John-Arne Røttingen og Curt Rice går saman for å behalde kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i det nye forskingsprogrammet til EU, FP9. Kjem Kunnskapsdepartementet til å følgje råda frå Forskingsrådet og Kif-komiteen? (Foto: Ida Irene Bergstrøm og Ingrid Torp)

Oppmodar EU om å halde fram med kjønnsmåla

Forskingsrådet og Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking har skrive eit brev til Kunnskapsdepartementet. Meldinga er klar: Ikkje gløym likestillinga.
06. april 2018

«Utformingen av EUs niende rammeprogram for forskning og innovasjon er i full gang. Tidligere har det blitt sendt to innspill fra Norge til dette programmet. Ingen av disse innspillene har tydelig fremmet at det nye rammeprogrammet må fortsette fokuset fra Horisont 2020 på kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i europeisk forskning og innovasjon.»

Slik startar brevet tilsendt Kunnskapsdepartementet den 5. mars. Leiar i Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking (Kif-komiteen), Curt Rice, og administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, har gått saman for å oppmode Kunnskapsdepartementet om satsing på kjønn i forsking. Saka gjeld det nye forskingsprogrammet til EU, det såkalla FP9. 

Noreg har høve til å kome med innspel til EU sitt nye forskingsprogram. Regjeringa har så langt hatt to innspel – eitt om tematiske prioriteringar, og eitt om det grøne skiftet – og førebels ingen som dreier seg om kjønnsperspektiv eller kjønnsbalanse i forsking og innovasjon.

Ubalansen aukar

FP9 tar i 2021 over for det noverande programmet Horisont 2020, eit program som har hatt meir merksemd på kjønnsperspektiv og kjønnsbalanse enn tidlegare rammeprogram. Det gode arbeidet må halde fram, meiner Rice og Røttingen. I brevet oppmodar dei Kunnskapsdepartementet om å påverke EU til å satse endå meir på kjønn i forsking og innovasjon. 

– I EU-programma er det framleis menn som får tildelt mest pengar til forskingsprosjekt og innovasjon. She Figures 2015 viser til og med at ubalansen aukar, seier Røttingen. 

Horisont 2020 har lyst ut fleire pengar til prosjekt som skal undersøkje kvifor mannlege forskarar framleis får tildelt mest. 

– Må få betre effekt

På spørsmål om kvifor han og Rice har skrive brevet, svarer Røttingen: 

– Vi vil at EU-kommisjonen tar kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon med i FP9 på ein endå tydelegare måte enn det ein gjorde i Horisont 2020. Slik kan vi få reell effekt i nær framtid når det gjeld kvalitet, relevans og samfunnsnytte i europeisk forsking, seier Røttingen. 

– Korleis meiner du kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv har blitt prioritert så langt i Horisont 2020?

– Likestilling er eitt av seks prioriterte område, og kjønnstematikk har vore relativt høgt på dagsorden, med tre overordna mål: Kjønnsbalanse i forskingsteam, fleire kvinner i forskingsleiing og til sist, integrering av kjønn som dimensjon i forsking og innovasjon. 


– Vi forventar at EU vidarefører måla frå Horisont 2020, men ønskjer at dei brukar endå meir pengar for å løfte kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i europeisk forsking, seier Heidi Holt Zachariassen frå Kif-komiteens sekretariat. (Foto: Kristin Aukland)

– Kjønn kvalitetssikrar forskinga

Som sekretær for Kif-komiteen, er det Heidi Holt Zachariassen, saman med Lise Christensen i Forskingsrådet, som har forfatta brevet frå Kif til Kunnskapsdepartementet. Ho meiner at kvaliteten på forskinga blir betre av å inkludere eit kjønnsperspektiv.

– Det hjelper ikkje å forske berre på eitt kjønn, du må teste og finne effektar på både kvinner og menn. Forskinga blir breiare og relevant for fleire. Testar du til dømes medisin berre på menn, får du ikkje svar for heile befolkninga, seier ho. 

Då Zachariassen såg at kjønn har vore diskutert i fleire medlemsland i EU, og attpåtil at Sverige hadde eit innspel om kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv til EU sitt niande rammeprogram, ønskte ho å ta opp saka på heimebane. Som likestillingsland må Noreg løfte dette opp, meiner ho:

– I eitt av dei to innspela frå Kunnskapsdepartementet er kjønn så vidt nemnt, men så langt er det derfor ingen oppmoding om å vidareføre måla frå Horisont 2020.

