Utan kvinner i styret

Fem av dei 14 sentra for forskingsdrive innovasjon har ingen kvinner i styret.

08. februar 2011
Lise Christensen, Noregs forskingsråd. (Foto: Forskingsrådet)

I midtvegsevalueringa av dei 14 sentra for forskingsdrive innovasjon (SFI) går det fram at  11 av 14 Senter for forskingsdrive innovasjon har utfordringar  når det gjeld likestilling.  Fem av dei 14 sentra har ingen kvinner i styret.

– Eg synest det er oppsiktsvekkande låg kvinnerepresentasjon i styra på SFI-ane. Eg ser ikkje nokon gode grunnar til at det er slik.  Det å ha både kvinner og menn i styret er noko som sitt i ryggmergen på folk her i landet. Det burde vere ein smal sak for Forskingsrådet å gjere noko med det, seier Linda Rustad som er seniorrådgjevar for Komité for kjønnsbalanse i forsking.

Det er Noregs forskingsråd som forvaltar ordninga med SFI. Kvart år deler dei ut 200 millionar til desse sentra.

Lise Christensen, seniorrådgjevar i Forskingsrådet si avdeling for Universitets- og høgskolepolitikk, er heller ikkje nøgd med situasjonen.

– Generelt meiner eg det blir veldig feil at det berre er menn i styret for  spydspissatsingar som skal fremme kvalitet i norsk forsking. Det heng ikkje på greip i 2011, og det er ikkje i tråd med dei prinsippa for styresamansetting som har vorte brukt i Noreg gjennom fleire år. Dette må vere ein glepp.  Eg skal ikkje spekulere i årsaka til at det har blitt slik, men dette er ikkje i tråd med politikken vår, seier Christensen. 

Fleire utfordringar

Rapporten viser at fleire av SFI-ane har store likestillingsutfordringar.  SFI-senteret  FACE, som ligg under Institutt for Energiteknikk på Kjeller, har verken kvinner i styret, kvinnelege post-doc stipendiatar eller kvinnelege doktorgradsstipendiatar.  Ved Medical imaging laboratory (MI-lab) ved NTNU er to av åtte styremedlemer kvinner og 30 prosent av doktorgradsstipendiatane kvinner, men rapporten melder at senteret framleis har  utfordringar når det gjeld kjønnsbalansen. 

Ordninga med Senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI) starta opp i 2007. Føremålet med SFI er å styrke innovasjon i næringslivet gjennom samarbeid mellom forskingsintensive verksemder og norske forskingsmiljø. Sentra arbeider innanfor så ulike fagfelt som petroleum, akvakultur, statistikk og medisin. Kvart år får desse sentra 200 millionar kroner gjennom Forskingsrådet. I fjor vart sju nye SFI-ar oppretta. I retningslinene  står det at sentra skal ivareta likestillingsperspektivet når dei rekrutterer personell. 

Arbeidet framover

Liv Jorunn Jenssen, Noregs forskingsråd. (Foto: Forskingsrådet)

– Eg vil seie at denne evalueringa viser at sentra har ei utvikling i rett retning, men at mange har eit godt stykke att. Det vi ser, er at forskjellen mellom dei ulike fagområda blir tydeleg. Men mange av sentra har jobba mykje for å betre på situasjonen, mellom anna gjennom konkrete måltal for rekruttering og måltal for kvinneandel blant stipendiatane. Eg vil gi honnør for at dei har prøvd og for at dei kjem til å halde fram å prøve, seier Liv Jorunn Jenssen som er koordinator for SFI-ordninga i Forskingsrådet.

Korleis bør SFI-ane arbeide framover?

– Dei bør halde fram med det dei er i gang med.  Sentra starta opp i 2007. I den perioden var det generelt ein vanskeleg rekrutteringssituasjon for forskingssektoren. Studentane gjekk heller inn i næringslivet enn forskinga. Finanskrisa betra situasjonen i så måte. No kan dei velje og vrake blant kandidatar, og dei må jobbe vidare slik dei har gjort.  

I 2007 vart det lyst ut ekstra middel til likestillingstiltak for Senter for framståande forsking. Kunne det vere ein veg å gå for SFI-ordninga?

