Universitetet i Oslo klaga inn for Likestillingsombodet

13 kvinnelege stipendiatar ved Det juridiske fakultet har klaga inn Universitetet i Oslo til Likestillings- og diskrimineringsombodet for kjønnsdiskriminering ved foreldrepermisjon. No er universitetet på glid til å endre praksis.

28. februar 2013

Bakgrunnen for klaga er at Universitetet i Oslo (UiO) ikkje kompenserer stipendiatar for ferien dei opparbeider seg medan dei er i permisjon. Ergo får stipendiatar som tek lange foreldrepermisjonar kortare tid enn andre til å skrive doktoravhandlinga si. Dei får heller ikkje tilstrekkeleg kompensasjon for omsorgsarbeid.

– Dårleg personalpolitikk

– UiOs praksis rammar kvinner hardare enn menn, ettersom kvinner i snitt tek ut lengre permisjon, seier Marte Eidsand Kjørven, stipendiat ved Juridisk fakultet ved UiO.

Ho er ein av dei 13 som har klaga inn UiO til Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO).

– For kvar foreldrepermisjon ein stipendiat tek ut får ho inntil fem veker mindre til å skrive ferdig doktorgraden sin. UiO viser inga forståing for at dette er eit problem for oss. Dette handlar ikkje berre om 13 stipendiatar ved Juridisk fakultet, men om personalpolitikken og arbeidsvilkåra ved UiO generelt, seier Kjørven.

Mistar tid

Normalt er ein stipendiat mellombels tilsett i fire år, fordelt mellom såkalla pliktarbeid og tid til å skrive sjølve doktorgraden. Lovverket føreskriv at dersom stipendiaten må ut i foreldrepermisjon, skal arbeidsgjevar forlenge tilsettingsperioden med like lang tid som stipendiaten er borte frå arbeidet. Ved UiO blir ikkje ferien ein tek ut i permisjonsåret eller ferie ein har arbeida opp i løpet av denne tida rekna med.

Ein stipendiat som er ute i foreldrepermisjon i eitt år, i form av 47 veker permisjon og fem veker ferie, får forlenga tilsettingsperioden med 47 veker. Er derimot stipendiaten i permisjon eitt år for å jobbe for ein annan arbeidsgivar, får ho forlenging for alle 52 vekene ho er borte, også feriefråveret. Jamvel om stipendiatane har rett til foreldrepermisjon, men ikkje rett til permisjon for å jobbe for ein annan arbeidsgivar, blir altså det siste betre kompensert.

– Sjå til Universitetet i Bergen

Klagarane får støtte frå prosjektleiar Marianne Inez Lien ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO. Der forskar ho mellom anna på kvifor kvinnelege forskarar vel bort akademia som karriereveg og kva som kan gjerast for å få dei til å bli (prosjektet Veiledning, kjønn og omsorgsansvar). Lien trekk fram Universitetet i Bergen (UiB) som eit døme på god praksis.

– Slik ordningane ved UiO er i dag aukar skiljet mellom dei som har barn og dei som ikkje har det. I dag er det lettare å sameine graviditet og barn ved UiB enn det er ved UiO, seier Lien.


Prosjektleiar for “Veiledning, kjønn og omsorgsansvar”, Marianne Inez Lien. (Foto: UiO)

Ifølgje Stipendiatforskrifta må fråveret vere samanhengande over to veker dersom det skal gi forlenging. UiB har, i tillegg til det som står i forskrifta, innført at alle stipendiatar kan legge saman alt kort fråvere på under 14 dagar og få forlenging for desse arbeidsdagane. Juridisk fakultet har på toppen av dette nokre lokale tilleggsordningar (sjå faktaboks).

40 veker mindre

Samanlikna med UiB får ein UiO-stipendiat med to foreldrepermisjonar 22 arbeidsveker mindre til skriving av avhandlinga grunna omsorgsarbeid.