Ingenting om kjønn

Zachariassen fortel at i ERA-vegkartet – det europeiske forskingsområdets plan for å fremje Europa som eit felles forskingsområde – er kjønn ein eigen prioritet, som Noreg også har forplikta seg til. I FP9 ser ein for seg å identifisere eitt sett med store mål som skal ha store samfunnsimplikasjonar. Slike mål, som til dømes «plastfritt hav» og «100 karbonnøytrale byar innan 2030» blir kalla «Missions». Men i ein ny rapport om missions i EU var korkje kjønnsperspektivet eller kjønnsbalanse nemnt.

Les: Setter likestilling på kartet

– Rapporten, som var skrive av Mariana Mazzucato på oppdrag for EU-kommissær Carlos Moedas, inneheldt ingenting om «women», «diversity» eller «gender». Dette er urovekkjande, fordi rapporten gir viktige føringar for kva som vil bli forska på i det nye rammeprogrammet.

– Noreg er eit føregangsland

Årsaka til at Kif-komiteen og Forskingsrådet no samarbeider, er fordi begge institusjonane ønskjer at Noreg skal vere ein pådrivar for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking i Europa. 

– Vi jobbar tett og med same mål, både for å auke kjønnsbalanse og for å fremje kjønnsperspektiv. Forskingsrådet har sitt eige Balanseprogram der pengar er sett av for å blant anna få kvinner inn i toppstillingar ved ulike forskingsinstitusjonar, fortel Zachariassen. 

Røttingen grunngjev samarbeidet slik:

– Noreg blir sett på, og tar mål av seg å vere, eit føregangsland i arbeidet for likestilling, også på forskingsfeltet. Dette er mandatet til både Kif og til Forskingsrådet. Vi ønskjer å setje kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv på dagsorden. Dette er eit viktig tema, både i vårt eige arbeid og i EU sitt rammeprogram. 

– Skulle ønskje EU satsa endå meir

Røttingen vil at dei norske forskingsmiljøa ser potensialet i EU sine rammeprogram. Sjølv om kjønnsbalansen framleis er skeiv når det gjeld toppstillingar i forskingssektoren her heime, har Noreg lenge hatt ein tradisjon for å tenkje kjønn i forsking. Mellom anna deltar vi i Horisont 2020 sitt program GENDER-NET Plus, som lyser ut pengar til samarbeidsprosjekt om kjønn. 

– Vi er opptekne av at kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv skal bli implementert i EU sitt rammeprogram, ikkje berre fordi det vil medverke til likestilling, men òg til endring av institusjonar og til betre resultat i programmet. Til sjuande og sist vil likestilling betre den europeiske økonomien, og såleis også den norske, seier direktøren i Forskingsrådet. 

Zachariassen er spent på korleis Kunnskapsdepartementet tar imot brevet, og på kva som eventuelt skjer vidare. 

– No ligg ballen hos dei.

– Kva slags forventningar har du til EU?

– Vi forventar at dei vidarefører måla frå Horisont 2020, og at dei store måla, «Missions», har krav som handlar om kjønn. Eg skulle ønskje at dei hadde vore endå meir ambisiøse, og brukt endå meir pengar for å løfte kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i europeisk forsking. Det er det minste vi forventar, seier Zachariassen. 

Kifinfo har vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet. Departementet ønskjer å svare Forskingsrådet og Kif-komiteen før dei uttalar seg til media.

FP9: EUs niande rammeprogram for forsking

Europeisk samarbeid i forsking- og innovasjonsprogram er ein av dei store suksessane til det europeiske prosjektet. Horisont 2020 er det pågåande forskingsprogrammet, som starta i 2014 og varer ut 2020. 

Forskingsprogrammet Framework Programme 9 (FP9) er allereie under full planlegging. Science Europe representerer både det offentlege Research Performing Organizations (RPO) og Research Funding Organizations (RFO), som har årelang erfaring med å setje opp verdsleiande forskingsprogram. Medlemmar av Science Europe har eitt felles mål: Å finansiere og å dele ansvaret for å leie nasjonal offentleg forsking i Europa.

Kjelde: EU/ScienceEurope.org

Noregs forskingsråd og Kif-komiteen sende eit felles brev til Kunnskapsdepartementet 5. mars 2018:
Kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i EUs 9. rammeprogram for forskning og innovasjon

Norwegian position paper on gender – the EU Framework Program for Research and Innovation (FP9) (Vedlegg til brevet)