– Det er noko vi vil kunne sjå på. Vi har ikkje diskutert det konkret.  Men det vil vere avhengig av at ein har middel å lyse ut, og slik er det ikkje for SFI-ordninga no. I tillegg vil det vere svært ulike moglegheiter for SFI-ane avhengig av kva fagområde dei jobbar på, for på enkelte av  fagområda finst det knapt kvinner å hente.  Om ein stiller for harde krav, gjer det at desse fagområda ikkje har  moglegheiter innanfor SFI-ordninga, seier Jenssen. 

Har måltal

– Sentra har måltal for rekruttering av kvinner i planane sine. Det stiller vi krav om, så det har dei, seier Jenssen. Ho legg til at SFI-ane ikkje er sjølvstendige juridiske einingar. Alle er underlagt dei handlingsplanane for likestilling som gjeld på dei institusjonane som sentra er underlagte. Samstundes har nokre av sentra eigne dokument som presiserer korleis dei skal arbeide. 

Kva kan de gjere for å  sikre at planane også blir følgt opp?

– Vi får rapportar om dei måltala sentra har. I midtvegsevalueringa  var det eit eige punkt om likestilling. Det vi kan gjere for å hjelpe dei,  er å vise at vi heile tida er merksame på problemstillingane, i tillegg til at vi får dei til å fortelje om korleis det går, seier Jenssen.

Vil de stille krav til kvinnerepresentasjon i styra? 

– SFI-ane er finansiert med offentlege middel, så slik sett kan Forskingsrådet stille krav. Men då må ein ta med seg at det vil kunne utelukke nokon frå ordninga. Vi har ikkje hatt ein diskusjon om dette enno, seier Jenssen.  

Midtvegsevalueringa er usystematisk. Rapporten skriv at eit senter har ”få kvinner i seniorstaben” utan å kome med tal. Ved eit senter er  situasjonen ”tilfredsstillande”, også det utan å kome med tal.  For andre senter blir oversyn over kjønnsbalansen både i styret og blant dei tilsette presentert. Burde ikkje same informasjon bli gitt om alle? 

  Rapporten er  skrive av ulike internasjonale evalueringspanel, kvart senter har sitt panel. Vi har ikkje vore inne i skrivinga av rapportane i det heile.  Vi har berre gitt dei mandat og mal for skrivinga. Men alle har fått det same underlagsmaterialet, og alle sentra skriv om kvinnesituasjonen i årsrapportane sine. Dei som evaluerer har likevel berre kommentert på det dei synest har vore viktig å seie noko om, seier Jenssen.

Ho legg til at Forskingsrådet meiner det er avgrensa kor mykje føringar ein kan leggje på internasjonale panel som skal gjere ein slik type jobb, og at  all informasjonen om likestillingssituasjonen uansett er tilgjengeleg i underlagsmaterialet frå sentra. 

Forventningar

Linda Rustad, Komité for kjønnsbalanse i forsking. (Foto: Anne Winsnes Rødland)

Linda Rustad ønskjer at Forskingsrådet skal ta tydelegare grep.

– Eg synest Forskingsrådet burde ha like store forventningar til Sentra for forskingsdrive innovasjon (SFI) som dei hadde til Sentra for framståande forsking (SFF), seier Rustad og siktar til dei endringane som vart gjort for å auke kjønnsbalansen ved Sentra for framståande forsking etter at dei vart evaluerte i 2006.

Ho meiner også at den ferske evalueringa burde ha gitt fleire svar om likestillingssituasjonen ved SFI-ane.

– Eg kunne ha ønskt meg at Forskingsrådet hadde laga eit destillat av denne evalueringa på det som gjeld likestilling, for det er stor forskjell på SFI-ane.

Rustad stiller også spørsmål om Forskingsrådet sitt arbeid med dette feltet framover. 

– Forskingsrådet har blitt gode til å inkludere likestilling i planane sine og i verkemidla sine. Dei kan også vise til fleire positive resultat på mange felt, men dei svake resultata for Senter for forskingsdrive innovasjon gjer at ein må spørje om dei har kapasitet til å følgje opp sine eigne intensjonar og planar, seier Rustad.