Ein stipendiat ved Juridisk fakultetet ved UiB får, i tillegg til full kompensasjon for permisjonsfråveret, ytterlegare opptil 18 veker for å kompensere for ulempa ved å ha to lange avbrott i arbeidet. Juss-stipendiaten i Bergen får i sum heile 40 veker meir til å skrive doktoravhandlinga enn ein tilsvarande stipendiat i Oslo får. Avhandlingane blir likevel behandla likt, uavhengig av kor stipendiaten har vore tilsett.

Rammar kvinner hardast

NIFU-rapporten Kvinner og menns karriereløp i norsk forskning: En tilstandsrapport frå 2012 viser at stipendiatar ved Universitetet i Bergen fullfører oftare og brukar kortare tid enn stipendiatane ved UiO. Ifølgje NIFU er årsaka at UiB har betre strategiar og verkemiddel enn andre universitet.

– Forskinga viser at det å ha omsorgsansvar ein av dei fremste grunnane til at kvinnelege stipendiatar droppar forskarkarrieren. Manglande velferdsordningar for stipendiatar rammar som oftast kvinner hardast. Per i dag fungerer ikkje velferdsordningane ved UiO, seier Lien.

– Om ein stipendiat hamnar bakpå tidsmessig er ho prisgitt besteforeldre eller ein oppofrande partner om ho skal lykkast. Å vere mellombels tilsett i årevis er dessutan spesielt belastande for dei som har barn, fordi ein stadig må jobbe inn att tida ein er borte grunna eigen eller barna sin sjukdom.

Ikkje tilpassa småbarnsforeldre

Klagarane frå Juridisk fakultet reagerer òg på UiOs forlengingspraksis ved sjukdom. I dag må ein stipendiat vere sjukmeldt i over to veker i strekk for at UiO skal forlenge tilsettingsperioden. Problemet, ifølgje Kjørven og dei andre klagarane, er at denne ordninga går dårleg i lag med livet som småbarnsforelder.


Marte E. Kjørven er ein av dei 13 stipendiatane som har klaga inn UiO til LDO for kjønnsdiskriminering. (Foto: Mona Østvang Ådum)

– Fråvere i samband med sjukdom er sjeldan samanhengande. For småbarnsforeldre kan det totale sjukefråveret for egen og barna sin sjukdom fort bli mange veker i løpet av den fireårige stipendiatperioden. Medan ein stipendiat som berre har eitt fråvere på to samanhengande veker i løpet av fire år får forlenging, får ein stipendiat som totalt sett har vore borte meir, men fordelt over kortare opphald, ikkje forlenging, seier Kjørven.

– Stipendiatar som blir sjuke eller har sjuke barn kostar difor ikkje UiO ei krone. Stipendiatane må være dei einaste statleg tilsette arbeidstakarane i Noreg som i praksis ikkje har rett på betalt fri ved sjukdom. Ein må enten ta igjen tida ved helgearbeid, eller skrive ei dårlegare avhandling, meiner Kjørven.

UiO endrar praksis

Universitetet i Oslo vil ikkje kommentere saka før Likestillings- og diskrimineringsombodet har handsama klaga. Ressursbanken har likevel fått tilgang til UiOs tilsvar på klaga, kor dei mellom anna skriv:

«UiO mener at vår praktisering av [Stipendiatforskrifta] ikke er diskriminerende. Vi ser imidlertid at bestemmelsen sett i sammenheng med annen lovgivning om ferie og folketrygd kan få uheldige konsekvenser ved tidsavgrensede kontrakter.»

Vidare skriv UiO at dei difor vurderer å ”legge om praksis” slik at stipendiatar står att med tilsvarande tilsettingsperiode som før dei gikk ut i permisjon. Klaga blir no handsama av LDO, og ombodet vil kome med fråsegn i saka i løpet av våren 2013.

Upopulære forteljingar

Marianne Inez Lien peikar på at det ikkje berre er UiO som manglar velferdsordningar for mellombels tilsette. I likskap med andre norske lærestader følgjer berre UiO forskrifta frå Kunnskapsdepartementet. I denne konteksten er det UiBs ordningar som er unntaket.

– Men UiO sparar store summar på å ikkje gi dei mellombels tilsette tilbake den tida dei mistar ved eigen eller barna sin sjukdom. Vi veit lite om erfaringane til stipendiatar med små barn. Desse forteljingane må fram i lyset, seier Lien.

