Meir å gjere for same sum

Stadig fleire universitet og høgskular har byrja å ta med til dømes etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering i likestillingsarbeidet. Men sjølv om likestillingsarbeidarane har fått meir å gjere, finst det ikkje naudsynleg meir pengar i potten.

Med det utvida likestillingsomgrepet er likestilling meir enn kjønn. Korleis påverkar det likestillingsarbeidet ved høgskulane og universiteta? (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Det såkalla ”utvida likestillingsomgrepet” har funne vegen inn i handlingsplanane, og målsettingane har auka i omfang. Samstundes er kjønnsbalansen og likestillinga ved norske universitet framleis ikkje noko å skryte av. Har det utvida fokuset ført til ei tilsvarande auke i ressursar til likestillingsarbeidet generelt, eller har det gått på kostnad av kjønnslikestillinga?

Universitetet i Bergen (UiB) er av lærestadene som har lagt det utvida likestillingsomgrepet til grunn for sin nyleg vedtekne handlingsplan for likestilling fram til 2015. Sjølv om likestillingskomiteen deira har fått ein god del meir å ta tak i, har dei ikkje fått nemneverdig meir pengar å rutte med.

Ikkje friske pengar

– Eigentleg har vi ikkje fått særleg mykje meir no enn det vi har nytta på kjønnslikestilling kvart år dei seinaste åra. Rammene er ikkje auka korkje sentralt eller lokalt og det kan sjølvsagt føre til at det vil bli brukt litt mindre pengar på kjønnslikestilling enn før. Samstundes er det viktig å sjå at ikkje alle tiltaka i handlingsplanen kostar pengar, seier Anne Marit Skarsbø, likestillingsrådgivar ved UiB.

UiB sin likestillingskomité har fått 4,7 millionar kroner til generelt likestillingsarbeid i år, pluss 150 000 øyremerkte kroner frå departementet til å rekruttere fleire personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga kor fakulteta sjølv skal bidra til tiltak i eigne fagmiljø held fram som før.

Den nye diskrimineringslova kom på plass i 2006 og allereie året etter hadde Høgskulen i Lillehammer (HiL) inkludert den utvida likestillingsforståinga i sin handlingsplan frå 2007-2011. Lars Petter Mathisrud, sekretær for Likestillings-, inkluderings- og antidiskrimineringsutvalet (LID) ved HiL, fortel at høgskulen omprioriterte pengar i budsjettet til personalseksjonen og oppretta ei prosjektstilling på 25 prosent i halvanna år. Dette for å følgje opp arbeidet med likestillingsplanen og HiL sitt Likeverdsår i 2010.

– Det blei altså ikkje tilført friske pengar frå sentralt hald, men resultatet var likevel at likestillingsarbeidet fekk auka ressursar, hevdar Mathisrud.

Fleire komitémedlemmer

Skarsbø ved UiB peiker på at komiteen har blitt utvida til ni faste medlemmer samt eit sekretariat på to personar. Det har dessutan blitt oppretta ei mangfaldsgruppe på personalavdelinga med ansvar for likestilling, internasjonalisering og inkluderande arbeidsliv med meir. Så slik sett så har ressursane auka.

Anne Marit Skarsbø, likestillingsrådgivar ved Universitetet i Bergen. (Foto: UiB)

– Kjem dykk til å trenge meir ressursar i den komande perioden for vere i stand til å gjennomføre tiltaka i handlingsplanen?

– Konkretiseringa av planen vil leggjast til grunn for budsjettforhandlinga til hausten, og vi får sjå da om universitetstyret kjem med fleire tildelingar, seier ho.

Den nye handlingsplanen til UiB er delt inn i sju ulike diskrimineringsgrunnlag, etter mal frå lovverket: Kjønn; funksjonsevne; etnisitet, religion, livssyn og politisk tilhøyrsle; seksuell orientering og kjønnsidentitet; språk samt alder.

