Kraftig auke i kvinnelege innovasjonsleiarar

Då Forskingsrådet nyleg peika ut 17 nye senter for forskingsdriven innovasjon, hadde ein tredel av dei nye sentera kvinneleg leiar. Forskingsrådet meiner bevisstgjering er hovudårsaka til auken.

Etter to SFI-utlysingar var det 20 mannlege senterleiarar og 1 kvinneleg leiar. No, etter denne siste utlysingsrunden, er det for fyrste gong ei betring med 6 kvinnelege og 11 mannlege senterleiarar. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Dialog med forskingsmiljøa verkar betre enn generelle formuleringar i utlysingsteksten, seier avdelingsdirektør Eirik Normann.

Ordninga med Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) vart etablert i 2005, og det har vore to tidlegare utlysingar som til saman resulterte i 1 senter med kvinneleg senterleiar og 20 med mannlege leiarar.

Dette har vore eit sårt punkt, og Eirik Normann fortel at Forskingsrådet i denne tredje utlysingsrunden har gjort det klart for forskingsmiljøa at dei forventa betre kjønnsbalanse. Då dei nye sentera vart annonsert før jul, hadde 6 av 17 senter kvinneleg leiar.

Forventingsstyring avgjerande

‒ Auken er ikkje resultat av eitt spesielt grep, men under oppkøyringa til siste søknadsrunde hadde vi mykje kontakt med dei potensielle søkarmiljøa. Der peika vi på at den eksisterande SFI-porteføljen hadde éin kvinneleg leiar, og at det var for dårleg. Vi var tydelege på at vi forventa at miljøa systematisk såg etter kvinner til leiarposisjonar, både som senterleiar og til andre leiande roller i prosjektet, slik som arbeidspakkeleiarar. Det er nok det tiltaket som har vore viktigast, seier Normann.

‒ Rett og slett ein bevisstgjeringsprosess, altså?

‒ Ja. Vi besøker også jamt dei eksisterande SFI-ane, og då er spørsmål om korleis kjønnsbalansen har utvikla seg undervegs, eit fast punkt på dagsordenen. Mange av desse miljøa er også representerte i nye søknader, og dermed har dei blitt medvitne om at dette var noko vi kom til å leggje vekt på i søknadsprosessen.

Vil følgje utviklinga

Senterleiarposisjonen seier likevel ikkje nødvendigvis så mykje om kjønnsbalansen i senteret som heilskap. Dette vil Forskingsrådet få meir oversikt over etter kvart, fortel Normann.

‒ Dei nye sentera er førebels ikkje i gang med aktiviteten, så vi har ikkje full oversikt over til dømes kvinneandelen mellom arbeidspakkeleiarane. Dette kjem vi til å få tal på når vi er komne dit at kontraktane skal signerast. Kjønnsbalanse vil også bli eit spørsmål ved midtvegsevalueringa som alle SFI-ane skal igjennom. Då vil vi sjå på både leiinga, på arbeidspakkeleiarane, som er eit viktig nivå i gjennomføringa av aktiviteten på senteret, og på rekrutteringa av doktorgradskandidatar. Så det er fleire nivå her som er viktige å følgje med på, og som vil gje oss eit betre bilete av utviklinga.

– Eg meiner likevel oppriktig at miljøa denne gongen systematisk har sett etter kvinner til leiande posisjonar, i vesentleg større grad enn før.

Avdelingsdirektør i Forskingsrådet Eirik Normann fortel at kjønnsbalansen på SFI-ane er eit viktig punkt i dialogen med sentera. Framover vil dei òg sjå på heile senteret, ikkje berre leiarnivået. (Foto: Forskningsrådet)

Langvarig arbeid ber frukter

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er vertsinstitusjon eller samarbeidspartnar for fleire av dei nye SFI-ane som har kvinneleg leiar. Seniorrådgjevar Ruth Hagen Rødde i rektors stab for forsking meiner at auken i kvinneandelen er eit resultat av langvarig arbeid med å rekruttere kvinner inn i vitskaplege stillingar.

‒ NTNU har jobba målbevisst med dette i fleire år, spesielt innanfor teknologiområdet, og vi trur at vi tek til å hauste fruktene av dette no, skriv ho i ein e-post.

