Kvinner mindre sitert

Kvinnelege forskarar blir mindre sitert enn sine mannlege kollegaer, viser ny forsking frå Nifu.

10. juni 2011

Forskar ved Nifu, Gunnar Sivertsen, er ein av fire forskarar bak denne studien. (Foto: Astrid S. Dypvik)

Tidlegare forsking på området har ikkje gitt eintydige konklusjonar. Men no kan forskarar frå Nifu slå fast at kvinnelege forskarar faktisk blir mindre siterte enn sine mannlege kollegaer. 

– Hovudfunnet vårt er at kvinner blir mindre siterte, men forskjellane mellom kvinnelege og mannlege forskarar er ikkje store. Forklåringa på at menn blir mest sitert er at mannlege forskarar er meir produktive, seier Gunnar Sivertsen, forskar ved Nifu, og ein av fire forskarar bak undersøkinga som er publisert i den ferskaste utgåva av tidsskriftet Journal of the American Society for Information Science and Technology (JASIST).

Forskarane frå Nifu har gjort ein makrostudie som inkluderer 8500 norske forskarar og 37 698 forskingsartiklar frå 1981 til 2009. I desse artiklane er det meir enn 300 000 siteringar. Dei undersøkte vitskaplege arbeida er frå alle forskingsfelt, men naturvitskap og medisin er best representert fordi data er henta frå databasar for internasjonale vitskaplege tidsskrift der desse fagfelta er i fleirtal. Talet på siteringar er viktig fordi det er dei som viser kva innverknad eit forskingsarbeid har hatt.

I forklåringa si trekker Sivertsen og kollegaene inn det den amerikanske sosiologen Robert Merton kalla Matteus-effekten innanfor forskinga. Den går ut på at den forskaren som publiserer mykje ikkje berre blir meir sitert enn den som publiserer lite. Det å publisere mykje gir det forskarane kallar ein sterk kumulativ fordel; det vil seie at å publisere tre arbeid gir meir enn tre gongar så mange siteringar enn det ein hadde fått av å publisere eitt arbeid.

Ulik produktivitet

Forskjellen i produktivitet mellom mannlege og kvinnelege forskarar er dokumentert både i norske og internasjonale studiar, mellom anna i Svein Kyvik og Mari Teigen sin artikkel ”Child Care, Research Collaboration, and Gender Differences in Scientific Productivity”. Funna i artikkelen Sivertsen har vore med på å skrive stadfestar dette biletet.

Det er flest kvinner blant dei minst produktive forskarane. Så mange som 41,2 prosent av dei kvinnelege forskarane var registrert med berre ein artikkel. Berre 30,7 prosent av dei mannlege forskarane hadde produsert ein artikkel. Blant dei mest produktive forskarane var situasjonen motsett. Berre 13,3 prosent av dei kvinnelege forskarane var registrert med meir enn fem artiklar, medan 26,6 prosent av dei mannlege forskarane hadde produsert meir enn fem artiklar. Og dei mest produktive vart altså langt meir siterte enn sine mindre produktive kollegaer. 

Forskarane gjorde elles eit svært interessant funn som sette den tidlegare nemnde Matteus-effekten for forskinga litt ut av spel. Kvinner var nemleg relativt meir siterte enn menn sett i høve til omfanget av forskinga deira. I siteringsstatistikken for kvinnelege forskarar er hovudtyngda ei lita gruppe svært produktive kvinnelege forskarar som publiserer funna sine i prestisjetunge tidsskrift. Artiklar frå desse tidsskrifta blir sitert langt oftare enn det som er vanleg for vitskaplege artiklar.

– Dette kan ha samanheng med at yngre og mindre etablerte forskarar blir meir sitert enn til dømes eldre professorar, seier han. I denne gruppa er det flest menn.

