gong til ein konferanse i Puerto Rico der eg skulle arrangere eit panel saman med forskarar frå Sverige. Den gongen tenkte eg ikkje på dei enorme utsleppa, men var stressa over å måtte reise frå dottera mi som eg framleis amma. Det var ein stor konferanse med mange parallelle løp, og då vårt panel skulle starte, var det ingen som kom og høyrde på. Så der sat eg, i lag med svenskane, og alle hadde floge heile vegen frå Skandinavia for å gjere noko vi like gjerne kunne ha gjort i Sverige. Det står for meg som eit enormt sløseri. I dag skal det vere noko heilt særskilt som skulle få meg til å fly til Puerto Rico.

Les meir

Det er så langt 745 som har skrive under på oppropet som tilsette ved Universitetet i Oslo (UiO) har satt i gang: For en halvering av klimagassutslipp fra flyreiser ved UiO.

Det er fleire andre klimaopprop i Noreg. Blant anna har 627 tilsette ved Universitetet i Bergen (UiB) skrive under på: Opprop for en halvering av klimagassutslipp fra flyreiser ved UiB.

I tillegg har NTNU starta eit miljøarbeid kalla Reiseløftet, for at tilsette skal reise mindre og meir miljøvennleg.

Internasjonal mobilitet:

Akademiet for yngre forskarar (AYF) skriv:

«I kampen om de beste hodene kan mobilitet ikke være et mål i seg selv. Vi må snarere utvikle gode mål på hva mobiliteten er tenkt å bidra til. Videre må vi sikre at fokuset på mobilitet i sin tradisjonelle form ikke får som uintendert konsekvens at foreldre med barn i barnehage- og skolealder, og kanskje i særdeleshet kvinner med barn, i realiteten får det enda vanskeligere med å kvalifisere seg til faste stillinger.»

Les meir i Mobilitet i akademia– et liv som nomade?

Les om FRIPRO mobilitetsstipend hos Forskingsrådet.