– Korleis har dykk organisert arbeidet i komiteen etter utvidinga?

– Medlemmene har ikkje delt ansvaret for dei ulike diskrimineringsgrunnlaga mellom seg, men hentar inn dei ulike administrative avdelingane der det trengst. Om det dreier seg om til dømes universell utforming blir Eigedomsavdelinga henta inn, medan ein i saker som gjeld læringsmiljø eller funksjonsnedsetting samarbeidar med Studieadministrativ avdeling. UiB har dessutan ein likestillingsansvarleg ved kvart fakultet som no har fått eit utvida mandat, forklarer Skarsbø.

Klar over faren

– Somme likestillingsarbeidarar er uroa for at eit utvida fokus på mange former for diskriminering står i fare for å ”vatne ut” kjønnslikestillinga. Kva tenkjer du om det?

– Dette er jo det første året vi skal jobbe konkret med dette og vi vil følgje utviklinga nøye. Førebels kan vi ikkje sjå at det andre likestillingsarbeidet har gått på kostnad av kjønnslikestillingsarbeidet, men vi er klar over faren og at det krev fokus, meiner ho.

Skarsbø opplyser om at arbeidet skal rapporterast til universitetsstyret kvart år og at ein da vil vurdere problemstillinga. Eit spørsmål er til dømes om det utvida fokuset går utover ressursane til rekruttering av kvinner til faste vitskapelege stillingar, som framleis er ein av hovudutfordringane i likestillingsarbeidet. I år er UiB vertskap for  The 7th European Conference on Gender Equality in Higher Education, noko som krev mykje personell og pengar.

– Det viser at vårt fokus på kjønnslikestilling framleis er sterkt, meiner Skarsbø.

Lars Petter Mathisrud frå Høgskulen i Lillehammer. (Foto: HiL)

Ved Høgskulen i Lillehammer deler dei denne oppfatninga.

Større interesse

HiL har no hatt nokre år til å teste ut den utvida likestillinga.

– Så langt eg kan sjå har ikkje utvidinga av arbeidet ført til ein redusert innsats på kjønnslikestillingsområdet. Dei mest konkrete tiltaka i handlingsplanen vår dreiar seg framleis om rekruttering og kvalifisering av kvinner til førstestillingar og professor- og dosentstillingar, seier Lars Petter Mathisrud

– Har HiL organisert arbeidet annleis no som likestillingsarbeidet har blitt utvida?

– Vi er organisert på same måte, men vi ser at det kan vere utfordrande å få eit utval som skal dekke eit så bredt og komplekst område til å fungere godt. Samstundes har eg inntrykk av at utvidinga har ført til større interesse for dette arbeidet, seier han.

Auka medvit

Han fortel at HiL har hatt som mål å auke medvitet omkring ”det utvida likestillingsomgrepet”. I 2010 markerte høgskulen Likeverdsåret, med ulike føredrag og seminar, Likeverdskafé og teaterførestellingar. Eit av dei største tiltaka som blei sett i gong i 2010 var eit pilotkurs for dei tilsette med namnet ”Interseksjonalitet: Teori og praksis”, i samarbeid med Høgskulen i Hedmark og Høgskulen i Gjøvik.

Formålet med kurset var mellom anna å gjere dei tilsette ”medvitne om diskriminerande haldningar og handlingar og sjå og forstå ulike typar diskriminering”. Åtte tilsette tok eksamen i kurset og fleire følgde heile eller delar av studiet. Mathisrud er positiv til kurset, men fortel at det var ei utfordring å balansere mellom relativt tung teori og korleis ein reint praktisk jobbar med det i organisasjonen.

Ved Høgskulen i Lillehammer er likestilling uansett meir enn berre kjønn.

– Vår innstilling er å halde fram med det ”utvida likestillingsomgrepet”, seier Lars Petter Mathisrud.

Les meir

Sjå oversikta over universiteta og høgskulane sine handlingsplanar for likestilling på Ressursbanken.