Likestillingsprisen til Høgskolen i Bergen
I dag fekk Høgskolen i Bergen Kunnskapsdepartementet sin likestillingspris for 2010.
– Vi treng framleis å styrke og motivere institusjonane våre, og håpar denne prisen vil vere til inspirasjon for andre, sa Tora Aasland, minister for høgare utdanning då ho delte ut prisen. Prisutdelinga fann stad under Kontaktkonferansen, der Kunnskapsdepartementet møter leiinga ved landets universitet og høgskolar. Prisen er på to millionar kronar.
– Vi har vore gode på å leggje planar og på å sette handling bak dei. Dette arbeidet har teke lang tid, men vi har gått alle dei små stega, seier ei glad Eli Bergsvik. Ho er rektor ved Høgskolen i Bergen.
Ambisiøse planar
Høgskolen i Bergen har hatt ambisiøse planar for likestillingsarbeidet sitt, og kan samstundes vise til konkrete resultat. I perioden frå 2007 til 2010 har høgskolen auka talet på kvinnelege førsteamanuensar med 36 prosent, frå 37,7 prosent i 2007 til 51,5 prosent i 2010. I tillegg er publiseringsstatistikken imponerande. Dei kvinnelege forskarane ved høgskolen stod for 45 prosent av publikasjonspoenga i 2009, dermed har høgskolen éin av dei høgaste kvinneandelane i sektoren for sine publikasjonar.
Kunnskapsdepartementet sin Likestillingspris vert kvart år delt ut til den institusjonen eller det forskingsinstituttet som har dei beste tiltaka for å betre kjønnsbalansen i sektoren. Målet er å stimulere til aktivt, målretta og planmessig likestillingsarbeid. Det er Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) som lyser ut, vurderer kandidatar og innstiller prisvinnar. I år vert prisen delt ut for fjerde gong.
Frå ord til handling
I sin tale framheva Tora Aasland at dei tidlegare prisvinnarane har halde fram med arbeidet sitt.
– Vinnaren frå i fjor, Idrettshøgskolen, har klåre mål for nyrekruttering av kvinner. Så eg er spent på korleis årets vinnar vil bruke prisen, sa ministeren.
I vurderinga frå juryen vert det framheva at Høgskolen i Bergen viser ei ”offensiv og reflektert tilnærming til likestillingsproblematikken”. Som eksempel nemner dei at opprettinga av masterprogram innanfor kvinnedominerte fagområde blir sett i samanheng med kvinner sine karrieremoglegheiter innanfor akademia. I tillegg framhevar juryen at Høgskolen integrerer likestillingsarbeidet i sine vanlege prosedyrar, for eksempel i den generelle leiarutdanninga ved høgskolen. Høgskolen får også ros for å vere allsidige i sitt likestillingsarbeid og for å vere ”seriøse når det gjelder å omsette ord til handling”. Juryen nemner i tillegg ei utfordring for framtida, nemleg at Høgskolen i Bergen bør arbeide for å auke kvinneandelen blant professorane. Rektor Bergsvik lovar å følgje opp også på dette området.
– Vi har gitt tre kvinner stipend for professorkvalfisering, fortel ho.
Målet med dette stipendet er at dei som får det skal kvalifisere seg til professor i løpet av dei komande to åra. Blant dei tre som har fått dette stipendet er det ein barnelitteraturforskar, ei som arbeider innanfor fagområdet førskole og ei som forskar innanfor helsefag.