Kvalitetskriteriet

– Tal på siteringar er eit kvalitetskriterium. Forskingsarbeid har større sjanse for å bli sitert når dei har originale, konsekvensrike og godt dokumenterte resultat, seier Sivertsen. Berre tre prosent av arbeida som er inkluderte i studien er frå humanistiske fag. Sivertsen seier at det er lite sannsynleg at det å inkludere fleire humanistiske fag i studien ville ha endra hovudkonklusjonen.

Mannlege forskarar pruduserer mest og blir mest sitert, men kvinner er relativt sett meir siterte enn menn. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

– Vi fann variasjon mellom fag, men hovudtrekket innanfor alle fagområde, også dei humanistiske faga, var at menn vart mest sitert, forklarer han.

– Når ein siterer, gjer ein det fordi forskinga er relevant. Særleg innanfor naturvitskapleg forsking er det slik: ein spør ikkje etter kven som har skrive, ein spør etter kva relevans det har for eins eige arbeid. Ein kan seie at relevanskriteriet er sterkare innanfor naturvitskapen. Dette kan forklare at siteringane er mykje mindre skeivt fordelt mellom kvinner og menn enn publikasjonane er, seier Sivertsen.

Han legg til at siteringspraksisen er annleis for humanistiske fag.

– Det vi veit om relevanskriteria i humaniora er at det ofte er ein sterk teori eller eit perspektiv eller eitt sterkt førebilete som er svært mykje sitert. Denne tidlegare forskaren er ofte mannleg, men det kjem sjølvsagt litt an på kva generasjon av forskarar det handlar om. Men opp til vår tid har den humanistiske forskinga vore sterkt prega av menn. Vi kunne ha undersøkt dette grundigare viss vi hadde hatt godt nok materiale.

Lite siterte professorar

Forskarar som har sett på kjønnsbalansen i forskingsverda har påvist at det er færre kvinner jo høgare opp ein kjem i forskingshierarkiet. Når kvinner er så underrepresenterte i dei mest prestisjetunge akademiske stillingane, skulle ein tru at det også ville påverke talet på siteringar. Men akkurat her har Nifu-forskarane gjort eit funn som er eigna til å overraske.

– Vi fann ut at det var lågare siteringshyppigheit hos professorar enn postdoktorar, så det ser ikkje ut til å vere nokon samanheng mellom talet på siteringar og det at det er fleire menn enn kvinner som har professorstillingar, seier Sivertsen.

Forskarane forklarar dette funnet med at mykje av den mest banebrytande og oppsiktsvekkande forskinga blir gjort av unge forskarar, og at ei lita gruppe med svært nyskapande forskarar drar opp talet for siteringar for postdoktorar.

Unik studie

Studien til Sivertsen og forskingskollegaene hans er unik fordi den inkluderer så mange forskingsarbeid. Grunnen til at forskarane har hatt høve til å gjere ein så omfattande studie er at Noreg er blant dei landa i verda som har den mest omfattande registreringa av publiserte forskingsarbeid. 

– Vi har Forskings-statistikken og Forskarregisteret. Dette blir administrert av Nifu. Dette registeret omfattar heile det norske forskarpersonellet, både i universitets- og høgskolesektoren og i instituttsektoren. I tillegg er publisering knytt til finansieringssystemet for forskinga. Difor blir alle publikasjonar registrert kvart år, seier Sivertsen.

– Har du noko råd til kva som kan gjerast for å få kvinner til å publisere meir og dermed også bli meir siterte?

– Ja, det handlar først og fremst om å sikre gode forskingsvilkår for kvinnelege forskarar, det handlar om tid og konsentrasjon. Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo gjorde ei undersøking om dette spørsmålet, og der fann dei ut at kvinnelege forskarar ofte er bunde opp av rettleiingsoppgåver og av arbeid i utval der dei er med for å sikre kvinnerepresentasjonen, seier Sivertsen.

Fakta

Artikkelen “Are Female Researchers Less Cited? A Large-Scale Study of Norwegian Scientists” blei  publisert i Journal of the American Society for Information Science and Technology (JASIST).

Forfattarane er Dag W. Aksnes, Kristoffer Rørstad, Fredrik Piro og Gunnar Sivertsen.

Se også