Det kan vere lettare sagt enn gjort.

– Eg trur at grunnen til at vi ikkje ser noko «opprør» mot manglande velferdsordningar i akademia er at ein da gjer seg mindre attraktiv i eit svært konkurranseorientert system som mange ynskjer seg inn i. I det «nye» akademia med auka internasjonalisering og new public management som styringsform, vil truleg ein del kvinner, og nokre menn, gi opp forskingskarrieren, hevdar Lien.

Oppdatering: Under arbeidet med denne saka avgjorde UiO å endre permisjonspraksis for stipendiatar. Etter endringa får stipendiatar som tek foreldrepermisjon forlenga tilsettinga si med inntil fem veker ekstra i tillegg til vekene dei er i permisjon.

Marte Eidsand Kjørven er glad for at UiO endrar sin praksis på dette området, men peikar på at UiB framleis har mykje betre ordningar for forlenging, spesielt ved Juridisk fakultet.

Fakta

Jamfør Stipendiatforskrifta § 2-3 skal permisjonar dei tilsette har krav på etter lov eller tariffavtale ikkje reknast med ved utrekning av tilsettingsperioden. Siktemålet er å sørgje for at stipendiatar som tek permisjonar får like lang tid til å gjennomføre doktorgraden som dei elles ville hatt.

Ressursbanken har laga ein case for å illustrere korleis UiO og UiBs ordningar fungerer for ein stipendiat som får to barn i løpet av tilsettingsperioden. I denne casen er stipendiaten borte frå arbeidet i om lag 117 veker.

Universitetet i Oslo
To lange foreldrepermisjonar à 47 arbeidsveker → 94 veker forlenging (104 etter ny ordning)
To barnehageinnkøyringar (3 x 2 = 6 dagar) → 0 dagar forlenging
Heime med eigen sjukdom/sjukt barn 15 dagar i løpet av året, ikkje samanhengande (60 arbeidsdagar totalt over 4 år) → 0 dagar forlenging
Tilsetting forlenga med 94 veker (104 etter ny ordning).

Universitetet i Bergen
To lange foreldrepermisjonar (2 x 47 arbeidsveker + 2 x 5 ferieveker) → 104 veker forlenging
To barnehageinnkøyringar (3 x 2 = 6 dagar) → 0
Heime med eigen sjukdom/sjukt barn 15 dagar i løpet av året, ikkje samanhengande (60 arbeidsdagar totalt over 4 år) → 60 arbeidsdagar forlenging, altså 12 arbeidsveker.
Tilsetting forlenga med 116 veker + eventuell avvikla ferie for det året tilsettingsperioden er over, alternativt utbetaling av feriepengar.

Juridisk fakultet ved UiB har i tillegg følgjande ordningar:

  1. To barnehageinnkøyringar ville gitt velferdspermisjon med rett til forlenging i 6 dagar
  2. Dersom ein har hatt samanhengande foreldrepermisjon i 3 månader får ein 4 månader forlenging (éin månad ekstra). Ved 6 månader får ein 8 månader forlenging (2 månader ekstra). Det same gjeld for permisjonar over 6 månader. Ei permisjonslengd på mellom 3 – 6 månader vil gi mellom 1 – 2 månader forlenging.

Tilsetting for stipendiat på Juridisk fakultet UiB blir forlenga med opptil 134 veker.

Dei siste åra har fleire spurt om det no er nok utlendingar i norsk akademia. Akademiet for yngre forskarar ønskjer heller ein debatt om korleis vi best kan handtere det nye mangfaldet.
12. september 2019
Kronikk:
Arbeidsmiljø, midlertidighet og ledelse må være med når regjeringen skal evaluere strukturreformen, skriver Curt Rice og Heidi Holt Zachariassen fra Kif-komiteen.
29. august 2019
Omsider er den nasjonale kartleggingen av mobbing og trakassering i UH-sektoren her. Vi vet fortsatt ikke hvorfor trakassering skjer, mener Kif-komiteen.
23. august 2019