‒ Vi har ikkje gjort noko spesielt med tanke på kjønnsbalansen i sjølve SFI-søknadsprosessen, men NTNU har jobba målbevisst med dette i fleire år, seier seniorrådgjevar Ruth Hagen Rødde. (Foto: Mentz Indergaard, NTNU)

‒ Vi har nok ikkje gjort noko veldig spesielt med tanke på kjønnsbalansen i sjølve SFI-søknadsprosessen, men det låg ei tydeleg føring frå Forskingsrådet om at ein oppmoda institusjonane til å satse på kvinnelege senterleiarar. For nokre fagmiljø kan dette ha vore avgjerande, altså at ein har tenkt at under elles like vilkår ville eit senter med kvinneleg leiar bli prioritert. Det kan også ha hatt ein dempande effekt på eventuelle interne mannlege motkandidatar – men dette har vi ingen sikre indikasjonar på.

Teknologiretta ordning

SFI-ordninga er retta inn mot innovasjon og verdiskaping i samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø. Eit overordna mål er å styrke innovasjonsevna i næringslivet. Det gjer at sentera typisk finst innanfor teknologitunge fagområde, som tradisjonelt er mannsdominerte. Prinsipielt kan ein sjå for seg SFI med utspring i samfunnsvitskaplege eller humanistiske fag, men berre dersom ein får næringslivet med på laget. Normann trur likevel det er vanskeleg å finne nokon klar samanheng mellom  kjønnsbalansen i SFI-ane, og kor teknologiorienterte dei er.

‒ Kriteria for utveljing av SFI-ane er potensial for verdiskaping, og høg forskingsmessig kvalitet. Fell ein igjennom på eitt av kriteria, blir det ikkje noko SFI. Fleire av sentera har aspekt av samfunnsvitskap og humaniora knytt til seg, slik som senteret ved Noregs handelshøgskule som skal auke innovasjonen i tenesteytande sektor. Men desse aspekta er sjeldan nok i seg sjølv til å basere eit SFI på, for næringslivet er mest oppteke av teknologisk innovasjon. Difor vil forskingsmiljø innanfor samfunnsvitskap og humaniora ofte vere meir aktuelle for ordninga med senter for framifrå forsking (SFF), der høg forskingskvalitet er einaste kriterium.

Må arbeide med rekrutteringsgrunnlaget

Likevel ser Forskingsrådet at kjønnsbalansen varierer frå fagfelt til fagfelt, fordi det innanfor nokre fagområde rett og slett er for få kvinner. På slike fagområde trengst det meir langsiktig planlegging for å auke kvinneandelen.

‒ Framleis finst det fagområde der kvinneandelen i rekrutteringsgrunnlaget er så tynn at det blir vanskeleg å insistere på at ein skal ha kvinner i leiande posisjonar. Men det er ikkje ei unnskyldning fagmiljøa kan lene seg på. Då gjer vi det klart at dei må arbeide med rekrutteringsbasen sin. Difor opplever eg at direkte dialog med miljøa er ein god framgangsmåte. Generelle formuleringar i utlysingstekstane, som at eit senter med kvinneleg leiar vil bli prioritert under elles like vilkår, kan vere vanskeleg å anvende heilt presist – det er ikkje ofte vi kan seie at to senter verkeleg er heilt like, seier Normann.

Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI)

Ei finansieringsordning under Forskingsrådet, etablert i 2005. Føremålet er å styrke innovasjonskrafta i bedriftene gjennom satsing på langsiktig forsking, og å skape tette samarbeid mellom bedrifter og framståande forskingsmiljø. Kriteria for utveljing er høg vitskapleg kvalitet og høgt potensial for innovasjon og verdiskaping.

Det har vore utlysingar i 2005, 2010 og 2013. I tredje runde kom det inn 57 søknader. 17 senter fekk midlar, av dei hadde 6 kvinneleg leiar mot berre eitt senter i dei to første utlysingsrundane.

I informasjonsskrivet til søkarane står det mellom anna at ved elles like vilkår vil Forskingsrådet prioritere søknader med kvinneleg senterleiar eller sterk kvinnerepresentasjon i leiande posisjonar. Søkarane må også oppgje måltal på andelen kvinnelege doktorgradskandidatar dei planlegg å rekruttere, men det er ingen minimumskrav.

Se også